Økologisk jordbruk inneber ei allsidig drift med mest mogleg variert vekstskifte og resirkulering av organisk materiale. Det er strenge restriksjonar for bruk av plantevernmiddel og mineralgjødsel. Vidare må husdyrhaldet til passast arealgrunnlaget, og gardbrukaren må ta omsyn til dei naturlege behova husdyra har. Jordbruksbedrifter med økologisk drift blir kvart år godkjente og kontrollerte av medlemsorganisasjonen Debio.
Under 5 prosent av jordbruksarealet er økologisk
I 2024 utgjorde Økologisk jordbruksareal: Jordbruksareal som er ferdig lagt om til økologisk drift etter krava i økologiforskrifta.l i drift 421 400 dekar. Dette omfatta 4,3 prosent av det totale Jordbruksareal i drift: Jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i løpet av eit år, medrekna tilplanta eller tilsådd areal med fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Open åker kor det ikkje blir tatt avling i løpet av året, men som er tenkt hausta neste år reknast med.. Dersom ein også tar med 34 100 dekar som er under omlegging til økologisk produksjon, Karensareal: Jordbruksareal under omlegging, men ennå ikkje godkjent som økologisk drive jordbruksareal. i drift, utgjer arealet 4,6 prosent. Denne prosentdelen er ein liten nedgang frå året før.
1999 | 2009 | 2022 | 2023 | 2024 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt jordbruksareal i drift, dekar | 10 382 500 | 10 142 900 | 9 846 500 | 9 843 800 | 9 839 900 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Økologisk areal i drift, dekar | 149 500 | 439 900 | 414 600 | 409 200 | 421 400 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Karensareal i drift, dekar | 38 200 | 127 500 | 43 000 | 49 500 | 34 100 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum økologisk areal og karensareal i drift, dekar | 187 700 | 567 300 | 457 700 | 458 700 | 455 400 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Prosent økologisk areal i drift av totalt jordbruksareal i drift | 1,4 | 4,3 | 4,2 | 4,2 | 4,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Prosent økologisk og karensareal i drift av totalt jordbruksareal i drift | 1,8 | 5,6 | 4,6 | 4,7 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1Medrekna økologisk areal ute av drift for åra før 2012. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2Førebelse tal for 2024. |
Sjå fleire tal om økologisk jordbruksareal
Sidan toppåret 2011 har det godkjente økologiske jordbruksarealet gått ned med 82 600 dekar, eller 16 prosent. Frå 2023 til 2024 har arealet gått opp frå 409 200 til 421 400 dekar. I 2024 var det mest økologisk jordbruksareal i Trøndelag med 92 600 dekar. Økologisk areal utgjorde 5,7 prosent av alt jordbruksareal i drift i Trøndelag og fylket hadde 22 prosent av alt økologisk areal i landet. Vestfold fylke hadde høgast del økologisk areal med 7,7 prosent. I Rogaland, som elles er eit viktig jordbruksfylke, blei berre 0,8 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.
Fulldyrka eng utgjorde størsteparten av det økologiske arealet, med 57 prosent. Innmarksbeite utgjorde 17 prosent, medan korn stod for 16 prosent.
Sjå fleire tal om økologiske jordbruksvekstar
Karensarealet auka fram til 2009, til 127 500 dekar. Deretter gjekk karensarealet ned til 29 400 dekar i 2016. I 2024 var karensarealet 34 100 dekar, noko som er 15 400 dekar mindre enn i 2023. Arealet var 49 500 dekar i 2023, 6 500 dekar meir enn i 2022. Arealet er til vanleg i karens 2 eller 3 år før det blir godkjent som økologisk areal. Auke i karensareal kan gi vekst i det økologiske arealet dei komande åra.
Talet på jordbruks- bedrifter med økologisk drift | Økologisk areal i drift, dekar | Karensareal i drift, dekar | Prosent økologisk areal og karensareal i drift av totalt jord- bruksareal i drift | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Heile landet | 1 872 | 421 351 | 34 064 | 4,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Østfold | 157 | 54 523 | 3 074 | 8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo og Akershus | 138 | 35 580 | 2 931 | 4,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Buskerud | 131 | 30 557 | 3 593 | 7,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innlandet | 292 | 68 098 | 5 288 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestfold | 108 | 30 885 | 1 810 | 8,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Telemark | 90 | 15 375 | 1 653 | 7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agder | 94 | 13 596 | 1 399 | 4,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rogaland | 60 | 7 656 | 1 002 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestland | 258 | 23 959 | 1 459 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møre og Romsdal | 104 | 16 300 | 1 561 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trøndelag - Trööndelage | 317 | 92 633 | 7 685 | 6,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nordland | 79 | 21 509 | 1 875 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Troms - Romsa | 35 | 8 478 | 706 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finnmark - Finnmárku | 9 | 2 202 | 28 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1Førebelse tal for 2024. |
Færre økologiske jordbruksbedrifter
Sidan 2009 er det blitt nesten 1 000 færre økologiske jordbruksbedrifter. Frå 2023 til 2024 var det registrert ein nedgang på 22 bedrifter. Kvart år er det nye bedrifter som legg om til økologisk drift, men samstundes er det nokre som går tilbake til konvensjonelt jordbruk eller legg ned drifta.
I 2024 var det 1 872 jordbruksbedrifter med økologisk produksjon. Desse bedriftene utgjorde 5,1 prosent av totalt 36 800 jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er om lag den same prosentdelen som dei siste seks åra, men eitt knapt prosentpoeng mindre enn i toppåra 2009-2011.
Gjennomsnittleg økologisk jordbruksareal i drift og karensareal for dei økologiske jordbruksbedriftene var 243 dekar, medan gjennomsnittet for alle jordbruksbedriftene var 267 dekar i 2024.
Sjå fleire tal om økologiske jordbruksbedrifter
Fleire økologiske svin
Det har vore ein auke i talet på økologiske svin dei seinare åra. I 2024 var det 4 300 økologiske svin og av desse var det 3 400 slaktesvin. I 2024 blei det registrert 294 000 økologiske verpehøner.
Det var 27 700 økologiske storfe i 2024, og av desse var 6 800 mjølkekyr og 4 700 ammekyr. Om lag 35 prosent av dei økologiske mjølkekyrne og 25 prosent av dei økologiske ammekyrne i landet var i Trøndelag. I heile landet var det 43 800 økologiske sauer og 2 400 økologiske geiter.
Sjå fleire tal for økologiske husdyr
Frå 2023 til 2024 blei det registrert ein nedgang i den økologiske prosentdelen for sau, geit og mjølkeku, medan det var auke eller uendra prosentdel for dei andre husdyrslaga.
Auke i økologisk mjølkeproduksjon og eggproduksjon
Fram til 2013 var det ein sterk vekst i produksjonen av økologisk kumjølk, men deretter var det ein svak nedgang til 2023. I 2024 auka produksjonen med 1,8 millionar liter til 43,6 millionar liter økologisk kumjølk, ei auke på 4,4 prosent frå året før. I perioden 2013–2024 har delen økologisk mjølkeproduksjon av den totale mjølkeproduksjonen gått ned frå 3,6 til 3,0 prosent.
I løpet av dei ti siste åra har produksjonen av økologiske egg dobla seg. Det blei produsert 4 700 tonn økologiske egg i 2024, og dette utgjorde 7,5 prosent av den totale eggproduksjonen levert til eggpakkerier.
Produksjonen av økologisk kjøt av storfe, sau/lam, svin og fjørfe var i sum 3 100 tonn og utgjorde under 1 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2024. Produksjonen av økologisk storfekjøt utgjorde 1 523 tonn, sauekjøt 540 tonn, svinekjøt 397 tonn og fjørfekjøt 642 tonn.
Det blir produsert mindre norsk økologisk matkorn enn det er behov for, og ein stor del blir importert. Sjølv om mesteparten av det økologiske kornet er av fôrkvalitet, er det òg mangel på norsk økologisk korn til kraftfôr. I 2024 – 2025 reknar ein med at produksjonen av økologisk korn blir om lag 12 500 tonn økologisk korn.
Den norske produksjonen av økologiske poteter, grønsaker, frukt og bær er liten, og importen utgjer ein stor del av marknaden. Det blei dyrka økologiske poteter på 800 dekar og det utgjorde berre 0,7 prosent av potetarealet i 2024. Det økologiske arealet av grønsaker og urter var 4 400 dekar og utgjorde 5 prosent av det totale grønsaksarealet. Det økologiske arealet av frukt og bær var respektive 2 300 og 1 200 dekar, noko som utgjorde 10 og 9 prosent av det totale arealet for kvar av vekstane.
Sverige har mest økologisk areal i Norden
Sidan 2005 har Sverige ligge på den nordiske toppen med størst del økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift. Toppåret var 2019 med eit økologisk areal på 20,4 prosent av totalt areal i drift. Sidan då har det vore ein nedgang og i 2023 stod det økologiske arealet for 18,4 prosent av totalt areal i drift.
Finland hadde ein nedgangsperiode frå 2002 til 2006, men har deretter auka jamt til 15 prosent i 2022. Det økologisk drive arealet gjekk så ned til 13,5 prosent i 2023. I Danmark har økologisk areal og karensareal gått opp og ned, men etter 2015 har det stort sett auka, og arealet utgjorde 11,4 prosent i 2023. I Noreg utgjorde arealet 4,7 prosent i 2023, noko som er 1 prosentpoeng mindre enn i toppåret 2010.
Island har lite økologisk jordbruksareal samanlikna med dei andre nordiske landa. Eurostat har oppgitt at 0,3 prosent av jordbruksarealet på Island var økologisk eller i karens i 2020.