Person og sirklar, illustrasjon

I Noreg er det slik at kvinner og menn ofte har ulike yrke, det vil seie at dei gjer ulike arbeidsoppgåver. I helse- og sosialtenester og undervisning er det til dømes mange fleire kvinner, mens i industri og bygge- og anleggsverksemd er det mange fleire menn. Tenk over korfor folk har ulik lønn i ulike yrke. Kva har det å seie når det er så stor skilnad på kva kvinner og menn jobbar med?

Figur 9. Menn og kvinner (15 - 74 år) i dei ulike næringane

Før du samanliknar lønn, er det greitt å kjenne til omgrepet heiltid. For dei fleste betyr heiltid at dei til vanleg er på jobben om lag 38 timer i veka. Les meir om heiltid og deltid her.

I 2023 tente menn i heiltid i Noreg i gjennomsnitt 61 090 kroner i månaden og kvinner 55 120 kroner. Kvifor er det slik? Ein viktig skilnad er at langt fleire menn enn kvinner har dei aller høgaste lønnene i Noreg.  Reknar vi gjennomsnittslønna utan dei med aller høgast lønn, er skilnaden mellom kvinner og menn langt mindre (Fløtre & Strand, 2024). 

Figur 10. Kvinners månadslønn som andel av menns månadslønn, 2023. Prosent

At fleire menn har høgast lønn, heng saman med at kvinner oftare jobbar i offentleg sektor, mens menn oftare jobbar i privat sektor. Nær 70 prosent av dei som jobbar i offentleg sektor i Noreg er kvinner, i privat sektor er over 60 prosent menn. Kvinner jobbar også deltid i langt større grad enn menn (Fløtre & Strand, 2024). Du kan lese meir om dette i artikkelen Slik kan lønnsforskjeller mellom kvinner og menn forklares.

Når du samanliknar lønn mellom ulike grupper, bør du bruke meir enn berre skilnad i gjennomsnitt. Her kan du sjå ein forklaring av fleire viktige omgrep:

Kva er skilnaden på gjennomsnitt, median og kvartil? 

lonnansatt-2017-02-01-infografikk.svg

Infografikken viser skilnaden på gjennomsnittslønn, median og kvartil. Her ser du 12 lønnstakarar. Dei har ulik månadslønn. Korleis reknar vi eigentleg ut tal for gjennomsnittslønn, median og kvartil? Gjennomsnittslønna finn du lett ved å legge saman alle lønnsbeløpa og dele på antal personar i gruppa. Månadslønn, tal i 1 000. 35 + 52 + 31 + 40 + 32 + 81 + 37 + 48 + 38 + 44 + 35 + 43 = 516. 516 delt på 12 = 43. Når vi skal berekne medianen, sorterer vi først gruppa i stigande rekkefølgje. 31, 32, 35, 37, 38, 40, 43, 44, 48, 52, 81. Så finn vi den midterste lønnsverdien. (38+40) / 2 = 39. (Her er det to i midten, så vi finn snittet av desse to.) Nedre og øvre kvartil finn vi ved å sortere gruppa i stigande rekkefølgje. Så finn vi grenseverdien for hvv. nedre og øvre fjerdedel. Grensa for nedre fjerdedel, eller for nedre kvartil, er 35, mens grensa for øvre fjerdedel, eller fjerde kvartil er 48.

 

Kjelde: Lønn, Statistisk sentralbyrå.

Statistisk sentralbyrå har mykje statistikk for lønn i ulike yrke. No skal de jobbe med desse tala i oppgåve F, som de finn nedst på denne sida.

Fløtre, I. A., & Strand, H. H. (2024, 4. mars). Slik kan lønnsforskjellen mellom kvinner og menn forklares. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader /statistikk/lonn/artikler/slik-kan-lonnsforskjellen-mellom-kvinner-og-menn-forklares

Fløtre, I. A., Tuv, N. & Strand, H. H. (2024, 7. februar. Hva er vanlig lønn i Norge? SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge

Statistisk sentralbyrå. (2017, 1. februar). Gjennomsnitt, median eller kvartiler? SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/metoder-og-dokumentasjon/gjennomsnitt-median-eller-kvartiler

Statistisk sentralbyrå. (2024, 5. februar). Statistikkbanken. Lønn. SSB. https://www.ssb.no/statbank/table/11536/

Statistisk sentralbyrå. (2021, 28. februar). Her kan du sjekke lønna di. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/her-kan-du-sjekke-lonna-i-ditt-yrke

Statistisk sentralbyrå. (2024, 21. mars). Arbeidskraftundersøkelsen. SSB. Arbeidskraftundersøkelsen (ssb.no)

Statistisk sentralbyrå. (2024, 23. april). Fakta om arbeidsmarked. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/faktaside/arbeid

Statistisk sentralbyrå (2024). Variabeldefinisjoner. SSB. ssb.no: https://www.ssb.no/a/metadata/definisjoner/variabler/main.html