290760
/helse/statistikker/pleie/aar
290760
statistikk
2017-06-26T08:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)Helsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
true

Omsorgstenester

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

32 %

delen innbyggjarar 80 år og over som brukte heimetenester i 2016

Pleie og omsorg
Prosentvis endring
20162015 - 20162012 - 2016
1Andre tenester til heimebuande: omsorgsløn og avlastning utanfor institusjon (frå KOSTRA-funksjon f254 heimetenester) og aktiviserings- og servicetenester (KOSTRA-funksjon 234).
2Heimetenester: Helseteneste i heimen (heimesjukepleie mm.), praktisk bistand (heimehjelp), omsorgsløn, avlastning utanfor institusjon (KOSTRA-funksjon 254).
3Langtids og tidsbegrensa plassar i sjukeheim og aldersheim. Ikkje inkludert omsorgsbustad og andre typar bustader
4Grunna overgang til ny datakjelde (A-ordninga erstatta Aa-registeret fom. 2015). blir ikkje endringstal for årsverk 5 år tilbake vist.
5Statens tilskot til kommunal medfinansiering av somatiske tenester funksjon 255 blei avslutta frå 2015.
OmsorgstenesterBrukarar
I alt278 0171,02,4
Berre praktisk bistand35 954-4,5-14,7
Berre helsteteneste i heimen87 1995,818,9
Både praktisk bistand og helsteteneste i heimen62 352-0,1-1,4
Tidsavgrensa opphald i institusjon9 5502,7-3,6
Langtidsopphald i institusjon33 094-1,4-2,7
Andre tenester til heimebuande149 8680,02,0
 
Delen innbyggjarar 80 år og over som brukar heimetenester232,5-1,8-5,3
 
Helse- og omsorgsinstitusjonar3Plassar
I alt40 472-0,6-3,0
Delen private plassar11,4-3,219,1
Delen plassar i brukartilpassa einerom m/ eige bad/WC82,20,96,1
Legetimar per veke per bebuar i sjukeheim0,553,827,9
 
Personell i omsorgstenestene4Årsverk
I alt137 9501,9..
Delen årsverk i brukarretta teneste m/ fagutdanning741,4..
Delen legemeld sjukefråvere av kommunale årsverk i brukarretta teneste i alt9,20,0..
 
Utgifter i omsorgstenestene51 000 kroner
Omsorgstenestene samla, i 1 000 kroner107 432 1045,619

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Helse- og omsorgsinsitusjonar, plassar og rom etter type og eigarforhold

Helse- og omsorgsinsitusjonar, plassar og rom etter type og eigarforhold
2013201420152016
Talet på institusjonar990979974968
 
Talet på plassar totalt41 44141 31040 70840 472
Sjukeheimsavdeling40 18440 18439 67439 583
Aldersheimavdeling1 2571 1261 034889
 
Private plassar (prosent av plassar totalt)10,511,111,711,4
Privat ideell5,34,95,25,1
Privat kommersiell5,36,26,66,3
 
Rom for ein bebuar (prosent av antall rom totalt)96,997,597,597,6
Brukartilpassa einerom med eige WC og bad (prosent)82,583,383,784,2

Tabell 2 
Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder

Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder
2013201420152016
I alt43 04843 13742 85042 644
Under 67 år::::
67-79 år7 7217 8858 1318 445
80-89 år17 93317 37717 09716 855
90 år og over12 63112 93812 72012 536
Uoppgitt alder:...

Tabell 3 
Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsformål, etter alder.

Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsformål, etter alder.
201420152016
I alt44 18844 01444 454
Under 67 år19 34319 51619 834
67-79 år7 3947 5337 759
80-89 år11 00210 52710 319
90 år og over6 4496 4386 542
Uoppgitt alder......

Tabell 4 
Mottakarar av heimetenester, etter alder

Mottakarar av heimetenester, etter alder
2013201420152016
I alt179 859180 444182 500185 505
Under 67 år:73 48676 22778 959
67-79 år33 64234 16834 95236 006
80-89 år53 23651 72150 07548 854
90 år og over20 78221 06921 24621 686
Uoppgitt alder:000

Tabell 5 
Mottakarar av heimetenester, etter type teneste.

Mottakarar av heimetenester, etter type teneste.
2013201420152016
Mottakarar i alt179 859180 444182 500185 505
Berre praktisk hjelp40 98939 15537 66335 954
Berre heimesjukepleie75 02978 07482 40087 199
Både praktisk hjelp og heimesjukepleie63 84163 21562 43762 352

Tabell 6 
Mottakarar av pleie- og omsorgstenester. Bistandsbehov og type teneste

Mottakarar av pleie- og omsorgstenester. Bistandsbehov og type teneste
Absolutte tallProsent
20132014201520162016
Bistandsbehov i altNoko/avgrensa bistandsbehovMiddels til stort bistandsbehovOmfattande bistandsbehovUoppgitt bistandsbehov
Tenester i alt271 412272 357275 200278 017100,036,934,123,25,9
Berre praktisk hjelp40 98939 15537 66335 954100,058,326,411,83,5
Berre heimesjukepleie75 02978 07482 40087 199100,048,236,87,17,9
Både praktisk hjelp og heimesjukepleie63 84163 21562 43762 352100,021,050,428,10,5
Andre tenester til heimebuande48 50548 77649 85049 868100,050,025,89,314,8
Tidsavgrensa opphald i institusjon9 0809 2559 3039 550100,011,740,443,24,8
Langtidsopphald i institusjon33 96833 88233 54733 094100,01,114,983,70,3

Tabell 7 
Gjennomsnittleg tal på timar i veka til heimesjukepleie og praktisk bistand ifølgje vedtak, direkte tid til bruker. Alder og bistandsbehov

Gjennomsnittleg tal på timar i veka til heimesjukepleie og praktisk bistand ifølgje vedtak, direkte tid til bruker. Alder og bistandsbehov
Gjennomsnittleg tal på timar i veka
Bistandsbehov i altNoko/avgrensa bistandsbehovMiddels til stort bistandsbehovOmfattande bistandsbehovUoppgitt bistandsbehov
Alder i alt9,11,86,436,82,5
0-17 år19,24,813,538,210,2
18-49 år16,62,010,367,92,4
50-66 år12,21,77,248,22,4
67-79 år5,61,64,720,31,7
80-89 år4,31,64,513,51,8
90 år eller eldre5,31,95,213,91,6
Uoppgitt alder0,00,00,00,00,0

Tabell 8 
Antall mottakere av avlastning, støttekontakt, omsorgslønn og brukerstyrt personlig assistanse. Alder.

Antall mottakere av avlastning, støttekontakt, omsorgslønn og brukerstyrt personlig assistanse. Alder.
2013201420152016
Avlastning
I alt8 0118 0428 0037 895
0-66 år7 8117 8327 7867 678
67 år og eldre200210217217
Støttekontakt
I alt30 57431 05531 11831 605
0-66 år25 09625 30425 09225 244
67 år og eldre5 4785 7516 0266 361
Omsorgslønn
I alt9 5169 5569 7259 979
0-66 år7 8487 9528 1558 336
67 år og eldre1 6681 6041 5701 643
Brukarstyrt personleg assistanse
I alt2 8883 0143 1463 330
0-66 år2 5882 6892 7792 866
67 år eller eldre300325367464

Tabell 9 
Årsverk og fråvere innanfor omsorgstenesten.

Årsverk og fråvere innanfor omsorgstenesten.
201120122013201420152016
Årsverk128 901,90131 179,95132 694,22134 323,76135 432,92137 950,02
Årsverk ekskl. fravær i brukerrettede tjenester pr. mottaker0,480,480,490,500,50
Årsverk per 1 000 innb. 67 år og over197195190186182180
Andel fråvere av årsverk10,611,010,510,711,411,3
Andel legemeldt sjukefråvere av totalt fråvere79,980,780,781,179,880,6

Tabell 10 
Utgifter i kommunale helse- og omsorgstjenester. 1 000 kroner

Utgifter i kommunale helse- og omsorgstjenester. 1 000 kroner
20122013201420152016
1Statens tilskot til kommunal medfinansiering av somatiske tenester funksjon 255 blei avslutta frå 2015.
Brutto driftsutgifter totalt108 384 297113 797 822121 721 212117 829 595124 889 659
232 Forebygging, helsestasjons- og skolehelsetjeneste2 675 0272 794 7543 045 7563 168 2803 525 416
233 Annet forebyggende helsearbeid1 041 9451 153 8541 199 9471 263 6821 338 031
241 Diagnose, behandling, re-/habilitering9 273 8649 906 50910 713 38411 070 36511 896 690
255 Medfinansiering somatiske tjenester15 140 3175 277 9355 452 77433 7490
256 Akutthjelp helse- og omsorgtjenester39 841208 105380 392526 830697 418
234 Aktiviserings- og servicetjenester overfor eldre og personer med funksjonsnedsettelser4 794 0785 053 6425 461 3215 582 2095 930 915
253 Helse- og omsorgstjenester i institusjon38 132 06839 343 46941 486 57241 313 57343 113 559
254 Helse- og omsorgstjenester til hjemmeboende43 338 51945 913 12149 687 78050 466 72853 685 819
261 Institusjonslokaler3 948 6384 146 4334 293 2864 404 1794 701 811

Om statistikken

Statistikken gir ei samla oversikt over omsorgstenesta. Statistikken omfattar opplysningar om brukarar av ulike kommunale helse- og omsorgstenester, kapasitet og ressursinnsats, som talet på plassar. I tillegg er det, tal for personell innanfor helse- og omsorgstenestene samt rekneskapstal.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Årsverk – stillingar

Årsverk for legar og fysioterapeutar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene blir rapportert inn via skjema, medan årsverk for andre yrkesgrupper vert henta frå register. Personellet vert registrert i timar per veke. Talet på timar per veke vert rekna om til heile årsverk (heile stillingar) ved å dividere med eit normaltal per veke. I praksis inneber dette at ein dividerer med 36 timar for fysioterapeutar og 37,5 timar for legar. For dei andre yrkesgruppene innan helse- og omsorg er timar per veke 35,5. I helse- og omsorgsstatistikken er årsverk meint å romme alt arbeid innanfor heimetenestene og institusjonane, dvs. at dataregistreringane ikkje berre er avgrensa til funksjonane knytte direkte til brukarane og bebuarane, men famnar òg administrasjon og leiing, reinhald og kjøken. Dei tilsette vert registrerte etter utdanning per 31. desember. Alle deltidsstillingar vert rekna om til heiltidsstillingar. Ein registrerer berre avtalt arbeidstid.

Overtid skal ikkje reknast med. Det er avtalte timar og ikkje utførte timar som skal registrerast. Registreringa skal gjelde for ei representativ veke ved utgangen av året.

Organisering av legar og fysioterapeutar: Med organisering meiner ein den forma for tilknyting den enkelte lege og fysioterapeut har avtalt med kommunen. Det er fire formar for tilknyting den einskilde yrkesutøvar kan ha: 1) driftsavtale med kommunen, 2) fast løn, 3) turnuskandidat og 4) legar/fysioterapeutar utan avtale.

Legar og fysioterapeutar med fast løn: Desse yrkesutøvarane er kommunale lønnsmottakarar og er tilsette i stillingar som kommunen har utlyst som kommunelege eller kommunefysioterapeut. Dette kan dreie seg om stillingar både på heiltid og deltid. Kommunane dekkjer alle utgiftene til stillingane, medan folketrygda gjev faste tilskot til kommunen per stilling. Arbeidsoppgåvene til desse fastløna legane og fysioterapeutane er fastlagde gjennom kommunale instruksar.

Legar og fysioterapeutar med kommunal avtale: Desse er i utgangspunktet privatpraktiserande, men inngår avtale med kommunen eller bydelen. Ordninga byggjer på ein avtale mellom Kommunesektorens organisasjon (KS), Helse- og omsorgsdepartmentet og legane og fysioterapeutane sine organisasjonar. Dette inneber at legane forpliktar seg til å delta i ordningar for legevakt og kommunale oppgåver som eldreomsorg og førebyggjande funksjonar. Kor mykje den enkelte skal utføre av desse oppgåvene, samt opningstider for praksisane, vert definert i dei konkrete avtalene mellom den einskilde yrkesutøvar og kommunen/bydelen. Grunnlaget for inntekta til legar og fysioterapeutar med kommunal avtale er refusjonar frå folketrygda, pasientane sine eigenbetalingar og eit fast beløp (driftstilskot) frå kommunen som vederlag for avtalen.

Legar og fysioterapeutar utan kommunal avtale: Det finst også yrkesutøvarar som driv privat praksis utan å ha avtale med kommunen. For den einskilde pasient vil det ikkje ha noko å seie økonomisk om ein nyttar turnuskandidatar, legar med fast løn, eller legar med kommunal avtale. Legar utan kommunal avtale kan, innanfor visse rammer, ta så høg eigenbetaling som pasientane er viljuge til å godta.

Turnuskandidatar: Turnuskandidatar har vore ein viktig del av tilbodet av tenester frå legar og fysioterapeutar i mange kommunar. I desember 2012 vart føreskrift om spesialistgodkjenning og turnusstillingar (”Forskrift nr 1384 av 21.12.200 om spesialistgodkjenning av helsepersonell og turnusstillinger for leger”) endra slik at det ikkje lenger er krav til turnusteneste for å få autorisasjon som lege. I staden er det krav om turnussteneste for legar i samband med ei eventuell spesialistutdanning. Med denne endringa, vil ein ha følgjande omgrep: 

Turnuslege: autorisert lege i stilling knytta til spesialistutdanning. 

Turnusfysioterapeut: person som har fullført fysioterapiutdanning og er i praktisk  turnusteneste, der 6 mnd. skal gjennomførast i kommunal helse- og omsorgsteneste og 6 mnd. skal gjennomførast i spesialisthelsetenesta. Slik turnusteneste er framleis eit vilkår for å få autorisasjon som fysioterapeut.

Registerbasert sysselsetjingsstatistikk

Til og med 2014: Årsverk for andre utdanningar enn lege og fysioterapeut innan helsestasjons- og skulehelsetenesta og omsorgstenestene vert henta frå register. Desse årsverka er basert på fleire ulike register. Hovudkjeldene til registerbasert statistikk for helse- og sosialpersonell er helsepersonellregisteret til Helsedirektoratet (tidlegare Helsetilsynets autorisasjonsregister) og SSB sitt register over befolkninga si høgaste utdanning. Informasjon om arbeidstakarforhold og sjølvstendige næringsdrivande vert henta frå NAVs arbeidstakarregister, og løns- og trekkoppgåveregisteret (LTO), og sjølvmeldingsregisteret administrert av Skattedirektoratet, Enhetsregisteret/Bedrifts- og føretaksregister og lønsregister over kommunalt og statleg tilsette.

Arbeidstakarregisteret er hovudkjelda til data om lønstakarar, men løns- og trekkoppgåveregisteret utgjer eit viktig supplement ved at det fangar opp lønstakarforhold som ikkje er meldepliktige til arbeidstakarregisteret. Begge registera har arbeidsforhold (jobbar) som eining. Sjølvmeldingsregisteret er hovudkjelda til opplysningar om sjølvstendig næringsdrivande. Enhetsregisteret og Bedrifts- og føretaksregisteret gir opplysningar om bedriftene (arbeidsstadane). I tillegg nyttast supplerande data frå ei rekke andre kjelder for å kvalitetssikre data frå registra nemnd over: NAVs ARENA-registeret som gir data om arbeidsledige og personar på arbeidsmarknadstiltak, register over tilsette i stat i kommune, lønsstatistikk for tilsette i privat sektor, sjukefråversregisteret mv.

Avgrensinga av sysselsette er basert på ei rekke ulike kjelder, og det er bygd opp eit system i SSB for ei samla utnytting av desse. Systema omfattar modular for konsistensbehandling mellom ulike datakjelder, val av viktigaste arbeidsforhold og klassifisering som sysselsett.

Frå og med 2015: Registerbasert sysselstetingsstatistikk er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønnstakarar: A-ordninga. Endring av datakjelde fører til endring i tidsserien frå og med 2015. Tal over årsverk basert på det nye datagrunnlaget kan ikkje samanliknast direkte med tal frå det gamle datagrunnlaget.

For meir informasjon om registerbasert sysselsetjing: http://www.ssb.no/emner/06/01/regsys/index.html

For meir informasjon om A-ordninga: http://www.ssb.no/omssb/om-oss/nyheter-om-ssb/a-ordningen-en-datakilde-for-tre-etater

For meir om forholdet mellom gamal og ny årsverksstatistikk kan ein lesa meir på: http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/naermere-om-forholdet-mellom-gammel-og-ny-statistikk.

For meir om det nye datagrunnlaget frå A-ordninga, sjå «Om statistikken» for den registerbaserte sysselsettingsstatistikken: http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27?fane=om#content

Brukarar av omsorgstenester

IPLOS omfattar alle brukarar og søkjarar av kommunale helse- og omsorgstenester. Statistikken omfattar alle som er aktive brukarar av tenestene registrerte på ein gjeven dato ved utgangen av året. Kvar person som tek imot tenester blir rekna som brukar. Eit unnatak er hushald der fleire personar tek i mot heimehjelp, praktisk hjelp eller anna teneste retta mot hushaldet. Desse blir rekna som èin brukar, ikkje fleire.

Helse- og omsorgsinstitusjonar

I statistikken for helse og omsorgstenester skal ein institusjon vere heimla i helse- og omsorgstenestloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav c, med forskrift nr 1254 av 16.12.2011 om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon: a) Institusjon med heildøgns helse- og omsorgstenester for barn og unge under 18 år som bur utanfor foreldreheimen som følgje av behov for tenester (barnebustad), her under avlastningsbustader, b) Institusjon med heildøgns helse- og omsorgstenester for rusmiddelavhengige, c) Aldersheim, d) Sjukeheim og e) Døgnplassar som kommunen opprettar for å sørgje for tilbod om døgnopphald for akutt hjelp.

Institusjonsbebuarane betaler etter forskrift for eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester, kapittel 1.

Bustader til omsorgsføremål

Bustader til omsorgsføremål omfattar bueiningar som kommunane stiller til disposisjon for eldre og personar med funksjonsnedsetting som treng hjelp, og som ikkje er rekna som institusjon. Det er her tale om sjølvstendige bueiningar der bebuaren er leigetakar eller deleigar. Ein del av desse bueiningane har tenester knytt til seg, men desse er ikkje nødvendigvis tilgjengelege heile døgnet. Andre bueiningar har ikkje slik tilkopling, og bebuaren nyttar heimetenester på line med andre heimebuande. Mange av desse bueiningane er lagt til rette med tanke på bebuarar med nedsett funksjonsevne. Bueiningane kan ha fellesfunksjonar i ulik utstrekning, til dømes fellesareal (felles opphaldsrom) og felleshushald (tilbod om matservering). Kva desse butilboda vert kalla, kan variere, og døme er bufellesskap, omsorgsbustad (eventuelt servicebustader) og bukollektiv. I tillegg kjem bueiningar for personar med utviklingshemming oppretta i samband med ansvarsreforma for denne gruppa (HVPU- reforma) som tredde i kraft i 1991.

Standard klassifikasjonar

Dei 429 kommunane er gruppert i 16 grupper, etter folkemengde og økonomiske rammetingingar. Grupperinga er basert på Audun Langørgen og Rolf Aaberge (2011): Gruppering av kommunar etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 2008. Rapport 2011/8, Statistisk sentralbyrå.

I berekninga av gjennomsnitt for fylket er kommunane delt inn i 19 fylke etter gjeldande standard for kommuneklassifisering (to første siffer), Regional statistikk.

Fylkeskommunane er inndelt i fem grupper. Grupperinga er identisk med inndelinga av fylkeskommunar i helseregionar bortsett frå at det er oppretta ei eiga gruppe for Oslo kommune.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Omsorgstenester
Emne: Helse

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for helsestatistikk

Regionalt nivå

Lågaste geografiske nivå er kommune og bydelar i Oslo. Det publiserast òg tal for KOSTRA-grupper, fylker og heile landet.

Kor ofte og aktualitet

Årleg publisering i KOSTRA 15. mars (ureviderte tal) og 15. juni (endelege tal) året etter statistikkåret. I tillegg vert det publisert nasjonale tabellar og eigen kommentarartikkel i vekene etter 15. juni-publiseringa.

Internasjonal rapportering

Det vert årleg levert tal til OECD.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Kvar finn ein statistikken?

Som følgje av samhandlingsreforma vil statistikk for kommunehelsetenesta og statistikk for pleie- og omsorgstenesta truleg på sikt publiserast under eit som statistikk for helse- og omsorgstenesta. Inntil vidare publiserast likevel data for helse- og omsorgstenesta under desse lenkjene:

http://www.ssb.no/helsetjko/

http://www.ssb.no/pleie/

Publikasjonar og andre lenkjer

I tillegg til publiseringa på www.ssb.no er artiklar basert på resultat frå helse- og omsorgsstatistikken publisert i SA Sosialt Utsyn 1998 og 2000, i SA 32 "Eldre i Norge" (1999), i SA 72 "Seniorer i Norge" (2005), SA 115 ”På like vilkår? Helse og levekår blant personer med nedsatt funksjonsevne” og SA 120 ”Seniorer i Norge 2010”. Frå 2003 er det artiklar og tabellar i det årlege indikatornummeret av Samfunnsspeilet med resultat frå helse- og omsorgsstatistikken. Publikasjonen ”Pleie- og omsorgsstatistikk 1962-2010” (SSB Rapporter 10/2012) gjev innblikk i dei organisatoriske endringane som har vore innan helse- og omsorgstenestene i denne tida, samt tidsseriar for ein rekke variable innan helse- og omsorgstenesta.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

For meir informasjon om KOSTRA, sjå KOSTRA sine internettsider http://www.ssb.no/kostra/ .

Eigne tabellar kan byggjast frå Statistikkbanken, http://www3.ssb.no/statistikkbanken/ .

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er i hovudsak å gi ei samla oversikt over den kommunale helse- og omsorgstenesta. Statistikken omfattar opplysningar om mottakarar av ulike kommunale helse- og omsorgstenester, talet på plassar og talet på bebuarar i kommunale institusjonar, og tal for personell innanfor helse- og omsorgstenestene. Statistikken omfattar òg det som tidlegare (før samhandlingsreforma) vart kalla kommunehelsetenesta, slik som fastlege-/allmennlegetenesta, habiliterings- og rehabiliteringstenesta, svangerskaps- og barselsomsorgstenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Statistikk for den kommunale helse- og omsorgstenesta skal gi sentrale, regionale og kommunale styresmakter data til planleggings- og tilsynsføremål. Statistikken skal mellom anna gi kunnskap om personellsituasjonen og om kva som går føre seg i den lokale helse- og omsorgstenesta.

Frå og med 1. januar 2012 er det Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m (helse- og omsorgstenesteloven, lov nr. 30 av 24.06.2011) som definerer dei kommunale helse- og omsorgstenestene og som dermed legg grunnen for den kommunale helse- og omsorgsstatistikken. Det er likevel helseregisterlova §§ 9 og 10, i tillegg til statistikklova § 2-2 som gir heimel for å samla inn og publisera statistikken, jamfør punkt om lovheimel.

Helse- og omsorgstenesteloven vart innført i samband med samhandlingsreforma i helsevesenet, og erstattar Lov om helsetjenesten i kommunene (lov nr. 66 av 19.11.1982) og Lov om sosiale tjenester m.v. (lov nr. 81 av13.12.1991).

Med innføringa av samhandlingsreforma i helsesektoren frå og med 2012 har kommunane fått ansvar for å utvikla helsetenester som kjem før, i staden for og/eller etter opphald i sjukehus. Kommunane skal mellom anna finansiere delar av spesialisthelsetenesta, ha økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar frå dag éin, i tillegg til å ha tilbod om heildøgns opphald i helsetenesta ved behov for akutt hjelp. Kravet om akutt-døgnplass gjeld frå og med 01.01.2016.

Kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og finansieringsansvar for utskrivingsklåre pasientar skal oppmoda kommunane til å byggja opp helsetenester som gjer det mogleg å gi helsehjelp i staden for og etter behandling i spesialisthelsetenesta.

Samhandlingsreforma legg òg vekt på kommunane sitt ansvar for førebygging av helseproblem. Dette er spesielt heimla i Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) kap. 2, som kom i fornya utgåve samstundes med helse- og omsorgstenesteloven i 2012. Vidare er ansvar for førebyggjande helsearbeid heimla i helse- og omsorgstenesteloven § 3-2, første ledd nr 1 og 2: ”For å oppfylle ansvaret etter § 3-1 skal kommunen blant annet tilby følgende:

1. Helsefremmende og forebyggende tjenester, herunder:

a. helsetjeneste i skoler og

b. helsestasjonstjeneste

2. Svangerskaps- og barselomsorgstjenester.”

Helse- og omsorgstenesta i kommunane omfattar elles følgjande oppgåver og tenester i følgje helse- og omsorgstenesteloven § 3-2:

3. Hjelp ved ulykker og andre akutte situasjoner, herunder:

a. legevakt,

b. heldøgns medisinsk akuttberedskap og

c. medisinsk nødmeldetjeneste

4. Utredning, diagnostisering og behandling, herunder fastlegeordning

5. Sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering

6. Andre helse- og omsorgstjenester, herunder:

a. helsetjenester i hjemmet,

b. personlig assistanse, herunder praktisk bistand og opplæring og støttekontakt,

c. plass i institusjon, herunder sykehjem og

d. avlastningstiltak.

(Utdrag frå § 3-2 i helse- og omsorgstenesteloven).

Innsamling og publisering av statistikk frå kommunane er under stadig endring. Mykje av dataa vert samla inn gjennom KOSTRA-systemet (Kommune-Stat-Rapportering). KOSTRA starta som eit prosjekt i 1995. Føremålet har vore å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten, i tillegg å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. KOSTRA byggjar på elektronisk innrapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå, og på data frå ei rekke andre kjelder i og utanfor Statistisk sentralbyrå. Blant desse kan spesielt nemnast rekneskapsdata, SSBs regisertbaserte og befolkningsdata. Rapporteringsåret 2001 var det første året der alle kommunar var med i KOSTRA.

Meir informasjon om KOSTRA-rapporteringa og detaljerte tal totalt og for kvar einskild kommune finn ein på http://www.ssb.no/kostra/ og i Statistikkbanken ( http://www.ssb.no/statistikkbanken/ ).

Statistikk over personell i omsorgstenesta er frå og med 2003 for det meste henta frå SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Frå og med 2010 vert også årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta henta frå register.

For å gi styremaktene betre informasjon om verksemda og brukarane er det gjennom fleire år arbeidd med å utvikla eit system for individbasert statistikk over brukarar og søkjarar av kommunane sin helse- og omsorgsteneste. Frå og med 2007-årgangen er statistikken om brukarane av omsorgstenester basert på innsamling til IPLOS-registeret ( http://www.ssb.no/innrapportering/iplos/ ).

Publikasjonen ”Pleie- og omsorgsstatistikk 1962-2010” (SSB Rapporter 10/2012) gjev innblikk i dei organisatoriske endringane som har vore innan helse- og omsorgstenestene i denne tida, og tidsseriar for ei rekke variablar innan helse- og omsorgstenesta. Sjå http://www.ssb.no/emner/03/02/nos_pleie/rapp_201210/rapp_201210.pdf

Brukarar og bruksområde

Statistikken er viktig for dei sentrale styresmaktene, som har behov for ny informasjon, både for planlegging og for kontroll og evaluering av den lokale verksemda. Kommunane er òg ei interessegruppe for statistikken. Dei ynskjer å kunne samanlikne helse- og omsorgstenestene både på kommune- og fylkesnivå og på nasjonalt nivå – og over tid. I eit demokratisk samfunn vert også ulike interessegrupper, politikarar og den einskilde borgaren viktige mottakarar av informasjonen.

Sentrale brukarar er Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn, regionale og kommunale styresmakter, KS og andre interesseorganisasjonar, forskarar, media og allmennheita generelt.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 10.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikrelik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Statistikken kan sjåast i samanheng med fleire andre KOSTRA-område og spesialisthelsetenesta.

Lovheimel

For summariske data (KOSTRA-skjema): Oppgåvene vert henta inn av Statistisk sentralbyrå på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet i medhald av helseregisterloven (lov av 18. mai 2001 nr 24) § 10. Statistisk sentralbyrå nyttar samstundes opplysningane til utarbeiding av offisiell statistikk i medhald av statistikkloven (lov av 16.juni 1989 nr 54) § 2-2.

For individdata (pseudonymt register for Indivibasert PLeie- og OmsorgsStatistikk, IPLOS): helseregisterloven § 9, jf IPLOS-forskriften (17. februar 2006 nr 204) § 2-1.

Den registerbaserte personellstatistikken er heimla i statistikkloven § 3-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant.

Produksjon

Omfang

Statistikken er basert på registrering av helse- og omsorgstenestene i alle kommunar, inkludert alle kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar, både private og kommunale.

Datakjelder og utval

Helse- og omsorgsstatistikken baserer seg på følgjande datakjelder:

  • årleg innsending av tre elektroniske spørjeskjema til alle kommunar og institusjonar for eldre og personar med funksjonsnedsetting via KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering)
  • årleg innsending av data om brukarar og søkjarar av helse- og omsorgstenester på individnivå til IPLOS-registeret
  • SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk 
  • Fastlegeregisteret frå NAV er datakjelde for statistikk om fastlegar og listelengde.

Statistikken omfattar alle kommunar, og bydelane i Oslo. Statistikken omfattar òg alle brukarar og søkjarar av helse- og omsorgstenester og alle institusjonar innan den kommunale helse- og omsorgstenesta, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 3-2 og forskrift om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon.

Datainnsamling, editering og beregninger

Datainnsamling

Statistikk over personell i omsorgstenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta er henta frå SSB sin registerbaserte personellstatistikk.

Fram til og med 2014 var den registerbaserte sysselsetjingsstatistikken basert på ulike offentlege register, der NAVs Aa-register var det viktigaste. Frå og med 2015 blei rapportering frå arbeidsgivarane til NAV sitt Arbeidsgivar-/arbeidstakarregister (Aa-registeret) samt nokon rapporteringer til Skatteetaten og SSB samla i ei ny felles rapporteringsløysing, kalla a-ordninga. A-ordninga er ein samordna digital innsamling av opplysningar om arbeidsforhold, inntekt og skattetrekk til Skatteetaten, NAV og SSB. Ordninga inneber at SSB får opplysningar om løn og tilsette direkte frå a-meldinga, som er den elektroniske meldinga som inneheld alle opplysningane som blir samla inn, i staden for fleire ulike kjelder som tidlegare.  For meir informasjon, sjå:  http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27?fane=om

Opplysningane om helse- og omsorgstenester vert samla inn ved at kommunane fyller ut data på elektroniske skjema. Tre ulike skjema er i bruk. Det første gjeld helsetenester som lege, fysioterapeut og helsestasjons- og skulehelsetenesta. Det andre omfattar mellom anna opplysningar om organisering av omsorgstenestene, om kva for heimetenester som er tilgjengelege på ulike tider av døgnet, om dagsentret og om eigenbetaling for praktisk bistand. Det tredje er eit skjema til institusjonane, der dei mellom anna skal fylle ut talet på plassar totalt, talet på rom for ein bebuar/fleire bebuarar, type plassar og talet på plassar disponerte av andre kommunar. Svarfristen for skjemarapporteringa er 15. februar kvart år.

Opplysningane om brukarar og søkjarar av kommunens omsorgstenester vert løpande registrerte i kommunens fagsystem. Opplysningane som vert registrerte om den einskilde brukar er i hovudsak alder, kjønn, sivilstand, kva for tenester som er mottekne, brukarens assistansebehov og diagnose. Tenestene vert registrerte med vedtaksdato (start og slutt). For dei mest sentrale heimetenestene vert det registrert kor mange timar per veke brukaren er tildelt. For dei som har plass i institusjon eller bemanna bustad vert institusjonens organisasjonsnummer registrert. Frå eige fagsystem tar kommunane eit utrekk av dei opplysningane som er naudsynte for statistikken om personar som har motteke og/eller søkt om tenester i løpet av statistikkåret. Data vert først sende elektronisk til Skattedirektoratet som byter ut fødselsnummer med pseudonym før data vert sende til SSB. På den måten sikrar ein brukaranes anonymitet samstundes som registeret vert personeintydig. Det er eit viktig prinsipp for denne prosedyren at ingen av aktørane samstundes får tilgang på IPLOS data og fødselsnummer. Svarfristen for IPLOS-innsending er 15. januar kvart år.

Editering

Data vert kontrollert automatisk under utfyllinga av dei elektroniske KOSTRA-skjemaa. Førebelse tal vert publiserte 15. mars. Dermed har kommunane sjølve høve til å kontrollere sine eigne data og samanlikne med andre. Statistisk sentralbyrå kontrollerer og editerer deretter datamaterialet. Denne editeringen er basert på samanlikningar med tal frå føregåande år, i tillegg til ei vurdering av dei relative tala som kjem fram for den einskilde kommunen. Dette kan til dømes vere talet på brukarar, årsverk eller tal for institusjonsplassar sett i høve til talet på eldre i kommunen. I dei tilfella ein finn store avvik frå det eine året til det andre, vert kommunen kontakta for ei nærare avklaring og mogleg oppretting. I tillegg til dei nemnde kontrollane kjem kontrollar for å få eit logisk samsvar mellom opplysningane i dei ulike postane i skjema.

Kontroll av opplysningar i IPLOS-registeret omfattar i hovudsak logiske kontrollar, kontrollar av at alle opplysningar er utfylte, og konsistente i forhold til andre register i SSB. Ved feil vert kommunane bedne om å sende inn uttrekk på nytt.

Trass i eit omfattande arbeid med editering, vil det likevel kunne hefte feil eller manglar ved tal som vert presenterte. For informasjon om kontroll av sysselsetjingsstatistikk, frå A-ordninga, sjå Om statistikken:  http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27?fane=om#content

Berekningar

Data vert publiserte på ulike nivå, som grunnlagsdata og indikatorar. Grunnlagsdata vil i stor grad vere talet på einingar summert for ein periode eller per ein bestemt teljedato og rapportert som absolutte tal, medan indikatorar er forholdstal (grunnlagsdata sett i forhold til kvarandre, til brukargrupper o.l.).

For indikatorane vert det i tillegg vist gjennomsnitt for kommunegrupper, fylket, fylkesregionen eller landet. Det er nytta vekta gjennomsnitt (kvar brukar/mottakar tel likt => store kommunar gir større utslag på snittet enn små kommunar) for dei fleste indikatorane. Frå og med året 2008 vert det laga sum for grunnlagsdata ved at tal for kommunar som ikkje har levert data vert berekna. Gjennomsnitta bereknast deretter av dei estimerte sumtala. For åra før 2008 held ein ev. kommunar/ fylkeskommunar med fråfall i data utanfor berekningane for teljar eller nemnar. For indikatorar i absolutte tal er aritmetisk gjennomsnitt (kvar kommune tel like mykje, uansett storleik) nytta . For enkelte indikatorar (bl.a. ja/nei spørsmål) er det ikkje angitt gjennomsnitt. Landsgjennomsnitt vert vist både med og utan Oslo. Dette kjem bl.a. av at Oslorekneskapen dekkjer både kommunale og fylkeskommunale funksjonar, slik at tala ikkje alltid kan samanliknast.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

For IPLOS gjeld eigne reglar for konfidensialitet. For å beskytte enkeltindivid mot gjenkjenning prikkast tal som er mindre enn 5. I tabellar med rad- og kolonnesummar vert også sekundærprikking nytta for å hindre at ein kan rekne seg fram til tala som vert prikka.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken har vore endra fleire gonger, men ein kan gi samanhengande tidsseriar for alle sentrale variablar frå og med 1987 for det som tidlegare vart kalla kommunehelsetenesta og frå 1991 for det som tidlegare vart kalla pleie- og omsorgstenester.

Frå og med 2007 er IPLOS kjelde for statistikk over brukarar av omsorgstenestene i kommunane. Dette gjer at tal for brukarar av omsorgstenestene i 2007 ikkje kan samanliknast direkte med tidlegare år.

Registerbasert sysselsetjingsstatistikk er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønnstakarar: A-ordninga. Endring av datakjelde fører til endring i tidsserien frå og med 2015. Tal over årsverk basert på det nye datagrunnlaget kan ikkje samanliknast direkte med tal frå det gamle datagrunnlaget.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Måle- og handsamingsfeil

Kontrollane som er lagt inn i dei elektroniske skjemaa, i konverteringsprogram for filuttrekk og i mottaket i SSB gjev ein automatisk og rask tilbakemelding til den som rapporterer. Erfaring syner, at dette minskar feilrapporteringa i forhold til tidlegare papirrapportering.

Fråfallsfeil

KOSTRA-data er basert på fullteljing, dvs. at alle einingar i denne statistikken - kommunar, bydelar og aktuelle institusjonar - skal rapportere kvart år.

Det er eit utfordring, først og fremst i mars, at fleire kommunar ikkje rapporterer data i tide til at dei kjem med i publiseringa. Fråfallet gjer det vanskeleg å seie noko om verdien på nasjonalt nivå. For å bøte på dette fråfallet er det berekna eit anslag for verdien for dei kommunane som manglar data, slik at ein kan presentera estimerte verdiar på nasjonalt og regionale nivå.

Det vert nytta fleire metodar for å estimera nasjonale og regionale verdiar, avhengig av kva som høver for den enkelte statistikkvariabel. Enkelte metodar tek utgangspunkt i at det i kvar KOSTRA-gruppe er ein positiv samanheng mellom statistikkvariabelen og ein forklaringsvariabel, som til dømes folkemengde eller fjorårets verdi for kommunen. For mange varaiblar innanfor helse og omsorg er det nytta rein innsetjing av fjorårets verdiar. På bakgrunn av dette kan man gje eit anslag for verdien for heile landet og for dei ulike regionale nivåa.

Dei estimerte tala bør berre nyttast som eit anslag på kva den nasjonale verdien kunne ha vore om alle data hadde vore rapporterte, og ikkje som faktiske summar.

A-ordninga, frå og med 2015:

Det er manglar i rapportering av stillingsprosent, som blir nytta for og berekne avtalt/vanleg arbeidstid. For mange av desse blir det berekna stillingsprosent basert på tal over betalte timar (gjeld i hovudsak timeløna). Det blir arbeida med å forbetre kvalitet på rapporteringa, samstundes som SSB testar ut metodar for å justere for manglar ved rapporteringa.

Sjølvstendig næringsdrivande blir identifisert ved hjelp av informasjon frå Sjølvmeldingsregisteret. Grunna lang produksjonstid ligg opplysningar om næringsverksemd frå året før til grunn for utarbeiding av statistikken. Som følgje av denne tidsforskyvinga kan personar dermed feilaktig bli klassifisert som sysselsette, om dei avslutta verksemda det føregåande året.

Totaltalet på sysselsette blei før 2015 bestemt av AKU samla og fordelt på lønstakarar og sjølvstendige. Frå og med 2015 er det berre tal over sjølvstendige som blir bestemt av AKU.  For lønstakarar slepp ein difor utvalsusikkerheita som følgjer med AKU-tala. På den andre sida blir nivåtalet på lønnstakarar litt for lågt.  

Andre feil

Organiseringa i dei ulike kommunane er svært ulik. Dette gjer at skjema ikkje alltid passar like godt for alle. Manglande samsvar mellom registreringane og dei faktiske forholda skjemaet tek sikte på å registrere, kan difor finnast.

Timeverk av legar med driftsavtale: I følgje rettleiinga skal tala omfatte timar per veke som er avtalt mellom legane og kommunen. Av og til ser vi at kommunane fører opp timane som legane faktisk har arbeidd, sjølv om dette talet overstig timane som ligg til grunn for avtala.

Timar av legar med fast løn: I følgje rettleiinga skal overtid ikkje reknast med. Det har vorte registrert enkelte kommunar som likevel tek med overtid. Tala til desse vert reviderte dersom SSB har vorte gjort merksam på at slikt arbeid er medrekna.

Fordeling på verksemdsområde: For både legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og hjelpepleiarar hender det at kommunane ikkje fordeler timane på dei ulike verksemdsområda. I slike høve tek SSB kontakt med kommunane.

Registerfeil: Opplysningane som finst i registeret over institusjonar blir samanlikna med opplysningar frå Enhetsregisteret

Revisjon

Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte (til dømes ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal).

For dette området blir det publisert førebelse tal i mars, og editerte og reviderte tal i juni. Dersom kommunar finn store feil i innlevert og publisert data etter marspubliseringa, er det moglegheit for ny innsending. Endelige tal blir frå og med 2016, årgang 2015, publisert i juni.

Kontakt

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB