Talet på nye føretak er no på nivå med perioden før covid-pandemien, etter å ha ligge høgt under pandemien og lågt i åra etter.
– Mange av dei som nytta høvet til å starte eige firma under pandemien, for eksempel fordi dei hadde lite å gjere i den vanlege jobben, ville kanskje elles gjort det i åra etter, seier seksjonssjef Erik Fjærli, og legg til at nye grupper av etablerarar etter kvart kjem til. Han peiker samstundes på at tala i denne statistikken åleine ikkje er nok til å slå fast nokon årsakssamanheng.
Av nyregistreringane var 8 669 aksjeselskap og 9 252 enkeltpersonføretak, medan 171 hadde andre selskapsformer. Fordelinga mellom nye aksjeselskap og nye enkeltpersonføretak var om lag som i 1. kvartal 2025, da andelen aksjeselskap òg var relativt høg, medan det aldri har vore færre nyregistreringar med andre selskapsformer enn no.
Byggenæringa og IKT-næringa knivar om andreplassen
Det var 31 prosent fleire nyregistreringar innanfor Informasjon og kommunikasjon, målt mot same kvartal i fjor. I bygge- og anleggsbransjen gjekk samstundes talet på nyregistreringar ned med 6 prosent, men målt mot førre kvartal var derimot utviklinga sterk med ei auke på 29 prosent. Det var dermed marginalt fleire nyregistreringar innanfor bygg og anlegg enn i IKT-næringa i siste kvartal, med 1 397 mot 1 391 etableringar. Klårt flest nyregistreringar var det likevel innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med 2 490 etableringar.
I løpet av det siste året vaks talet på nyregistreringar der næringa er ukjend med 31 prosent til eit betydeleg nivå (sjå boksen "Mange føretak med ukjend næring"). Tala for dei ulike næringane må derfor tolkast varsamt.
Ny næringsstandard frå 1. kvartal 2026
Frå 1. kvartal 2026 er det publisert tal fordelt etter den nye næringsstandarden SN2025 i ein eigen tabell i Statistikkbanken, i tillegg til dei vanlege tabellane. Dei viktigaste endringane er:
- Næringa «J Informasjon og kommunikasjon» er splitta i «J Utgiving, kringkasting, innhaldsproduksjon og distribusjonsverksemd» og «K Telekommunikasjon, dataprogrammering, konsulentverksemd, datainfrastruktur og andre tenester i tilknyting til informasjonsteknologi», og dei påfølgjande næringane er flytt ein
- Bustadbyggarlag og eigedomsutvikling er flytt frå næring F (bygge- og anleggsverksemd) til næring M (eigedomsverksemd).
- Reparasjon av motorvogner og motorsyklar er flytt frå næring G (varehandel) til næring T (anna tenesteyting).
- Barnehagar er flytt frå Q (helse- og sosialtenester) til nye Q (undervisning).
Artikkelen byggjer likevel på den gamle standarden SN2007. Dette gir grunnlag for samanlikning med tidlegare periodar, samstundes som skilnadene er nokså små mellom dei to standardene på det aggregerte nivået som er brukt artikkelen.
Tabellen nedenfor syner talet på nyregistrerte føretak etter begge dei to standardene, og skilnadane mellom dei. Næringar som er utan nyregistreringar etter begge standardar, er haldne utanom.
| Næring (SN2025) | SN2025 (ny) | SN2007 (gamal¹) | Differanse (føretak) | Differanse (prosent) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| I alt | 18 097 | 18 092 | 5 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| B Bergverksdrift og utvinning | 10 | 10 | 0 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| C Industri | 424 | 424 | 0 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| D Forsyning av elektrisitet, gass, damp og kjøleluft | 18 | 16 | 2 | 12,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| E Forsyning av vatn, avløps-, renovasjons- og oppryddingsverksemd | 17 | 16 | 1 | 6,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| F Byggje- og anleggsverksemd | 1 322 | 1 397 | -75 | -5,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| G Varehandel | 1 097 | 1 216 | -119 | -9,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| H Transport og lagring | 871 | 868 | 3 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| I Overnattings- og serveringsverksemd | 390 | 388 | 2 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| J Utgiving, kringkasting, innhaldsproduksjon og distribusjonsverksemd | 295 | 0 | 295 | - | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| K Telekommunikasjon, dataprogrammering, konsulentverksemd, datainfrastruktur, m.m. | 1 108 | 1 391 | -283 | -20,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| L Finansiell tenesteyting | 12 | 7 | 5 | 71,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| M Eigedomsverksemd | 682 | 598 | 84 | 14,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| N Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 2 499 | 2 490 | 9 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| O Forretningsmessig tenesteyting | 916 | 921 | -5 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Q Undervisning | 735 | 718 | 17 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| R Helse- og sosialtenester | 951 | 961 | -10 | -1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| S Kulturell verksemd, idrett og fritidsaktivitetar | 1 049 | 1 045 | 4 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| T Anna tenesteyting | 819 | 682 | 137 | 20,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| zz5 Ikkje oppgjeve | 4 882 | 4 944 | -62 | -1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 1Næringane K til S er plassert under SN2025 L til T, i samsvar med næringas reelle innhald. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien i 2020. Delen av nye føretak med ukjend næring er rettnok nær halvert sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig høg og igjen aukande. I 1. kvartal 2026 hadde 27 prosent av nyregistreringane ukjend næring, og fordelinga etter næring må difor tolkast varsamt.
Berekningane er lagt om sidan førre publisering, i samband med ei større omlegging av datasystema i SSB. Skilnadene er i hovudsak små, men tala bakover i tid er likevel erstatta av dei nye berekningane for å sikre at dei er fullt samanliknbare. Fordelinga av nyregistreringar på næring, inkludert ukjend næring, er ikkje vesentleg endra som følgje av dette.