Svar på spørsmåla, og snakk saman om dette i klassen:
- Kven kan røyste ved stortingsval i Noreg i dag?
- Når fekk alle menn røysterett?
- Og kvinner?
- Kor stor prosentdel av veljarane deltok i førre stortingsval (2025)?
- Korleis var valdeltakinga for dei to yngste veljargruppene i SSBs statistikk når de samanliknar dei to gruppene med kvarandre?
- Og når de samanliknar desse to gruppene med alle veljarane samla?
Sjekk svara dykkar her:
Spørsmål 1. Kven kan røyste ved stortingsval i Noreg i dag? Alle som oppfyller desse fire krava har røysterett ved stortingsval: Spørsmål 2. Når fekk alle menn røysterett? I 1898 fekk alle menn som hadde fylt 25 år røysterett. Spørsmål 3. Og kvinner? I 1913 fekk kvinner som hadde fylt 25 år røysterett. Spørsmål 4. Kor stor prosentdel av veljarane deltok i førre stortingsval (2025)? 80 prosent. Spørsmål 5. Korleis var valdeltakinga for dei to yngste veljargruppene i SSBs statistikk ved stortingsvalet i 2025 når de samanliknar dei to aldersgruppene med kvarandre? Valdeltakinga var høgare for dei som er i aldersgruppa 18–19 år enn for unge i aldersgruppa 20–24 år. Spørsmål 6. Og når de samanliknar desse to gruppene med alle veljarane samla? Valdeltakinga for dei to yngste aldersgruppene er lågare i 2025 enn for dei som er eldre, med unntak av at valdeltakinga var høgare for begge dei to yngste aldersgruppene enn for dei aller eldste veljarane (80 år eller eldre), og for 18–19-åringane samanlikna med 20–24 åringane.