Kulturlandskapet er gjennom fleire tusen år forma av bruken og ressursutnyttinga til menneska. Her inngår bruken av åker og slåttemark, beitemarker og lyngheier. Heilskapen av gardstun, innmark og utmark har store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Seterbruket har vært svært omfattande og har skapt særeigne kulturlandskap. Kulturlandskapet er i stadig endring og er prega av element frå både historisk og moderne bruk. Ein viktig del av kulturarven er gamle hus, og landbruket forvaltar mange av dei gamle bygningane.
Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å drive lønsam og trygg produksjon av mat og sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane. Jordbrukets kulturlandskap gir moglegheit til å satse på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetting og turisme. Kulturlandskap som slåttemark, beitemark og kystlynghei er blant dei mest truga naturtypane i Noreg. Attgroing og nedbygging er ein trussel mot naturmangfaldet, særleg i artsrike kulturmarker. Endringane har si årsak i endringar i samfunnet, marknaden for jordbruksprodukt, produksjonsmåten og bruksstrukturen i jordbruket. Endringane i kulturlandskapet er mellom anna knytt til:
- Tap av natur
- Attgroing
- Forfall av bygningar i gards- og setermiljø
- Press frå by- og tettstadsvekst
- Rasjonalisering og intensivering i næringa
- Endring i klima
Aktiv jordbruksdrift er viktig for å ta vare på kulturlandskapet. Rydding, slått og beiting held kulturlandskapet og artsrike naturtypar i hevd. Det finst fleire ordningar i jordbruket for å få tilskot til å ta vare på kulturlandskapet.
Verkemiddel i Nasjonalt miljøprogram
For å ivareta jordbrukets sektoransvar for miljø finst både juridiske og økonomiske verkemiddel. I tillegg blir det arbeidd kontinuerleg med å utvikle og ta i bruk kunnskap om miljøvennleg drift.
Vilkår for dei økonomiske verkemidla er tilpassa ut frå føremål og miljøkvalitetar/miljøomsyn som skal ivaretakast. Areal- og kulturlandskapstilskot har eit breitt føremålsområde og (generelle) nasjonale kriterium som skal bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Meir målretta verkemiddel blir brukt der det er behov for særleg innsats for å ivareta miljøomsyn, utover det som er forventa ved ordinær jordbruksdrift, og utforming av verkemidla må byggje på kunnskap om skilnad i driftsforhold, miljøutfordringar og prioriteringar. Regionale tilskot er (i hovudsak) årlege miljøtiltak i drifta med årlege tildelingar. Kommunevise tilskot er i hovudsak eingongsstønad til investeringar og istandsetting.
Beitetilskot og areal- og kulturlandskapstilskot
Gjennom produksjonstilskotsordninga vert det gitt beitetilskot for å stimulere til pleie av kulturlandskapet og å oppnå god utnytting av utmarksressursane. Det vert gitt tilskot for dyr som beiter i utmark, og for dyr som beiter berre på innmark eller både på innmark og i utmark. Vidare vert det òg gitt tilskot for dyr av verneverdige husdyrrasar. Areal- og kulturlandskapstilskotet skal bidra til å skjøtte, halde ved like og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv jordbruksdrift. For å vidareutvikle økologisk produksjon blir gitt det ekstra areal- og husdyrtilskot til produsentar som har lagt om eller er under omlegging til økologisk drift.
Tiltak i Regionale miljøprogram (RMP) retta mot kulturlandskapet
Gjennom eit regionalt og lokalt tilpassa regelverk kan det givast tilskot der formålet er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Det einskilde fylke kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i deira område.
Tiltak innanfor området kulturlandskap skal bidra til å ivareta det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein kan oppnå gjennom nasjonale ordningar. I 2024 blei det gitt til saman 208 millionar kroner i tilskot til ulike kulturlandskapstiltak i jordbruket. Drift av bratt areal og drift av beitelag skal vere med på å oppretthalde tradisjonell drift, medan beiting og slått av verdifulle jordbrukslandskap skal bidra til å ivareta meir spesielle kulturlandskapsverdiar. Særeigne landskapselement som åkerholmar og gardsdammar er viktige å ta vare på, òg av omsyn til biologisk mangfald.
Avrenning til vassdrag
Tiltak retta mot avrenning til vassdrag er eit prioritert område i RMP. Det blei gitt i alt 393 millionar kroner i tilskot til avrenningstiltak på totalt 2,1 millionar dekar jordbruksareal og til i alt 2 327 kilometer med vegetasjonssoner, ugjødsla randsoner og grasdekte vassvegar i åker, og til 769 kilometer i eng.
I RMP vil tiltaka variere mellom fylka. Det betyr til dømes at kornareal i fylke utan tilskot til avrenningstiltak, ikkje kan bli klassifisert etter metodar for jordarbeiding. Alle viktige kornfylke har slike tilskot.
Generelt vil areal med vegetasjonsdekke eller areal som ikkje er haustpløgd, vere mindre utsett for erosjon og næringssaltavrenning enn areal som er jordarbeidd. Eit viktig tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket, er å erstatte haustpløying av kornareal med jordarbeiding om våren på dei mest erosjonsutsette areala. Storleiken på areal som ligg i stubb over vinteren vil mellom anna variere med om det er mogleg med haustsåing av korn. Mykje nedbør om hausten vil føre til sein innhausting slik at det blir for seint å så haustkorn.
Areal med korn og oljevekstar til modning utgjorde om lag 2,82 millionar dekar eller 29 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2024. Kornareal i stubb med RMP-tilskot utgjorde 68 prosent, eller 1,89 millionar dekar, av kornarealet våren 2024. Tal frå tidlegare år viser at kornarealet i stubb varierer frå år til år, og var nede i 34 prosent i 2018.
Det er eigne RMP-tilskot til direktesåing av haustkorn, og kornareal som blir tilsådd om hausten varierer mykje frå år til år, avhengig av vêrtilhøva om hausten.
For å motverke erosjon og avrenning av næringsstoff frå jordbruksareal med open åker, blei det frå hausten 1991 gitt særskilt økonomisk støtte til jordbruksbedrifter med open åker tilsådd med fangvekstar og til areal med grasdekte vassvegar. Seinare er det også gitt også gitt tilskot til grasdekte kantsoner i åker, kantsoner i eng og grasstriper i åker.
For 2024 blei det gitt tilskot til om lag 400 kilometer grasdekte vassvegar i åker, 33 kilometer med grasstriper i åker og 2 700 kilometer med grasdekte kantsoner i åker og eng. Samla tilskot for desse ordningane var 72,1 millionar kroner.
Tiltak for auka biologisk mangfald i kulturlandskapet
Tiltaka innan biologisk mangfald i RMP skal bidra til å ivareta utvalde og truga naturtypar, samt andre verdifulle areal i jordbruket. Dei skal også legge til rette for beiting og hekking av fugl på jordbruksareal. Tiltaka er knytte til skjøtsel av kulturmark, areal med særskilt naturkvalitet, artsmangfald og areal avsett til fuglebiotopar.
Innanfor temaet Biologisk mangfald blei det i 2024 gitt 112,2 millionar kroner i samla tilskot, og det utgjer 10 prosent av totalt RMP-tilskot. Innan Biologisk mangfald gjekk 30 prosent til kvar av tiltaka skjøtsel av biologisk verdifulle areal og truga naturtypar og skjøtsel og beite av kystlynghei. 22 prosent av midla gjekk til å etablere soner for pollinerande insekt i kulturlandskapet.
Kulturminne og kulturmiljø
Kulturminne er spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø. Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som ein del av ein større heilskap eller samanheng, som eit gardstun eller ei setergrend. Innan områda kulturminne og kulturmiljø skal tiltaka gjennom RMP bidra til å gjere spor i landskapet etter tidlegare jordbruksdrift synlege, slik som gravminne og rydningsrøyser, samt å oppretthalde tradisjonelle driftsformer som seterdrift. Det blei gitt til saman 117 millionar kroner i tilskot til ulike tiltak innan kulturmiljø og kulturminne i 2024.
Kulturminne i samband med jordbrukslandskapet kan vere:
- Bygningar på gardstun og i inn- og utmark
- Buplassar, hustufter og ruinar
- Gravhaugar og gravrøyser, helleristningar, offerstader
- Rydningsrøyser, veiter, vatningsanlegg, bakkemurar, tre- og steingjerde
- Gamle vegar, stiar, klopper, vad
Eksempel på kulturmiljø i jordbrukslandskapet er:
- Gardstun
- Seteranlegg
- Ei samling gravhaugar
- Naustmiljø
Tiltak innan friluftsliv og tilgjenge skal vere med på å ivareta tilgangen til jordbrukets kulturlandskap ved å halde stiar på jordbruksareal opne. I 2024 blei det gitt 7,8 millionar kroner i tilskot til vedlikehald av 769 kilometer turstiar i jordbrukslandskapet.
Tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) retta mot kulturlandskapet
Formålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), er å ta vare på natur- og kulturminna i kulturlandskapet og å redusera forureininga frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. SMIL-ordninga forvaltast av kommunane. Ordninga skal gi ein målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsettingar.
I 2024 omfatta SMIL-ordninga totalt 239,3 millionar kroner, delt på 120,6 millionar kroner til tiltak i kulturlandskapet og 118,7 millionar kroner til tiltak mot forureining.
Tiltaka i kulturlandskapet omfattar fire hovudtema:
- Kulturlandskap og landskapsskjøtsel
- Verdifulle jordbrukslandskap på innmark
- Verdifulle jordbrukslandskap i utmark
- Biologisk mangfald
- Utvalde naturtypar
- Slåttemark/slåttemyr
- Kystlynghei
- Biologisk verdifulle areal
- Utvalde naturtypar
- Kulturminne og kulturmiljø
- Verneverdige bygningar
- Steingjerde
- Skigardar mv.
- Friluftsliv
- Etablering og istandsetting av turstiar
Innanfor hovudformål kulturlandskap blei det gitt mest tilskot til kulturminne og kulturmiljø med 59 millionar kroner, følgd av kulturlandskap og landskapsskjøtsel med 46 millionar kroner.
For å redusere risiko for erosjon og avrenning av næringsstoff, blir det òg gitt SMIL-tilskot til utbetring av hydrotekniske anlegg. I 2024 blei det løyvd i alt 87,6 millionar kroner til 846 anlegg.
Tilskot til etablering av fangdammar og våtmarker er ein del av SMIL-ordningane. Frå ordninga starta i 1994 har det vore ein gradvis auke i talet på nye fangdammar. I 2023 blei det gitt 3,8 millionar kroner i stønad til fangdammar og våtmarker, medan det i 2024 blei gitt tilskot på 4,4 millionar kroner til denne tiltaksgruppa. I perioden 1994–2024 er det til saman løyvd tilskot til 1 462 nye fangdammar og våtmarker.
Under tiltak mot forureining, er det frå og med 2019 innført tiltak i SMIL mot utslepp til luft. Mellom anna kan det gis tiltak til dekke over utvendig gjødsellager. I 2024 ble det løyvd 3,6 millionar kroner til ulike tiltak mot utslepp til luft.
Utvalde kulturlandskap i jordbruket
Utvalde kulturlandskap er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Landskapa er valde ut fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen i fleire generasjonar, Ved utgangen av 2024 var det i alt 51 område.
Utvalde kulturlandskap er ei felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Ansvaret for forvaltning av tilskot blei overført til kommunane i 2020, og kommunen skal lage forvaltningsplan der dei beskriv verdiane og utfordringar i området og prioriterer tiltak i sin kommune. I 2024 kom det 993 søknadar, og det blei gitt tilsegn om 41,7 millionar kroner i tilskot. Formålet med satsinga er å sikre langsiktig forvaltning av utvalde landskapsområde med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, forma av langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk.
Jordbrukets verdsarvsatsing
Åtte norske verdsarvområde står på UNESCOs verdsarvliste. Verdsarven er den kultur- og naturarven som har ein unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. I tre av dei norske områda på lista spelar jordbruket ei vesentleg rolle. Dette er Vegaøyan på Helgelandskysten, Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden og Røros bergstad og Circumferensen. Områda har monalege verdiar knytt til jordbrukets kulturlandskap, og der verdien i stor grad vil bli svekka dersom det aktive jordbruket blir redusert eller blir borte.
Det blir årleg sett av midlar over Jordbruksavtalen til ei eiga satsing for å styrkja landbruket i dei tre verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap, Vegaøyan og Røros bergstad og Circumferensen, områda rundt bergstaden. For å styrke landbruket er det ei eiga tilskotsordning for desse tre områda. Formålet med tilskotet er å sikre langsiktig skjøtsel og drift av områda. I tillegg yter også Miljøforvaltninga midlar til verdsarvområda.
Ordninga med søknader om produksjonstilskot i jordbruket 1. mars og 1. oktober blir administrert av Landbruksdirektoratet. Materialet inneheld opplysningar om areal og husdyrhald hos søkjarane. Data frå søknadene kan publiserast på alle regionale nivå under føresetnad av at informasjon om enkeltbruk ikkje blir offentleggjord.
Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt miljøprogram eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jordarbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.
SMIL er ei kommunal miljøordning, og er delt inn i ein kulturlandskapsdel og ein forureiningsdel. Sakshandsaminga skal byggje på kommunale tiltaksstrategiar der det òg er teke omsyn til prioriteringane som ligg i regionale miljøprogram for fylket. Søkjarar av SMIL-midlar må fylle krava som gjeld for produksjonstilskot i jordbruket.
Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ein tverrfagleg satsing frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Formålet med satsinga er å sikre ein langsiktig forvaltning av eit utval av jordbrukslandskap med særs store biologiske og kulturhistoriske verdiar. Kvart område har sitt særeigne landskap. Lokalbefolkninga tar vare på naturmangfald, kulturhistorie og jordbruksdrift gjennom tradisjonelle bruksmåtar og vår tids bygdeliv.
Verdensarven er den kultur- og naturarven som blir rekna som å ha unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. Verdsavlista vart etablert i 1972 av UNESCO; FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCOs liste over kultur- og naturarven i verda (the World Heritage List) er ei liste over kultur- og naturarv av framståande universell verdi. Lista inneheld om lag 1 000 stader, både kulturstader og naturområde, i over 167 land. I Noreg har me åtte verdsarvstader: