Sjølv i det covid-råka 2. kvartal i 2020 vart det registrert fleire nye føretak enn no. Av desse nyregistreringane var 6 214 aksjeselskap og 7 711 einskildpersonføretak. Talet på nye aksjeselskap fall med knappe 2 prosent frå same kvartal i fjor, og den høge etableringstakta frå 1. kvartal i år er dermed reversert – og vel så det. Talet på nye einskildpersonføretak fall med heile 10 prosent, eit uvanleg stort fall for denne selskapsforma.
Færre nyregistreringar innanfor helse og omsorg
Det var betydeleg færre nyregistreringar med kjend næring innanfor Helse- og sosialtenester, Omsetning og drift av eigedom, Undervisning og Industri i 2. kvartal 2025, målt mot same kvartal året før. Utviklinga innanfor dei ulike næringane må rettnok tolkast varsamt, då talet på nyregistrerte føretak utan registrert næring auka med 77 prosent i same periode, til heile 31 prosent av nyregistreringane (sjå boks). Tala tyder likevel på at dette reelt sett er det lågaste talet på nyregistreringar innanfor Helse- og sosialtenester og Omsetning og drift av eigedom sidan om lag 2010.
Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien i 2020. Delen av nye føretak med ukjend næring er rettnok lågare enn toppen i 2. kvartal 2022, men den er høg og aukande. Fordelinga etter næring må difor tolkast varsamt.