I Noreg vel vi nytt Storting kvart fjerde år. Dei 169 reresentantane som blir valde til Stortinget, representerer folket i Noreg og kjem frå ulike parti. Kva seier statistikken om korleis Stortinget er sett saman?
Vi ser av figurane 1a og 1b under korleis utviklinga har vore for partia som har stilt til stortingsval, både korleis veljaroppslutninga har utvikla seg, og kor mange mandat (representantar) kvart parti fekk på Stortinget etter vala. Arbeidarpartiet og Høgre var dei største partia med flest mandat på Stortinget etter valet i 2021, mens Arbeidarpartiet og Framstegspartiet var dei største partia i 2025-valet. Du kan sjølv sjå nærare på korleis utviklinga for dei ulike partia har vore ved å løyse oppgåvene A og B.
Kjelde: Stortingsvalet, Statistisk sentralbyrå
Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. november). Stortingsvalet. https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/stortingsvalet Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om valg. https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg