Studer korleis røysteretten har utvikla seg – altså utviklinga for den nedste delen ‘Stemmeberettigede’ i figuren, og svar på dei tre spørsmåla.
- Kva seier figuren om kvifor ikkje alle over 18 år kan røyste ved norske stortingsval no?
- For kva år blei det store ‘hopp’ i andelen røysteføre ved stortingsval?
- Veit de kvifor? Diskuter moglege forklaringar.
Figur 2. Stemmerettsregler og stemmeberettigede ved stortingsvalgene. 1875-2025
Figur 2 illustrerer røysterettsreglar og andel røysteføre i stortingsvala for perioden 1875–2025. Røysterettsreglar, viktige endringar: I 1884 ble røysteretten utvida. I 1898 fekk menn som var fylt 25 år røysterett, og i 1913 kvinnene som hadde fylt 25 år. I 1920 gjekk røysterettsalderen ned til 23 år, i 1946 til 21 år, i 1967 til 20 år og i 1978 til 18 år. Røysteføre, i prosent av personar (norske borgarar) over 18 år: I åra fram mot 1885 hadde om lag 1 av 10 røysterett. Røysteretten blei gradvis utvida mellom 1884 og 1913, og i 1913 var andelen tett opp mot 60 prosent. Andelen steig vidare, og i 1981 hadde nær 100 prosent av alle over 18 år røysterett. I 2021 hadde andelen sokke til 90,9 prosent fordi mange busette ikkje er norske statsborgarar.
Dette er vårt forslag til løysing av oppgåva: 1. Kva seier figuren om kvifor ikkje alle over 18 år kan røyste ved norske stortingsval no? 1 av 10 er utan røysterett fordi mange busette ikkje er norske statsborgarar. Meir om røysteretten, frå statistikken Personer med stemmerett: Kven kan røyste? For å ha røysterett ved stortingsval må fire krav vere oppfylte. Ein må: Ved kommunestyre- og fylkestingsval er reglane dei same, men med eitt viktig unntak. Det er ikkje nødvendig å vere norsk statsborgar. Utanlandske statsborgarar kan derfor også røyste ved kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg dersom dei oppfyller dei tre siste kriteria for stortingsval og har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen. Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har blitt folkeregisterførde som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret, har også røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. 2. For kva år blei det store ‘hopp’ i andelen røysteføre ved stortingsval? Endringa er særleg tydeleg i 1895, i 1909 og i 1913. Det var også endringar i 1921, til 21 år i 1946, til 20 år i 1967 og til 18 år i 1978. 3. Veit de kvifor? Diskuter moglege forklaringar. I 1895 fekk alle menn røysterett, i 1909 fekk også kvinner med ei viss skattbar inntekt og formue røysterett, og i 1913 fekk alle menn og kvinner over 25 år røysterett, slik at Noreg då hadde allmenn røysterett. Det har også vore ‘hopp' av ulik storleik når røysterettsalderen har sokke. Her var det endringar då vi gjekk frå ein røysterettsalder på 25 til 23 år i 1921, til 21 år i 1946, til 20 år i 1967 og til 18 år i 1978. Vidare har det også vore endringar etter 1981 då nesten 100 prosent hadde røysterett ved stortingsvala. I 2025 hadde 90,4 prosent av alle busette i Noreg røysterett ved stortingsvalet. Ei forklaring på nedgangen i røysterettsdelen i denne perioden er at mange busette ikkje er norske statsborgarar.