Kven som har røysterett i Noreg har endra seg over tid. I denne oppgåva lærer du kva endringar i aldersgrenser og kvinner og menn sin rett til å røyste kan bety.
Svar på dei fire spørsmåla.
Sjå på figuren under. Vel tabellfana dersom du heller ønsker å sjå tala i ein tabell. Kor mange ville det ha vore som ikkje kunne røyste ved stortingsvalet i september 2025 dersom vi skrudde aldersreglane tilbake til før 1967, då berre dei som var 20 år og eldre kunne røyste?
Kor mange færre røysteføre hadde Noreg hatt dersom berre menn kunne ha røysta ved valet i 2025?
Kor mange fleire kunne potensielt ha røysta i 2025 dersom alle 16- og 17-åringar fekk røysterett? Gå til statistikkbanktabell 10211 og finn ut kor mange 16- og 17-åringar det var i Noreg i 2025.
Kva endringar i røysteretten frå 1815 og fram til i dag vil de trekke fram som spesielt viktige, og kvifor?
Stortingsvalget. Personer med stemmerett, 20 år+ og førstegangsvelgere 18–19 år. 2025
Kor mange ville det ha vore som ikkje kunne røyste ved stortingsvalet i september 2025 dersom vi skrudde aldersreglane tilbake til før 1967, då berre dei som var 20 år og eldre kunne røyste? Då ville 125 389 18–19-åringar ikkje ha kunna røysta.
Kor mange færre røysteføre hadde Noreg hatt dersom berre menn kunne ha røysta ved valet i 2025? Det var 2 041 541 kvinner med røysterett i 2025.
Kor mange fleire kunne potensielt ha røysta i 2025 dersom alle 16- og 17-åringar fekk røysterett? Gå til statistikkbanktabell 10211 og finn ut kor mange 16- og 17-åringar det var i Noreg i 2025. Det var 67 406 16-åringar og 68 239 17-åringar i 2025. I sum tilsvarar desse 135 645 personar.
Kva endringar i røysteretten frå 1815 og fram til i dag vil de trekke fram som spesielt viktige, og kvifor? Her vel de kva de vil trekke fram.
Kan alle som er 18 år i Noreg stemme no ved stortingsval? Og når i løpet av dei siste 150 åra var det store endringar for røysteretten? Dette lærer du om i denne oppgåva.
Kven som har røysterett i Noreg har endra seg over tid. I denne oppgåva lærer du kva endringar i aldersgrenser og kvinners og menns rett til å røyste kan bety.