Frå åker og fabrikk til butikk og kontor
Det har vore store endringar i kva type jobbar vi har i Noreg. Når vi ser på tal frå 1900 til 2024 for sysselsette i forskjellige typar av næringar, er biletet tydeleg. Tidlegare jobba folk oftare i primær- og sekundærnæringar, altså jordbruk, industri og liknande, mens det no er vanleg å jobbe med å produsere tenester i tertiærnæringar. Vi kan seie at stadig fleire av oss arbeider i butikkar, på kontor eller i institusjonar enn i åkeren eller i fabrikkhallen (Statistisk sentralbyrå, 6. juli 2022 og 9. februar 2026).
Også innanfor næringane skjer det store endringar på relativt kort tid. I 1970 jobba 38 300 personar med forlagsverksemd, radio og TV, telekommunikasjon og andre tenester innanfor informasjonsteknologi. I 2025 var det over tre gonger så mange som arbeida med slikt, 118 400 personar. Eit anna eksempel er varehandelen, der bruken av IKT har gjeve oss eit større innslag av netthandel enn før.
Kvinner og menn har ofte ulike typar jobbar og lønn
I Noreg er det også slik at kvinner og menn vel ulike yrke. I næringar som helse- og sosialtenester og undervisning er det for eksempel stor overvekt av kvinner, mens det motsette er tilfellet for næringar som industri og bygge- og anleggsverksemd.
I 2025 tente menn i heiltidsstilling i Noreg i gjennomsnitt 67 460 kroner i månaden og kvinner 60 590 kroner. Kvifor er det at heiltidstilsette kvinner tente rundt 89 prosent av det heiltidstilsette menn gjer? Ein viktig skilnad er at fleire menn enn kvinner har dei aller høgaste lønnene i Noreg. Veksten i lønn mellom 024 og 2025 var størst for jobbene meg høgast lønn, noko som bidrog til å auke ulikskap i lønn og til eit større lønnsgap mellom kvinner og menn (Bye & Strand, 2026).
At menn er overrepresenterte blant dei med høgast lønn i Noreg, er knytt til at kvinner oftare jobbar i offentleg sektor, mens menn oftare jobbar i privat sektor. Nesten 70 prosent av dei som jobbar i offentleg sektor i Noreg er kvinner, og i privat sektor er over 60 prosent menn. Og det er i privat sektor at vi finn dei fleste av jobbane eller yrkene med høg lønn. Kvinner jobbar også deltid i langt større grad enn menn, og i mange yrke er kvinner yngre enn menn, noko som kan tyde på kortare ansiennitet (Strand, 2026). Du kan lese meir om dette i artikkelen Lønnsforskjeller mellom kvinner og menn – dette sier statistikken.
To mål som er viktige i samanlikning av lønn, er gjennomsnitt og median. Her har du ei visuell forklaring av desse to omgrepa, og av kva kvartil er.
Infografikken viser forskjellen på gjennomsnittslønn, median og kvartil. Her ser du 12 lønnstakarar. Dei har ulik månadslønn. Korleis reknar vi eigentleg ut tal for gjennomsnittslønn, median og kvartilar? Gjennomsnittslønna finn du lett ved å legge saman alle lønnsbeløpa og dele på talet på personar i gruppa. Månadslønn, tal i 1 000. 35 + 52 + 31 + 40 + 32 + 81 + 37 + 48 + 38 + 44 + 35 + 43 = 516. 516 delt på 12 = 43. Når vi skal berekne medianen, sorterer vi først gruppa i stigande rekkefølgje. 31, 32, 35, 37, 38, 40, 43, 44, 48, 52, 81. Så finn vi lønnsverdien i midten. (38+40) / 2 = 39. (Her er det to i midten, så vi finn snittet av desse to.) Dersom personen med aller høgast lønn i dette tilfellet skulle vere så heldig å få høgare lønn, vil gjennomsnittet auke mens medianen blir den same. Personen som tener 81 aukar til 201. Nytt gjennomsnitt: 636 delt på 12 = 53. Men same median: (38 + 40) / 2 = 39. Nedre og øvre kvartil finn vi òg ved å sortere gruppa i stigande rekkefølgje. Så finn vi grenseverdien for hvv. nedre og øvre fjerdedel. Nedre kvartil 35. Øvre kvartil 48.
Utforsk gjerne lønnsskilnadene mellom kvinner og menn
Visualiseringa er optimalisert for store skjermar.
Dei fleste i Noreg har grunnskole eller vidaregåande skole som høgaste utdanningsnivå
Kor mange menneske i Noreg har anten grunnskole, vidaregåande skole eller utdanning utover dette som sitt høgaste nivå? Og har tala endra seg over tid?
I 2025 var det drygt 263 000 elevar og lærlingar/lærekandidatar i vidaregåande skole, og det var nesten 622 000 elevar i grunnskolen.
I 2024 hadde 37,9 prosent av dei som var 16 år eller eldre i Noreg, høgare utdanning frå universitet og høgskole. Fleirtalet av dei som er i jobb i Noreg, hadde då grunnskole eller vidaregåande skole som sitt høgaste utdanningsnivå.
Prosentdelen som har høgare utdanning enn vidaregåande skole, har auka mykje sidan 1970. Då hadde for eksempel 5,7 prosent av befolkninga universitets- og høgskoleutdanning på 4 år eller mindre, mot 25,4 prosent i 2024. Prosentdelen som har universitets- og høgskoleutdanning på meir enn 4 år, auka frå 1,7 prosent i 1970 til 12,5 prosent i 2024.
Vi kan altså seie at det har blitt meir og meir vanleg å ta utdanning etter vidaregåande skole. Men det er framleis slik at fleirtalet av dei som er i jobb i Noreg, har grunnskole eller vidaregåande skole som sitt høgaste utdanningsnivå.
Statistisk sentralbyrå har veldig detaljert statistikk over lønn i ulike yrke. På utdanning.no si teneste «Jeg vil sammenligne» kan du finne og samanlikne tal for lønn i ulike yrke og utdanningar. No skal de jobbe med desse tala gjennom å løyse oppgåvene A og B.
Løys oppgåve A som du finn nedst på sida.
Løys oppgåve B som du finn nedst på sida.
Bye, K.S. & Haugen, H.S. (2026, 5. februar). Statistisk sentralbyrå. Høyest lønnsvekst i toppen. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/statistikk/lonn/artikler/hoyest-lonnsvekst-i-toppen Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. (2026). Jeg vil sammenligne utdanninger. Utdanning.no. https://sammenlign.utdanning.no/ Fløtre, I. A. &Strand, H. H. (2025, 3. juni). Statistisk sentralbyrå. Hva er vanlig lønn i Norge? Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge Strand, H.H. (2026, 6. mars). Lønnsforskjeller mellom kvinner og menn – dette sier statistikken. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/statistikk/lonn/artikler/slik-kan-lonnsforskjellen-mellom-kvinner-og-menn-forklares Gram, K. H. (2022, 1. april). Likestillingsutfordringer i deltidsarbeid og utdanningsnivå. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/befolkning/likestilling/statistikk/indikatorer-for-kjonnslikestilling-i-kommunene/artikler/likestillingsutfordringer-i-deltidsarbeid-og-utdanningsniva Statistisk sentralbyrå. (2017, 1. februar). Gjennomsnitt, median eller kvartiler? https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/metoder-og-dokumentasjon/gjennomsnitt-median-eller-kvartiler Statistisk sentralbyrå. (2021, 28. februar). Her kan du sjekke lønna di. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/her-kan-du-sjekke-lonna-i-ditt-yrke Statistisk sentralbyrå. (2022, 6. juli). Slik jobber Norge. https://www.ssb.no/virksomheter-foretak-og-regnskap/virksomheter-og-foretak/artikler/slik-jobber-norge Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. mars). Studenter i universitets- og høgskoleutdanning. https://www.ssb.no/utdanning/hoyere-utdanning/statistikk/studenter-i-universitets-og-hogskoleutdanning Statistisk sentralbyrå. (2026a). Fakta om arbeidsmarked. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/faktaside/arbeid Statistisk sentralbyrå. (2026b). Fakta om utdanning. https://www.ssb.no/utdanning/faktaside/utdanning Statistisk sentralbyrå. (2026, 6. februar). Statistikkbanken. Lønn. https://www.ssb.no/statbank/table/11536/ Statistisk sentralbyrå. (2026, 9. februar). Nasjonalregnskap. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap Statistisk sentralbyrå. (2026, 19. februar). Videregående opplæring og annen videregående utdanning. https://www.ssb.no/utdanning/videregaende-utdanning/statistikk/videregaende-opplaering-og-annen-videregaende-utdanning