Valgurne med det norske flagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Grafisk kan vi framstille biletet av dei røysteføre slik de ser i figur 3:

Figur 3. Stortingsvalg. Stemmeberettigede, etter kjønn 1815 - 2025

I 1815 hadde ikkje kvinner røysterett i det heile teke. Heller ikkje alle menn hadde røysterett ved valet i 1815. Menn hadde røysterett dersom dei

  • var fylt 25 år
  • hadde vore busett i Noreg i minst fem år og var eller hadde vore embetsmann
  • eigde eller leigde registrert jord eller var byborgar og eigde gard eller grunn til minst 300 Riksbankdaler sølvverdi
  • førte seg inn i registeret over røysteføre, svor truskap til Grunnloven og dokumenterte eiden i det offentlege registeret over røysteføre

Først i 1898 fekk alle menn som hadde fylt 25 år røysterett.

Det første stortingsvalet der menn med røysterett kunne røyste anonymt, var i 1885, og Søbye og Dørum (2025) seier at «Før dette er det vanskelig å karakterisere valgene som demokratiske, ut fra vår forståelse av demokrati i dag». 

Kva med kvinnene, då? Jo, i 1890-åra blei forslag om røysterett for kvinner på same vilkår som menn fremma og avvist tre gonger i Stortinget. Nokre kvinner fekk røyste for første gang ved stortingsvalet i 1909 (Lønnå, 2025,  Statistisk sentralbyrå, 26. august 2025). Så fekk alle kvinner røysterett ved stortingsval på same vilkår som menn i 1913, då Stortinget vedtok dette: 

Grundlovens § 50 skal herefter lyde: Stemmeberettigede ere norske Borgere, Mænd og Kvinder, der have fyldt 25 Aar, og som have været bosatte i Landet i 5 Aar og opholde sig der.

Ved stortingsvalet i 1915 hadde 565 000 kvinner og 522 000 menn røysterett.

Men kor lenge måtte ein vere 25 år for å røyste? Det har variert kor gamal ein må vere for å kunne røyste ved stortingsvala. Røysterettsalderen har blitt senka fleire gonger.

Korleis har røysterettsalderen endra seg over tid?

  • Til 1920 var røysterettsalderen 25 år.
  • Frå 1920 måtte ein vere 23 år for å røyste i stortingsval.
  • Frå 1946 måtte ein vere 21 år.
  • Frå 1967 til 1978 måtte ein vere 20 år for å kunne røyste.
  • Og frå 1978 ble røysterettsalderen fylte 18 år i året for stortingsvalet.

Kven kan røyste i dag?

For å ha røysterett ved stortingsval må fire krav vere oppfylte. Ein må

  • vere norsk statsborgar
  • ha fylt 18 innan utgangen av valåret
  • ikkje ha mista røysteretten etter Grunnlovens § 53 
  • vere, eller tidlegare ha vore, folkeregisterført som busett i Noreg

Kleven, Ø. (2022, 7. mars). Stemmeberettigede, valgordninger og valgdeltakelse siden 1815. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/stemmeberettigede-valgordninger-og-valgdeltakelse-siden-1815

Lønnå, Elisabeth. (2025, 4. juli). Stemmerett for kvinner i Norge. Hentet 15. desember 2025 fra Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/stemmerett_for_kvinner_i_Norge

Statistisk sentralbyrå. (2025, 26. august). Personer med stemmeretthttps://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/personer-med-stemmerett

Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. november). Stortingsvalet. https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/stortingsvalet

Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om valg.  https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg

Søbye, E., & Dørum, K. (2025, 15. oktober). Stemmerettens historie i Norge. Hentet 15. desember 2025 fra Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/stemmerettens_historie_i_Norge

Løys oppgåve D.