Gjødsel vert nytta i jordbruket for å tilføre næringsstoff til plantene. Nitrogen, fosfor og kalium blir rekna som hovudnæringsstoff, medan ei rekke andre grunnstoff er naudsynte i mindre mengder. Plantene vert tilført gjødsel i form av mineralgjødsel, organisk gjødsel eller ein kombinasjon av desse. Mineralgjødsel (kunstgjødsel) er heilt eller delvis eit industriprodukt, medan organisk gjødsel i all hovudsak er husdyrgjødsel (ekskrement og urin frå husdyra), men kan også vere planterestar og liknande. Tilførsel av gjødsel påverkar i stor grad storleiken og kvaliteten på avlingane i jordbruket.

Fosfor i husdyrgjødsel på lågaste nivå sidan 1990

Praksis for lagring og spreiing av husdyrgjødsel har mykje å seie for miljø­påverknaden. Bruk av husdyrgjødsel medfører utslepp til luft av klimagassar (til dømes metan og lystgass) og andre uønskte gassar (til dømes ammoniakk). Husdyrgjødsel kan også føre til ureining av hav og vassdrag. Samstundes kan jordbruket nyttiggjere andre organiske ressursar i samfunnet som elles går til spille eller blir eit avfallsproblem.

Total mengd husdyrgjødsel blir utrekna basert på tal husdyr og faktorar for kvart dyreslag. Over tid skjer det endringar i både dyremateriale og fôring som påverkar mengd næringsstoff i husdyrgjødsla. Faktorane som vert nytta for mengd nitrogen og fosfor i gjødsel frå dei ulike husdyrslaga, skal gjelde for norske tilhøve, og det blei utarbeidd nye faktorar i 2012. I 2018 blei faktorar for nitrogen endra for ammeku. For storfe elles blir faktorane for næringsstoff i husdyrgjødsel oppdaterte årleg. 

I tillegg til oppdaterte faktorar for nitrogen og fosfor i husdyrgjødsel, er det over tid òg tatt i bruk eit meir omfattande datagrunnlag for husdyr i utrekningane. Ettersom nye faktorar og meir oppdaterte datagrunnlag blir utarbeidd, oppdaterast tidsserien kvart år tilbake til 1990.

Ifølgje utrekningar for 2024 utgjorde husdyrgjødsel 85 900 tonn Totalnitrogen i husdyrgjødsel er alt nitrogen i husdyrgjødsla, både organisk bunde og lett oppløyselege sambindingar som ammonium (NH<sub>4+</sub>). Ammonium er ei nitrogenform som er lett tilgjengeleg for plantane. Den er til stades i dyrkingsjorda som resultat av frigjering frå organisk materiale, tilførsel med gjødsel og atmosfærisk nedfall. eller 48 800 tonn lett tilgjengeleg nitrogen (ammonium-N) og 11 400 tonn fosfor (total- P). Etter ein topp i den totale nitrogenmengda i 2019 på 92 000 tonn har det gått noko ned, og er no på nivå med byrjinga av 2000-talet. Fosfor har hatt ein tilsvarande nedgang, og mengda i 2024 er den lågaste sidan tidsserien starta i 1990. Mengd kalium i husdyrgjødsel vert ikkje utrekna.

Figur 1. Indeks for mengd nitrogen og fosfor frå husdyrgjødsel. 1999=100

Raskare nedmolding av husdyrgjødsla

I 2024 blei 4,10 millionar dekar jordbruksareal gjødsla minst ein gong med husdyrgjødsel. Arealet utgjorde 42 prosent av jordbruksarealet i drift. Delen er 3 prosentpoeng høgare enn i 2020.

Det er ein fordel om gjødselspreiing går føre seg slik at gjødsla kjem raskt ned i jorda eller ned til bakken. Då blir næringsstoffa i husdyrgjødsla betre tatt vare på, og det gir mindre avrenning til vatn og mindre ammoniakkutslepp til luft. På areal som blir jordarbeidd, kan gjødsla moldast ned med plog eller harv, og ved spreiing på open åker var det i tidlegare forskrift krav om å molde ned gjødsla seinast innan 18 timar etter spreiing. I eng og anna veksande grøde, vil gjødsla til vanleg bli spreidd utan nedmolding, men det finst løysingar for å injisere gjødsel rett i bakken.

Figur 2. Jordbruksareal tilført husdyrgjødsel, etter type spredeutstyr. 2020 og 2024. Dekar

Ser ein på arealet kor husdyrgjødsla har blitt nedmolda, er det ein auke i delen som blir raskare nedmolda i 2024 enn i 2018. Meir enn halvparten av arealet, 58 prosent, blir no nedmolda innan fire timar.

Figur 3. Jordbruksareal med nedmolding av husdyrgjødsel, etter nedmoldingstidspunkt. 2018 og 2024. Prosent

Det blei gjennom Landbruksundersøkinga i 2024 innhenta nye tal for spreiing og lagring av gjødsel, etter same metode som Gjødselundersøkinga i 2018. Nokre tal ligg i Statistikkbanken under Landbruksundersøkinga, undertema gjødsel. Beskriving av metode finst i rapporten for Gjødselundersøkinga 2018, SSB-rapport 2020/9.

Levering av husdyrgjødsel til produksjon av biogass er utbreitt fleire stadar i landet, og ei tilskotsordning for dette blei etablert i 2013. I 2024 blei 146 200 tonn husdyrgjødsel levert til produksjon av biogass mot 137 300 tonn året før.

Tal gjødseldyreiningar nokså stabilt

I rapporteringssåret 2024 gjaldt den no oppheva forskrifta om gjødselvarer mv. av organisk opphav. I dågjeldande forskrift var det gitt faktorar for å rekne om dei einskilde dyreslaga til ei felles eining kalla gjødseldyreining (GDE). Ei gjødsel­dyr­eining svarar til ei utskilt mengd på om lag 14 kg fosfor i gjødsla over eitt år. I motsetning til utrekningane av mengd husdyrgjødsel har tal dyr per gjødseldyreining hittil vore konstante.

I 2024 var det 829 900 gjødseldyr­einingar, ein reduksjon på 12 400 einingar eller 1,5 prosent frå 2023. Storfe stod for 55 prosent av gjødseldyreiningane i 2024, medan sau, fjørfe og svin utgjorde høvesvis 15, 14 og 13 prosent.

Figur 4. Utvikling i talet på gjødseldyreiningar for storfe, sau, fjørfe og svin. 2021-2024

Det er store fylkesvise for­skjellar når det gjeld mengd hus­dyrgjødsel og til­gjengeleg spreieareal. Flest gjødseldyreiningar er det i Rogaland, Innlandet og Trøndelag. Dei største husdyrbedriftene, rekna i gjødseldyreiningar, finn ein i Rogaland, Østfold og Trøndelag med eit gjennomsnitt på høvesvis 50, 44 og 43 gjødseldyreiningar. Færrast gjødseldyreiningar per bedrift hadde Vestland med 16.

Figur 5. Talet på gjødseldyeiningar etter fylke. 2024

I dågjeldande forskrift i 2024 var det sett krav til bruken av husdyrgjødsel, mellom anna krav om spreieareal. Kravet til spreieareal var minst 4 dekar fulldyrka jord per gjødseldyreining.

Figur 6. Fulldyrka jordbruksareal per gjødseldyeining. Heile landet og fylke. 2024. Dekar

Auka tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel

Det har vore tilskot til miljø­venleg spreiing av husdyrgjødsel frå 2008. Frå 2013 blei tilskotet ein del av Regionalt miljøprogram (RMP) og miljøtemaet Utslepp til luft.

Føremålet med tilskotet er å redusere tap av lystgass og ammoniakk til luft, avren­ning av næringsstoff til vatn og å redusere luktproblem i samband med spreiing av husdyr­gjødsel. Det er i dei fleste tilfelle krav til nedmolding innan to timar etter spreiing. I veksande kulturar kan gjødsla fellast ned i bakken eller leggjast på bakken med tilførselslangar.

Det blei i 2024 gitt tilskot til 2 906 800 dekar jordbruksareal med miljø­venleg spreiing av husdyrgjødsel. Arealet auka med 284 300 dekar eller om lag 11 prosent frå året før.

Figur 7. Jordbruksareal med tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, fordelt etter type tiltak. 2013-2024. Dekar

I alt vart det gjeve 198 millionar kroner i tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel i 2024.

Meir bruk av slam på jordbruksareal

I 2024 blei 138 000 tonn slamtørrstoff frå kommunal avløpssektor brukt til ulike føremål. Om lag 62 900 tonn av dette gjekk til jord­bruket. Oslo og Akershus og Vestfold tok i mot til saman 32 900 tonn, eller 52 prosent, av alt slammet som blei brukt i jord­bruket i 2024. Det er spesielle krav til bruk av avløpsslam i jord­bruket. Til dømes kan ein ikkje spreie avløpsslam på areal der det vert dyrka grønsaker, potet, bær eller frukt.

Figur 8. Mengd slam disponert til ulike føremål. 2021-2024. Tonn tørrstoff

Blant fylka brukte Oslo og Akershus mest avløpsslam med 34 078 tonn slamtørrstoff, og av dette blei 23 867 tonn brukt i jordbruket. Agder brukte 23 272 tonn slamtørrstoff, men berre 1 385 av dette gjekk til jordbruket. I Vestfold blei det totalt disponert 9 045 tonn avløpsslam, og alt dette blei brukt på jordbruksareal.

Redusert omsetnad av fosfor og kalium i mineralgjødsel

Bruken av mineralgjødsel i jordbruket byggjer på tala over omsetnaden av gjødsel. Rapporteringsperioden er frå 1. juli til 30. juni året etter. Ein reknar med at mesteparten av den omsette mineralgjødsla vert brukt om våren og sommaren.

I etterkrigstida og fram til 1980-talet var det ein sterk auke i bruken av mineral­gjødsel. Frå 1980 og fram til og med 2006–07 heldt omsetnaden av nitrogen seg ganske stabil, medan omsetnaden av fosfor og kalium blei redusert.

I 2007–08 blei det hamstra gjødsel på grunn av forventa prisauke i sesongen 2008–09. Omsetnaden for 2007–08 og dei to etterfølgjande åra blei monaleg påverka av dette. 

Nye normer for fosforgjødsling dei seinare åra samt redusert fosforinnhald i viktige gjødselslag, har med­verka til ytterlegare nedgang i bruk av fosfor frå mineralgjødsel.

Den totale omsetnaden av hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium i 2023–24 utgjorde 74 prosent av mengda i 1999. I hamstringsåret 2008 utgjorde omsetnaden 106 prosent av mengda i 1999. I 2024 var omsetnaden av nitrogen 86 prosent av mengda i 1999. Tilsvarande tal for 2023 var 82 prosent. Etter 2008 er mengdene fosfor og kalium redusert mykje, mellom anna grunna endringar i anbefalingar for gjødsling. I 2024 var mengdene for både fosfor og kalium 55 prosent av 1999-nivået, ein liten oppgang frå 2023.

Figur 9. Indeks for omsett mengd nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsel. 1999-2024. 1999=100.

Gjødsel i alt

For å få totale mengder nærings­stoff som blir tilført jordbruket, må ein summere mineralgjødsel, husdyr­gjødsel og annan gjødsel.

Annan gjødsel omfattar avløpsslam, vekstar som vert dyrka og ikkje hausta, men blir tilført jorda som gjødsel for neste års avling (grøngjødsling), silopressaft og små kvanta av nokre typar gjødsel som ikkje inngår i statistikken utarbeidd av Mattilsynet. Ein har ikkje sikre anslag over kor mykje annan gjødsel utgjer i form av næringsstoff.

Etter 2010 er total mengd fosfor på eit lågare nivå enn før 2008. Gjennomsnittleg mengd i femårsperioden 2003–2007 var 24 300 tonn mot 19 900 tonn i femårsperioden 2020–2024. Nedgangen har vore på 5,2 prosent. Del mineralgjødsel av total mengd fosfor har i same perioden minka frå 51 til 41 prosent.

Med unntak for dei tre åra 2008–2010, som vart monaleg påverka av hamstring av mineralgjødsel, har den totale mengda effektivt nitrogen variert lite. Gjennomsnittleg mengd for femårsperioden 2003–2007 var 154 800 tonn, medan det for femårsperioden 2020–2024 var 148 200 tonn. Del mineralgjødsel har minka frå 68 prosent i perioden 2003–2007 til 66 prosent i perioden 2020–2024.

Mengd kalium frå mineralgjødsel har minka frå 45 800 tonn i gjennomsnitt for åra 2003–2007 til 30 600 tonn for åra 2020–2024, som svarar til ein nedgang på 9,5 prosent.

Figur 10. Omsett mengd nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsel og utrekna mengd effektiv nitrogen (ammonium-N) og fosfor tilgjengeleg i husdyrgjødsel. 1999-2024. 1000 tonn