Leige av tilleggsjord tok til på 1950-talet. Før den tid førekom Jordbruksareal i drift der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inkludert personlege brukarar. Både jordbruksareal som brukar betalar for og jordbruksareal som brukar disponerer gratis, blir rekna som jordleige. hovudsakeleg som forpakting av heile landbrukseigedomar, inklusive driftsbygningar og bustadhus. Sjølv om talet på jordbruksbedrifter er blitt redusert kraftig dei siste 50 åra, har det totale jordbruksarealet i drift halde seg relativt stabilt. Dette kjem av at leige av jord blir stadig meir utbreidd i jordbruket. Mykje jordbruksareal på bedrifter som legg ned drifta, blir halde i drift gjennom jordleige.
Tredobling av jordleige sidan 1969
Av det totale jordbruksarealet i drift på 9,55 millionar dekar i 1969 var 1,40 millionar dekar, eller 15 prosent, leigejord. I 2024 utgjorde leigejord 4,78 millionar dekar, eller knapt 49 prosent, av det totale jordbruksarealet i drift på 9,84 millionar dekar.
Meir leigejord per jordbruksbedrift
Jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift har auka frå 62 dekar i 1969 til 268 dekar i 2024. Samstundes har leigd jordbruksareal per bedrift auka frå 9 dekar til 124 dekar. Ser ein på leigd jordbruksareal per jordbruksbedrift med jordleige, har det auka frå 291 dekar i 1969 til 422 dekar i 2024.
To av tre jordbruksbedrifter leigde jord i 2024
Av dei totalt 155 000 jordbruksbedriftene i 1969, var det 21 prosent som leigde jordbruksareal. I 2024 var det 66 prosent av totalt 36 700 jordbruksbedrifter som leigde jord. I 2024 var det 8 prosent av jordbruksbedriftene som leigde heile jordbruksarealet og 28 prosent som leigde mellom 50 og 99 prosent av arealet.
Dei 24 400 jordbruksbedriftene med jordleige hadde til saman 109 600 leigeforhold i 2024. Det vil seie om lag 4,5 leigeforhold i snitt.
Regionale skilnader
Størst del jordleige av jordbruksareal i drift var det i fylka Troms, Telemark og Agder med høvesvis 65, 63 og 59 prosent. Rogaland hadde minst del leigejord med 39 prosent.
Ei jordbruksbedrift kan ha areal i fleire kommunar. Statistikken for 2024 viser at om lag 404 000 dekar jordbruksareal i drift ligg i andre kommunar enn der driftssenteret ligg, av dette utgjer leigd areal 324 000 dekar.
| Leigd jordbruksareal i drift, dekar | Leigd jordbruksareal i drift i prosent av jordbruksareal i drift i alt | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Hele landet | 4 782 980 | 48,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 03 Oslo-32 Akershus | 412 102 | 49,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 11 Rogaland | 393 777 | 39,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 15 Møre og Romsdal | 287 306 | 56,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 18 Nordland | 291 465 | 53,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 31 Østfold | 312 741 | 43,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 33 Buskerud | 244 289 | 51 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 34 Innlandet | 923 773 | 45,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 39 Vestfold | 216 067 | 54,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 40 Telemark | 151 470 | 62,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 42 Agder | 181 373 | 58,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 46 Vestland | 401 305 | 49,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 50 Trøndelag | 760 892 | 46,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 55 Troms | 158 147 | 65,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 56 Finnmark | 48 273 | 52,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 1Tala er rekna ut frå alle aktive jordbruksbedrifter | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Store variasjonar i jordleigeprisane
Landbruksdirektoratet sender kvart år ut ein førespurnad til kommunane om å rapportere jordleigeprisar. Desse prisane er ein del av det totale talgrunnlaget for å kunne analysere forholda for dei ulike jordbruksproduksjonane i ulike deler av landet. I undersøkinga blir kommunane bedne om å opplyse om gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på produksjonane grasdyrking, korndyrking, potetdyrking, grønsak- og bærdyrking og innmarks- og utmarksbeite. For jord som blir nytta til korn- eller grasproduksjon blir det skild på «god» og «dårleg» jord. «Dårleg» jord er jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord eller jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg eller har lite nyttig inndeling.
Resultata frå undersøkinga er basert på prisane kommunane har rapportert i kroner per dekar per år, utan meirverdiavgift (mva). Prisane kommunane oppgjer vektast saman til gjennomsnittlege prisar i dei respektive regionane, basert på leigd areal i kvar enkelt kommune. Landbruksdirektoratet har også utarbeidd ein prisindeks med år 2000 som basisår. Resultatet frå undersøkinga vert også rapportert til internasjonale statistikkorgan. Årlege endringar kan tolkast som endringar i betalingsvilje for jord, og indirekte som ein indikator på endringar i lønsemda i jordbruket. Ein bør likevel være varsam med slike tolkingar, ettersom resultata kan være sterkt påverka av kvaliteten på datamaterialet. Dette gjeld i størst grad for grønsaks- og potetjord.
Prisane på leige av jordbruksareal varierer mykje etter bruken av arealet, etter kvar arealet ligg og om det er «god» eller «dårleg» jord. I 2024 var gjennomsnittsprisane per dekar følgjande:
-
grønsaker/bær 846 kr
-
potet 662 kr
-
korn 402 kr
-
gras 271 kr
Leigeprisane for innmarksbeite og utmarksbeite var mykje lågare, med respektive 72 og 10 kr per dekar. Jordleigeprisane for korn, gras og innmarksbeite auka frå 2023 til 2024, medan jord til grønsaker/bær, potet og utmarksbeite har gått noko ned.
Det er store prisskilnader etter område. I 2024 hadde Rogaland dei høgaste leigeprisane for areal til gras-, korn-, og grønsakdyrking samt for innmarksbeite. For areal til potet hadde Vestfold, Telemark og Agder høgast gjennomsnittleg leigepris med 743 kr per dekar, deretter følgde Austlandet med 696 kr. Nord-Noreg hadde dei lågaste gjennomsnittsprisane for alle føremål i 2024.
Prisnivået heng samen med om det er stor eller liten etterspurnad etter areal. I område med betydeleg potet- og grønsakproduksjon har jorda behov for vekstskifte, noko som kan gi auka leigeprisar. I område der etterspurnaden er liten, blir jordbruksareal ofte leigd ut utan betaling. Eller betalinga skjer i form av motytingar som til dømes gjerdehald, brøyting og ved.