Diplom, illustrasjon

I ei undersøking gjennomført av Opinion i 2023 for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, seier 76 prosent av dei unge at dei har planar om å ta meir utdanning etter vidaregåande skole. Det er færre enn i 2021. Då planla 83 prosent å ta meir utdanning. I 2023 har det óg blitt fleire som ønsker seg fagskoleutdanning og færre som vil gå på universitet og høgskolar (Larsen, 2023).

Undersøkinga viser òg til at kvinner og menn framleis hadde ulike typar utdanningar som sine førsteval i 2023. Kvinner hadde helse- og omsorgsutdanningar som førstevalet, mens førstevalet for menn var data og IT (Larsen, 2023).

Lønn var viktigare for de unges utdanningsval i 2023, men interesse for eit fag var den viktigaste motivasjonsfaktoren (Larsen, 2023).

I ei pressemelding om søkartala for opptak til fagskolar, universitet og høgskolar i juli 2023 seier Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse dette:

  • Kvinneandelen for dei som søkte høgare utdanning var 61 prosent ved opptaket i juli 2024.
  • 47 prosent kom inn på førstevalet sitt i 2024.Talet på søknadar om opptak til høgare utdanning gikk opp med 4,6 prosent frå 2023.
  • Flest søkte seg til «økonomisk-administrative fag» og «helsefag».
  • 16 752 kvalifiserte søkarar sto uten tilbod om studieplass etter hovudopptaket.
  • Samanlikna med 2023, var det størst prosentvis auke studieplassar innan informasjonsteknologi, medan det er reiselivsstudiane som har størst nedgang.
  • Av dei 20 enkeltstudiane med høgast poenggrense i ordinær kvote, er det berre fotojournalistikk ved OsloMet som har høgare poenggrense i 2024 samanlikna med 2023.
  • Det var framleis stor søking og konkurranse om studieplassane for medisinstudiet. (Pressemeldingen «Helseutdanningene fortsatt populære». Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, 2024)

Kor mange studentar er det i ulike typar av utdanningar, og kor studerer dei?

I 2024 var det over 314 000 studentar i universitets- og høgskoleutdanning og nesten 32 000 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Av landets 19–24 åringar var 37,2 prosent studentar ved universitet og høgskolar i 2024. Det tilsvarande talet for 25–29 åringar var 17,7 prosent. Andelen studentar i aldersgruppa 19–24 år i 2024 var 45,9 for kvinner, og 29 prosent for menn. (Statistisk sentralbyrå, 2025e).

Utdanningsstatistikken viser òg at det har blitt meir og meir vanleg å ta høgare utdanning, ikkje minst for kvinner.

Figur 8. Andel personer (16 år og over) med høyere utdanning

I Noreg studerte over 71 prosent av studentane ved eit av dei seks største universiteta eller høgskolane i 2024. Aller flest studentar var det ved Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, etterfølgt av Universitetet i Oslo. Blant dei som studerte i utlandet i 2023, valde flest Storbritannia, etterfølgt av Danmark, Polen og USA (Statistisk sentralbyrå, 2025e).

Figur 9. Antall studenter ved utvalgte utdanningsinstitusjoner

Kor mange fullfører utdanninga si?

Fleire fullfører på normert tid. For åra 2019–2024 fullførte 58,1 prosent av dei som var nye studentar i Noreg ein bachelorgrad grad i løpet av 3 år, og 73,1 prosent fullførte i løpet av 5 år. For åra 2017–2024 og 5-årige masterutdanningar fullførte 54,9 prosent av studentane utdanninga innan 5 år, og 68,5 prosent innan 7 år (Holseter, 2024, Statistisk sentralbyrå, 5. juni 2025).

Mange bruker altså meir tid på studia enn normert, det vil seie meir tid enn det lærestaden set opp som vanleg tid å gjennomføre studiet på. Det er også ein del som ikkje fullfører påbegynte studium.

Kva kostar det å ta høgare utdanning?

Det å studere inneber som oftast at ein får studiegjeld som skal betalast etter at ein er ferdig med studia. Så kor mykje lån tek ein student i Noreg typisk opp? Tal frå Lånekassen gjev dette biletet:

  • Fleire studentar avsluttar nå utdanninga si med høg studiegjeld, og færre enn før har låg gjeld.
  • Til dømes hadde 16 prosent av studentane 600 000 kroner eller meir i studiegjeld etter endt utdanning i 2024, mot 11 prosent i 2019 (omrekna til 2024-kroner).
  • Studentar som avslutta utdanninga si i 2024, hadde i gjennomsnitt 457 000 kroner i studiegjeld.
  • Gjennomsnittsgjelden etter avslutta høgare utdanning har auka dei siste ti åra. I 2015 var gjennomsnittsgjelda 391 000 kroner (omregnet til 2024-kroner). 
  • Dei som studerer i utlandet, får høgare studiegjeld enn dei som studerer i Noreg. Dei fleste med meir enn 1 million kroner i studiegjeld har studert i utlandet.
  • Sjølv om gjelda aukar, så klarer dei aller fleste å betale rekningane frå Lånekassen. (Lånekassen, 2025)

Løys oppgåve D som du finn nedst på sida.

Løys oppgåve E som du finn nedst på sida.

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. (2025, 13. mars). Jeg vil sammenligne utdanninger. Utdanning.no  https://sammenlign.utdanning.no/

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. (2024, 25. juli). Opptakstala for 2024 er klarehttps://hkdir.no/aktuelt/arets-opptakstall-er-klar

Holseter, A.M.R. (2024, 6. juni). Flere fullfører på normert tid. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/utdanning/hoyere-utdanning/statistikk/gjennomforing-ved-universiteter-og-hogskoler/artikler/flere-fullforer-pa-normert-tid

Lånekassen. (2025, 12. juni). Studiegjelden øker, men misligholdet er lavt. https://lanekassen.no/nb-NO/presse-og-samfunnskontakt/nyheter/studiegjelden-oker-men-misligholdet-er-lavt/

Statistisk sentralbyrå. (2025, 20. februar). Videregående opplæring og annen videregående utdanning. https://www.ssb.no/utdanning/videregaende-utdanning/statistikk/videregaende-opplaering-og-annen-videregaende-utdanning

Statistisk sentralbyrå. (2025b). Fakta om utdanning. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/faktaside/utdanning

Statistisk sentralbyrå. (2025c). Fakta om likestillinghttps://www.ssb.no/befolkning/faktaside/likestilling

Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. mars). Studenter i universitets- og høgskoleutdanning. https://www.ssb.no/utdanning/hoyere-utdanning/statistikk/studenter-i-universitets-og-hogskoleutdanning

Statistisk sentralbyrå. (2025, 5. juni). Gjennomføring ved universiteter og høgskoler. https://www.ssb.no/utdanning/hoyere-utdanning/statistikk/gjennomforing-ved-universiteter-og-hogskoler

Statistisk sentralbyrå. (2024, 11. juni). Befolkningens utdanningsnivå. https://www.ssb.no/utdanning/utdanningsniva/statistikk/befolkningens-utdanningsniva

Statistisk sentralbyrå. (2024, 11. desember). Høyere yrkesfaglig utdanning. https://www.ssb.no/utdanning/fagskoleutdanning/statistikk/hoyere-yrkesfaglig-utdanning