Valgurne med det norske flagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Prosentdelen for kor mange som deltek i valet – valdeltakinga – er eit mål på i kva grad røysteretten blir brukt. I stortingsvalet i 2025 var valdeltakinga for alle veljarane samla 80 prosent. Det er lågare enn for åra frå 1965 til 1989, då deltakinga stort sett var på godt over 80 prosent:

Figur 4. Valgdeltakelse i prosent ved Stortingsvalg 1945-2025

Kjelde: Valgdeltakelse, statistikkbanktabell 08243

I 1978 senka Stortinget røysterettsalderen frå 20 til 18 år. Artikkelen Lav valgdeltakelse blant unge voksne (Kleven, 2019) viser til at det var ei bekymring for at dei to yngste aldersgruppene ville trekke valgdeltakinga ned. Men analysane av stortingsvalet i 1981 viser at deltakinga var større blant 18- og 19-åringane enn hos dei mellom 20 og 23 år (Kleven, 2019).

Tala viser òg at valdeltakinga for 18-åringane gjennom stortingsvala er relativt høg samanlikna med andre veljarar som er 24 år eller yngre. Valdeltakinga søkk for 19-åringane og fortset å søkke fram til midten av 20-åra samanlikna med 18-åringane (Kleven, 2019). Kvifor er det slik? Kjem det mest av kva livsfase veljaren er i, eller kva generasjon veljaren høyrer til?

Ei generasjonsforklaring vil ta utgangspunkt i at det er éi eller fleire viktige saker som pregar ein generasjon, og at individa i generasjonen er sosialisert inn i visse rollemønster. Ei livsløpsforklaring på valdeltakinga kan forklare svingingar i deltakinga ved at dei yngste (18–19 år) framleis går på skolen, bur heime hos foreldra og har ein stabil livssituasjon, mens 20–24-åringane i større grad har flytta heimanfrå og er i ein overgangsfase i livet. Les meir i artikkelen Lav valgdeltakelse blant unge voksne.

At valdeltakinga er lågare for dei i alderen 20–24 år, slik tabell 2 viser, kan kome av at veljarar i 20-åra i større grad er i ein overgangsfase i livet. Dei kan ha flytta heimanfrå for å ta utdanning eller gjennomføre militærteneste. Slike overgangsfasar er gjerne forbunde med mindre interesse for politikk og då lågare valdeltaking. Når dei unge seinare begynner å arbeide, stiftar familie og blir integrerte i eit lokalmiljø, stig deltakinga igjen (Kleven, 2019).

Ved å sjå på tal for fleire stortingsval, generasjonar og aldersgrupper finn Kleven (2019) at kva livsfase ein veljar er i, betre forklarer generelle endringar i valdeltakinga enn kva generasjon veljaren tilhøyrer.

Kleven, Ø. (2019, 4. februar). Lav valgdeltakelse blant unge voksne. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/lav-valgdeltakelse-blant-unge-voksne

Kleven, Ø. (2022, 7. mars). Stemmeberettigede, valgordninger og valgdeltakelse siden 1815. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/stemmeberettigede-valgordninger-og-valgdeltakelse-siden-1815

Statistisk sentralbyrå. (2025, 26. august). Personer med stemmeretthttps://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/personer-med-stemmerett

Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. november). Stortingsvalet. https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/stortingsvalet

Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om valghttps://www.ssb.no/valg/faktaside/valg

 

Løys oppgåve E. Dersom du har gjennomført alle dei ulike delane i undervisningsopplegget, kan du også løyse oppgåve F.