Jordbruk
Statistikk
Statistikk fra andre enn SSB

Artiklane under Jordbruk og miljø presenterer statistikk som kastar lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruket.
Analyser, artikler og publikasjoner
Auke i innvilga tilskot til drenering
I 2025 blei det gitt 237,7 millionar i tilskot til drenering og grøfting, 26 prosent mer enn i 2024. Godt drenert jordbruksareal er ein føresetnad for å auke produktiviteten og matproduksjonen, og det er anslått at meir enn halvparten av jordbruksarealet har behov for dreneringstiltak.
Mange ordningar for kulturlandskapet
Jordbrukslandskapet og beitemarker inngår som ein viktig del av kulturlandskapet i Noreg. Det finst fleire tilskotsordningar i jordbruket for å ta vare på kulturlandskapet.
Fleire geiter på utmarksbeite
Frå 2024 til 2025 gjekk talet på geiter på utmarksbeite opp med 9,4 prosent til 69 200. Seterdrift har tidlegare hatt ein sentral rolle i landbruket, men i 2025 blei det registrert berre 733 setrer i drift, 10 færre enn året før.
Stadig mindre omdisponering av dyrka og dyrkbar jord
Frå 2024 til 2025 minka vedtatt omdisponering av dyrka jord med 700 dekar til 1 800 dekar. For dyrkbar jord var det ein nedgang på 300 dekar til 2 400 dekar.
Landbrukseigedomar i Noreg 2025
I 2025 var det 182 200 landbrukseigedomar i Noreg. Av desse hadde 35 100 eiga jordbruksdrift. 31 prosent av eigedomane hadde mindre enn 100 dekar areal. Det var busetjing på 77 prosent av landbrukseigedomane med bustadhus og 6 prosent av dei busette i Noreg budde på ein landbrukseigedom.
Energibruken i jordbruket noko redusert
Jordbruket har behov for energi til husdyrproduksjon, til maskinar, tørking av korn og liknande, men næringa sin del av den totale energibruken i Noreg er liten. Frå 2021 til 2024 gjekk både forbruket av elektrisitet og diesel i næringa ned med om lag 2 prosent.
Stabilt jordbruksareal trass færre jordbruksbedrifter
Jordbruksareal i drift held seg relativt stabilt og ligg på om lag 10 millionar dekar. Kvart år blir det derimot færre jordbruksbruksbedrifter, og i løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta.
Små endringar i økologisk jordbruksareal
Det økologiske arealet utgjorde 4,2 prosent av alt jordbruksareal i drift i 2025. Det er omtrent uendra dei siste tre åra.
Inntektsøkning for gårdbrukerne i 2024
Gjennomsnittlig jordbruksinntekt var i 2024 på 295 700 kroner, noe som tilsvarer en økning på 15 prosent fra 2023. Gjennomsnittlig gjeld økte med 5 prosent og utgjorde 2,8 millioner kroner.
Auka maskininvesteringar i jordbruket
I 2024 blei det investert 5,7 milliardar kroner i driftsbygningar og 4,1 milliardar kroner i maskiner og reiskap i jord- og hagebruk. Det tilsvarer ein auke på høvesvis 9 og 27 prosent frå 2021.
Eldre analyser, artikler og publikasjoner
for delområdet jordbruk.




