Landbruksundersøkinga

Oppdatert: 2. desember 2019

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Endring i antall jordbruksbedrifter med veksthus
Endring i antall jordbruksbedrifter med veksthus
2010 - 2018
-51,5

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

Jordbruksbedrifter med veksthus og veksthusareal.
Jordbruksbedrifter med veksthus og veksthusareal.1
Jordbruksbedrifter med veksthusVeksthusareal
I altEtter veksthusareal i m2I altEtter veksthusareal i m2
300-9991000-19992000-49995000-300- 9991000-19992000-49995000-
1000 m2
19891 270613376215662 046345500583619
1999957370281227792 003221378662741
20067372541791991052 0221512366101 025
20106372221451531172 0481321964511 269
2018309626094931 70941842821 303
Landsdel
Austlandet140262741467571837123579
Agder og Rogaland85413333571321899593
Vestlandet3211:10:928:30:
Trøndelag2978591194121687
Nord-Norge2314:5:289:14:
1Omfattar bedrifter med minst 300 m2 veksthusareal.
Standardteikn i tabellar
Produksjon av snittblomster, blomstrende potteplanter, dekorasjonsplanter og utplantingsplanter i veksthus.
Produksjon av snittblomster, blomstrende potteplanter, dekorasjonsplanter og utplantingsplanter i veksthus.1
Jordbruksbedrifter med vedkommende produksjonProdusert mengde
SnittblomsterBlomstrende potteplanterDekorasjonsplanterUtplantingsplanter / sommerblomsterSnittblomsterBlomstrende potteplanterDekorasjonsplanterUtplantingsplanter / sommerblomster
1000 stk
1998197445119517112 12235 6054 36731 615
200612034959448117 47134 3672 78744 696
2018191052716666 17226 8061 73541 217
1Omfattar jordbruksbedrifter med minst 300 m2 veksthusareal.
Standardteikn i tabellar
Forbruk av energi i veksthus.
Forbruk av energi i veksthus.1
Elektrisitet til vekstlysElektrisitet til elektrokjeleElektrisitet til varmepumpeNaturgassFyringsoljePropangassFjernvarme/ spillvarmeFlisUtgifter til energi
Mwh1000 literTonnMwhm31000 kroner
1988........62 529........
1998222 935276 349....43 6172 323......
2006341 153202 680..165 38211 8765 137....342 713
2009346 703161 8282 700176 7487 7705 770......
2018309 12681 8634 043130 6261 7507 30424 38462 055344 054
1Omfattar jordbrukbedrifter med minst 300 m2 veksthusareal.
Standardteikn i tabellar
Jordbruksbedrifter med planteskule og planteskuleareal.
Jordbruksbedrifter med planteskule og planteskuleareal.1
Jordbruksbedrifter med planteskuleFrilandsareal i altHerav karplantearealVeksthusarealSalsverdi av ferdigvare
Dekar1000 kroner
19992232 869562,659,0..
20061522 985499,074,8182 773
20101662 258616,062,0..
2018391 146469,059,0199 440
1Omfattar jordbruksbedrifter med minst 1,0 dekar planteskuleareal.
Standardteikn i tabellar
Arbeidsinnsats i jordbruket
Arbeidsinnsats i jordbruket
20132018Endring i prosent
2013 - 2018
Jordbruksbedrifter, antall1 43 72639 678-9,3
Arbeidsinnsats, 1000 timeverk2 88 14585 161-3,4
Gjennomsnittlig arbeidsinnsats per jordbruksbedrift, timeverk/jordbruksbedrift2 0162 1466,5
1Antall jordbruksbedrifter refererer til året 2018.
2Arbeidsinnsatsen gjelder for året 2017.
Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gir informasjon om arbeidsinnsatsen på jordbruksbedriftene, fordelt på timeverk i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar. Den gir også informasjon om utgifter til investeringar og vedlikehald i jordbruksbedriftene.

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrenser. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.

Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Virksomhets- og foretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.

Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Tilleggsnæring: Ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.

Bruttoinntekt: Summen av alle inntektene utan mva. før det er trekt frå kostnader.

Standard omsetning: Standard omsetning (SO) for plante- og husdyrprodukt er verdien av produkta basert på produsentpris. SO blir berekna på regionalt nivå per dekar og per dyr som gjennomsnittsverdiar over ein referanseperiode på fem år. SO er eksklusive direkte tilskott, meirverdiavgift og skattar/avgifter på produkta.

Fylke, landsdel, standard omsetning og driftsform.

Namn: Landbruksundersøkinga

Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Fylke eller landsdel.

Årleg

Data blir levert til Eurostat etter avtale, gjeld årgangane 2003, 2005, 2007, 2013 og 2016.

Editerte mikrodata blir lagra.

Formålet med Landbruksundersøkinga er å skaffe relevante data som ikkje er å finne i administrative datasystem, og å skaffe data for einingar som ikkje blir omfatta av administrative system.

Landbruksundersøkinga skal danne eit bilde av landbruksnæringa i Noreg gjennom ulike spørsmål. Hovudtema varierar frå år til år, men somme tema kjem att med nokre års mellomrom:

2000 Jordarbeiding, skogbruk

2001 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, jordarbeiding, beiting

2002 Jordarbeiding, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, grøfting og nydyrking, arrondering

2003 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, gjødsel

2004 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk

2005 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, utdanning, traktorar, maskinar og reiskap

2006 Grøfting og nydyrking, arrondering, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

2007 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar og vatning

2008 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk

2009 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

2011 Produksjonsmetodar

2012 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

2013 Arbeidsinnsats

2014 Leigejord og driftsbygningar

2015 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

2016 Arbeidsinnsats

2017 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

2018 Arbeidsinnsats

Data frå undersøkinga blir mellom anna nytta av Budsjettnemnda for jordbruket, næringsorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet, Klima og miljødepartementet, ulike forskingsinstitusjonar slik som NIBIO og Seksjon for energi,- miljø og transportstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Ikkje relevant

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

Ikkje relevant

Populasjonen tek utgangspunkt i aktive jordbruksbedrifter frå søknader om produksjonstilskott i jordbruket og landbrukseigedommar i Landbruksregisteret.

Storparten av opplysningane kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema til den årlege landbruksundersøkinga. Opplysningar om storleiken på jordbruksareal og skogareal, personar med tilknyting til eigedomen/jordbruksbedrifta og kva for tilknyting dei har til eigedomen/jordbruksbedrifta blir henta frå Landbruksregisteret.

Det blir kvart år trekt eit utval som skal gi oppgåve til Landbruksundersøkinga. Storleiken på utvalet varierar mellom 8000 og 11 000 av dei jordbruksbedriftene som er registrert som aktive. Utvalet blir stratifisert utifrå ein berekna økonomisk storleik (standard omsetning) og driftsform innan kvart fylke eller landsdel. Til og med 2011 vart storleiken på jordbruksareal nytta i staden for standard omsetning.

I undersøkingane fra til 2015 blei det sendt ut brev til dei jordbruksbedriftene som var trekt ut til å vere med i undersøkinga. Dei kunne velje om dei ville levere skjema på papir eller elekrtonisk gjennom Altinn. Det var brukaren av jordbruksbedrifta som skulle gi oppgåve. Frå og med 2015 skulle alle levere skjema gjennom Altinn.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og editeringar for å sikre konsistensen både innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Populasjonen blir gruppert etter fylke eller landsdel, standard omsetning og driftsform. Kvar eining som er med i utvalsundersøkinga får berekna ei vekt under estimeringa av totalar.

Ikkje relevant

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar, og ved for få observasjonar blir tala undertrykt ved publisering av resultata.

Statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variable vil det jamvel vere eit brot i tidsserien. Til dømes mellom 1998 og 1999, då metoden som blei brukt for å berekne talet på jordbruksbedrifter før 1999 gradvis førte til for høge tal. Dette kom klart til uttrykk ved den fullstendige jordbruksteljinga i 1999, som resulterte i ei nedjustering. Etter 1999 er utvala til Landbruksundersøkinga baserte på eit årleg oppdatert register, og det skulle gi betre tal. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift innskrenka til å vere alt innan ein kommune.

For åra etter 2000 er opplysningane i tabellane om talet på jordbruksbedrifter og storleiken på jordbruksareal i drift henta frå SSBs system for berekning av totaltal i jordbruket. Grunnlagsdata for dette systemet er opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket. Gjennom kopling mot andre administrative register, slik som Landbruksregisteret, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar og leveranseregisteret for slakt, er det henta inn opplysningar om produksjonen også på einingar som ikkje søker om produksjonstilskott. Desse produksjonsopplysningane dannar grunnlag for berekning av areal og talet på husdyr på einingar som ikkje søker om tilskott.

I 2007 vart spørsmålsstillinga kring tilleggsnæringar utvida. I tillegg til spørsmål om type tilleggsnæring vart det spurt om kva bruttoinntekt tilleggsnæringa(ne) gav. Endringa kan ha ført med seg at nokon kan ha unnlata å gi opp tilleggsnæring. Vi reknar likevel med å ha fanga opp alle som driv med eit visst omfang ved å kontrollere mot opplysningar frå næringsoppgåva.

Primærdata er henta frå skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer ved utfylling av skjema. Feil kan òg oppstå under innsamling og handsaming av data. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mye som mogleg.

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar, eller at ei verksemd er selt eller ikkje lenger blir drive som ei aktiv sjølvstendig jordbruksbedrift.

Varians: Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper som er basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet. Slike ekstreme verdiar er difor gitt ei vekt lik 1, slik at dei berre representerer seg sjølve i materialet.

I utvalet til Landbruksundersøkinga skal alle typar jordbruksbedrifter inngå. For å gi ein betre representasjon i enkelte fylke med få einingar, er det trekt ein høgare prosent av jordbruksbedriftene i desse områda.

Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget reknast som god.

Ikkje relevant

Kontakt