Stortingsvalet

Oppdatert: 27. oktober 2021

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Andel som røysta på førehand
Andel som røysta på førehand
2021
57,4
%

Om statistikken

Statistikken viser mellom anna røyster etter parti eller vallister frå stortingsvala for heile landet, valdistrikt og kommunar. Tidsseriar attende til 1945.

Personar med røysterett

Krava til røysterett går fram av Grunnlova § 50 og Vallova § 3. Norske statsborgarar som fyller 18 år eller meir i valåret, som har vore registrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, vil automatisk koma med i manntalet. I tillegg kan norske statsborgarar som har vært busett i utlandet samanhengande over 10 år, krevja seg innførd i manntalet.

Avgjevne røyster

Godkjende røystegjevingar, skal stemma med mengda kryss i manntalet. I praksis vert talet regna som godkjende røyster pluss vraka og blanke.



Vraka røyster

Røystesetlar som av ulike årsaker ikkje vert godkjend pluss tomme konvoluttar. Godkjende røyster - Talet på godkjende røystesetlar etter finteljing/kontrollteljing.

Valde representantar

Statistikken over representantar til Stortinget omfattar valde representantar. Representantane som før valet møtte fast for medlemmar av Regjeringa, er såleis tatt med blant vararepresentantane.

Attval og nyval av representantane

Valde representantar ved årets val, som tidlegare har vore faste representantar etter opprykk ved dødsfall e.l., er gruppert under "møtt som vararepresentant". Det same gjeld tidlegare vararepresentantar som har møtt fast for medlemmar av Regjeringa.

Landsdelar: Landets fylke er frå og med valet i 1997 gruppert i landsdelar på fylgjande vis:

1. Oslo og Akershus 2. Hedmark og Oppland 3. Sør-Austlandet: Østfold, Buskerud, Vestfold, Telemark 4. Agder/Rogaland: Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland 5. Vestlandet: Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 6. Trøndelag: Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag 7. Nord-Noreg: Nordland, Troms og Finnmark



Kommuneklassifisering, sentralitet. I nokre tabellar er landets kommunar gruppert i 8 klassar på grunnlag av oppgåver over næringsstruktur og sentralitet. Klassifiseringa er dokumentert i Standard for kommuneklassifisering 1994. Denne standarden gjeld frå og med val i 1997. Sentralitet er òg brukt åleine.



Grupperinga i landsdelar og kommuneklassifisering har helde seg til den til einkvar tid gjeldande standard. Det vil difor variera over tid.

Valdistriktar : frå 2021, er det same som dei gamle fylkane.

Namn: Stortingsvalet

Emne: Valg

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for befolkningsstatistikk

Kommunenivå, for utvalde kommunar vert det òg laga tabellar med prosentfordeling av godkjende røyster avgjeve på dei største partia på krets/bydelsnivå til 2017. Frå 2021 publiseras tabellar også på valdistrikt.

Kvart 4. år (Valår)

Ikkje relevant

Statistikkfilane langtidslagrast i SSB samt hjå NSD - Norsk senter for forskningsdata til forskningsføremål.

Føremålet er å lage offisiell statistikk frå stortingsvalet. Den fyrste offisielle statistikk over stortingsval blei lagt fram i Valmandsvala og Stortingsvala 1815-1855 (NOS III 219). Ein del av tala, særleg for vala til og med 1826, bygde på utrekningar. For desse vala har me difor berre oppgåver over mengd røysteføre og valde representantar. Statistikk over vala i 1888 og 1891 vart publisert i Meddelelser frå det Statistiske Centralbureau, for 1894 og 1897 i NOS Valgmandsvalgene og Stortingsvala, for 1900 og 1903 i NOS Valgtingene og valgmandstingene, og frå og med 1906 i NOS Stortingsval. Statistisk sentralbyrå sørga for utarbeidinga av statistikken til og med 1903 og igjen frå 1961. I den mellomliggande perioden låg arbeidet med statistikken hjå Stortingets kontor. I Historisk statistikk finn ein opplysningar om partia sine røystetal og representantar attende til 1906. For personar med røysterett, valde representantar og valdeltaking finn ein opplysningar attende til fyrst på 1800-talet.

Dei politiske partia er ihuga brukarar av statistikken, i det same er journalistar. Statistikken vert òg nytta av departementa for å utrekna partistøtte, og av kommunar og fylkeskommunar. Studentar, særskild dei som studerar statsvitskap, og valforskarar er andre brukargrupper. Statistikk ifrå stortingsval vert etterspurd òg ifrå journalistar, forskarar og studentar i andre land.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Ikkje relevant

Statistikklova § 10 og Vallova § 15-7.

Ikkje relevant

Statistikken gjeld resultat i frå valet i alle kommunar. Det samlast inn tal for personar med røysterett, kor mange som røysta på førehand og på valting, vraka røyster og kor mange godkjende røyster som vart avgjeve for dei enkelte partia. Innvalde distriktsmandat og utjamningsmandat.

Resultata far dei enkelte valstyra i kommunane blir rapportert inn via det elektroniske valgadministrasjonssystemet (EVA) til Valdirektoratet som er ansvarleg for å gjennomføre valet. SSB mottar administrative data frå Valdirektoratet rett etter valet.

Tidligare vart papirskjema og seinare internettskjema sendt inn frå fylkesvalstyra til SSB.

Totalteljing.

Sjå Datakilder og utvalg. Fylkesvalstyras valprotokollar leggjast til grunn, til og med 1997 blei desse supplerast med eigne skjema utsendt til valstyra i kommunane, .

Maskinelle kontrollar ved registrering av tal, vesentleg sumkontrollar og logiske samanhengar.

Ikkje relevant
Ikkje relevant

Statistikk for dei ulike politiske partia finst attende til fyrst på 1900-talet. Under andre verdskrigen 1940-1945 vart det ikkje halde val. På kommunenivå er statistikken noko mangelfull for dei tidlegaste vala. Nokre av dei politiske partia har skifta namn. Det framkjem då av fotnotar i dei historiske tabellane.

Mengda avgjevne og vraka røyster er i enkelte kommunar usikre. Det kjem av unøyaktigheit ved føring av valbok og feil i avkrysningsmanntalet. Mistolking vedrørande omgrepa vraka røystegjevingar/vraka røyster førekjem. Ei vraka røystegjeving framkjem ved at ein person møter opp, men får av ulike årsaker ikkje sin røystegjeving godkjend. Då skal det heller ikkje kryssast av i manntalet og mengda slike røyster skal normalt ikkje takast med i statistikken. Det blir jamvel protokollert og i nokre fall på feil plass under vraka røyster (røystesetlar). Ved revidering må avgjevne og vraka røyster i nokre fall justerast/rettast etter skjønn der kommunane ikkje maktar å finne ut av feila.

Ikkje relevant

Faktasider

Kontakt

SSBs informasjonstjeneste

informasjon@ssb.no

21 09 46 42