- Kor viktig meiner de at lønn er for utdanningsvala til dei unge? Diskuter dette i klassen.
- Gå til «Jeg vil sammenligne» på utdanning.no og samanlikn lønna i minst fem utdanningar du og sidemannen synest er interessante. Snakk saman om korleis lønna er for desse utdanningane. Tips: De kan velje nivå før de vel utdanninga. Då får de opp færre yrkesval og berre på valde nivå for vidaregåande skole, fagskole eller universitet og høgskole. De kan også velje interesser som nivå.
- Er det nokre av utdanningane de valde som ligg spesielt høgt eller lågt? Ta gjerne også ein kikk på visningsalternativa saman med sidemannen din, og dann dykk eit bilete av korleis lønna varierer med talet på år etter fullført utdanning.
- Tenk dykk at de skal ha anten den lågaste lønna eller den høgaste lønna de fann i 2. og 3. Kor stor blir forskjellen totalt dersom de antek at dette er lønna de får kvart år i løpet av 40 år i arbeidslivet? Snakk med sidemannen om dette.
Oppgåve B
Kva tener ein med forskjellige typar utdanning?
Her skal du løyse ei oppgåve som gjev deg innblikk i kor viktig lønn er for deg og andre når de skal velje utdanning, og korleis lønna er i utdanningar som du synest er interessante.
Tekstar og oppgåver
Aller først skal vi sjå på nokre fakta om arbeid og lønn i Noreg. Desse temaa har mykje å seie for kor mykje pengar ein person får å rutte med, for opptening av pensjon og andre økonomiske rettar, og dermed for økonomisk sjølvstende.
I 2024 var det over 256 000 elevar i vidaregåande skolar i Noreg. Fleire enn 51 000 av dei var lærlingar.
Fleirtalet av elevar i ungdomsskolen og vidaregåande skole, inkludert lærlingane, planlegg å ta meir utdanning etter fullført vidaregåande skole.
I denne oppgåva skal du jobbe med å samanlikne tal for lønn i ulike yrke.
Her skal du løyse ei oppgåve som gjev deg innblikk i kor viktig lønn er for deg og andre når de skal velje utdanning, og korleis lønna er i utdanningar som du synest er interessante.
Kvinner og menn vel ofte ulike studieretningar. I denne oppgåva skal de finne ut kva for studieretningar i vidaregåande skole kvinnelege og mannlege elevar vel.
Reflekter over kva som motiverer deg og andre i klassen når de skal velje utdanning.
Finn ut meir om kva fag kvinner og menn vel på universitet og høgskolar.