Tidlegare jobba ein større andel i jordbruk og industri, mens det no er meir vanleg å jobbe i butikkar, på kontor, skole og sjukehus.
På ndla.no kan du lese om kva primær-, sekundær- og tertiærnæringar er (Auen, J. E, 2017).
Også dei siste drygt 50 åra har det skjedd store endringar. I 1970 jobba til dømes om lag 70 000 personar med helsetenester. I 2025 var det over tre gonger så mange som arbeidde med slikt, 237 000 personar. Eit anna døme er handelen, der nettbutikkar er mykje vanlegare enn før.
Korleis trur du at arbeidslivet i Noreg vil endre seg framover? Kva for type verksemd trur du at vil vekse i tal for sysselsette dei neste ti til tjue åra?
Auen, J. E. (2017, 3. mars). Næringsstrukturen i Norge. NDLA. https://ndla.no/article/191 Statistisk sentralbyrå. (2022, 6. juli). Slik jobber Norge. Slik jobber Norge (ssb.no) Statistisk sentralbyrå. (2026, 11. februar). Arbeidskraftundersøkelsen. Arbeidskraftundersøkelsen (ssb.no) Statistisk sentralbyrå. (2026, 11. februar). Fakta om arbeidsmarked. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/faktaside/arbeid Statistisk sentralbyrå. (2026, 14. april). Nasjonalregnskap. Nasjonalregnskap (ssb.no)