287376
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
287376
statistikk
2017-06-21T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrkenSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
true

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltall

4,6 %

arbeidsløyse i april 2017

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal
Endring
April 20171Januar 2017 - April 2017
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar126 00010 000
I prosent av arbeidsstyrken4,60,3
 
Sysselsette personar2 651 00013 000
I prosent av befolkninga67,00,2

Se flere tabeller om emnet

Tabell 1 
Sysselsetting og arbeidsløyse for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal, tremånadars glidande gjennomsnitt. Absolutte tal i 1000 og i prosent

Sysselsetting og arbeidsløyse for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal, tremånadars glidande gjennomsnitt. Absolutte tal i 1000 og i prosent
Personar, ikkje sesongjustertArbeidsstyrkenArbeidsstyrken i prosent av befolkningaSysselsetteSysselsette i prosent av befolkningaArbeidslause (AKU)Arbeidslause (AKU) i prosent av arbeidsstyrkenRegistrerte arbeidslause (NAV)1Registrerte arbeidslause + tiltak (NAV)1
1Desse variablane er reine månadsvise tal, og ikkje tremånaders glidande gjennomsnitt.
April 20143 8392 72771,02 63568,6923,47487
Mai 20143 8432 72871,02 64168,7873,27789
Juni 20143 8472 72270,82 63368,4893,37688
Juli 20143 8512 73070,92 63868,5923,47588
August 20143 8552 73370,92 63368,31003,77687
September 20143 8612 73670,92 63568,31013,77787
Oktober 20143 8662 73670,82 63268,11043,87687
November 20143 8712 75671,22 65268,51043,87687
Desember 20143 8742 76471,32 65868,61063,87587
Januar 20153 8772 76671,42 65668,51104,07687
Februar 20153 8802 76071,12 64668,21144,17788
Mars 20153 8832 76171,12 64568,11154,27889
April 20153 8872 76771,22 65068,21174,27890
Mai 20153 8902 77571,32 65668,31194,37990
Juni 20153 8932 77471,32 65168,11224,48092
Juli 20153 8962 77071,12 65168,01194,38195
August 20153 9002 77871,22 65268,01264,58296
September 20153 9042 77471,02 64667,81284,68397
Oktober 20153 9092 77971,12 65067,81294,68498
November 20153 9132 77670,92 64967,71274,68499
Desember 20153 9162 79171,32 66368,01284,68499
Januar 20163 9182 79671,42 66267,91344,885101
Februar 20163 9212 79171,22 66167,81314,785101
Mars 20163 9242 78370,92 65367,61304,786101
April 20163 9262 77770,72 64967,51294,684100
Mai 20163 9292 77270,62 64167,21314,785101
Juni 20163 9322 77870,62 64467,31334,884102
Juli 20163 9362 78670,82 64867,31384,984102
August 20163 9392 78770,82 65167,31364,983101
September 20163 9422 79370,82 65867,41344,882101
Oktober 20163 9452 78270,52 65067,21324,782101
November 20163 9482 76770,12 63766,81304,783102
Desember 20163 9502 76069,92 63866,81224,482101
Januar 20173 9532 75569,72 63866,71174,281100
Februar 20173 9552 76770,02 64766,91204,38099
Mars 20173 9572 77370,12 64866,91244,57898
April 20173 9592 77770,12 65167,01264,67797
Mai 2017..............7595

Om statistikken

Dei sesongjusterte tala frå Arbeidskraftundersøkinga gir informasjon om utviklinga i sysselsetting og arbeidsløyse. For å redusere utvalsusikkerheita er tala gjennomsnitt av tre månader. Endringstala blir derfor rekna ut frå tala som er publisert tre månader tidlegare. Statistikken kjem ut kvar månad.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ved val av sentrale omgrep og definisjonar har Statistisk sentralbyrå (SSB) lagt vekt på å følgje dei anbefalingane som Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har gitt for utarbeiding av arbeidsmarknadsstatistikk. I EØS-samarbeidet er det gjort presiseringar av ILO-anbefalinga.

Personar over ein viss alder skal bli klassifiserte etter deira tilknyting til arbeidsmarknaden i løpet av ein spesifisert, kort periode, anten ei veke eller ein dag. For den norske AKU har SSB vald tidsperioden ei veke (referanseveka) som referanse for opplysningar om dei personane som inngår i utvalet.

Sysselsette er personar i alderen 15-74 år som utførte inntektsgjevande arbeid i minst ein time i referanseveka, i tillegg til personar som har eit slikt arbeid, men som var mellombels fråverande pga. sjukdom, ferie, løna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegangs militærteneste vert rekna som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med løn frå arbeidsgjevar blir óg klassifiserte som sysselsette, til skilnad frå deltakarar på andre typar tiltak (kvalifiseringstiltak) der det berre blir utbetalt kursstønad e.l. Ufrivillig heilt permitterte, med samanhengande varigheit på inntil 3 månader, blir rekna som sysselsette, midlertidig fråverande.

Arbeidslause er personar utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i dei siste fire vekene, og som kunne ha teke på seg arbeid innan to veker. Ufrivillig heilt permitterte blir rekna som arbeidslause etter ei samanhengande varigheit på tre månader eller meir.

Arbeidsstyrken er summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknyting til arbeidsmarknaden (blir ofte omtalt som dei yrkesaktive). Arbeidsstyrkeprosenten (yrkesfrekvensen) blir berekna i forhold til befolkninga i den aktuelle aldersgruppa.

Utførte timeverk/faktisk arbeidstid omfattar alle timeverk utført i inntektsgjevande arbeid, inklusive overtid eller ekstraarbeid, og eksklusive fråver pga. ferie, sjukdom, permisjon, arbeidskonfliktar o.l.

Alder
Fra 2006 ble definisjonen endret fra alder ved utgangen av året til alder på referansetidspunktet for AKU. Formålet med endringa var i første rekke å kome i samsvar med praksis i andre land. Samtidig blei nedre aldersgrense for å vere med i AKU senka frå 16 til 15 år.

Registrerte heilt arbeidslause er arbeidsføre personar som søker inntektsgjevande arbeid gjennom NAV, og som er disponible for arbeid. I tillegg må vedkommande ha vore utan inntektsgjevande arbeid dei siste to vekene.

Ordinære tiltaksdeltakarar er arbeidssøkjarar som på referansetidspunktet deltar i eit tiltak retta mot ordinære arbeidssøkjarar.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal
Emne: Arbeid og lønn

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkedsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt

Kor ofte og aktualitet

Frekvens: Månadsvise tal Aktualitet: Det blir gjort kontinuerlege undersøkingar i AKU, dvs. at alle årets veker blir kartlagde. Dei sesongjusterte AKU-tala blir publiserte normalt 4 veker etter utløpet av den aktuelle månaden. Sidan det blir gjort ei glatting av tidsserien (tremånaders glidande sentrerte gjennomsnitt), vil tala i praksis bli presenterte med ein månads tidslag. Oversikt over publiseringsdatoar for dei næraste 4 månadene finst i statistikkalenderen.

Internasjonal rapportering

Ved kvar publisering blir tal for arbeidsløyse og sysselsetting sende til Eurostat (ujusterte og sesongjusterte tal, i tillegg til trendtal, fordelte på aldersgrupper og kjønn)

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnfiler blir lagra permanent

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med dei sesongjusterte AKU-tala er å gi informasjon om utviklinga i sysselsetting og arbeidsløyse på kort og lang sikt.

Brukarar og bruksområde

I tillegg til å gi styresmaktene og andre interesserte informasjon om stoda og utviklinga på arbeidsmarknaden, skal AKU tene som grunnlag for prognosar og utreiingar, og gi arbeidsmarknadsforskinga statistisk materiale. Viktige brukarar er Finansdepartementet og dei ulike fagdepartementa, Noregs Bank, NAV, forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar, internasjonale organisasjonar, i tillegg til media.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Sjå Prinsipper for likebehandling for meir informasjon.

Samanheng med annan statistikk

SSB publiserer ein statistikk over registrerte arbeidslause og personar på arbeidsmarknadstiltak som blir utarbeida på grunnlag av NAV sitt arbeidssøkjarregister (ARENA). Arbeidslause, slik AKU måler dei, må ikkje forvekslast med dei registrerte arbeidslause. Tala frå AKU inkluderer også arbeidslause som ikkje registrerer seg hos NAV, og nokre av dei som går på arbeidsmarknadstiltak. På den andre sida blir ein del av dei registrerte arbeidslause ikkje klassifiserte som arbeidslause i AKU (på grunnlag av spørsmål om søking etter arbeid og tilgjenge til arbeidsmarknaden). Dette gjeld særleg eldre personar med lange arbeidsløyseperiodar.

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er derfor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil AKU derfor ikkje vise fall i sysselsettinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert derimot sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette, så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. I tillegg blir tal for sysselsette og arbeidslause som ikkje er busette i Noreg, årleg publisert i ein eigen statistikk, sjå sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Lovheimel

Statistikklova §§2-1, 2-2 og 2-3

EØS-referanse

Rådsforordning (EF) nr 577/98, 1991/2002 og 2257/2003, og dessutan Kommisjonsforordning nr. 1575/2000, 1897/2000, 2104/2002, 430/2005 og 377/2008.

Produksjon

Omfang

AKU skal dekkje personar i alderen 15-74 år busette i Noreg. Alder er definert på referansetidspunktet for undersøkinga. Busett er definert som å ha opphald i landet på minst eit halvt år.

Utvalet blir trekt frå Det sentrale folkeregisteret, som er det offisielle registeret for busette i Noreg. Andre personar som oppheld seg i landet, kan derfor ikkje bli trekt ut i AKU. Undersøkinga dekkjer difor ikkje sysselsette i Noreg som pendlar inn frå utlandet, eller som har opphald i landet på mindre enn eit halvt år.

Datakjelder og utval

Hovudkjelda for AKU er data frå kontinuerlige intervjuundersøkingar kopla til registerdata. Dei sesongjusterte tala over registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar blir lagde på bakgrunn av datamateriale innhenta frå NAV sitt saksbehandlarsystem, ARENA.

På grunnlag av Det sentrale folkeregisteret blir det gjort ei tilfeldig trekking av familieeiningar som til saman utgjer 24 000 personar (per kvartal) i den aktuelle aldersgruppa. Kvart familiemedlem i alderen 15-74 år blir intervjua om si tilknyting til arbeidsmarknaden i ei nærare spesifisert referanseveke. intervjuobjekta deltar i alt 8 gonger i løpet av 8 påfølgjande kvartal.

Datainnsamling, editering og beregninger

Alle intervju skjer per telefon. Ein del opplysningar gitt ved tidlegare intervju blir nytta ved etterfølgjande intervju. Demografiske data blir innhenta frå Befolkningsregisteret i SSB. Personar som er trekte ut til å delta, skal helst svare sjølv, men om lag 15 prosent er indirekte intervju, dvs. ved svar frå nære familiemedlemmer. Det er oppgåveplikt, men tvangsmulkt blir ikkje praktisert.

Under sjølve intervjuet, som skjer ved bruk av PC-basert spørjeskjema, er det lagt inn fleire maskinelle rutinar for å førebyggja feil svar og/eller feil registrering av svar, t.d. når det gjeld talet på arbeidstimar i løpet av veka. I nokre tilfeller får intervjuaren "åtvaringar" ved registrering av svar, medan det i andre tilfelle er lagt inn maksimums- eller minimumsverdiar.

Statistikken frå AKU blir berekna slik at tala skal tilsvare heile befolkninga i alderen 15-74 år. Estimeringa byggjer på at kvar person i utvalet representerer fleire personar. Kor mange varierer, men for kvartalstal er det om lag 170. Berekningane i AKU blir justert ved hjelp av demografiske data frå SSBs Befolkningsregister og registeropplysningar om tilknyting til arbeidsmarknaden. Det skjer i fleire trinn:

  • først blir det justert etter folketalet i kvart fylke
  • deretter etter 12 aldersgrupper og registersysselsetting i næringshovudgruppene primær, sekundær og tertiær, og i tillegg ikkje-registersysselsette (dei eldste og dei yngste blir berre delt i sysselsett/ikkje-sysselsett)
  • til slutt finjustering av marginane etter fylke, 12 aldersgrupper, kjønn og registersysselsetting.

Bruk av "registersysselsetting" inneber at det blir undersøkt om personen er sysselsett ifølge registerdata (som eit ledd i justeringa av tala, ikkje for å definere om den einskilde er sysselsett ifølge AKU).

Sesongjustering

For å gjera tolkinga av endringar mellom dei siste månadsvise tala enklare, blir tala sesongjusterte ved bruk av X12-ARIMA.

Justeringa skjer indirekte, ved at vi sesongjusterer seriar for alder over/under 24 år kvar for seg for tala på sysselsette og arbeidslause. For utførte vekeverk sesongjusterer vi følgjande 3 seriar kvar for seg: personar 24 år og under, menn over 24 år og kvinner over 24 år. For registrerte heilt ledige hos NAV og registrerte heilt ledige hos NAV + personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak sesongjusterer vi fire seriar fordelt på kjønn kryssa med alder over/under 24 år kvar for seg. Totalane får vi ved å summere dei sesongjusterte delseriane i ettertid. Vi konstruerer kjønnsfordelte sesongjusterte tal for sysselsette, arbeidsledige og utførte vekeverk for personar 24 år og under ved at sesongjusterte seriar fordelte på alder blir brotne ned på kjønn ved hjelp av månadlege fordelingsnøklar. Fordelingsnøklane er laga av uoffisielle trendtal frå ekstrakjøringar av X12-ARIMA basert på AKU. Vi overlet til sesongjusteringsprogrammet å avgjere om additiv eller multiplikativ dekomponering av seriane gir best resultat, i tillegg til val av ARIMA-modell, og sesong- og trend. Desse optimale vala blir vanlegvis låste for eit år av gongen. Vi lar X12-ARIMA berekne sesongkomponentane og parametrane i prekorrigerings-regresjonane på nytt kvar månad. Dette er beste praksis for innstillingar av sesongjusteringsprogrammet, i følgje EUROSTAT, og blir gjort for å få lite revisjon av dei sesongjusterte tidsseriane gjennom året.

Vi lar sesongjusteringsprogrammet prekorrigere tidsseriane ved bruk av regresjonsanalyse. Vi har spesifisert høgresidevariablar for å ta omsyn til ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sesongjusterte seriane for sysselsetting og arbeidsløyse for dei over 24 år og tala for utførte vekeverk blir prekorrigerte dersom påsken er i mars. Tala for utførte vekeverk er dessutan sensitive for meir enkeltståande fridagar, og vert difor i tillegg prekorrigerte for effektar av: 2. påskedag i mars, 1. mai, 17. mai, Kristi himmelfartsdag og 2. pinsedag. I tillegg korrigerer vi for talet på offentlege fridagar på vekedagar i desember og talet på normalarbeidsdagar i romjula og talet på vekedagar i juni som i AKU kjem i juli, fordi ein i AKU aldri deler referanseveker (måndag-søndag) mellom månader, slik kalenderen gjer (vi tar også høgde for at to av desse fridagane kan hamne på ein og same dato, f. eks. Kristi Himmelfartsdag på 17. mai i 2007 og 2012 og på 1. mai 2008). Alle høgresidevariablane er rekna som avvik får respektive månadsgjennomsnitt. I tillegg er variablane justert med ein vekemultiplikator for betre å justere for at nokre månader i AKU har 5 referanseveker, medan andre har 4.

Sjå punktet Om sesongjustering lenger ned for meir informasjon om sesongjusteringa.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

AKU gir stort sett tidsseriar som kan samanliknast over tid. AKU gjekk gjennom ei større omlegging frå januar 2006 , mest for å kome i samsvar med endringar som også er gjort i EU-landa i tråd med nye ILO-anbefalingar. Endringane gjaldt nokre mindre definisjonsendringar og justeringar av spørjeskjemaet. Samstundes blei utvalet utvida til å omfatte alle 15-åringar, og frå då blei alder definert som fylte år på referansetidspunktet for undersøkinga, i tråd med opplegget i andre land. Før 2006 var alder definert som fylte år ved utgangen av året. Frå og med publiseringa av tala for 1. kvartal 2012 handterer vi omlegginga i 2006 ved å starte tidsseriane i 2006. Fram til mars 2012 blei det gjort ved å halde 15-åringane utanfor talgrunnlaget som vart sesongjustert, for å unngå brot i tidsseriane.

Også i 1996 var det ei større omlegging. Frå april 1988 t.o.m. 1995 hadde vi berre ei veke i månaden som referanseperiode i AKU, medan vi frå og med 1996 gjekk over til kontinuerlege referanseveker, dvs. at alle vekene i året blir kartlagde. Før 1996 prøvde ein å unngå innslag av rørlege heilagdagar og fridagar i referansevekene (bortsett frå juli), for å gjera tala mest mogeleg samanliknbare frå år til år.

Brot i tidsseriane før 2006 blir nærare forklart i Arbeidskraftundersøkelsen 2001 (NOS C 748).

Internasjonale standardar blir brukte ved definisjonar og grupperingar, jfr. pkt 4.1, slik at tal frå AKU kan samanliknast med tal frå andre land med denne typen undersøkingar som kjelde.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Generelt vil det kunne oppstå feil både under intervjuet og i kodinga av variablane i ettertid. I Notater 2002/24 Dokumentasjon av arbeidskraftundersøkelsen er det gjort greie for denne type feil for ein del av variablane. I AKU blir ein del personar intervjua indirekte, dvs. via svar frå eit anna familiemedlem. Undersøkingar viser at sysselsettinga i gjennomsnitt er undervurdert blant dei som blir intervjua på denne måten. Dette gjev særeg utslag for aldersgruppa under 30 år.

Storleiken på fråfallet i prosent av bruttoutvalet har variert mykje sidan AKU starta opp i 1972. Dei 20 første åra låg det stort sett rundt 10-12 prosent. I åra 1992-1997 var det særleg lavt, berre 6-8 prosent, for deretter å auke gradvis til rundt 20 prosent i 2012. Det blir justert for det totale fråfallet i estimeringane.

Kvart kvartal blir 1/8 av utvalet fornya. Delutval som kjem til kvart kvartal, blir ikkje justert for endringar i populasjonen etter at det er trekt. I estimeringa sikrar ein likevel at utvalet samla sett er riktig kvart kvartal etter alder, kjønn og fylke.

Utvalsusikkerheit er eit uttrykk for den usikkerheita ein får i resultata fordi desse byggjer på opplysningar om berre ein del (eit utval) av befolkninga. Ved å berekna ein storleik som blir kalla standardavviket, får ein eit mål for kor stor utvalsusikkerheita er. Standardavviket vil variere med kva slag variabel ein ser på. Dersom standardavviket var kjent, kunne ein finna eit intervall som med eit bestemt sannsyn inneheld den sanne verdien av ein estimert storleik (den verdien ein ville ha fått om ein hadde gjort ei totalteljing i staden for ei utvalsundersøking). Dette intervallet blir kalla konfidensintervallet. Kallar ein den estimerte verdien M, vil intervallet med yttergrensene M ± 2 s  med 95 prosent sannsyn innehalde den sanne verdien av estimatet. For å få eit inntrykk av kor stort eit slikt 95-prosents konfidensintervall er, kan ein sjå på intervallet M ± 2 s . I statistikkbanktabell 09937 finn ein verdiar for s både for kvartalsvise tal for nivå og endring for variablane vi sesongjusterer i AKU.

Det er uvisse i samband med sjølve sesongjusteringa. Sesongjusteringsprogrammet foretar modellbaserte framskrivingar av data som blir nytta i utrekningane av dei sesongjusterte tala og trenden. Det er modelluvisse i samband med framskrivingane, noko som gjev uvisse i dei sesongjusterte tala og trenden mot slutten av tidsserien, spesielt det siste året. Før sesongjustering blir seriane prekorrigerte ved hjelp av regresjonsmodellar i X12ARIMA, der vi har spesifisert forklaringsvariablane. Seriane blir prekorrigerte for ulike brot, ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sistnemnde effektane er mest aktuelle for sesongjustering av tal for utførde vekeverk. Det er uvisse i samband med regresjonsestimata over. Eventuell feilspesifikasjon av effektane over kan gje upresise tal. Konstruerte tal for gruppa 15 – 19 år for januar 2007 og dei 7 første månadene i 2008
Ved ein feil i datafangsten ble ikkje 15 åringane intervjuet i januar 2007 og første halvår 2008. I tillegg var 15-åringane underrepresenterte i juli 2008. Konstruerte tal for tala for sysselsette, arbeidsledige og utførte vekeverk for gruppa 15 – 19 år er derfor brukt for dei månadene.

Revisjon

Tala blir reviderte som følgje av sesongjusteringar. Sjå arkfana Om sesongjustering for meir informasjon om revisjonsrutinane.

Om sesongjustering

Generelt om sesongjustering

For måneds- og kvartalstall er det ofte betydelige sesongvariasjoner som vanskeliggjør en direkte tolkning av utviklingen fra periode til periode. For å lette tolkningen av slike tidsserier, sesongjusteres mange tallserier ved bruk av X-12-ARIMA eller andre sesongjusteringsverktøy.

For mer generell informasjon om sesongjustering og begrepene knyttet til det, se Generelt om sesongjustering (pdf).

Kvifor blir denne statistikken sesongjustert?

På grunn av bevegelige helligdager og ferieavvikling i juli og desember varierer utførte ukeverk gjennom året. Også antall sysselsatte og arbeidsledige, særlig for unge, viser noe variasjon gjennom året, bl.a. på grunn av ferievikarer og sommerjobbing av elever og studenter eller forsøk på å skaffe seg sommerjobb. Dette vanskeliggjør en direkte sammenligning fra en måned til den neste. For å justere for disse forhold sesongjusteres AKU, slik at man kan analysere den underliggende aktivitetsutviklingen som sier noe om konjunkturforløpet fra måned til måned.

Serier som sesongjusteres

Sysselsatte personer og arbeidsledige sesongjusteres fordelt på alder over/under 24 år.
For utførte ukeverk sesongjusterer vi følgende 3 serier for hver for seg, og summerer deretter for å få totalen:

  • Personer 24 år og under
  • Menn over 24 år
  • Kvinner over 24 år

I tillegg til AKU, sesongjusterer vi tall for registrerte helt ledige hos NAV og registrerte helt ledige hos NAV + personer på ordinære arbeidsmarkedstiltak som et supplement, i og med at disse tallene ikke er heftet med utvalgsusikkerhet. For disse NAV-seriene sesongjusterer vi 4 serier fordelt på kjønn kryssklassifisert med alder over/under 24 år hver for seg.

 

Prekorrigering

Prekorrigeringsrutiner i bruk

Prekorrigering er korrigering av rådata for kalendereffekter og ekstremverdier før det blir gjennomført en sesongjustering.

Det gjennomføres en detaljert prekorrigering av rådata. Med detaljert prekorrigering menes bruk av spesialtilpassede modeller for å prekorrigere rådata, som ikke finnes som standardopsjoner i sesongjusteringsverktøyet.

Kalenderjustering

Kalenderjusteringer innebærer både å justere for virkedager og for bevegelige helligdager. Virkedagskorrigering betyr at vi justerer rådata for at både antall arbeidsdager og sammensetningen av dem kan variere fra periode til periode.

Det gjennomføres kalenderjustering på alle serier som viser signifikant og plausibel kalendereffekt innenfor en robust statistisk tilnærming, som regresjon eller RegARIMA-prosedyre. (en regresjonsmodell der restleddet er modellert ved en ARIMA-modell).

Metode for justering for virkedager

Det korrigeres ikke for virkedager.

Kommentar : AKU kartlegger befolkningens tilknytning til arbeidsmarkedet i hele referanseuker. Referanseukene deles ikke for å følge klanderens inndeling av måneder. Dermed inneholder alle månedene like mange mandager som tirsdager, onsdager, torsdager osv. Månedsfilene inneholder enten 4 eller 5 uker, og oppblåsningsfaktorene justerer for dette. Derfor påvirkes virkedagene kun av faste- og bevegelige høytids- og helligdager.

Justering for bevegelige helligdager

Det justeres ved hjelp av estimering av varigheten for effekten av de bevegelige helligdagene, spesielt tilpasset norske forhold.

Kommentar :

De sesongjusterte seriene for utførte ukeverk prekorrigeres dersom påskeuka havner i mars.

Utførte ukeverk er også sensitive for enkeltstående fridager, og prekorrigeres derfor også for: 1. mai og 17. mai på ukedager, 2. påskedag, 2. pinsedag og Kristi Himmelfartsdag. Vi tar også høyde for at Kristi Himmelfartsdag kan havne på en og samme dato som faste fridager (f. eks. Kristi Himmelfartsdag på 17. mai i 2007 og 2012 og på 1. mai i 2008). I tillegg korrigerer vi for antall offentlige fridager på ukedager i desember og antall normalarbeidsdager i romjula i desember/januar i AKU, fordi vi i AKU aldri deler referanseuker (mandag-søndag) mellom måneder, slik kalenderen gjør.

Alle prekorrigeringsviablene er regnet som avvik fra respektive månedsgjennomsnitt.

I tillegg er variablene justert med en ukemultiplikator1 for å bedre justere for at noen måneder i AKU har 5 referanseuker mens andre har 4 referanseuker. Årsaken er at kalendereffektene blir litt ”utvannet” når vektene på månedsfilen er tilpasset 5 ukesutvalg, i og med at det da er kun er rundt en 1/5 som er intervjuet om en referanseuke med en spesiell hendelse, for eksempel påskeuka. Tilsvarende blir kalendereffektene litt kraftigere enn gjennomsnittet når vektene på månedsfilen er tilpasset 4 ukesutvalg. (Gjennomsnittlig antall uker pr. måned er på lang sikt ca. 4,348. Ukemultiplikatoren for 4 ukersmåneder er da 4,348/4=1,087, og for 5 ukersmåneder 4,348/5=0,870.)

Nasjonal og EU/euroområde-kalender

En kalender basert på norske høytids- og helligdager benyttes.

Kommentar : Kalender basert på norske høytids- og helligdager benyttes. Vi tar også høyde for månedsinndelingen i AKU, hvor referanseukene (mandag – sønddag) ikke deles.

Behandling av ekstreme verdier

Ekstreme verdier, også kalt utliggere, er unormale verdier i serien.

Seriene kontrolleres for ekstreme verdier, og identifiserte ekstremer blir forklart/modellert med bruk av all tilgjengelig informasjon. Når det foreligger en klar tolkning av årsaken til de ekstreme verdiene (f.eks. streik eller konsekvenser forårsaket av endringer i politikken m.m.) blir de inkludert som regressorer i modellen.

Ekstreme verdier identifiseres automatisk i sesongjusteringsverktøyet, og blir fjernet før sesongjustering gjennomføres. De ekstreme verdiene inkluderes i etterkant i de sesongjusterte tall.

Kommentar : Kun additive (punkt) utliggere identifiseres og fjernes automatisk.

Valg av modell

For å prekorrigere er det nødvendig å velge en ARIMA-modell, samt avgjøre om data bør log-transformeres eller ikke

Modell velges automatisk etter etablerte rutiner i sesongjusteringsverktøyet.

Kommentar : Prosedyren pickmdl i Versjon 0.3 av X-12-ARIMA benyttes, med standard metode (=first) i den årlige identifiseringen av ARIMA-modellene, før de automatisk valgte ARIMA-modellene hardkodes i egen prosedyre. I listen over ARIMA-modeller som evt. sjekkes i pickmdl prosedyren, har vi for AKU-seriene lagt til 3 ekstra modeller mot slutten, som skulle være spesielt egnet til å modellere tidsserier med en datafangst der personene intervjues hver 3. måned (over 2 år). De ekstra ARIMA-modellene er:

(0,1,[1,3])(0,1,1)12
(0,1,3)(0,1,1) 12
(0,1,1)1(0,0,1)3(0,1,1)12

Dekomponeringsrutiner

Dekomponeringsrutinen spesifiserer hvordan trend-, sesong og irregulær komponent blir dekomponert. De mest vanligste dekomponeringene er additiv, multiplikativ og log additiv

Automatisk valg av dekomponeringsrutine.

Kommentar : Automatiske valg foretas ved årlig gjennomgang. Valgte dekomponeringmetoder hardkodes.

 

Sesongjustering

Valg av sesongjusteringsmetode

X12-ARIMA, Versjon 0.3

Konsistens mellom rådata og sesongjusterte tall

I enkelte serier er det ønskelig at f.eks. sum (gjennomsnitt) av sesongjusterte tall for et år skal være identisk med sum (gjennomsnitt) i den opprinnelige råserien.

Tvinger likhet over året mellom sesongjusterte data og rådata (gjennomsnitt).

Kommentar : Siden årsgjennomsnittene først er klare ved publiseringen av 4. kvartal, benyttes foreløpige justeringsfaktorer fra året før inntil de nye er klare. Hele året blir derfor nivåjustert ved publiseringen av 4. kvartal.

Konsistens mellom aggregat/definisjoner for sesongjusterte tall

I enkelte serier pålegges det konsistens mellom sesongjusterte totaler og underaggregater. I tillegg er det for enkelte tidsserier et forhold mellom de ulike seriene, for eksempel bruttoprodukt som er lik produksjon minus produktinnsats.

Tvinger likhet mellom sesongjusterte under- og overaggregater.

Kommentar : Likheten framkommer gjennom indirekte metode, se under. Arbeidsstyrken sesongjusteres ikke. Arbeidsstyrken, sesongjustert, er definert lik summen av sysselsatte, sesongjustert, og arbeidsledige, sesongjustert.

Direkte eller indirekte metode

En direkte metode er anvendt dersom tidsserier for en total og tilhørende underaggregater alle er sesongjustert hver for seg. En indirekte metode er anvendt for total dersom tidsserier for de tilhørende underaggregater er sesongjustert direkte og det deretter er foretatt en aggregering til totalnivå.

Indirekte metode anvendes, der komponentene sesongjusteres direkte med samme tilnærming og programvare. Totalene blir beregnet ved å aggregere de sesongjusterte komponentene.

Tidshorisont for estimering av modell og beregning av korrigeringsfaktorer

Når sesongjusteringen skal gjennomføres er det mulig å velge hvilken periode som skal brukes i estimeringen og beregningen av korrigeringsfaktorene. Med korrigeringsfaktorer menes faktorer for å prekorrigere og sesongjustere tidsserien.

Hele tidsserien brukes for å beregne modell og korrigeringsfaktorer.

Revisjonsrutiner

Revisjonsrutiner i bruk

Sesongjusteringen kan bli endret ved at det kommer til nye observasjoner eller rådata endres. Dette kalles revisjon, og det finnes flere måter å håndtere revisjonen på i offentliggjøringen av statistikken.

Sesongjusterte data revideres i overensstemmelse med veldefinerte og offentlig tilgjengelige revisjonsrutiner og frigivingskalender.

Kommentar :
Revisjon ved kvartalets andre måned; den første månedsfilen i kvartalet er foreløpig, og blir supplert med intervjuer som SSB ikke rakk å få med innen den foreløpig tidsfristen. Datamaterialet blir reestimert samtidig med estimeringen av tall for kvartalets andre måned. Til reesetimeringen benyttes også mer oppdatert hjelpeinformasjon om hele populasjonen fra Arbeidstakerregisteret og Folkeregisteret.

Kvartalsvis revisjon; de 2 første månedsfilene i kvartalet er foreløpige, og blir supplert med intervjuer ved kvartalsslutt, som SSB ikke rakk å få med innen de foreløpige tidsfristene. Til reesetimeringen benyttes også mer oppdatert hjelpeinformasjon om hele populasjonen fra Arbeidstakerregisteret Til estimeringen for 4. kvartal benyttes også mer oppdatert hjelpeinformasjon om hele populasjonen fra det årlige Ligningsregisteret.

Årlig revisjon ; Etter sesongkorrigering blir nivået på seriene justert slik at årsgjennomsnittene av de sesongkorrigerte tallene er lik tilsvarende ukorrigerte tall fra AKU. Siden årsgjennomsnittene først er klare ved publiseringen av 4. kvartal, benyttes foreløpige justeringsfaktorer fra året før inntil de nye er klare. Hele året blir derfor nivåjustert ved publiseringen av 4. kvartal.

Løpende eller faste valg i sesongjusteringen

Delvis løpende korrigering, der modellene, inkl. evt. log-transformering, sesong- og trendfiltre og kalender-regressorene kun identifiseres årlig, mens respektive regresjonsparametere og faktorer reestimeres løpende hver gang nye eller reviderte rådata er tilgjengelige. Punkt-ekstremverdier reidentifiseres og estimeres imidlertid løpende hver gang nye rådata er tilgjengelige.

Tidshorisont for publisering av reviderte tall

Hele serien revideres når sesongfaktorene reestimeres.

Kvalitet på sesongjustering

Evaluering av sesongjusterte tall

Det evalueres kontinuerlig/periodevis de forskjellige kvalitative indikatorer som sesongjusteringsverktøyet produserer.

Kvalitetsindikatorer

For å behandle de fleste serier brukes et begrenset utvalg av diagnostikk og grafiske muligheter som sesongjusteringsverktøyet produserer.

Tabellen nedenfor viser enkelte indikatorer på kvalitet på sesongjusterte tall: kvalitetsindikatorer

Forklaringen på indikatorene i tabellen kan finnes her: SSBs Metadata - Statistiske metoder - Sesongjustering

 

Spesielle tilfeller

Sesongjustering av korte tidsserie

Alle seriene er lange nok for å gjennomføre sesongkorrigeringsrutiner på en optimal måte

Kommentar : I 2006 var det en omlegging av AKU, hvor vi bl.a. begynte å kartlegge arbeidsmarkedssituasjonen også for 15-åringer. For å unngå brudd lar vi tidsseriene nå starte i 2006.

Behandling av vanskelig tidsserier

Problematiske serier behandles på en spesiell måte kun når de er relevante. Øvrige serier behandles i følge vanlige rutiner.

Kommentar : Stor tilfeldig variasjon (utvalgsusikkerhet) og liten sesongvariasjon gjør at vi ikke sesongjusterer alle variablene kjønnsfordelt. Dette gjelder arbeidsledige, sysselsatte og utførte ukeverk for personer 24 år og under. Etter sesongkorrigering og nivåjustering brytes evt. de aldersfordelte tallene ned på kjønn ved hjelp av månedlige fordelingsnøkler. Fordelingsnøklene er laget av uoffisielle trend tall fra ekstrakjøringer av X12-ARIMA basert på AKU.

Publiseringsrutiner

Tilgjengelighet

Både 3 måneders glidende sentrerte gjennomsnitt av sesongjusterte serier og trend er tilgjengelige.

Alle metadata relatert til hver enkelte serie er tilgjengelige.

Historiske sesongjusterte data er tilgjengelige i statistikkens arkiv med hensyn til gjennomføring av revisjonsanalyse.

Sesongjusterte AKU-tall er også tilgjengelig som åpne data med Application Programming Interface ( API ).

Kommentar : Se tidligere publisert for tabeller med historiske sesongjusterte data.

Formidling

3 måneders glidende sentrerte gjennomsnitt av sesong- og kalenderjusterte serier og trend formidles.

For hver serie formidles enkelte indikatorer som viser kvaliteten på sesongjusteringsrutinene.

Kommentar : Kun 3 måneders glidende sentrerte gjennomsnitt av sesong- og kalenderjusterte tall publiseres for å redusere usikkerheten, i tillegg til trenden. For eksempel er tallet for september gjennomsnittet av anslagene for august – oktober.

Kontakt

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB