Det finst også ein bokmålsversjon av dette undervisningsopplegget.
Informasjon til lærar
Undervisningsopplegget er produsert av SSB som et tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, og samfunnsfag/samfunnskunnskap. Vi har òg undervisningsopplegg om sametingsvalet og om kommunestyre- og fylkestingsval.
De kan velje å bruke ein eller fleire delar av opplegget, og i tillegg til å lese tekst, tabellar og figurar kan elevane lære om temaa ved å løyse oppgåver. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.
Dersom de ønsker å lære meir om statistikkbanken før de løyser oppgåvene i dette undervisningsopplegget om stortingsval, gå til Slik finner du tall i statistikkbanken.
Lærarar kan få fasit til taloppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no. Skriv òg gjerne til oss dersom de har innspel til kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar undervisningsopplegg om.
- Kjenne til utviklinga for partia i dei siste stortingsvala.
- Kunne bruke offisiell statistikk om stortingsval.
- Diskutere utviklinga i røysteretten og reflektere over dei unges deltaking.
Undervisningsopplegget er eit tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, samfunnsfag og samfunnskunnskap.
Opplegget tek utgangspunkt i læreplanen i samfunnsfag for 10. trinn (SAF01-04) og samfunnskunnskap fellesfag vg1/vg2 (SAK01-01.
Kompetansemåla
- demokrati og medborgarskap – denne delen fra SAF01-04: I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane utviklar kunnskapar og ferdigheiter for å kunne skape og delta i demokratiske prosessar. Faget skal bidra til at elevane utviklar kunnskap om og innsikt i demokratiske verdiar og prinsipp.
- demokrati og medborgerskap – denne delen fra SAK01-01: Forståing om samanhengane mellom rettane og pliktene til individet, slik at dei kan bli aktive medborgarar, inngår også i dette.
- beskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringar (SAF01-04)
- bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er (SAF01-04)
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar (SAK01-01)
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.