Korleis kan det ha seg at Jordbruksareal omfattar fullyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. er relativt stabilt over tid medan 3 av 4 gardsbruk har lagt ned drifta dei siste 50 åra? Ei viktig årsak er at mange av jordbruksbedriftene som legg ned drifta, sel eller leiger bort til jordbruksbedrifter som framleis er aktive. Samstundes skjer det ein tilgang i jordbruksarealet ved at areal blir nydyrka, og ein avgang ved at jordbruksareal blir tatt ut av drift og gror igjen eller blir omdisponert til andre føremål enn landbruk.

Jordbruksareal i drift er jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i året, medrekna planta areal av fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Areal av åker- og hagebruksvekstar der det ikkje blir teke avling i året, men som er tenkt hausta neste år (eittårig brakk) blir òg rekna med. har lege på rundt 10 millionar dekar dei siste 50 åra, medan talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Frå 1969 til 2024 har talet på jordbruksbedrifter blitt redusert med 76 prosent, frå 155 000 til 36 800. Jordbruksareal i drift var 9,55 millionar dekar i 1969 og 9,84 millionar dekar i 2024. Gjennomsnittleg jordbruksareal per bedrift har dermed blitt meir enn firedobla i denne perioden, frå 62 til 268 dekar.

Figur 1. Utvikling i talet på jordbruksbedrifter og jordbruksareal i drift. 1969, 1979, 1989, 1999, 2010, 2020 og 2024¹

¹ Førebelse tal for 2024

Jordbruksarealet utgjer om lag 3 prosent av Noregs landareal. Årsaka til denne låge prosenten er at landarealet består av mykje bratt areal, og mykje av jorda ligg på berggrunn og inneheld mykje stein. Klima er òg ei viktig årsak da landet ligg langt mot nord og har kort vekstsesong. Forutan desse naturgitte forholda, er dagens norske jordbruk eit resultat av den generelle samfunnsutviklinga og politiske rammer.

Fleire større jordbruksbedrifter

Førebelse tal for 2024 viser at det var det 36 800 aktive jordbruksbedrifter i landet. Om lag 5 prosent av desse hadde upersonleg brukar, slik som ansvarleg selskap, aksjeselskap og institusjon.

Sidan 1999 har 48 prosent av gardsbruka slutta med jordbruksdrift. Det er jordbruks­bedrifter med mindre enn 100 dekar jordbruksareal i drift som har stått for den største nedgangen i brukstalet. I 1999 var 44 prosent av alle jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2024 hadde prosentdelen gått ned til 32. Sidan 1999 har det òg vore ein jamn nedgang i talet på bedrifter i storleiksgruppa 100-299 dekar, og frå 2007 også ein nedgang i storleiksgruppa 300-499 dekar.

Talet på jordbruksbedrifter med meir enn 500 dekar aukar. I 1999 inngjekk 2 prosent av jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2024 hadde delen auka til 15 prosent.

Figur 2. Jordbruksbedrifter, etter storleiken på jordbruksareal i drift. 1999-2024¹

¹ Førebelse tal for 2024

Jordbrukspolitikken har over tid stimulert til kornproduksjon i dei områda av landet som har klima og topografi som er eigna til korndyrking. Dei beste områda til korndyrking ligg på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Det meste av produksjonen av mjølk og kjøt frå grovfôretande husdyr som storfe, sau og geit, skjer i dal- og fjellbygdene, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Parallelt med spesialiseringa mellom distrikta har det skjedd ei spesialisering i den enkelte Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha driftssenteret på ein landbrukseigedom.. For 50 år sidan hadde dei fleste bedrifter fleire husdyrslag og dyrka fleire vekstar. Mange jordbruksbedrifter har no slutta heilt med husdyr, eller har berre eitt dyreslag. Også i planteproduksjonen har det skjedd ei spesialisering i retning av ein eller få vekstar.

Mest jordbruksareal på Austlandet og i Trøndelag

Sjølv om jordbruksareal i drift har vore relativt stabilt, blei det registrert ein topp på 10,47 millionar dekar i 2001. Førebelse tal viser at det var 9,84 millionar dekar jordbruksareal i drift i 2024. Nedgangen kjem både av at innføring av digitalt kartgrunnlag har gitt meir nøyaktige arealmålingar og at noko areal har gått ut av drift. Innføring av digitalt kartgrunnlag skjedde i åra 2005 til 2013 og innføringa førte til ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent landet sett under eitt.

Jordbruksarealet blir vanlegvis delt inn hovudkategoriane Fulldyrka jordbruksareal er areal som er dyrka til vanleg pløyedjupn og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved pløying, Overflatedyrka jordbruksareal er jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg. og Innmarksbeite er jJordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 prosent av arealet skal vere dekt av grasarter eller urter som toler beiting.. Frå 1999 til 2024 har prosentdelen fulldyrka jord av totalt jordbruksareal i drift minka frå 85 til 82 på landsbasis. I same periode har del overflatedyrka jord minka frå 3 til 2 prosent medan innmarksbeite har auka frå 12 til 16 prosent. I 2024 hadde fylka Vestfold og Østfold størst del fulldyrka jord med 98 prosent, følgd av Oslo og Akershus med 96 prosent. Minst del hadde fylka Rogaland og Vestland med 54 og 52 prosent.

Figur 3. Jordbruksareal i drift og fulldyrka jordbruksareal. Fylke. 2024¹

¹ Førebelse tal for 2024

Dei 5 kommunane som hadde mest jordbruksareal i drift i 2024, var Indre Østfold med 230 000 dekar, Ringsaker med 189 000 dekar, Steinkjer med 171 200 dekar, Levanger med 135 600 dekar og Nes (Akershus) med 131 900 dekar.  Desse 5 kommunane hadde til saman 9 prosent av landets jordbruksareal.

Figur 4. Jordbruksareal i drift etter kommune. 2024¹
¹ Førebelse tal for 2024

Mindre kornareal - meir innmarksbeite

Jordbruksareal i drift kan òg delast inn i kategoriane Åker- og hagebruksvekstar omfattar alt jordbruksareal i drift utanom areal til eng og beite. Åker- og hagebruksvekstar er til dømes korn, poteter, ulike grønsakslag, frukt og bær. og eng/beite. Arealet av eng og beite er den største kategorien og utgjorde 66 prosent av det totale jordbruksarealet på 9,84 millionar dekar i 2024. Åker-/hagebruksvekstar utgjorde 34 prosent av jordbruksarealet. I 1999 utgjorde arealet av åker-/hagebruksvekstar 38 prosent og eng/beite 62 prosent av det totale jordbruksarealet på 10,38 millionar dekar.

I 2024 var arealet av åker- og hagebruksvekstar 3,3 millionar dekar. Arealet er redusert med 693 100 dekar, eller 17 prosent, sidan 1999.  Korn og oljevekstar utgjer mesteparten av arealet av åker- og hagebruksvekstar. I 2024 var arealet av korn og oljevekstar 2,82 millionar dekar eller om lag 29 prosent av det totalt jordbruksareal i drift. I 1999 utgjorde arealet av korn- og oljevekstar ein større del, då 32 prosent av jordbruksarealet.

I 2024 hadde fylka Østfold, Akershus og Oslo, Innlandet og Trøndelag til saman 81 prosent av landets areal av korn- og oljevekstar.

Jordbruksbedrifter med korn- og oljevekstareal har gått ned med 56 prosent frå 1999 til 2024, og arealet per jordbruksbedrift som dyrkar korn og oljevekstar, har auka frå 153 til 295 dekar.

Arealet av poteter, grønsaker, frukt, bær og andre åker- og hagebruksvekstar var til saman 0,48 millionar dekar i 2024 og utgjorde knapt 5 prosent av det totale jordbruksarealet. I 1999 var dette arealet 0,65 millionar dekar, tilsvarande 6 prosent av jordbruksareal i drift..

Jordbruksbedrifter med potetdyrking har gått ned med 88 prosent frå 1999 til 2024. Potetarealet har i same perioden gått ned med 20 prosent. Gjennomsnittleg potetareal på bedrifter som dyrkar potet, har dermed auka frå 14 dekar til 88 dekar. Det blir framleis dyrka mest poteter på Austlandet og i Trøndelag.

Figur 5. Utviklinga av areal med utvalde jordbruksvekstar. 1969, 1979, 1989, 1999, 2010, 2020 og 2024¹

¹ Førebelse tal for 2024

Av fylka var det Innlandet som hadde størst potetareal i 2024, med 51 prosent av det dyrka potetarealet på 118 900 dekar. I Vestfold og Telemark og Trøndelag blei det dyrka potet på høvesvis 14 400 og 13 100 dekar i 2024.

Arealet av eng og beite utgjorde 6,54 millionar dekar av det totale jordbruksarealet i drift i 2024, ein auke på 150 600 dekar frå 1999. Eng- og beitearealet fordelte seg på 4,78 millionar dekar fulldyrka eng, 0,21 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,54 millionar dekar innmarksbeite i 2024. Areal av innmarksbeite per jordbruksbedrift med innmarksbeite, har auka frå 42 dekar i 1999 til 69 dekar i 2024.

Flest jordbruksbedrifter med driftsforma sau

Klassifisering av jordbruksbedriftene etter Driftsform for jordbruksbedrifta blir fastsett ut frå delen som dei ulike plante- og husdyrproduksjonane i jordbruksbedrifta utgjer av bedrifta si totale standard omsetning er ei inndeling som er felles for alle EU- og EØS-landa. Frå og med 2010 byggjer inndelinga på faktorar for standard omsetning knytte til dei ulike vekstane og husdyrslaga.

Figur 6. Jordbruksbedrifter etter driftsform. 2010, 2020 og 2024¹

¹ Førebelse tal for 2024

Det var flest jordbruksbedrifter med driftsforma «Sau» både i 2010, 2020 og 2024. I 2010 utgjorde «Sau» 21 prosent av totalt 46 600 jordbruksbedrifter og i 2024 var prosentdelen auka til 24 av totalt 36 800 bedrifter. Sidan 2010 har også prosentdelen for driftsformene «Storfe kjøttproduksjon» og «Andre grovfôretande dyr» gått opp. Prosentdelen for «Storfe kjøttproduksjon» har auka frå 9 til 11 og for «Andre grovfôretande dyr» frå 6 til 8. I same perioden har prosentdelen for bedrifter med driftsformene «Storfe mjølkeproduksjon» og «Korn og oljevekstar» gått ned. Prosentdelen for «Storfe mjølkeproduksjon» har minka frå 18 til 15 og for «Korn og oljevekstar» frå 17 til 16.

I absolutte tal, er det jordbruksbedrifter med mjølkeproduksjon som har gått mest ned. Frå 2010 til 2024 har mjølkeproduksjon blitt avvikla på 4 700 jordbruksbedrifter (reine mjølkeproduksjonsbedrifter og mjølk i kombinasjon med kjøtproduksjonbedrifter). Nedgangen er på i alt 41 prosent, medan nedgangen i jordbruksbedrifter i alt er på vel 20 prosent.

Stabil mjølkeproduksjon og færre kyr

Prosentdel jordbruksbedrifter med eitt eller fleire husdyrslag har minka frå 86 prosent i 1969 til 72 i 2024.

Talet på Ammekyr er kyr som hovudsakeleg blir halde for produksjon av kalv for kjøtproduksjon. går stadig oppover, medan talet på mjølkekyr minkar. Talet på ammekyr har tredobla seg frå 1999 til 2024 , frå 37 000 til 109 700. Talet på mjølkekyr har minka med 34 prosent, frå 312 900 til 207 600. Andre storfe omfattar kalvar, kviger som ikkje har hatt kalv og oksar. har gått ned frå 683 300 til 535 500. 

Jamvel om talet på mjølkekyr har minka, har den samla mjølkeproduksjonen vore nokså stabil sidan førsten på 2000-talet. Årsaka er auken i mjølkeyting per ku. I perioden 1999–2024 har kg mjølk per Årsku er kyr med 365 fôrdagar etter første kalving. auka frå 6 100 kg til 8 230 kg.

Flest ammekyr var det i fylka Innlandet, Rogaland og Trøndelag i 2024, med til saman 56 prosent av landstalet. Det har vore ein auke i talet på ammekyr over heile landet sidan 1999. Det var 6 000 jordbruksbedrifter med ammeku i 2024, ein auke på 7 prosent frå 1999. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for ammeku har auka frå 7 til 19.

Flest mjølkekyr var det i fylka Trøndelag, Rogaland og Innlandet i 2024, med til saman 59 prosent av landstalet. Det har over lengre tid vore flest mjølkekyr i desse områda. Sjølv om det er registrert ein nedgang i talet på mjølkekyr over heile landet sidan 1999, har den største prosentvise nedgangen vore på Vestlandet. Jordbruksbedrifter med mjølkeku har gått ned frå 22 700 til 6 200, eller 73 prosent, frå 1999 til 2024. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for mjølkeku har i same perioden auka frå 14 til 33.

Figur 7. Talet på husdyr etter husdyrslag. 1999-2024¹

¹ Førebelse tal for 2024

Talet på sauer over 1 år var 877 100 i 2024, dette er 8 prosent færre enn i 1999. Talet på jordbruksbedrifter med vaksne sauer gjekk ned med 43 prosent i denne perioden. I 2024 var det 12 900 jordbruksbedrifter med vaksne sau. Det er flest sauer og flest jordbruksbedrifter med sau på Vestlandet.

I perioden 1999-2024 minka talet på Alssvin omfattar alspurker, alsrånar, ungpurker og ungrånar frå 100 400 til 64 700. Talet på jordbruksbedrifter med alssvin minka frå 3 700 til knapt 800, og gjennomsnittleg buskapsstorleik har dermed auka frå 27 til 81 alssvin. Jamvel om tal alssvin har minka monaleg, har produksjonen av svinekjøt auka med 20 prosent frå 1999 til 2024.

Det var 250 jordbruksbedrifter som hadde mjølkegeit i 2024, og dette er 500 færre enn i 1999.  Talet på mjølkegeit har i same perioden gått ned frå 51 700 til 32 400.

Talet på verpehøner har auka frå 3,2 til 4,6 millionar frå 1999 til 2024, medan talet på jordbruksbedrifter med verpehøner har gått ned frå 4 100 til 1 400.

Figur 8. Jordbruksbedrifter med husdyr. 1999, 2010, 2020 og 2024¹

¹ Førebelse tal for 2024

Hestehald på jordbruksbedrifter har blitt sterkt redusert. I 2024 blei det registrert 27 000 hestar på jordbruksbedriftene. Ein stor del av det totale hestehaldet i Noreg er i dag utanom jordbruksbedriftene, slik som på travbaner, ridesenter og hobbybruk, og desse hestane inngår ikkje i jordbruksstatistikken.

Ved samanlikning av jordbruksarealet i drift over tid bør ein kjenne til endringar i datagrunnlaget.

Før 1984 var statistikken basert på fullstendige teljingar kvart tiande år og utvalsundersøkingar i dei øvrige åra. Frå og med 1984 har data frå søknader om produksjonstilskot i jordbruket vore hovudkjelde for statistikken. Regelverket for tilskot verker inn på korleis søkarane tilpassar drifta. I løpet av 1990-tallet auka tilskota til jordbruksareal. Vidare blei det mogleg å søke tilskot for ugjødsla inngjerda beiteareal (innmarksbeite). Det kom også krav om spreieareal for husdyrgjødsel og tilgang til beite eller luftegard for storfe.

I perioden 2005 til 2013 blei nytt digitalt kartgrunnlag tatt i bruk ved søknad om produksjonstilskot. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at innføringa av nytt kartverk innebar ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent. Ein veit ikkje om nedgangen skyldast meir nøyaktige målingar eller om tidlegare nedgang ikkje har blitt fanga opp før det nye kartverket blei tatt i bruk. Nedgang i jordbruksareal utanom nytt kartverk var om lag 1,4 prosent i same perioden. Det er lagt til rette for at kommunane fortløpande kan gjere oppdateringar av areala i kartgrunnlaget.