Utsett publisering

Årsstatistikken skulle publiserast den 29. september 2026, men er utsett til 18. desember 2026.

Statistikk innhold

Statistikk om

Føretak

Statistikken viser årlege tal på aktive, nyetablerte og avslutta føretak, samt i kva grad nyetablerte føretak overlever og i kva grad føretak veks. Dessutan viser statistikken sysselsetting og lønstakarar i føretaka. Den viser og kvartalsvise tal på nye føretak.

Oppdatert: 10. november 2026
Neste oppdatering: 18. desember 2026

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Antall føretak
    Antall føretak
    3. kvartal 20262. kvartal 2026 -3. kvartal 20263. kvartal 2025 -3. kvartal 2026
    Nye føretak (antall og prosentvis endring)17 8374,69,6
    Aksjeselskap (AS)8 30313,315,4
    Enkeltpersonforetak9 359-2,65,8
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak, etter storleik.
  • Nyetablerte aktive foretak og overlevelse inntil 5 år
  • Føretak, etter vekst i talet på lønnstakarar
    Eit brot i tidsserien for sysselsette kan ha gitt for høg vekst i 2015 - 2017. Brotet skuldast innføringa av ein ny metode for innsamling av data for tilsette (A-ordninga) i 2015. Blant føretak med minst 10 tilsette ser likevel brotet ut til å ha beskjeden verknad på tala.
  • Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
    Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
    1. kvartal 20252. kvartal 20253. kvartal 20254. kvartal 20251. kvartal 20262. kvartal 20263. kvartal 2026
    I alt16 52514 11216 27615 49518 09217 05217 837
    Ansvarlig selskap36353026111111
    Aksjeselskap (AS)7 9076 2177 1977 1128 6697 3278 303
    Allment aksjeselskap (ASA)3101010
    Selskap med delt ansvar (DA)838810081886470
    Enkeltpersonforetak8 4247 6818 8428 1839 2529 6049 359
    Norsk avdeling av utenlandsk foretak31331615151225
    Andre organisasjonsformer41579177573369
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak og sysselsette, etter næringshovedområde.
    Aktive føretak og sysselsette, etter næringshovedområde.
    2024Prosentvis endring fra året før
    Talet på føretakSysselsetteTalet på føretakSysselsette
    Alle næringar..-100,0-100,0
    Bergverksdrift, utvinning og industri..-100,0-100,0
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd..-100,0-100,0
    Byggje- og anleggsverksemd..-100,0-100,0
    Varehandel, reparasjon av motorvogner..-100,0-100,0
    Transport og lagring..-100,0-100,0
    Overnattings- og serveringsverksemd..-100,0-100,0
    Informasjon og kommunikasjon..-100,0-100,0
    Omsetning og drift av fast eigedom..-100,0-100,0
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting..-100,0-100,0
    Forretningsmessig tenesteyting..-100,0-100,0
    Uoppgitt..-100,0-100,0
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak og sysselsette, etter størrelse.
    Aktive føretak og sysselsette, etter størrelse.
    20242024Prosentvis endring fra året før
    Talet på føretakSysselsetteTalet på føretakSysselsette
    I alt..-100,0-100,0
    0 sysselsette, eller inga rapportering.0-100,0.
    1-4 sysselsette.213 670-100,0-100,0
    5-9 sysselsette.155 845-100,0-100,0
    Minst 10 sysselsette.1 297 084-100,0-100,0
    I alt..-100,0-100,0
    Har ikkje omsetning, eller inga rapportering..-100,0-100,0
    1 000 - 4 999 000 kr i omsetning..-100,0-100,0
    5 000 000 - 9 999 000 kr i omsetning..-100,0-100,0
    Minst 10 000 000 kr i omsetning..-100,0-100,0
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte og overlevde føretak, etter etableringsår og alder.
    Nyetablerte og overlevde føretak, etter etableringsår og alder.
    Antall nyetablerte foretak1 år2 år3 år4 år5 år
    201933 46326 95823 33920 58617 704.
    202035 65729 35225 96020 558..
    202143 38035 98727 686...
    202241 59529 639....
    202340 816.....
    2024......
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte føretak og overlevingsgrad, etter næringshovedområde og alder.
    Nyetablerte føretak og overlevingsgrad, etter næringshovedområde og alder.
    Antall nyetablerte føretakOverlevde (prosent av nyetablerte)
    1 år2 år3 år4 år5 år
    2024
    Alle næringar.0,00,00,00,00,0
    Bergverksdrift, utvinning og industri.0,00,00,00,00,0
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd.0,00,00,00,00,0
    Byggje- og anleggsverksemd.0,00,00,00,00,0
    Varehandel, reparasjon av motorvogner.0,00,00,00,00,0
    Transport og lagring.0,00,00,00,00,0
    Overnattings- og serveringsverksemd.0,00,00,00,00,0
    Informasjon og kommunikasjon.0,00,00,00,00,0
    Omsetning og drift av fast eigedom.0,00,00,00,00,0
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting.0,00,00,00,00,0
    Forretningsmessig tenesteyting.0,00,00,00,00,0
    Uoppgitt.0,00,00,00,00,0
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte føretak og deira overleving , etter organisasjonsform og alder.
    Nyetablerte føretak og deira overleving , etter organisasjonsform og alder.
    Antall nyetablerte føretakOverlevde (prosent av nyetablerte)
    1 år2 år3 år4 år5 år
    Alle organisasjonsformer
    201933 46380,670,061,753,10,0
    202035 65882,573,158,10,0
    202143 38083,264,10,0
    202241 59571,50,0
    202340 8160,0
    2024.
    Aksjeselskap og allmennaksjeselskap
    201918 31785,477,770,260,60,0
    202021 04887,079,762,50,0
    202123 98687,364,40,0
    202223 28469,60,0
    202321 1080,0
    2024.
    Enkeltpersonføretak
    201914 67074,860,751,644,20,0
    202013 54176,663,851,90,0
    202118 87578,263,90,0
    202217 86174,00,0
    202319 2020,0
    2024.
    Andre organisasjonsformer
    201947675,457,646,637,80,0
    20201 06968,859,849,20,0
    202151973,655,70,0
    202245072,40,0
    20235060,0
    2024.
    Standardteikn i tabellar
  • Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er minst 4 år gamle.
    Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er minst 4 år gamle.
    I altSvært høg vekst i lønnstakarar (20 prosent eller høgare)Høg vekst i lønnstakarar (10 til 19 prosent)Stabilt tal på lønnstakarar (-9 til 9 prosent)Stor nedgang i lønnstakarar (-19 til -10 prosent)Svært stor nedgang i lønnstakarar (-20 prosent eller lågare)
    2024
    Talet på føretak
    I alt......
    1-4 lønnstakarar......
    5-9 lønnstakarar......
    Minst 10 lønnstakarar......
    Sysselsette ved periodestart
    I alt......
    1-4 lønnstakarar......
    5-9 lønnstakarar......
    Minst 10 lønnstakarar......
    Sysselsette ved periodeslutt
    I alt......
    1-4 lønnstakarar......
    5-9 lønnstakarar......
    Minst 10 lønnstakarar......
    Standardteikn i tabellar
  • Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er 4 til 5 år gamle.
    Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er 4 til 5 år gamle.
    I altSvært høg vekst i lønnstakarar (20 prosent eller høgare)Høg vekst i lønnstakarar (10 til 19 prosent)Stabilt tal på lønnstakarar (-9 til 9 prosent)Stor nedgang i lønnstakarar (-19 til -10 prosent)Svært stor nedgang i lønnstakarar (-20 prosent eller lågare)
    2024
    Talet på føretak
    I alt......
    1-4 lønnstakarar......
    5-9 lønnstakarar......
    Minst 10 lønnstakarar......
    Sysselsette ved periodestart
    I alt......
    1-4 lønnstakarar......
    5-9 lønnstakarar......
    Minst 10 lønnstakarar......
    Sysselsette ved periodeslutt
    I alt......
    1-4 lønnstakarar......
    5-9 lønnstakarar......
    Minst 10 lønnstakarar......
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 22. mai 2026.

Føretak: Eit føretak er definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig makt til å fatte avgjersler (autonome). Juridiske einingar som ikkje er autonome (t.d. hjelpeeiningar) er slått saman med den autonome juridiske eininga den yter tenester til, slik at desse til saman utgjer eit føretak.

Verksemd: Ei verksemd er definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining som hovudsakeleg driver med aktivitetar innanfor ei viss næringsgruppe. Ei verksemd er ein undereining av den juridiske eininga. I Eurostat-samanheng svarar dette til «local kind-of-activity unit».

Aktivitet: Aktivitet er eit mål på om føretaket var i drift eller ikkje, og i kor stor grad. I versjonane «føretak med aktivitet» og «registrerte føretak» er aktivitet kjenneteikna ved sysselsetting eller omsetning i løpet av året, og i versjonen «føretak med lønstakarar» er aktivitet kjenneteikna ved at føretaket hadde lønstakarar i løpet av året. I versjonen «registrerte føretak» er også registreringa av føretaket regnet som aktivitet.

Nytt føretak: Nye føretak omfattar alle førstegongsetableringar og reaktiveringar av føretak. Eigarskifte reknast som nye føretak, men det gjer ikkje overdragingar.

Nyetablering: Nyetableringar omfattar alle nye føretak, unntatt etableringar ved eigarskifte (og overdragingar).

Førstegongsetablering: eit føretak reknast som førstegongsetablert i versjon «føretak med aktivitet», «føretak med lønstakarar» og «føretak med aktivitet (unntatt oppdragstakarar)» det første året det hadde aktivitet, og i versjon «registrerte føretak» i gyldigheitsåret for den første opplysninga om føretaket i SSBs Verksemds- og føretaksregister (VoF) eller stiftingsåret (gjelder berre AS) dersom dette var tidlegare. Eigarskifte kan reknast som førstegongsetablering, men ikkje overdragingar.

Reaktivering: Reaktiveringar er føretak som blir aktive igjen etter minst 2 års inaktivitet. Overdragingar er unntatt.

Overdraging: ei overdraging skjer det året eit føretak startar eller gjenopptek aktiviteten, dersom følgjande tre tilleggskriterier er oppfylte: 1) Føretaket overtek same år, eller året før, alle sine verksemder frå berre eitt anna føretak. 2) Det andre føretaket avgjev alle sine verksemder til det første. 3) Det andre føretaket blir samtidig lagt ned eller blir inaktivt i minst 2 år. Ei overdraging er i praksis ei rein vidareføring av eksisterande aktivitet, og reknast derfor ikkje som nytt føretak.

Eigarskifte: Eigarskifte skjer det året eit føretak blir førstegongsetablert eller reaktivert, dersom minst eitt av følgande tre tilleggskriterier er oppfylte: 1) Føretaket overtek same år, eller året før, verksemder frå fleire føretak. 2) Avgjevande føretak avgjev verksemder til fleire føretak. 3) Avgjevande føretak fortsett å være aktivt. Eit eigarskifte inneber opprettinga av ei ny organisatorisk eining som i ulik grad vidarefører eksisterande aktivitet. Eigarskifte reknast derfor som nytt føretak, men ikkje som nyetablering. Overdragingar reknast ikkje som eigarskifte, og heller ikkje anskaffing av verksemder frå andre føretak i andre år enn etableringsåret. For eigarskifte i forbinding med opphøyr av føretak, sjå opphøyrde føretak.

Overleving: eit nyetablert føretak i år t har overlevd i år t+n (n>=1) dersom det hadde aktivitet i t+n og samanhengande inaktivitet i maksimalt 1 år i perioden mellom t og t+n. Overleving kan deles inn i to kategoriar: 1. Direkte overleving skjer når det er same føretak som innehar aktiviteten i år t+n. 2. Overleving ved overdraging skjer når eit anna føretak har overtatt verksemda i tråd med definisjonen av overdraging. Det opphavelege føretaket sin næringskode, storleiksgruppe, organisasjonsform og regiontilhøyrsle blir behaldt.

Sovande føretak: Sovande føretak er kjenneteikna ved at dei er inaktive gjennom éin heil årgang, og deretter blir aktive igjen. Føretak som er sovande i statistikkens siste endelege årgang eller i årgangen med foreløpige tall, er midlertidig klassifisert som ikkje overlevde i desse årgangane, da det manglar sikker informasjon om aktivitet i den påfølgande årgangen på det tidspunktet statistikken blir publisert. Ved neste publisering, når det føreligg sikker informasjon om aktivitet i oppvakningsåret, blir føretaka overførte til kategorien sovande føretak i den årgangen dei var inaktive. Frå oppvakningsåret reknast dei igjen som overlevde.

Vakna føretak: Vakna føretak er føretak som er blitt aktive igjen, etter tidlegare å ha vært sovande.

Opphøyrde føretak: Eit føretak reknast som opphøyrt det siste året det hadde aktivitet, eller det siste året med aktivitet før ein periode på minst to år utan aktivitet. Føretak kor verksemder er overtatt av andre føretak i forbinding med opphøyret, inkludert fusjon, reknast som opphøyrt ved eigarskifte. Andre opphøyr reknast som nedleggingar. Dersom kriteria for overdraging er oppfylte, reknast ikkje avviklinga av føretaket som opphøyr, sidan aktiviteten i praksis er vidareført.

Nedlagte føretak: Føretak kor hele aktiviteten er opphøyrt, i motsetning til opphøyr ved eigarskifte kor deler av aktiviteten er vidareført i eitt eller fleire andre føretak. Se «opphøyrde føretak» for ytterlegare forklaring.

Vekst: Vekst er definert som auke i omsetning eller talet på sysselsette frå året før.

Høgvekstføretak: Høgvekstføretak er definert som alle føretak i føretaksdemografien som over ein periode på tre år har ein gjennomsnittleg årleg vekst på minst 10 prosent. Vekst blir målt både i omsetning, sysselsetting og talet på lønstakarar. Føretaka skal i periodens startår ha minst 10 lønstakarar, og være etablert seinast året før periodens startår, dvs. være minst 4 år gamle.

Høgvekst-mikro-føretak: Høgvekst-mikro-føretak er høgvekstføretak med 1-9 lønstakarar i periodens startår. Høgvekst er definert på to ulike måtar: 1) Som for vanlege høgvekstføretak. 2) Vekst på minst 3,31 sysselsette eller lønstakarar – i praksis minst 4 fordi mikrodataa er avrunda – i løpet av treårsperioden. Inntil vidare er det berre høgvekst-mikro-føretak etter definisjon 1) som er publisert.

Potensielle høgvekstføretak: Potensielle høgvekstføretak er alle føretak med minst 10 lønstakarar i periodens startår, som blei etablert seinast året før periodens startår, dvs. er minst 4 år gamle. Tilsvarande for potensielle høgvekst-mikro-føretak.

Gasellar: Gasellar er 4 eller 5 år gamle høgvekstføretak.

Mikro-gasellar: Mikro-gasellar er 4 eller 5 år gamle høgvekst-mikro-føretak.

Potensielle gasellar: Potensielle gasellar er 4 eller 5 år gamle potensielle høgvekstføretak. Tilsvarande for potensielle mikro-gasellar.

Sysselsette: Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i referanseuka til fem utvalde månader i året. Sysselsette er definert som personar med inntektsgjevande arbeid av minst éin times lengde i referanseuka, samt personar med midlertidig fråvær frå slikt arbeid, og omfattar lønstakarar og sjølvstendig næringsdrivande (dvs. sysselsette eigarar). Ein person kan være sysselsett i fleire føretak.

Lønstakarar: Lønstakarar er definert som alle som mottar kompensasjon i form av lønn o.l. for arbeid av minst éin times lengde i referanseuka, inkludert oppdragstakarar. Dette samsvarer med definisjonen av employees i Eurostat. Sjølvstendig næringsdrivande er ikkje inkluderte.

Tilsette: Tilsette omfattar alle lønstakarar som føretaket har arbeidsgjevaransvar for. Oppdragstakarar er ikkje inkludert.

Oppdragstakarar: Oppdragstakarar omfattar frilansarar og personar som mottar honorar for arbeid av minst éin times lengde i referanseuka.

Sysselsette (justert): Sysselsette fratrukke oppdragstakarar og tilsette i svært små stillingar (< 4 timar per uke). Tilsvarar "Sysselsette (ekskl. oppdragstakarar)" i inndelingar etter størrelse og type vekst.

Omsetning: Omsetning er definert som summen av godtgjering for sal til kundar, avanse ved sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leigeinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje offentlege tilskot, meirverdiavgift eller gevinst ved sal av anleggsmidlar. I finansielle næringar og forsikring (næring K) blir også alternative størrelsar som t.d. driftsinntekter brukte for å avgjere om føretaka er aktive, dersom dei manglar sysselsette.

Organisasjonsform: Motsvarar selskapsform i Einingsregisteret i Brønnøysund (ER). Her blir det bl.a. skilt mellom einskildpersonføretak (ENK), aksjeselskap (AS og ASA) og andre organisasjonsformer som NUF og ansvarleg selskap (ANS og DA). Tabellar basert på etableringsår viser organisasjonsforma i etableringsåret, mens tabellar basert på overlevingsår viser organisasjonsforma i overlevingsåret.

Lokalisering: Føretaket er lokalisert til fylke og kommune ut frå føretakets forretningsadresse. I føretak med verksemd på fleire steder, vil føretaket være lokalisert der hovudkontoret ligg. Tabellar basert på etableringsår viser lokaliseringa i etableringsåret, mens tabellar basert på overlevingsår viser Lokaliseringa i overlevingsåret.

Standard for næringsgruppering (SN2007)
Standarden byggjer på EUs standard NACE Rev.2, og gjeld frå og med statistikkåret 2008. Næringsstandarden finst her.

Næringsgruppering i føretaksdemografien (kombinert standard)
Standarden byggjer på noverande og førre Standard for næringsgruppering (SN2007 og SN2002), samt organisasjonsformene AS, ENK og andre. Den gjeld frå og med statistikkåret 2002. Næringsgruppering i føretaksdemografien og korrespondanse mellom denne og Standard for næringsgruppering finst her.

Inndeling av føretak etter storleiksgruppe
Føretaka sin storleik er delt inn etter Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe, eller aggregeringar av denne.

Standard for organisasjonsform
Føretaka sin organisasjonsform er delt inn etter Standard for organisasjonsform, eller aggregeringar av denne.

Årlege tal: Føretak, sysselsette og lønstakarar (tilsette)

Kvartalsvise tal: Juridiske einingar

Kontakt

Håkon Frøysa Skullerud

41 43 59 39

Relatert innhold