Kommunehelsetenesta

Oppdatert: 15. juni 2022

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Brukt per barn og unge 0-20 år til helsestasjons- og skulehelsetenesta
Brukt per barn og unge 0-20 år til helsestasjons- og skulehelsetenesta
2021
4 141
kroner
Kommunehelsetenesta, nøkkeltal
Kommunehelsetenesta, nøkkeltal
202120212020 - 20212017 - 2021
Absolutte talPer 10 000 innbyggjararProsentvis endring1 Prosentvis endring1
Legeårsverk i kommunehelsetenesta6 408,311,83,510,1
Fysioterapeutårsverk i kommunehelsetenesta5 184,79,60,44,4
Absolutte tal (1000 kr)Per innbyggarProsentvis endring1 Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter kommunehelsetenesta totalt32 568 8586 00337,882,7
Brutto driftsutgifter. Førebyggjande arbeid, helse, konsern7 464 3291 376187,8413,9
Brutto driftsutgifter. Diagnose, behandling, re-/habilitering konsern19 726 9243 63620,857,6
Absolutte tal (1000 kr)Per innbyggar 0-20 årProsentvis endring1 Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter (Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste. Konsern)5 377 6054 14114,039,4
Absolutte talPer 10 000 innbyggjarar 0-20 årProsentvis endring1 Prosentvis endring1
Årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta2 6 659,151,310,228,6
1Prosentvis endring er berekna frå absolutte tal.
2F.o.m. mars 2021 har SSB teke i bruk ein ny metode som gir betre informasjon om arbeidstid for årgangane 2015-2020. Metoden påverkar berekning av årsverk henta frå register. Les meir om den nye metoden her: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/ny-metode-gir-bedre-informasjon-om-arbeidstid.
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

Om statistikken

Statistikken gir ei oversikt over kommunehelsetenesta. Statistikken omfattar opplysningar om fastlegar, fysioterapeutar, helsestasjons- og skulehelsetenesta, frisklivssentralar og anna førebyggjande helsearbeid samt rekneskapstal.

Kommunehelsetenesta: Tenester som fastlege, fysioterapi, psykolog, svangerskap- og barselomsorg, helsestasjons- og skulehelseteneste og anna førebyggande helsearbeid. Omgrepet kommunehelsetenesta blir ofte brukt synonymt med primærhelsetenesta, og er den delen av helsetenesta som i første line har ansvar for og tilbyr tenestene der folk bur og arbeider, og som formidlar og koordinerer dei tenestene pasientar treng frå andre delar av helsetenesta.

Den kommunale helse- og omsorgstenesta: Dei tenestene som kommunane har ansvaret for etter Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. Den omfattar helsefremjande og førebyggjande helsearbeid, diagnose og behandling, habilitering/rehabilitering samt helse- og omsorgstenester i institusjon eller i heimen. I SSB utgjer statistikkane «Kommunehelsetenesta» og «Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester» til saman den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Tal for den kommunale omsorgstenesta finn du her: https://www.ssb.no/helse/helsetjenester/statistikk/sjukeheimar-heimetenester-og-andre-omsorgstenester.

Kommunehelsetenesta og den kommunale omsorgstenesta er tett knytt saman, og enkelte variablar som blir presenterte under kommunehelsetenesta, gjeld heile den kommunale helse- og omsorgstenesta. Til dømes gjeld dette statistikk for avtalte årsverk for ergoterapeutar og psykologar

KOSTRA – funksjonar: Funksjonane i KOSTRA tek sikte på å fange opp bestemte aktivitetar eller tenester i kommunen, uavhengig av korleis kommunen har organisert dette arbeidet. Følgjande funksjonar utgjer kontoplanen til KOSTRA for utgifter til den kommunale helse- og omsorgstenesta:

  • 241 Diagnose, behandling, re-/habilitering
  • 232 Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste
  • 233 Anna førebyggande helsearbeid
  • 234 Aktiviserings- og servicetenester til eldre og personar med funksjonsnedsetjingar mv
  • 253 Helse- og omsorgstenester i institusjon
  • 254 Helse- og omsorgstenester til heimebuande
  • 256 Tilbod om augeblikkeleg hjelp døgnopphald i kommunane

Funksjonane 234, 253 og 254 og 256 er inkluderte i rekneskapen til den kommunale omsorgstenesta. For årsverksstatistikk er også funksjon 120 Administrasjon inkludert, der årsverk til overordna administrasjon til helse- og omsorgstenesta er med.

Årsverk: Årsverk = stillingsprosent / 100, slik at til dømes ei 50 prosent stilling reknast som eit halvt årsverk. Det er berre avtalt arbeidstid som skal registrerast. Overtid skal ikkje reknast med. Det vil seie at det er avtalte timar, ikkje utførte timar som blir registrert. Registreringa skal gjelde timar for personellet ei representativ veke ved utgangen av året. Talet på timar per veke blir så rekna om til årsverk ved å dividere med eit normaltal per veke. I praksis inneber dette at ein dividerer med 36 timar for fysioterapeutar og 37,5 timar for legar. Årsverk for legar og fysioterapeutar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene blir rapportert i KOSTRA-skjema 1. For dei andre yrkesgruppene innan helse- og omsorg blir årsverk henta frå register. Dei tilsette blir registrerte etter utdanning per 31. desember året før telleåret.

Registerbasert sysselsetjingsstatistikk: Datagrunnlaget til den registerbaserte sysselsetjingsstatistikken er basert på opplysningar frå a-ordninga. A-ordninga er ei samordna rapportering av løns- og tilsetjingsopplysningar til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå, regulert av a-opplysningsloven. Les meir om dette under «Datakjelder» og «Datainnsamling». Statistikk over psykologar, ergoterapeutar og personell i helsestasjons- og skulehelsetenesta er henta frå SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Årsverkstala på kommunenivå tar ikkje høgde for eventuelle kjøp og sal over kommunegrenser. Det tar heller ikkje høgde for interkommunale samarbeid. Dersom fleire kommunar har interkommunale samarbeid om ulikt personell, vil årsverka berre vere registrert på vertskommunen.

Avtaleform: Med avtaleform meiner ein den forma for tilknyting den einskilde lege og fysioterapeut har avtalt med kommunen. Den einskilde yrkesutøvar kan ha driftsavtale med kommunen, vere tilsett med fast løn i kommunen eller vere tilsett som turnusfysioterapeut (for fysioterapeutar) eller lege i spesialisering 1 (LIS 1) (for legar). For legar finst det òg ein ytterlegare kategori i statistikken, legar utan avtale. Frå og med 2021-årgangen er det berre kommunalt finansierte timeverk for legar utan avtale som er talde med i statistikken. For tidlegare årgangar var også årsverk for heilprivate legar i kommunar inkludert. For 2020- årgangen blei ikkje tal for legar utan avtale innrapporterte.

Sjølvstendig næringsdrivande legar med fastlegeavtale: Sjølvstendig næringsdrivande legar som har avtale med ein kommune om å vere med i fastlegeordninga. Desse er i utgangspunktet sjølvstendig næringsdrivande, men inngår avtale med kommunen eller bydelen om å praktisere som fastlege, med ansvar for eit fastsett tal på innbyggjarar. I tillegg kan avtalane innebere at legane forpliktar seg til å delta i ordningar for legevakt og andre kommunale oppgåver som eldreomsorg og helsestasjon. Kor mykje den enkelte skal utføre av desse oppgåvene, samt opningstider for praksisane, blir definert i dei konkrete avtalane mellom den einskilde yrkesutøvar og kommunen/bydelen. Grunnlaget for inntekta til legar og fysioterapeutar med kommunal avtale er refusjonar frå folketrygda, pasientane sine eigenbetalingar og eit fast beløp (driftstilskot) frå kommunen som vederlag for avtalen. Ordninga byggjer på ein avtale mellom Kommunesektorens organisasjon (KS), Helse- og omsorgsdepartementet og legane sine organisasjonar.

Kommunalt tilsett lege: Lege som er tilsett som kommune(over)lege, lege med avtale om fast løn i ei fastlegestilling eller lege med ansvar for offentleg legearbeid som til dømes helsestasjons- og/eller skulehelseteneste, eventuelt ein kombinasjon av desse.

Lege i spesialisering (LIS1) / turnuslege: Lege som har påbyrja spesialistutdanninga si og er tilsett i ei utdanningsstilling i den kommunale helse- og omsorgstenesta i utdanninga sin første del.

Legar utan avtale: Heilprivate legar, utan fastlegeavtale eller tilsetting i kommunen. I denne statistikken er berre kommunalt finansierte timeverk som skal rapporterast for legar utan avtale. Timeverk av heilprivate legar som kommunane ikkje finansierer, skal ekskluderast frå rapporteringa til kommunane når dei oppgjer timeverk for desse legane i skjema. Til og med 2019-årgangen var heilprivate legar utan avtale, som ikkje blei finansierte av kommunane, inkluderte i årsverkstala.

Fastlege: Ein lege som inngår avtale med ein kommune om deltaking i fastlegeordninga, uavhengig av om legen er tilsett i kommunen eller er sjølvstendig næringsdrivande. Ifølgje forskrift om fastlegeordning i kommunane skal fastlegen dekkje alle allmennlegeoppgåver for dei personane vedkomande fastlege har på si liste. I statistikkbanktabellane som gjeld fastlegar (under overskrifta «fastlegar» på statistikksida) er eininga personar som har avtale med kommunar om å praktisera som fastlege, ikkje talet på avtalar som er inngått eller årsverk. Kvar fastlege er berre talt ein gong. I dei tilfella fastlegen har avtale med fleire kommunar, er den kommunen kor fastlegen har lengst pasientliste, valt som hovudpraksiskommune. Om fastlegen har like lang liste i fleire kommunar, er den kommunen kor avtalen strekkjer seg lengst fram i tid valt som hovudpraksiskommune. Kjelda til desse tala er data frå Fastlegeregisteret. Data frå Fastlegeregisteret inngår òg i datagrunnlaget for KOSTRA kommunehelse (Fastlegelister og fastlegekonsultasjonar). Her er det fastlegeavtalar som er statistisk eining.

Pasientlistestatus: Variabelen er berekna som forholdet mellom fastlegens listekapasitet (fastsett i avtale med praksiskommunen) og talet på innbyggjarar (pasientar) på lista. Ei liste blir rekna som open (ledige plassar) om listekapasiteten ligg meir enn 20 over det faktiske talet på innbyggjarar på lista, medan den blir rekna som lukka (ingen ledige plassar) om det er færre enn 20 ledige plassar på lista.

Fysioterapeutar med kommunal(t) driftsavtale/driftstilskot / avtalefysioterapeutar: Desse er i utgangspunktet sjølvstendig næringsdrivande, men inngår avtale med kommunen eller bydelen. Grunnlaget for inntekta til fysioterapeutar med kommunal driftsavtale er refusjonar frå folketrygda, pasientane sine eigenbetalingar og eit fast beløp (driftstilskot) frå kommunen som vederlag for avtalen. Ordninga byggjer på ein avtale mellom Kommunesektorens organisasjon (KS), Helse- og omsorgsdepartementet og fysioterapeutane sine organisasjonar. Kommunen definerer behovet for og vedtek dimensjonering av fysioterapitenesta i sin kommune, og kan ha ulike storleikar på avtaleheimlar på driftsavtalar. Det kan frå og med 2013 ikkje bli inngått driftsavtalar som er mindre enn 50 prosent av fullt tilskot. Under kommunehelsetenesta finn de også statistikk om fysioterapeutar med kommunal driftsavtale basert på KUHR-databasen (Kontroll og utbetaling av helserefusjonar).

Fastløna fysioterapeut: Fysioterapeut som er tilsett i ei kommunal stilling og er kommunal lønsmottakar. Dette kan dreie seg om stillingar både på heiltid og deltid. Arbeidsoppgåvene til fysioterapeutane er fastlagde gjennom kommunale instruksar.

Turnusfysioterapeut: Person som har fullført fysioterapiutdanning og er i praktisk turnusteneste, der 6 månader skal gjennomførast i kommunal helse- og omsorgsteneste og 6 månader skal gjennomførast i spesialisthelsetenesta. Denne forma for turnusteneste er framleis eit vilkår for å få autorisasjon som fysioterapeut.

Jordmor: Offentleg godkjend sjukepleiar med toårig spesialisering i svangerskapsomsorg, fødselshjelp og kvinnehelse. I denne statistikken finn de tal for avtalte årsverk for jordmødrer som jobbar innanfor helsestasjon- og skulehelsetenesta. Det er avtalte årsverk innanfor næring 86.903 helsestasjons- og skulehelsetenesta i Einingsregisteret for alle som er registrert med utdanninga jordmor i Utdanningsregisteret, som blir talde med. Årsverk kjem til syne i statistikken i den kommunen dei er tilsette i, sjølv om delar av årsverket er seld til å tene innbyggjarar i andre kommunar.

Ergoterapeut: Høgskuleutdanna helsepersonell som utøver ergoterapi. Sentralt i arbeidet til ergoterapeuten er målretta bruk av aktivitet som eit middel til å fremje meistring, meining og helse. I denne statistikken finn de tal på avtalte årsverk for ergoterapeutar. Det er då avtalte årsverk for alle som er registrerte med utdanninga ergoterapeut og som er sysselsette innan den kommunale helse– og omsorgstenesta (kommunehelsetenesta + kommunal omsorgsteneste) som blir talde med. Det inkluderer både kommunale og private årsverk. Kommunale årsverk kjem til syne i statistikken i den kommunen dei er tilsette i, sjølv om delar av årsverket er seld til å tene innbyggjarar i andre kommunar. Private årsverk kjem til syne i den kommunen verksemda er registrert i.

Psykolog i den kommunale helse- og omsorgstenesta: Person som har gjennomført profesjonsstudiet i psykologi og har offentleg godkjent autorisasjon. I denne statistikken finn de tal på avtalte årsverk for psykologar som er tilsette innanfor den kommunale helse- og omsorgstenesta (kommunehelsetenesta + kommunal omsorgsteneste). Årsverk kjem til syne i statistikken i den kommunen dei er tilsette i, sjølv om delar av årsverket er seld til å tena innbyggjarar i andre kommunar.

Aktivitet i helsestasjon- og skulehelsetenesta: Tilbodet ved helsestasjon- og skulehelsetenesta består av ei rekke ulike konsultasjonar/undersøkingar. I denne statistikken finn de tal for nyinnskrivne gravide, heimebesøk av jordmor innan tre døgn etter heimkomst frå føde/barselavdeling, heimebesøk av helsesjukepleiar til nyfødde, undersøkt ved 8. leveuke, undersøkt ved 2-års alder, undersøkt ved 4-års alder og undersøkt på grunnskule 1. trinn.

Frisklivssentral: Frisklivssentralen er ei helsefremjande og førebyggande kommunal helseteneste. Målgruppa er personar med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og som treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.

Talet på kommunar og fylke har endra seg over tid. Det er frå og med 2020 357 kommunar og 11 fylke. Dei sist oppdaterte kommune- og fylkesinndelingane er frå 2020:

Her finn du gjeldande og eldre kommuneinndelingar.

Her finn du gjeldande og eldre fylkesinndelingar.

Kommune-grupper: For betre å kunne samanlikne tal mellom kommunar, har SSB sidan 1990-talet utarbeidd grupperingar av kommunane baserte på folkemengd og økonomiske rammeverk. Som ei følgje av kommunereforma som tredde i kraft frå 1. januar 2020, er det gjort ein revisjon av kommunegrupperingane brukte i KOSTRA til publiseringa av tala for 2020.

Du kan lese meir om den nye og dei eldre KOSTRA-gruppene her.

Ei oversikt over inndelingane er tilgjengeleg i Excel-format her.

For statistikk over fastlegar etter innvandringskategori bruker ein klassifiseringa:

Standard for gruppering av personar etter innvandringsbakgrunn (f.o.m. 2008). Denne standarden har 6 kategoriar, men i statistikken bruker ein berre koden for innvandrarar (B), medan dei andre kategoriane (A, C, E, F, G) blir slått saman til "fastlegar elles". Fastlegar som ikkje er busette i Noreg, blir tekne med som "fastlegar som er innvandrarar".

Grupperinga av fastlegar som er innvandrarar etter fødeland, følgjer: Standard for land og statsborgarskap i personstatistikk 2012. I ein tabell er fødeland grupperte slik: 1) Norden (utanom Noreg) 2) EU/EØS-området (utanom Norden) 3) Europa utanfor EU/EØS-området 4) Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania utanom Australia og New Zealand 5) USA, Canada, Australia og New Zealand.

Kor sentrale dei ulike kommunane er rekna for å vere, er klassifisert etter: Standard for sentralitet. I siste versjon frå 2020 er det 6 kodar for sentralitet: frå 01 (høg) til 06 (låg). I føregåande standard gjeldande for 2008−-2019 var inndelinga: Sentrale kommunar, noko sentrale kommunar, mindre sentrale kommunar og minst sentrale kommunar.

Namn: Kommunehelsetenesta

Emne: Helse

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Lågaste geografiske nivå er bydelar i Oslo, men for resten av landet er det kommunar. Det blir òg publisert tal for KOSTRA-grupper, fylke og heile landet (med og utan Oslo).

Årleg publisering i KOSTRA 15. mars (uediterte tal) og 15. juni (editerte tal) året etter statistikkåret. I tillegg blir statistikksida oppdatert i forbindelse med 15. juni-publiseringa.

Det vert årleg levert tal til OECD.

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gi tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på til forskarar og til offentlege myndigheiter for utarbeiding av statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gitt etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data frå SSB.

Publikasjonar og andre lenkjer

På statistikksida til kommunehelsetenesta ligg det mellom anna nøkkeltal for heile den kommunale helse- og omsorgstenesta. Vidare ligg det tabellar og informasjon om nyheitsartiklar og rapportar med tema frå kommunehelsetenesta, i tillegg til lenkjer til andre relevante statistikkområde som allmennlegetenesta og spesialisthelsetenesta.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

For meir informasjon om KOSTRA, sjå KOSTRA sine nettsider

Eigne tabellar kan byggjast og API-uttrekk kan bli gjort frå Statistikkbanken. Her finst det ei eiga side for kommunehelsetenesta. Lenkja til tabellar for sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester er her.

Føremålet med statistikken er i hovudsak å gi ei samla oversikt over kommunehelsetenesta. Statistikken omfattar fastlege-/allmennlegetenesta, habiliterings- og rehabiliteringstenesta, frisklivssentralar, svangerskaps- og barselsomsorgstenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta, fysioterapeutar og psykologar mm. Kommunehelsetenesta er ein del av helse- og omsorgstenesta i kommunane, som òg omfattar sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester. Sjå meir om mottakarar av ulike omsorgstenester, talet på plassar og talet på bebuarar i kommunale institusjonar på: http://www.ssb.no/pleie/

Felles statistikk for dei to delane av kommunale helse- og omsorgstenester ligg på begge områda, slik som nøkkeltal, utgifter til tenesta og tal for personell innanfor tenestene.

Statistikk for den kommunale helse- og omsorgstenesta skal gi sentrale, regionale og kommunale styresmakter data til planleggings- og tilsynsføremål. Statistikken skal mellom anna gi kunnskap om personellsituasjonen og om kva som går føre seg i den lokale helse- og omsorgstenesta.

Frå og med 1. januar 2012 er det Lov om kommunale helse- og omsorgstenester mm. (helse- og omsorgstenesteloven, lov nr. 30 av 24.06.2011) som definerer dei kommunale helse- og omsorgstenestene og som dermed legg grunnen for den kommunale helse- og omsorgsstatistikken. Det kom ei endring i denne lova per 18.06.2021med nytt krav til samarbeidsavtalen mellom kommunar og helseføretak. Det er likevel Lov om helseregistre og behandling av helseopplysningar (lov av 20. juni 2014 nr. 43) § 16, i tillegg til statistikklova (av 21. juni 2019 nr. 32) § 10 som gir heimel for å samle inn og publisere statistikken, jamfør punkt om lovheimel.

Helse- og omsorgstenesteloven blei innført i samband med samhandlingsreforma i helsevesenet, og erstattar Lov om helsetjenesten i kommunene (lov nr. 66 av 19.11.1982) og Lov om sosiale tjenester m.v. (lov nr. 81 av 13.12.1991).

Med innføringa av samhandlingsreforma i helsesektoren frå og med 2012 har kommunane fått ansvar for å utvikle helsetenester som kjem før, i staden for og/eller etter opphald i sjukehus. Kommunane skulle mellom anna finansiere delar av spesialisthelsetenesta, ha økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar frå dag éin, i tillegg til å ha tilbod om heildøgns opphald i helsetenesta ved behov for akutt hjelp. Kravet om akutt-døgnplass gjaldt frå og med 1. januar 2016 for somatiske pasientar. Frå og med 2017 gjeld kravet òg pasientar med psykiske helse- og rusproblem.

Samhandlingsreforma legg òg vekt på kommunane sitt ansvar for førebygging av helseproblem. Dette er spesielt heimla i Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) kap. 2, som kom i fornya utgåve samstundes med helse- og omsorgstenesteloven i 2012. Vidare er ansvar for førebyggande helsearbeid heimla i helse- og omsorgstenesteloven § 3-2, første ledd nr 1 og 2: ”For å oppfylle ansvaret etter § 3-1 skal kommunen blant annet tilby følgjande:

1. Helsefremmende og forebyggende tjenester, herunder:

a. helsetjeneste i skoler og

b. helsestasjonstjeneste

2. Svangerskaps- og barselomsorgstjenester.”

Helse- og omsorgstenesta i kommunane omfattar elles følgjande oppgåver og tenester i følgje helse- og omsorgstenesteloven § 3-2:

3. Hjelp ved ulykker og andre akutte situasjoner, herunder:

a. legevakt,

b. heldøgns medisinsk akuttberedskap og

c. medisinsk nødmeldetjeneste

4. Utredning, diagnostisering og behandling, herunder fastlegeordning

5. Sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering

6. Andre helse- og omsorgstjenester, herunder:

a. helsetjenester i hjemmet,

b. personlig assistanse, herunder praktisk bistand og opplæring og støttekontakt,

c. plass i institusjon, herunder sykehjem og

d. avlastningstiltak.

Statistikken er viktig for dei sentrale styresmaktene, som har behov for ny informasjon, både for planlegging og for kontroll og evaluering av den lokale verksemda. Kommunane er òg ei interessegruppe for statistikken. Dei ønskjer å kunne samanlikne helse- og omsorgstenestene både på kommune- og fylkesnivå og på nasjonalt nivå – og over tid. I eit demokratisk samfunn blir også ulike interessegrupper, politikarar og den einskilde borgaren viktige mottakarar av informasjonen.

Sentrale brukarar er Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn, Folkehelseinstituttet, regionale og kommunale styresmakter, KS og andre interesseorganisasjonar, forskarar, media og allmennheita generelt.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no. etter varsling minst tre månader før i Statistikk-kalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Statistikken kan sjåast i samanheng med fleire andre KOSTRA-område, særleg statistikk for omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta .

For statistikk om befolkningas bruk av fastlege, sjå statistikk for fastlegetenesta.

For summariske data (KOSTRA-skjema): Oppgåvene blir henta inn av Statistisk sentralbyrå på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet i medhald av helseregisterloven (lov av 18. mai 2001 nr 24) § 10. Statistisk sentralbyrå nyttar samstundes opplysningane til utarbeiding av offisiell statistikk i medhald av statistikkloven (lov av 21. juni 2019 nr 32) § 10.

Den registerbaserte personellstatistikken er heimla i statistikkloven § 10 jf. lov om arbeidsgivars innrapportering av tilsetjings- og inntektsforhold m.m. (a-opplysningsloven) § 3.

Ikkje relevant.

Statistikken er i hovudsak basert på rapportering om kommunehelsetenestene i alle kommunar og i bydelane i Oslo.

Statistikk om kommunehelsetenesta baserer seg på følgjande datakjelder:

  • Årleg innsending av eitt elektronisk spørjeskjema (KOSTRA-skjema 1 Personell og verksemd i den kommunale helse- og omsorgstenesta) frå alle kommunar via KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering).
  • Årleg innsending av rekneskapsdata frå kommunane via KOSTRA.
  • SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk.
  • Fastlegeregisteret frå Helsedirektoratet er datakjelde for statistikk om fastlegar og variablar knytt til listelengde mv.
  • KUHR-databasen (Kontroll og utbetaling av helserefusjonar) er datakjelde for statistikk om fastlegekonsultasjonar og over fysioterapeutar med driftsavtale. Databasen er eigd av Helsedirektoratet.

Statistikken omfattar alle kommunar og bydelane i Oslo.

Datainnsamling

Statistikk om psykologar, ergoterapeutar og personell i helsestasjons- og skulehelsetenesta er henta frå SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk.

Frå og med 2015 blir data samla inn via ei felles rapporteringsløysing, kalla a-ordninga. A-ordninga er ein samordna digital innsamling av opplysningar om arbeidsforhold, inntekt og skattetrekk til Skatteetaten, NAV og SSB. Ordninga inneber at SSB får opplysningar om løn og tilsette direkte frå a-meldinga, som er den elektroniske meldinga som inneheld alle opplysningane som blir samla inn, i staden for fleire ulike kjelder som tidlegare. For meir informasjon, sjå her.

Opplysningane om kommunehelsetenesta blir samla inn ved at kommunane fyller ut data på elektronisk skjema. Eitt skjema er i bruk og heiter KOSTRA-skjema 1 Personell og verksemd i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Det omhandlar helsetenester som lege, fysioterapeut og helsestasjons- og skulehelsetenesta og andre førebyggande tenester.

Innsamling og publisering av statistikk frå kommunane er under stadig endring. Mykje av dataa blir samla inn gjennom KOSTRA-systemet (Kommune-Stat-Rapportering). KOSTRA starta som eit prosjekt i 1995. Føremålet har vore å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten, i tillegg å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. KOSTRA byggjer på elektronisk innrapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå, og på data frå ei rekke andre kjelder i og utanfor Statistisk sentralbyrå. Blant desse kan det spesielt nemnast rekneskapsdata, SSBs registerbaserte sysselsetjingsstatistikk og befolkningsdata. Rapporteringsåret 2001 var det første året der alle kommunar var med i KOSTRA.

Meir informasjon om KOSTRA-rapporteringa og detaljerte tal totalt og for kvar einskild kommune finn ein på https://www.ssb.no/kommunefakta/kostra og i Statistikkbanken.

Statistikk over personell i helse- og omsorgstenesta er frå og med 2003 for det meste henta frå SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Frå og med 2010 blir også årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta henta frå register. I statistikken for kommunehelsetenesta er avtala årsverk for legar og fysioterapeutar henta frå KOSTRA-skjema 1, der ein finn skjema under «Utskriftsversjoner av skjema og veiledninger for kommuner».

Editering

Enkelte sentrale variablar blir kontrollerte automatisk under utfyllinga av dei elektroniske KOSTRA-skjemaa. Førebelse tal blir publiserte 15. mars. Slik kan kommunane sjølve kontrollere eigne data og samanlikne seg med andre. Statistisk sentralbyrå kontrollerer og editerer deretter datamaterialet, ved å samanlikne med tal frå tidlegare år og vurdere dei relative tala som kjem fram for den einskilde kommunen. Dette kan til dømes vere talet på timeverk for legar og fysioterapeutar eller gjennomførte kontrollar/undersøkingar ved helsestasjon for bestemte aldersgrupper sett i forhold til talet på barn i dei respektive aldersgruppene i kommunen. I dei tilfella der kontrollen viser store avvik frå det eine året til det andre, eller relative storleikar som skil seg mykje frå samanliknbare kommunar, blir kommunen kontakta for ei nærare avklaring og mogleg oppretting. I tillegg til dei nemnde kontrollane kjem kontrollar for å få eit logisk samsvar mellom opplysningane i dei ulike postane i skjema.

Oversikt over fastlegar med unik personidentifikasjon blir kopla mot folkeregisteret og variablane innvandringskategori og fødeland blir lagt til. Fastlegar som ikkje er busette i Noreg, har ikkje unik personidentifikasjon. Dei manglar ein del opplysningar, som blir henta frå befolkningsstatistikken. Desse fastlegane er tekne med i statistikken saman med fastlegar som er innvandrarar, men utan opplysningar om fødeland.

Trass i eit omfattande arbeid med editering vil det likevel kunne førekome feil eller manglar ved tal som blir presenterte.

For informasjon om kontroll av sysselsetjingsstatistikk frå a-ordninga, sjå Om statistikken til registerbasert sysselsetjingsstatistikk.

Berekningar

Data blir publiserte på ulike nivå, som grunnlagsdata og indikatorar. Grunnlagsdata vil i stor grad vere talet på einingar summert for ein periode eller per ein bestemt teljedato og rapportert som absolutte tal, medan indikatorar er forholdstal (grunnlagsdata sett i forhold til kvarandre, til brukargrupper eller befolkningstal).

For indikatorane blir det i tillegg vist gjennomsnitt for kommunegrupper, fylket, fylkesregionen eller landet. Det er nytta vekta gjennomsnitt, det vil seie at kvar brukar/mottakar tel likt slik at store kommunar gir større utslag på snittet enn små kommunar for dei fleste indikatorane.

Estimering

Frå og med 2008-årgangen blir det laga sum for grunnlagsdata ved at tal for kommunar som ikkje har levert data, blir estimert. Gjennomsnitta blir berekna deretter av dei estimerte sumtala. For åra før 2008 haldt ein ev. kommunar/ fylkeskommunar med fråfall i data utanfor berekningane for teljar eller nemnar. For indikatorar i absolutte tal er aritmetisk gjennomsnitt (kvar kommune tel like mykje, uansett folketal) nytta. Det same gjeld for indikatorar som er baserte på ja/nei-spørsmål. Landsgjennomsnitt blir vist både med og utan Oslo. Dette kjem bl.a. av at Oslorekneskapen dekkjer både kommunale og fylkeskommunale funksjonar, slik at tala ikkje alltid kan samanliknast.

Ikkje relevant

For tal henta frå KOSTRA-skjema som gjeld personar, er tal for tre og under anonymisert/prikka for å beskytte enkeltindivid mot gjenkjenning. I tabellar med rad- og kolonnesummar blir også sekundærprikking nytta for å hindre at ein kan rekne seg fram til tala som blir anonymisert/prikka. Dette gjeld i all hovudsak for publiserte tal om helsekontrollar for utvalde aldersgrupper i helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Statistikken har vore endra fleire gonger, men ein kan gi samanhengande tidsseriar for alle sentrale variablar frå og med 1987 for kommunehelsetenesta.

Statistikk om fastlegar dekkjer åra frå og med 2002, det første heile året då ordninga omfatta heile landet.

Dei nye KOSTRA-tabellane inneheld tal frå og med 2015-årgangen.

Årgangar med statistikk tidlegare enn 2015 ligg tilgjengeleg under avslutta tidsseriar i statistikkbanken (https://www.ssb.no/statbank/list/helsetjko). Tidlegare årgangar enn 2015 for KOSTRA-statistikk finn ein i følgjande tabellar i avslutta tidsseriar – KOSTRA i Statistikkbanken:

Kommunetal:

07798: E1. Konsern - Kommunehelse - grunnlagsdata (K) (avslutta serie) 1999 - 2016

07793: E1. Konsern - Kommunehelse - nøkkeltall (K) (avslutta serie) 2000 - 2016

Tal for bydelar i Oslo:

04673: E. Kommunehelse, bydel - grunnlagsdata (B) (avslutta serie) 2004 - 2017

04930: E. Kommunehelse, bydel - nøkkeltall (B) (avslutta serie) 2004 - 2017

Registerbasert sysselsetjingsstatistikk er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønnstakarar kalla a-ordninga. Endring av datakjelde fører til endring i tidsserien frå og med 2015. Tal over årsverk basert på det nye datagrunnlaget kan ikkje samanliknast direkte med tal frå det gamle datagrunnlaget. Sjå òg Om statistikken til registerbasert sysselsetjingsstatistikk.

Måle- og handsamingsfeil

Kontrollane som er lagt inn i dei elektroniske skjemaa, i filuttrekk for rekneskapstal og i datamottaket i SSB, gir ei automatisk og rask tilbakemelding til den som rapporterer, og dei får med dette moglegheit til å rette opp i tal i samband med innrapporteringa.

Fråfallsfeil

KOSTRA-data er basert på fullteljing, dvs. at alle einingar i denne statistikken – kommunar og bydelar − skal rapportere kvart år.

Det kan vere ei utfordring, først og fremst i mars, at fleire kommunar ikkje rapporterer data i tide til at dei kjem med i publiseringa. Dersom fråfallet er stort ved marspubliseringa, kan det vere utfordrande å seie noko om verdien på nasjonalt nivå for enkelte variablar og indikatorar. For å bøte på dette fråfallet blir det estimert verdiar for dei kommunane som manglar data, slik at ein kan presentere estimerte verdiar på nasjonalt og regionale nivå.

Det blir nytta fleire metodar for å estimere nasjonale og regionale verdiar, avhengig av kva som passar for den enkelte statistikkvariabel. Enkelte metodar tek utgangspunkt i at det i kvar KOSTRA-gruppe er ein positiv samanheng mellom statistikkvariabelen og ein forklaringsvariabel, som til dømes folkemengd eller fjorårets verdi for kommunen. For kommunehelsetenesta blir folkemengd nytta som forklaringsvariabel for alle variablar som blir estimerte. På bakgrunn av dette kan ein gi eit anslag for verdien for heile landet og for dei ulike regionale nivåa.

Dei estimerte tala bør berre nyttast som eit anslag på kva den nasjonale verdien kunne ha vore om alle data hadde vore rapporterte, og ikkje som faktiske summar.

A-ordninga, frå og med 2015:

Det er manglar i rapportering av stillingsprosent, som blir nytta for å berekna avtalt/vanleg arbeidstid. Dette gjeld særleg for timeløna. SSB har derfor utvikla ein ny metode som gir betre informasjon om arbeidstid. Meir informasjon i artikkelen: Ny metode gir betre informasjon om arbeidstid.

Sjølvstendig næringsdrivande blir identifisert ved hjelp av informasjon frå Sjølvmeldingsregisteret. Dette registeret er først tilgjengeleg 11 månader etter årets utløp. SSB bruker derfor opplysningar frå året før referanseåret. Som følgje av denne tidsforskyvinga kan personar dermed feilaktig bli klassifiserte som sysselsette, viss dei avslutta verksemda det føregåande året.

Totaltalet på sysselsette blei før 2015 bestemt av Arbeidskraftundersøkelsen (AKU) samla og fordelt på lønstakarar og sjølvstendige. Frå og med 2015 er det berre talet på sjølvstendige som blir bestemt av AKU. For lønstakarar slepp ein derfor utvalsusikkerheita som følgde med AKU-tala. På den andre sida blir nivåtalet på lønstakarar litt for lågt. Frå og med 26. april 2018 vil derimot nivåtalet ikkje lenger vere det same. Dette skuldast at nye AKU-tal blei publiserte etter ny estimeringsmetode. Meir om dette her: Ny metode gir betre AKU-tal.

Avgrensingar ved publiserte årsverkstal frå registerbasert sysselsetjingsstatistikk

Årsverkstala henta frå den registerbaserte sysselsetjingsstatistikken på kommunenivå tek ikkje høgde for eventuelle kjøp og sal over kommunegrenser. Dei tar heller ikkje høgde for interkommunale samarbeid. Viss fleire kommunar har interkommunale samarbeid om ulikt personell, vil årsverka berre vere registrert på vertskommunen. Årsverkstala tek heller ikkje høgde for eventuelle kjøp frå private eller spesialisthelsetenesta.

Andre feil

Organiseringa av kommunehelsetenesta kan vere ulik kommunane i mellom. Dette gjer at skjema ikkje alltid passar like godt for alle. Manglande samsvar mellom registreringane og dei faktiske forholda skjemaet tek sikte på å registrere, kan difor førekome.

Timeverk av næringsdrivande legar med fastlegeavtale: Ifølgje rettleiinga skal tala omfatte timar per veke som er avtalte mellom legane og kommunen. Berekning av timar per veke for næringsdrivande fastlegar tek utgangspunkt i at ein full heimel blir rekna som 37,5 timar per veke. Det kan førekome at kommunar fører opp timane som legane faktisk har arbeidd, sjølv om dette talet overstig timane som ligg til grunn for avtalen.

Timar av kommunalt tilsette legar: Ifølgje rettleiinga skal overtid ikkje reknast med. Det kan førekome at enkelte kommunar likevel tek med overtid. Tala til desse blir editerte dersom SSB har blitt gjort merksam på at slikt arbeid er medrekna.

Ikkje relevant

Kontakt