I opplegget ser vi på:
- sysselsetting
- arbeidsløyse
- arbeidsstyrken
- skilnader mellom kvinner og menn i den norske arbeidsmarknaden
- korleis arbeidsmarknaden har endra seg
De får øving i å bruke offisiell statistikk om arbeidsmarknaden gjennom oppgåveløysing.
De finn også eit undervisningsopplegg om dei unges utdanningsval og lønn på skolesidene våre. Undervisningsopplegga om den norske arbeidsmarknaden og om dei unges utdanningsval og lønn fortel begge om skilnader mellom kvinner og menn, og om endringar over tid i arbeidsmarknaden, men opplegget om utdanningsval og lønn tek opp meir om dei to temaa og samanhengen mellom dei.
De kan velje å bruke berre delar av opplegget.
Lærarar kan få fasit til taloppgåver ved å skrive til skole@ssb.no.
De vurderer sjølve når de ber elevane om å løyse oppgåver aleine, i par, i grupper og i heil klasse.
Viss de har innspel på kva vi kan gjere betre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lager opplegg om, så skriv til oss på skole@ssb.no.
Desse læreplanane og heile eller delar av desse kompetansemåla på udir.no grunngjev undervisningsopplegget:
- samfunnsfag (SAF01‑04), 10. trinn:
- bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er
- vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
- samfunnskunnskap - fellesfag vg1/vg2 (SAK01‑01)
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
- utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor
- samfunnsøkonomi (SOK01‑03)
- gjere greie for ulike årsaker til arbeidsløyse og vurdere verkemiddel mot arbeidsløyse
- sosiologi og sosialantropologi (POS04‑01)
- finne og vurdere informasjon for å analysere faglege spørsmål og problemstillingar
Etter å ha gjennomført undervisningsopplegget kan elevane:
- gjere greie for viktige trekk ved den norske arbeidsmarknaden før og no
- forklare omgrep som vi bruker når vi snakkar om arbeidsmarknaden
- finne fram i offisiell statistikk om den norske arbeidsmarknaden
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.