Valgurne med det norske flagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Kor stor andel kunne røyste i 1815? Og i 2025?

Alle norske borgarar over 18 år, rundt 4,05 millionar personar, kunne røyste ved stortingsvalet i 2025. Om lag ni tidelar av dei som fylte 18 år eller var eldre enn dette, kunne røyste ved det førre stortingsvalet.

Ved det første stortingsvalet i 1815 var det berre 11 prosent av dei over 18 år som hadde røysterett. Kvinner hadde ikkje røysterett i det heile teke.

Infografikken under viser viktige trekk ved utviklinga i dei 30 stortingsvala som har vore mellom 1875 og 2025.

Figur 2. Stemmerettsregler og stemmeberettigede ved stortingsvalgene. 1875-2025

 

Figur 2 illustrerer røysterettsreglar og andel røysteføre i stortingsvala for perioden 1875–2025.

Røysterettsreglar, viktige endringar: I 1884 ble røysteretten utvida. I 1898 fekk menn som var fylt 25 år røysterett, og i 1913 kvinnene som hadde fylt 25 år. I 1920 gjekk røysterettsalderen ned til 23 år, i 1946 til 21 år, i 1967 til 20 år og i 1978 til 18 år.

Røysteføre, i prosent av personar (norske borgarar) over 18 år: I åra fram mot 1885 hadde om lag 1 av 10 røysterett.  Røysteretten blei gradvis utvida mellom 1884 og 1913, og i 1913 var andelen tett opp mot 60 prosent. Andelen steig vidare, og i 1981 hadde nær 100 prosent av alle over 18 år røysterett. I 2021 hadde andelen sokke til 90,9 prosent fordi mange busette ikkje er norske statsborgarar.

Kleven, Ø. (2022, 7. mars). Stemmeberettigede, valgordninger og valgdeltakelse siden 1815. https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/stemmeberettigede-valgordninger-og-valgdeltakelse-siden-1815

Statistisk sentralbyrå. (2025, 26. august). Personer med stemmeretthttps://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/personer-med-stemmerett

Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. november). Stortingsvalet. https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/stortingsvalet

Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om valg. https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg

 Gjer oppgåve C.