Føretak

Oppdatert: 5. november 2021

Neste oppdatering: 7. februar 2022

Nye føretak
Nye føretak
3. kvartal 2021
18 069

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
1. kvartal 20202. kvartal 20203. kvartal 20204. kvartal 20201. kvartal 20212. kvartal 20213. kvartal 2021
I alt18 40614 96517 74619 59220 71718 83718 069
Ansvarlig selskap35153030272322
Aksjeselskap (AS)7 6636 7727 7478 8899 8348 8237 674
Allment aksjeselskap (ASA)0111101
Selskap med delt ansvar (DA)1349294114133130100
Enkeltpersonforetak10 2877 8529 62310 28610 4809 62110 026
Norsk avdeling av utenlandsk foretak153131130110116124125
Andre organisasjonsformer134102121162126116121
Standardteikn i tabellar
Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter fylke
Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter fylke
20192020
Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretakFøretak 1. januarNyetablerte føretak
I alt423 06265 60056 997427 83368 993
Viken00097 52315 893
Østfold (-2019)21 9183 2392 95600
Akershus (-2019)49 4368 1817 27000
Buskerud (-2019)24 0813 2362 74200
Oslo78 26014 32212 24480 50715 362
Innlandet00027 4983 738
Hedmark (-2019)13 7471 7671 64800
Oppland (-2019)14 7441 8531 61100
Vestfold og Telemark00033 7255 161
Vestfold (-2019)20 2283 0782 60200
Telemark (-2019)13 4851 8521 60600
Agder00024 4753 610
Aust-Agder (-2019)8 9841 3251 09500
Vest-Agder (-2019)15 2022 2811 98400
Rogaland33 4254 9834 40233 7065 422
Vestland00046 6807 237
Hordaland (-2019)37 8075 9525 17700
Sogn og Fjordane (-2019)8 57695683200
Møre og Romsdal18 8172 4042 18418 7952 460
Trøndelag - Trööndelage32 4105 2204 59532 6755 203
Nordland - Nordlánnda15 5112 1281 87515 6562 212
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku00016 3712 409
Troms - Romsa (-2019)11 0951 7881 53900
Finnmark - Finnmárku (-2019)5 12174959400
Andre norske område21528641222286
Standardteikn i tabellar
Talet på føretak, sysselsette og omsetning, etter næring
Talet på føretak, sysselsette og omsetning, etter næring
2019
FøretakOmsetning (mrd. kroner)Sysselsette
Alle næringar475 5795 9812 130 336
Jordbruk, skogbruk og fiske66 45919387 920
Bergverksdrift og utvinning1 16368564 428
Industri17 029868225 025
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn50816813 776
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd1 293329 800
Byggje- og anleggsverksemd57 447629260 455
Varehandel, reparasjon av motorvogner48 4831 808390 124
Transport og lagring20 243440152 465
Overnattings- og serveringsverksemd12 46493124 113
Informasjon og kommunikasjon18 13226599 109
Finansierings- og forsikringsverksemd18 55547 431
Omsetning og drift av fast eigedom51 71917231 887
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting50 382279143 908
Forretningsmessig tenesteyting20 829208154 131
Undervisning8 68036 786
Helse- og sosialtenester31 419161 593
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar30 06612062 445
Anna tenesteyting18 8782063 641
Lønt arbeid i private hushald1128
Internasjonale organisasjonar og organ43310
Ikkje opplyst1 776961
Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken viser aktive føretak per 1. januar, samt årlege tal på nyetablerte og avslutta føretak og kvartalsvise tal på nye føretak. Dessutan viser statistikken omsetning og sysselsetting i aktive føretak, og han beskriv aktive føretak med tilsette etter ulike kjenneteikn.

Føretak

I Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken blir ei juridisk eining behandla som eit føretak.

Føretak per 1. januar

Tal per 1. januar i statistikkåret (år t) inkluderer alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som framleis er registrerte per 1. januar

Nytt føretak

Som eit nytt føretak i ein gitt periode reknar ein eit føretak som er registrert i ER med skipingdato i denne perioden, dersom dei registrerte opplysningane tilseier at eininga skal drive næringsverksemd. Dersom skipingdatoen ikkje er oppgitt, blir registreringsdatoen nytta.

Nyetablering

Nyetablering er nye føretak korrigert for eigarskifte. Det vil seie at nye føretak som overtar ei eksisterande verksemd, ikkje blir rekna som ei nyetablering, men berre som eit nytt føretak.

Opphørte føretak

Som opphøyr reknar ein opphøyr av verksemda. Dette kan skje ved at verksemda blir seld, lagd ned, eller ved at føretaket blir sletta i BR.

Tilsette

Talet på tilsette er vaska tal frå a-ordninga for talet på tilsette per verksemd for midtuka i kvar månad. Tala var tidlegare basert på Aa-registeret. Frå 1. januar 2015 ble Aa-registeret saman med ein del rapporteringar frå arbeidsgjevare til Skatteetaten og SSB samorda i ein felles rapportering i det som blir kalla a-ordninga.

Sysselsetjing

Med sysselsetjing meiner vi summen av tilsette og eigarar. Sysselsetjingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette ved slutten av fem utvalde månader i året, og kan avvike frå det som er publisert i arbeidskraftundersøkinga (AKU) og nasjonalrekneskapen (NR) fordi kjeldene og gjennomsnittsberekninga er ulik. I næringar der sysselsetjing ikkje blir innhenta gjennom datafangsten til strukturstatistikkane, bereknar ein sysselsette ut frå talet på tilsette i VoF. Person med meir enn eitt arbeidsforhold vil kunne vere telt med som sysselsett i fleire næringar.

Omsetning

Omsetning er definert som summen av godtgjering for sal til kundar, sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leigeinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje offentlege tilskot eller gevinst ved sal av anleggsmiddel. Meirverdiavgift er ikkje med i tala. I enkelte næringar er omsetningsomgrepet ikkje eintydig definert, og for desse næringane blir ikkje omsetning publisert. Dette gjeld finansielle næringar og forsikring (næring 64-66), undervisning (næring 85) og helse- og sosialtenester (næring 86-88). For einingar i næringar som inngår i strukturstatistikkane, er omsetning henta frå dei. I andre næringar blir omsetning henta frå administrative kjelder (moms eller årsrekneskap).

Omsetning for næring 06 (utvinning av råolje og naturgass): Til og med 2014-årgangen leverte oljeselskapa ordinære næringsoppgåver, deretter blir det benytta ny næringsoppgåve (RF-1323, Skattemelding for selskap som omfattes av petroleumsskatteloven) for utvinningsselskapa. Dette påverkar bl.a. omsetninga i næring 06 som frå og med 2015 er basert på berekna tal.

Organisasjonsform

Selskapsform i ER. Her skil ein mellom anna mellom einskildpersonføretak, allmennaksjeselskap og ansvarleg selskap.

Heimfeste

Føretaket er heimfesta til fylke ut frå forretningsadressa til føretaket. I fleirverksemdføretak med verksemder i fleire fylke vil forretningsadressa til hovudkontoret bestemme fylke.

Standard for næringsgruppering (SN2007)

Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i SSB, som byggjer på EUs standard NACE Rev.2. Næringsstandarden gjeld frå og med statistikkåret 2008. Fram til 2007 gjeld Standard for næringsgruppering SN2002. Næringsstandarden finst her. Næringsfordelingar etter SN2007 og SN2002 kan ikkje direkte samanliknast da det ikkje er eit 1:1-forhold mellom alle næringskodane.

Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe

Standard for organisasjonsform

Føretak

7. februar 2022

421 Seksjon for næringslivets utvikling

Nasjonalt nivå, fylkes- og kommunevis (føretak etter kjenneteikn ved dei tilsette berre for heile landet)

Føretaksdemografien blir publisert årleg med tal per 1. januar i år t, samt nye føretak i år t og opphørte føretak i løpet av året t-1. Nye føretak blir publiserte kvartalsvis om lag fem uker etter at kvartalet er slutt.

Føretak etter kjennetekn ved deil tilsette blir publisert årleg [per 2017; publisering utsatt på ubestemt tid].

Føretak, omsetning og sysselsetjing blir òg publisert årleg med to års etterslep.

Statistikk over aktive føretak, nyetableringar og nedleggingar blir rapportert til Eurostat, men populasjonane og dermed tala avvik frå det som blir publisert på www.ssb.no/foretak.

Tal på nye føretak (kvartal) som blir rapportert til Eurostat, tilsvarar dei som blir publisert på www.ssb.no/foretak.

Informasjon om populasjonane blir lagra mellombels i programspråket SAS og i lang tid som tekstfiler.

Føretaksdemografien omfattar statistikk over talet på føretak per 1. januar, nye og nyetablerte føretak, opphørte og nedlagde føretak. Statistikken omfattar føretak innanfor alle næringar unnateke primærnæringane og offentleg forvalting.

Årgangspopulasjonen er ein årleg strukturstatistikk med omsetning og sysselsetjing for føretak i alle næringane unnateke offentleg forvalting.

Første publiseringa var i november 2002.

Brukarar av statistikkane er offentleg forvalting, forskingsmiljø, næringslivet og media.

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Nivåtala som blir presenterte, vil avvike frå talet på juridiske einingar i Einingsregisteret (ER), og kan på næringsnivå avvike frå det som blir presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER kjem i hovudsak av at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driv næringsverksemd. SSB gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Årgangspopulasjonane (t-1) og føretakstala i år t er samordna med strukturstatistikkane ved at dei, for dei næringane som er omfatta av strukturstatistikkane, berre omfattar føretak som i statistikkåret har vist seg å ha omsetning og sysselsetjing eller berre omsetning. Tala per år t+1 omfattar også alle dei nye føretaka i år t som framleis er registrerte ved inngangen av t+1. Da opphøyr ofte først blir registrert i etterkant, kan dette talet vere for høgt.

Tala i årgangspopulasjonane vil avvike frå det som er publisert i strukturstatistikkar for verksemder, da omsetning og sysselsetjing i eit føretak omfattar all omsetning og alle sysselsette i føretaket, også omsetning/sysselsetjing i verksemder med anna næring enn føretaket.

Ikkje relevant

Ikkje relevant

Føretaksdemografien/føretak, årleg

Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke primærnæringane (01 jordbruk, 02 skogbruk og 03 fiske og fangst) og offentleg administrasjon og forsvar (84 offentleg forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Tala per 1. januar i statistikkåret skal omfatte alle føretak med aktiv verksemd i Noreg det føregåande året. Som nyregistrering og nyetablering i statistikkåret blir berre føretak med opplysningar som tilseier at dei vil drive næringsverksemd, rekna. Det vil seie at enkelte organisasjonsformer blir haldne utanfor demografidelen av statistikken. Føretak med organisasjonsform som ikkje inngår i statistisk populasjon, blir haldne utanfor statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentlig forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar) og 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som kjem inn under næringane som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor næringane som er dekte av statistikken.

Føretak, omsetning og sysselsetjing, årleg

Føretaka inngår i årgangspopulasjonen dersom dei er registrerte med aktiv verksemd i Noreg i statistikkåret.

Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke offentleg administrasjon og forsvar (84 offentlig forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Føretak med følgjande organisasjonsformer inngår ikkje i statistisk populasjon og er ikkje med i statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentleg forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar), 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som er innanfor næringar som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor dei næringane som er dekte av statistikken.

Føretak etter kjenneteikn ved dei tilsette, årleg [per 2017; publisering utsatt på ubestemt tid]

Statistikken omfattar føretak (unnateke offentleg forvalting og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv eigenskapar knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av einskildpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.

Nye føretak, kvartal

Statistikken blir publisert ca. 5 uker etter at kvartalet er slutt.

Einingsregisteret (ER) og Verksemd- og føretaksregisteret (VoF). Tal på tilsette er frå a-ordninga. Omsetning og sysselsetjing er innhenta gjennom SSBs strukturundersøkingar og frå administrative kjelder.

Vidare blir data frå strukturstatistikkane og frå andre administrative register som meirverdiavgiftsdata, rekneskapsdata og sjølvmeldingsdata for sjølvstendig næringsdrivande, nytta for å avgrense omfanget når det gjeld reelt sett avslutta føretak.

Administrative data og gjenbruk av data frå statistiske undersøkingar.

VoF er per i dag eit heildekkjande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak blir kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar når det gjeld datafangsten i samband strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for verksemder i VoF.

Det går føre seg ei kontinuerleg kvalitetssikring av næringskodane på verksemder og føretak i VoF. Kvalitetssikringa skjer mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSBs strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte, og ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Tal på estimerte nedleggingar blir laga ved å berekne forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar for ein tidlegare årgang. Dei estimerte tala for føretak per 1. januar blir laga ut frå dei førebelse tala for føretak per 1. januar og dei estimerte tala for nedlagde føretak. Storleiken på føretaket (målt i sysselsette året før opphøyr) og organisasjonsform er faktorane som har størst innverknad på forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar/aktive føretak.

Ikkje relevant

I statistikkvarianten Føretak, omsetning og sysselsetting blir omsetninga ikkje offentleggjort der det er færre enn tre føretak.

At ei verksemd blir avslutta, blir først registrert i ettertid. Nye registreringar kan også skje i ettertid, og mange nyregistrerte føretak startar aldri opp noka verksemd. Føretakstala per 1. januar i t+1 vil derfor bli justert ned neste gong demografitala blir presenterte.

For årgangspopulasjonen frå og med 2003-årgangen blei det gjort ei justering av metoden for å berekne omsetning og sysselsetjing for føretak som ikkje høyrde med i strukturstatistikkane. Dette omfatta føretak i næringane 65-67 og 80-99, men også føretak i næringane 10-41 (SN2002) som ikkje inngjekk i strukturstatistikken for industri (einskildpersonføretak og føretak med sysselsetjing mindre enn 0,5 årsverk). Denne justeringa medførte ein nedgang i talet på føretak, publiserte for 2003 totalt, og innanfor dei nemnde næringane i høve til tala som blei publiserte for 2002.

Statistikken baserer seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringane av VoF og blir nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER, Momsregisteret og Aa-registeret blir nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ei mogleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep har si årsak i det faktum at endringar ofte blir registrerte etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registera ikkje er fullstendig oppdaterte til kvar tid, og det kan føre til at forelda opplysningar blir nytta som datagrunnlag i statistikken.

Avslutning av verksemder blir normalt registrerte i etterkant, ut frå tilbakemeldingar i samband med datafangsten til strukturstatistikkane eller ved kopling mot administrative register. Alle avgangar i perioden tala blir publiserte for, er derfor ikkje nødvendigvis registrerte når tala blir publiserte. Ein konsekvens av dette er at avgangstala normalt vil vere for låge, medan tala per 1. januar i t+1 vil være tilsvarande for høge. Også nye registreringar skjer i nokre tilfelle i etterkant.

I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller eit eigarskifte. Der slike opplysningar manglar, blir det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Alle eigarskifte blir ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet på nyetableringar blir rekna å vere litt for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Dessutan er det mange nye føretak som ikkje startar opp noka verksemd.

Ikkje relevant




Kontakt

Håkon Frøysa Skullerud

hakon.skullerud@ssb.no

41 43 59 39