Valgurne med det norske flagget på og stemmeseddel, illustrasjon

I figur 1a under ser de korleis veljaroppslutninga til partia var ved vala i 2017, 2021 og 2025:

Figur 1a. Velgeroppslutning ved tre siste stortingsvalg

De kan laste ned tala i figuren i eit rekneark.

Svar på spørsmåla:

  1. Kva parti fekk størst nedgang målt i Prosentpoeng er differansen mellom to prosenttal.frå valet i 2017 til valet i 2025? 
  2. Og kva parti fekk størst oppgang frå 2017 til 2025, målt i prosentpoeng?
  3. Er det dei same partia som gjekk mest opp eller ned mellom vala i 2017 og 2025, som også gjorde det mellom vala i 2021 og 2025?
  4. Korleis har utviklinga vore i dei tre vala i 2017, 2021 og 2025 for partiet du ville ha røysta på?

  1. Kva parti fekk størst nedgang målt i prosentpoeng frå valet i 2017 til valet i 2025? Høgre, med -10,4 prosentpoeng.
  2. Og kva parti fekk størst oppgang frå 2017 til 2025, målt i prosentpoeng? Framstegspartiet, med 8,6 prosentpoeng.
  3. Er det dei same partia som gjekk mest opp eller ned mellom vala i 2017 og 2025, som også gjorde det mellom vala i 2021 og 2025? Både mellom 2021 og 2025 og mellom 2017 og 2025 gjekk Framstegspartiet mest opp, med høvesvis 8,6 og 12,2 prosentpoeng. Men det var ikkje det same partiet som hadde størst nedgang frå 2017 og frå 2021 samanlikna med 2025. Frå 2017 til 2025 var nedgangen i prosentpoeng størst for Høgre, med -10,4 prosentpoeng, mens det var Senterpartiet som hadde størst nedgang mellom 2021 og 2025, med –7,9 prosentpoeng.