I 2025 hadde jenter og gutar som avslutta ungdomsskolen høvesvis 44,2 og 40,4 Grunnskolepoeng er eit samlemål for alle karakterane. Dei oppsummerer alle elevens resultat i forskjellige fag, og er med på å danne grunnlaget for opptak til vidaregåande skole. Poengsummen blir rekna ut ved å summere verdien av alle karakterane, og deretter dele på antal karakterar. Dette gjennomsnittet, med to desimalar, blir multiplisert med 10..
Fleirtalet av elevane i vidaregåande skolar gjekk på yrkesfaglege program i 2025 eller var lærlingar og lærekandidatar (nesten 139 000), og det var fleire enn 124 600 elevar som gjekk på studieførebuande program (Statistisk sentralbyrå, 19. februar 2026).
Det varierer kva for studieretningar kvinnelege og mannlege elevar vel. Kvinneandelen på studieførebuande utdanningsprogram var 57 prosent, og på yrkesfaglege utdanningsprogram var denne delen 44 prosent:
For lærlingane var det slik at klart flest kvinner valde helse- og oppvekstfag, mens klart flest menn valde teknikk og industriell produksjon, tett følgt av bygg- og anleggsteknikk (Statistisk sentralbyrå, 2026):
Då elevane starta i første klasse i vidaregåande skole i 2025, fekk nesten 9 av 10 som søkte skoleplass gjennom VIGO oppfylt førsteønsket sitt om utdanningsprogram.
91 prosent av dei som begynte på studieførebuande program, fullførte denne utdanninga i løpet av fem år, medan 71 prosent av elevane på yrkesfagleg vidaregåande opplæring fullførte i løpet av seks år, ifølgje statistikk for åra 2019−2025 (Statistisk sentralbyrå 2026, 12. juli).
Løys oppgåve C som du finn nedst på sida.
Statistisk sentralbyrå. (2026). Fakta om utdanning. https://www.ssb.no/utdanning/faktaside/utdanning Statistisk sentralbyrå. (2026, 19. februar). Videregående opplæring og annen videregående utdanning. https://www.ssb.no/utdanning/videregaende-utdanning/statistikk/videregaende-opplaering-og-annen-videregaende-utdanning Statistisk sentralbyrå. (2026, 12. juli). Gjennomføring i videregående opplæring. https://www.ssb.no/utdanning/videregaende-utdanning/statistikk/gjennomforing-i-videregaende-opplaering