Potet- og grovfôravlingar

Oppdatert: 23. februar 2021

Endret:

Neste oppdatering: Foreløpig ikke fastsatt

Avling av poteter
Avling av poteter
2021
368,9
1000 tonn

Om statistikken

Statistikken gir ei oversikt over avlinga av potet og grovfôrvekstar.

Jordbruksbedrift

Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha eit driftssenter på ein landbrukseigedom.

Jordbruksareal i drift

Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta som blir hausta minst ein gong i løpet av eit år, medrekna planta areal av fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Areal av open åker kor det ikkje blir tatt avling i løpet av året, men som er tenkt hausta neste år (eittårig brakk) reknast òg med.
Engareal er areal av fulldyrka og overflatedyrka eng til slått og beite.

Engareal er areal av fulldyrka og overflatedyrka eng til slått og beite. Andre fôrvekstar (grønfôr- og silovekstar) er summen av areal nytta til raigras, fôrraps, fôrmargkål, grønfôrnepe, korn til grønfôr, korn til krossing, grønfôrblandingar og rotvekstar til fôr.

Fylke, der Oslo og Viken er slått saman.

Potet- og grovfôravlingar.

Foreløpig ikke fastsatt

426 Seksjon for eigedoms-, areal- og primærnæringsstatistikk.

Landet, fylke.

Årleg.

Førebelse tal blir publisert i februar/mars året etter avlingsåret, saman med endelege tal for føregåande avlingsår.

Eurostat, FAO.

Mikrodata blir lagra i SSB.

Føremålet med statistikken er å presentere årleg statistikk over avling av poteter og grovfôrvekstar.

Statistikken blir nytta av bransjeorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet og ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Ikke relevant

Statistikkloven § 10-1.

Ikke relevant

Jordbruksavlingar omfattar kornavlingar og avling av potet og grovfôrvekstar. Statistikken over kornavlingar byggjer på opplysningar frå Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar i Landbruksdirektoratet, og er omtala på Statistisk sentralbyrå sine internettsider under Korn- og oljevekster - areal og avlinger. Statistikk over potet- og grovfôravlingar blir utarbeidd på grunnlag av opplysningar om avling av desse vekstane henta inn ved ei skjemabasert utvalsundersøking. Utgangspunkt for populasjonen er jordbruksbedrifter som søkte om produksjonstilskott i jordbruket 1. oktober det året statistikken refererer til. Det er jordbruksbedrifter med minst ein av følgjande produksjonar som er med i populasjonen:

  • Eng til slått og beite
  • Andre fôrvekstar
  • Potet



Avling frå beita eng inngår ikkje i statistikken, medan beita avling av andre fôrvekstar inngår.

Det blir kvart år trekt eit utval blant dei som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket.

Frå registeret over søknadar om produksjonstilskott i jordbruket blir det nytta opplysningar om jordbruksbedrifta, slik som namn og adresse til søkjar og arealfordeling av dei ulike vekstane. Opplysningar om hausta areal, avlingsnivå og haustemetodar kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema.

Utvalet omfattar om lag 2 300 jordbruksbedrifter med ein eller fleire av dei oppgitte vekstane. Utvalet er stratifisert på fylke, kva som blir dyrka av potet, eng eller andre fôrvekstar og storleik av arealet.

Skjema blir sendt ut i Altinn til dei jordbruksbedriftene som er trekt ut til å vere med i undersøkinga. Undersøkinga blir sendt ut i desember, og det skal givast opplysnignar over avlinga sist vekstsesong. Det er den som søkjer om produksjonstilskott på jordbruksbedrifta som skal rapportere.

Det blir gjort kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

På skjema er engarealet fordelt etter haustemetode med oppgitt avling for førsteslått og for andreslått og seinare slåttar. Tørrstoffprosenten i graset varierer mykje sett over distrikt og år. I utrekningane som blir gjort frå rapporterte tal til tørrstoff vert det nytta gjennomsnittleg tørrstoff frå fôrprøver frå Tine for gjeldande år og region. Tørrstoffinnhaldet er registrert for gras i rundballar, tårnsilo og plansilo for høvesvis første- og andreslått. Region har 20 inndelingar som svarer til fylkesinndelinga før 2017.

For estimering av totalar, får kvar eining i utvalet utrekna ei vekt ut fra prosent einingar i kvart stratum i utvalet.

Ikke relevant

Tal blir ikkje offentleggjort dersom dei kan medføre fare for at einskilde jordbruksbedrifter kan blir identifisert.

Statistikken før 2021 er stort sett sammenliknbar tilbake til 1970. Unntaket er avling av eng til slått, som før 1995 blei omrekna på energibasis til høy, men som sidan 1995 er omrekna via tørrstoff til høy.

Frå 2021 er avling av eng til slått rekna som kilo tørrstoff med tørrstoffprosentar (gjennomsnitt) henta frå fôrprøvar for aktuelt år og region. I tillegg er det frå 2021 nytta ein ny metode for utvalstrekking og vekting for estimering av totalar. Tala før 2021 er dermed ikkje direkte samanliknbare med tal frå og med 2021 korkje for eng til slått, potet eller andre fôrvekstar.

Den nye metoden har gitt jamnt over noko høgare avling enn tidlegare år.

Primærdata er henta frå skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Skjema kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer i utfyllinga. Alle undersøkingar vil vere hefta med målefeil, dvs. at den som rapporterer ikkje kjenner den eksakte verdien som det vert stilt spørsmål om, spørsmålet blir misforstått eller det vert skrive inn feil tal. Til dømes kan det i praksis vere vanskeleg å gi gode tal for avling av engvekstar til fôr. Mange av feila vert oppdaga og retta i gjennomgangen i SSB. Kontrollopplegget avslører også logiske feil i skjema.

Feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved editering, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mykje som mogleg.

Fråfall i undersøkinga kjem av manglande innlevering av opplysningar. Det kan vere partielt fråfall der delar av skjema ikkje er fylt ut, eller det kan vere totalt fråfall der skjema ikkje er rapportert i det heile. Normalt ligg svarprosent på kring 98 prosent.

Utvalsuvisse er eit uttrykk for den uvissa ein får fordi tal bygger på opplysningar frå eit representativt utval av jordbruksbedrifter. Ved å rekna ut ein storleik som kallast standardfeil (s), får ein eit mål for kor stor utvalsuvissa er. Dersom standardfeilen er kjent, kan ein finne eit intervall som med eit bestemt sannsyn inneheld den sanne verdien av ein estimert storleik (den verdien ein ville ha fått om ein hadde gjort ei totalteljing i staden for ei utvalsundersøking). Dette intervallet kallast konfidensintervallet. Kallar ein den estimerte verdien M, vil til dømes intervallet med yttergrensene M ± 2s med 95 prosent sannsyn innehalde den sanne verdien av estimatet. For å få eit inntrykk av kvar stort eit slik 95-prosents konfidensintervall er, kan ein sjå på intervallet M ± 2s.

Det kan vera formålstenleg å uttrykka standardavviket som ein del av sjølve estimatet. Estimatet av denne delen kallast variasjonskoeffisient, og blir oppgitt i prosent. Variasjonskoeffisientane er for 2021 mellom 1,1 og 5,5 prosent for landstala som blir publiserte. For fylkestal er uvissa generelt høgare og ved høge verdiar for uvisse blir talla ikkje publisert.

Tabell1: Berekna uvisse med variasjonskoeffisient, standardfeil og feilmargin i eit 95 prosent konfidensintervall for estimerte verdiar for landstal av utvalde variablar i 2021

Variabel

Estimert verdi

Variasjonskoeffisient

Standardfeil

Feilmargin (2*standardfeil)

Avling av eng regna som tørrstoff (tonn)

3 465 664

1,73

59 895

±119 790

Areal av eng til slått (dekar)

4 642 241

1,14

53 089

±106 177

Avling av potet (tonn)

368 893

2,24

8 269

±16 538

Areal av potet (dekar)

119 184

2,02

2 406

±4 812

Avling av grønnfôr og silovekster (tonn)

182 010

5,50

10 011

±20 021

Areal av grønnfôr og silovekster (dekar)

115 557

3,91

4 518

±9 035

Tabell 2. Berekna uvisse med variasjonskoeffisient, standardfeil og feilmargin i eit 95 prosent konfidensintervall for estimerte verdiar av fylkestal for dekar engareal til slått

Region

Estimert verdi

Variasjonskoeffisient

Standardfeil

Feilmargin (2*Standardfeil)

Oslo og Viken

463 057

5,83

27 017

+/- 54 035

Rogaland

454 822

3,41

15 490

+/- 30 980

Møre og Romsdal

358 664

2,53

9 063

+/- 18 127

Nordland

407 574

2,24

9 130

+/- 18 260

Innlandet

949 940

2,56

24 338

+/- 48 676

Vestfold og Telemark

191 324

9,16

17 516

+/- 35 032

Agder

201 044

2,93

5 895

+/- 11 790

Vestland

450 578

2,89

13 005

+/- 26 010

Trøndelag

888 561

2,66

23 604

+/- 47 207

Møre og Romsdal

276 676

1,73

4 782

+/- 9 563

Tabell 3. Berekna uvisse med variasjonskoeffisient, standardfeil og feilmargin i eit 95 prosent konfidensintervall for estimerte verdiar for fylkestal for total engavling rekna som kilo tørrstoff

Region

Estimert verdi

Variasjonskoeffisient (CV)

Standardfeil

Feilmargin (2*Standardfeil)

Oslo og Viken

312 178 378

6,34

19 783 717

+/-39 567 435

Rogaland

523 172 243

5,54

28 979 981

+/-57 959 962

Møre og Romsdal

256 912 003

4,81

12 356 340

+/-24 712 679

Nordland

260 495 314

5,38

14 011 358

+/-28 022 716

Innlandet

715 979 468

3,93

28 133 985

+/-56 267 971

Vestfold og Telemark

90 799 468

8,58

7 787 150

+/-15 574 301

Agder

144 192 075

6,93

9 991 484

+/-19 982 968

Vestland

321 544 753

5,20

16 723 286

+/-33 446 571

Trøndelag

727 290 410

3,68

26 753 697

+/-53 507 394

Møre og Romsdal

113 099 721

6,84

7 732 303

+/-15 464 606

Tabell 4. Beregnet usikkerhet med variasjonskoeffisient, standardfeil og feilmargin i et 95 prosent konfidensintervall for estimerte verdier av fylkestall for dekar potetareal

Region

Estimert verdi

Variasjonskoeffisient

Standardfeil

Feilmargin (2*Standardfeil)

Oslo og Viken

13 892

6,45

896

+/- 1 792

Rogaland

6 151

13,15

809

+/- 1 617

Innlandet

55 662

2,80

1 558

+/- 3 116

Vestfold og Telemark

18 160

4,53

822

+/- 1 644

Agder

3 268

9,20

301

+/- 601

Trøndelag

13 646

6,74

920

+/- 1 839

Tabell 5. Variasjonskoeffisient, standardfeil og feilmargin i et 95 prosent konfidensintervall for estimerte verdier av fylkestall for tonn potetavling

Region

Estimert verdi

Variasjonskoeffisient

Standardfeil

Feilmargin

(2*Standardfeil)

Oslo og Viken

45 810

7,02

3 215

+/- 6 431

Rogaland

23 845

12,73

3 036

+/- 6 072

Innlandet

176 371

2,74

4 838

+/- 9 677

Vestfold og Telemark

55 782

6,04

3 371

+/- 6 743

Agder

7 587

12,40

941

+/- 1 882

Trøndelag

43 183

7,66

3 307

+/- 6 614

Opplegget for utrekning og estimering av totalar blei endra frå og med avlingsåret 2021.

Faktasider

Kontakt