290006
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/aarleg-omsetning-og-sysselsetting
290006
statistikk
2017-09-19T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Føretak

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

453 762

føretak med aktivitet i 2015

Føretak, omsetning og sysselsette
201320142015
Føretak437 247441 510453 762
Omsetning (mill. kr)5 418 2325 562 0425 100 374
Sysselsette1 897 2701 934 2562 036 818

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Talet på føretak, etter næring og sysselsettegrupper

Talet på føretak, etter næring og sysselsettegrupper
2015
Føretak i alt0 sysselsette1-4 sysselsette5-9 sysselsette10-19 sysselsette20-49 sysselsette50-99 sysselsette100-249 sysselsette250 og fleire sysselsette
Alle næringar453 762149 709242 13630 53317 3309 5512 4121 359732
Jordbruk, skogbruk og fiske70 19118 27350 2561 1623521171786
Bergverksdrift og utvinning1 113346426867269283848
Industri17 1534 6377 5661 7151 3591 093412251120
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn4661418946557433208
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd1 1754644529276591895
Byggje- og anleggsverksemd56 65915 21932 2404 5152 7791 45829011444
Varehandel, reparasjon av motorvogner50 60112 56522 8478 2724 4371 745364217154
Transport og lagring21 0953 72013 4672 1889134851509082
Overnattings- og serveringsverksemd11 4521 6734 6842 2731 7258461537325
Informasjon og kommunikasjon16 4437 0397 1389066444401479039
Finansierings- og forsikringsverksemd11 72010 105985213151140514629
Omsetning og drift av fast eigedom49 76937 07511 611730244811783
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting46 83617 48524 9212 3851 2135581608232
Forretningsmessig tenesteyting19 4657 7388 8081 23076653120512661
Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting..................
Undervisning7 322146 24245227824962223
Helse- og sosialtenester28 700724 1651 9091 2241 04818611843
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar25 7109 34314 692761505323601313
Anna tenesteyting17 2893 61911 2221 574533231593417
Lønt arbeid i private hushald27026100000
Internasjonale organisasjonar og organ370181342000
Ikkje opplyst5392462811002000

Tabell 2 
Talet på føretak, sysselsette og omsetning, etter næring

Talet på føretak, sysselsette og omsetning, etter næring
2015
FøretakOmsetning (mrd. kroner)Sysselsette
Alle næringar453 7625 1002 036 818
Jordbruk, skogbruk og fiske70 19113086 495
Bergverksdrift og utvinning1 11369367 167
Industri17 153812238 101
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn46610713 321
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd1 175248 788
Byggje- og anleggsverksemd56 659482229 578
Varehandel, reparasjon av motorvogner50 6011 493385 047
Transport og lagring21 095423159 416
Overnattings- og serveringsverksemd11 45275110 909
Informasjon og kommunikasjon16 44323594 646
Finansierings- og forsikringsverksemd11 720..47 507
Omsetning og drift av fast eigedom49 76914231 977
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting46 836226135 539
Forretningsmessig tenesteyting19 465176133 947
Undervisning7 322..31 985
Helse- og sosialtenester28 700..151 566
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar25 7106350 925
Anna tenesteyting17 2891859 180
Lønt arbeid i private hushald27..36
Internasjonale organisasjonar og organ37..230
Ikkje opplyst539..458

Tabell 3 
Talet på føretak, omsetning og sysselsette, etter organisasjonsform

Talet på føretak, omsetning og sysselsette, etter organisasjonsform
2015
FøretakOmsetning (1 000 kr)Sysselsette
Alle organisasjonsformer453 7625 100 373 7102 036 818
Ansvarleg selskap (ANS)4 72723 195 55511 937
Aksjeselskap (AS)200 4804 544 247 4191 558 059
Allment aksjeselskap (ASA)160100 656 53436 629
Selskap med delt ansvar (DA)8 07024 145 56520 595
Einskildpersonføretak (ENK)220 740133 312 216219 265
Norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)4 56182 922 48725 346
Andre15 024191 893 934164 987

Om statistikken

Statistikken viser aktive føretak per 1. januar, samt årlege tal på nyetablerte og avslutta føretak og kvartalsvise tal på nye føretak. Dessutan viser statistikken omsetning og sysselsetting i aktive føretak, og han beskriv aktive føretak med tilsette etter ulike kjenneteikn.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Føretak
I Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken blir ei juridisk eining behandla som eit føretak.

Føretak per 1. januar
Tal per 1. januar i statistikkåret (år t) inkluderer alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som framleis er registrerte per 1. januar

Nytt føretak
Som eit nytt føretak i ein gitt periode reknar ein eit føretak som er registrert i ER med skipingdato i denne perioden, dersom dei registrerte opplysningane tilseier at eininga skal drive næringsverksemd. Dersom skipingdatoen ikkje er oppgitt,  blir registreringsdatoen nytta.

Nyetablering
Nyetablering er nye føretak korrigert for eigarskifte. Det vil seie at nye føretak som overtar ei eksisterande verksemd, ikkje  blir rekna som ei nyetablering, men berre som eit nytt føretak.

Opphørte føretak
Som opphøyr reknar ein opphøyr av verksemda. Dette kan skje ved at verksemda blir seld, lagd ned, eller ved at føretaket blir sletta i BR.

Tilsette
Talet på tilsette er vaska tal frå a-ordninga for talet på tilsette per verksemd for midtuka i kvar månad. Tala var tidlegare basert på Aa-registeret. Frå 1. januar 2015 ble Aa-registeret saman med ein del rapporteringar frå arbeidsgjevare til Skatteetaten og SSB samorda i ein felles rapportering i det som blir kalla a-ordninga.

Sysselsetjing
Med sysselsetjing meiner vi summen av tilsette og eigarar. Sysselsetjingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette ved slutten av fem utvalde månader i året, og kan avvike frå det som er publisert i arbeidskraftundersøkinga (AKU) og nasjonalrekneskapen (NR) fordi kjeldene og gjennomsnittsberekninga er ulik. I næringar der sysselsetjing ikkje  blir innhenta gjennom datafangsten til strukturstatistikkane, bereknar ein sysselsette ut frå talet på tilsette i VoF. Person med meir enn eitt arbeidsforhold vil kunne vere telt med som sysselsett i fleire næringar.

Omsetning
Omsetning er definert som summen av godtgjering for sal til kundar, sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leigeinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje offentlege tilskot eller gevinst ved sal av anleggsmiddel. Meirverdiavgift er ikkje med i tala. I enkelte næringar er omsetningsomgrepet ikkje eintydig definert, og for desse næringane blir ikkje omsetning publisert. Dette gjeld finansielle næringar og forsikring (næring 64-66), undervisning (næring 85) og helse- og sosialtenester (næring 86-88). For einingar i næringar som inngår i strukturstatistikkane, er omsetning henta frå dei. I andre næringar blir omsetning henta frå administrative kjelder (moms eller årsrekneskap).

Omsetning for næring 06 (utvinning av råolje og naturgass): Til og med 2014-årgangen leverte oljeselskapa ordinære næringsoppgåver, deretter blir det benytta ny næringsoppgåve (RF-1323, Skattemelding for selskap som omfattes av petroleumsskatteloven) for utvinningsselskapa. Dette påverkar bl.a. omsetninga i næring 06 som frå og med 2015 er basert på berekna tal.

Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein mellom anna mellom einskildpersonføretak, allmennaksjeselskap og ansvarleg selskap.

Heimfeste
Føretaket er heimfesta til fylke ut frå forretningsadressa til føretaket. I fleirverksemdføretak med verksemder i fleire fylke vil forretningsadressa til hovudkontoret bestemme fylke.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i SSB, som byggjer på EUs standard NACE Rev.2. Næringsstandarden gjeld frå og med statistikkåret 2008. Fram til 2007 gjeld Standard for næringsgruppering SN2002. Næringsstandarden finst her. Næringsfordelingar etter SN2007 og SN2002 kan ikkje direkte samanliknast da det ikkje er eit 1:1-forhold mellom alle næringskodane.

Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe

Standard for organisasjonsform

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Føretak
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Ansvarleg seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå, fylkes- og kommunevis (føretak etter kjennetekn ved dei tilsette berre for heile landet)

Kor ofte og aktualitet

Føretaksdemografien blir publisert årleg med tal per 1. januar i år t, samt nye føretak i år t og opphørte føretak i løpet av året t-1. Nye føretak blir publiserte kvartalsvis om lag fem uker etter at kvartalet er slutt.

Føretak etter kjennetekn ved deil tilsette blir publisert årleg.

Føretak, omsetning og sysselsetjing blir òg publisert årleg med to års etterslep.

Internasjonal rapportering

Statistikk over aktive føretak, nyetableringar og nedleggingar blir rapportert til Eurostat, men populasjonane og dermed tala avvik frå det som blir publisert på www.ssb.no/foretak

Tal på nye føretak (kvartal) som blir rapportert til Eurostat, tilsvarar dei som blir publisert på www.ssb.no/foretak.

 

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om populasjonane blir lagra mellombels i programspråket SAS og i lang tid som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føretaksdemografien omfattar statistikk over talet på føretak per 1. januar, nye og nyetablerte føretak, opphørte og nedlagde føretak. Statistikken omfattar føretak innanfor alle næringar unnateke primærnæringane og offentleg forvalting.

Årgangspopulasjonen er ein årleg strukturstatistikk med omsetning og sysselsetjing for føretak i alle næringane unnateke offentleg forvalting.  

Første publiseringa var i november 2002.

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikkane er offentleg forvalting, forskingsmiljø, næringslivet og media.

Likebehandling av brukere

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Nivåtala som blir presenterte, vil avvike frå talet på juridiske einingar i Einingsregisteret (ER), og kan på næringsnivå avvike frå det som blir presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER kjem i hovudsak av at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driv næringsverksemd. SSB gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Årgangspopulasjonane (t-1) og føretakstala i år t er samordna med strukturstatistikkane ved at dei, for dei næringane som er omfatta av strukturstatistikkane, berre omfattar føretak som i statistikkåret har vist seg å ha omsetning og sysselsetjing eller berre omsetning. Tala per år t+1 omfattar også alle dei nye føretaka i år t som framleis er registrerte ved inngangen av t+1. Da opphøyr ofte først blir registrert i etterkant, kan dette talet vere for høgt.

Tala i årgangspopulasjonane vil avvike frå det som er publisert i strukturstatistikkar for verksemder, da omsetning og sysselsetjing i eit føretak omfattar all omsetning og alle sysselsette i føretaket, også omsetning/sysselsetjing i verksemder med anna næring enn føretaket.

Lovheimel

Ikkje relevant

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Føretaksdemografien/føretak, årleg
Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke primærnæringane (01 jordbruk, 02 skogbruk og 03 fiske og fangst) og offentleg administrasjon og forsvar (84 offentleg forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Tala per 1. januar i statistikkåret skal omfatte alle føretak med aktiv verksemd i Noreg det føregåande året. Som nyregistrering og nyetablering i statistikkåret blir berre føretak med opplysningar som tilseier at dei vil drive næringsverksemd, rekna. Det vil seie at enkelte organisasjonsformer blir haldne utanfor demografidelen av statistikken. Føretak med organisasjonsform som ikkje inngår i statistisk populasjon, blir haldne utanfor statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentlig forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar) og 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som kjem inn under næringane som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor næringane som er dekte av statistikken.

Føretak, omsetning og sysselsetjing, årleg
Føretaka inngår i årgangspopulasjonen dersom dei er registrerte med aktiv verksemd i Noreg i statistikkåret.

Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke offentleg administrasjon og forsvar (84 offentlig forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Føretak med følgjande organisasjonsformer inngår ikkje i statistisk populasjon og er ikkje med i statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentleg forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar), 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som er innanfor næringar som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor dei næringane som er dekte av statistikken.

Føretak etter kjenneteikn ved dei tilsette, årleg
Statistikken omfattar føretak (unnateke offentleg forvalting og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv eigenskapar knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av einskildpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.

Nye føretak, kvartal
Statistikken blir publisert ca. 5 uker etter at kvartalet er slutt.

Datakjelder og utval

Einingsregisteret (ER) og Verksemd- og føretaksregisteret (VoF). Tal på tilsette er frå a-ordninga. Omsetning og sysselsetjing er innhenta gjennom SSBs strukturundersøkingar og frå administrative kjelder.

Vidare blir data frå strukturstatistikkane og frå andre administrative register som meirverdiavgiftsdata, rekneskapsdata og sjølvmeldingsdata for sjølvstendig næringsdrivande, nytta for å avgrense omfanget når det gjeld reelt sett avslutta føretak.

Datainnsamling, editering og beregninger

Administrative data og gjenbruk av data frå statistiske undersøkingar.

VoF er per i dag eit heildekkjande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak blir kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar når det gjeld datafangsten i samband strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for verksemder i VoF.

Det går føre seg ei kontinuerleg kvalitetssikring av næringskodane på verksemder og føretak i VoF. Kvalitetssikringa skjer mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSBs strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte, og ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Tal på estimerte nedleggingar blir laga ved å berekne forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar for ein tidlegare årgang. Dei estimerte tala for føretak per 1. januar blir laga ut frå dei førebelse tala for føretak per 1. januar og dei estimerte tala for nedlagde føretak. Storleiken på føretaket (målt i sysselsette året før opphøyr) og organisasjonsform er faktorane som har størst innverknad på forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar/aktive føretak.

 

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

I statistikkvarianten Føretak, omsetning og sysselsetting blir omsetninga ikkje offentleggjort der det er færre enn tre føretak.

Samanlikningar over tid og stad

At ei verksemd blir avslutta, blir først registrert i ettertid. Nye registreringar kan også skje i ettertid, og mange nyregistrerte føretak startar aldri opp noka verksemd. Føretakstala per 1. januar i t+1 vil derfor bli justert ned neste gong demografitala  blir presenterte.

For årgangspopulasjonen frå og med 2003-årgangen blei det gjort ei justering av metoden for å berekne omsetning og sysselsetjing for føretak som ikkje høyrde med i strukturstatistikkane. Dette omfatta føretak i næringane 65-67 og 80-99, men også føretak i næringane 10-41 (SN2002) som ikkje inngjekk i strukturstatistikken for industri (einskildpersonføretak og føretak med sysselsetjing mindre enn 0,5 årsverk). Denne justeringa medførte ein nedgang i talet på føretak, publiserte for 2003 totalt, og innanfor dei nemnde næringane i høve til tala som blei publiserte for 2002.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Statistikken baserer seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringane av VoF og blir nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER, Momsregisteret og Aa-registeret  blir nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ei mogleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep har si årsak i det faktum at endringar ofte  blir registrerte etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registera ikkje er fullstendig oppdaterte til kvar tid, og det kan føre til at forelda opplysningar  blir nytta som datagrunnlag i statistikken.

Avslutning av verksemder  blir normalt registrerte i etterkant, ut frå tilbakemeldingar i samband med datafangsten til strukturstatistikkane eller ved kopling mot administrative register. Alle avgangar i perioden tala  blir publiserte for, er derfor ikkje nødvendigvis registrerte når tala  blir publiserte. Ein konsekvens av dette er at avgangstala normalt vil vere for låge, medan tala per 1. januar i t+1 vil være tilsvarande for høge. Også nye registreringar skjer i nokre tilfelle i etterkant.

I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller eit eigarskifte. Der slike opplysningar manglar,  blir det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Alle eigarskifte  blir ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet på nyetableringar blir rekna å vere litt for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Dessutan er det mange nye føretak som ikkje startar opp noka verksemd.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB