- Gå til ssb.no og statistikkbanktabell 11418: Yrkesfordelt månedslønn, etter statistikkmål, statistikkvariabel, år og yrke. Finn ut kva gjennomsnittslønna og medianlønna per månad var i Noreg i dei to siste åra du finn tall for. Du vel «Yrker, 1-siffernivå» og «0-9 alle yrker» i boksen for «Yrke» og ingenting i dei to boksane «Sektor», «Kjønn» og «Avtalt/vanlig arbeidstid per uke».
- Les artikkelen Hva er vanlig lønn i Norge? Korleis kan ein berekne gjennomsnittleg lønn? Og finne ut kva som er medianlønn?
- Kvifor har nesten 68 prosent av lønnstakarane lågare lønn enn gjennomsnittet, ifølgje artikkelen?
- Vel ut fem yrke frå "Jeg vil sammenligne" på utdanning.no som du og sidemannen din er interessert i og finn ut korleis gjennomsnitts- og medianlønn er for yrka i 2024. Er tala for lønn i desse fem valde yrka for heile 2024 over eller under tala de fann for gjennomsnittslønn og medianlønn i Noreg per månad i 2024 for alle yrka samla i punkt 1? Merk at de må gonge tala for månadslønn som de fann i punkt 1 med 12 for å finne årslønn, sidan beløpa i punkt 1 er månadslønn og utdanning.no har tal for årslønn.
Oppgåve A
Kva tener ein i ulike yrke?
I denne oppgåva skal du jobbe med å samanlikne tal for lønn i ulike yrke.
Tekstar og oppgåver
Aller først skal vi sjå på nokre fakta om arbeid og lønn i Noreg. Desse temaa har mykje å seie for kor mykje pengar ein person får å rutte med, for opptening av pensjon og andre økonomiske rettar, og dermed for økonomisk sjølvstende.
I 2024 var det over 256 000 elevar i vidaregåande skolar i Noreg. Fleire enn 51 000 av dei var lærlingar.
Fleirtalet av elevar i ungdomsskolen og vidaregåande skole, inkludert lærlingane, planlegg å ta meir utdanning etter fullført vidaregåande skole.
I denne oppgåva skal du jobbe med å samanlikne tal for lønn i ulike yrke.
Her skal du løyse ei oppgåve som gjev deg innblikk i kor viktig lønn er for deg og andre når de skal velje utdanning, og korleis lønna er i utdanningar som du synest er interessante.
Kvinner og menn vel ofte ulike studieretningar. I denne oppgåva skal de finne ut kva for studieretningar i vidaregåande skole kvinnelege og mannlege elevar vel.
Reflekter over kva som motiverer deg og andre i klassen når de skal velje utdanning.
Finn ut meir om kva fag kvinner og menn vel på universitet og høgskolar.