Gjennom søknader om produksjonstilskot i jordbruket blir det gitt tilskot til dyr på beite, eit tilskot for dyr som går minst 5 veker på utmarksbeite og eit for dyr som går minst 12 veker på beite (16 veker i visse geografiske soner), uavhengig av om beitet er utmarksbeite eller innmarksbeite. Dersom dyra har vore på beite minst 12/16 veker, og minst 5 veker som ein del av dei 12/16 vekene eller utanom desse, blir det gitt tilskot til dyr på beite i begge gruppene. Føremålet med ordningane er å oppnå god utnytting av ressursane på utmarksbeite og å stimulere til pleie av kulturlandskapet. Det er mogleg å få tilskot for begge ordningane for dei same dyra.
Færre sauer på utmarksbeite
For 2024 blei det gitt produksjonstilskot for totalt 2,1 millionar husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite. Av dette utgjorde sauer og lam 1,8 millionar dyr. Storfe på utmarksbeite utgjorde om lag 270 000 dyr, medan geiter utgjorde 63 000 og hestar 8 000.
Også færre sauer på minst 12 vekers beite
Det blei gitt produksjonstilskot for totalt 2,7 millionar husdyr på beite i minst 12 veker (16 veker i visse geografiske soner) i 2024. Av dette var det 2 millionar sauer og lam, 599 000 storfe, 74 000 geiter og 25 000 hestar. Frå 2023 til 2024 minka talet på sau og storfe på beite, medan talet på geit og hest på beite auka noko. Nesten alle sauene og geitene er på beite minst 12 eller 16 veker i sommarhalvåret. Av alle mjølkekyr og ammekyr var 87 prosent på sommarbeite i 2024, medan 60 prosent av alle ungdyra av storfe var på beite.
Organisert beitebruk
Gjennom ordninga Regionale miljøprogram (RMP) kan det givast tilskot til ei rekkje tiltak som skal vere med på å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i deira område, og som kan bidra til å hindre gjengroing og stimulere til beiting og betre opplevingskvaliteter i kulturlandskapet. Tiltaka skal bidra til å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein oppnår gjennom nasjonale ordningar. Beitelag kan få tilskot gjennom RMP til drift, tilsyn og sanking av dyr frå beite. Tilskotet skal gå til å fremme den organiserte bruken av beite gjennom fellestiltak, og føremålet med ordninga er å legge til rette for ei meir rasjonell utnytting av utmarka, og å redusere tap av dyr på beite.
Det kan også givast tilskot til ulike planleggings- og tilretteleggingstiltak for god og effektiv bruk av utmarksbeita, slik som tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk og prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita.
Tilskotet kan og givast til investeringar knytt til utmarksbeite, t.d. oppsetjing av sperregjerde, buer for gjetarar og utstyr for elektronisk overvaking av beitedyra.
I miljøtemaet Kulturlandskap i RMP blei det i 2024 utbetalt totalt 216 millionar kroner. Det blei gitt tilskot til mellom anna beiting på inn- og utmark og skjøtsel av bratt areal og anna verdfulle jordbrukslandskap. I 2024 fekk drift av bratt areal eit tilskot på 115 millionar kroner, medan slått og beite av lokalt verdfulle jordbrukslandskap i innmark og utmark fekk eit tilskot på knapt 50 millionar kroner. Tilskot til drift av beitelag utgjorde 43 millionar kroner i 2024.
Færre med seterdrift
Seterdrift har hatt ei sentral rolle i landbrukets historie og skapt særeigne landskap i Noreg. Tidlegare var seterdrift svært omfattande, og tidleg på 1900-talet var det mange jordbruksbedrifter som hadde seter. Sidan midten på 1900-talet og fram til i dag har talet på jordbruksbedrifter med seter gått kraftig tilbake, men seterdrift er framleis eit viktig element i kulturlandskapet i fjellet i einskilde område av landet.
Seterdrift omfattar seter med minst 4 vekers mjølkeproduksjon i løpet av sommaren. Seterdrift kan gå føre seg på eigen seter (enkeltseter) eller ved deltaking i fellesseter.
I 1949 var det 22 600 jordbruksbedrifter, eller 11 prosent av alle jordbruksbedriftene, som hadde eiga seter eller del i seter. I 1959 var dette talet redusert til 13 700 jordbruksbedrifter, eller 7 prosent av alle jordbruksbedriftene. 50 år etter, i 2009, hadde talet gått ned til 1 700, eller 3 prosent av alle jordbruksbedriftene. Dei siste åra har vel 2 prosent av jordbruksbedriftene hatt seter eller del i seter.
Berre 743 setrer i drift i 2024
I 1949 var det registrert 21 812 setrer i drift. Sidan 1949 har talet på setrer gått kraftig ned. I 2005 (første året med RMP-tilskot) var det 1 403 setrer. RMP-tala for 2024 viser at det var 743 setrer i drift. Av desse var 654 enkeltsetrer, 69 fellessetrer og 20 besøkssetrer. Til saman blei det gitt tilskot på 93,3 millionar kroner til seterdrift, og dette utgjorde 80 prosent av alle tilskota under miljøtema «Kulturminner og kulturmiljøer» i 2024. I 2023 var det 750 setrer i drift som fekk eit tilskot på 83,5 millionar kroner.
Ordninga med søknader om produksjonstilskot i jordbruket 1. mars og 1. oktober blir administrert av Landbruksdirektoratet. Materialet inneheld opplysningar om areal og husdyrhald hos søkjarane. Data frå søknadene kan publiserast på alle regionale nivå under føresetnad av at informasjon om enkeltbruk ikkje blir offentleggjord.
Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt miljøprogram eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jordarbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.
Dei ulike miljøtiltaka i Regionale miljøprogram er delte inn i ulike miljøtema: