Talet på nye føretak ligg no like høgt som under covid-pandemien, då særs mange valde å registrere nytt firma.

– Vi ser òg at mange no vel aksjeselskap som selskapsform framfor enkeltpersonføretak, ein trend som har vore vanleg i urolege tider fordi det tek ned risikoen for eigaren, seier gruppeleiar Stein Bakke.

I 3. kvartal 2026 var nær 47 prosent av nyregistreringane eit aksjeselskap, fleire enn i noko 3. kvartal så lenge SSB har målt, medan vel 52 prosent var enkeltpersonføretak. Resten hadde andre selskapsformer.

Over 1 500 IKT-etableringar

Det vart registrert 1 888 nye føretak innanfor Informasjon og kommunikasjon i 3. kvartal 2026. Det er 65 prosent fleire enn i same kvartal i fjor, og det høgste talet SSB har målt.

I den nye næringsstandarden, som har vore i bruk sidan årsskiftet, er Informasjon og kommunikasjon splitta i to næringar. Den eine av desse omfattar IKT-tenester som programmering, infrastruktur og telekommunikasjon, medan den andre inneheld utgiving, kringkasting, innhaldsproduksjon og distribusjonsverksemd. Det var 1 530 etableringar innanfor IKT-tenester i 3. kvartal, etter ein sterk vekst på 20 prosent frå kvartalet før. Til samanlikning vaks talet på etableringar totalt med 5 prosent i same periode.

– Dei knallsterke tala for IKT-etableringar frå 2. kvartal blei slått med klår margin, og næringa har no vakse forbi andre næringar som bygg og anlegg og varehandel i talet på etableringar, heilt opp til andreplass, seier Bakke.

Veksten innanfor dei andre delane av Informasjon og kommunikasjon var likevel endå sterkare, med 36 prosent, men IKT-tenester utgjer stadig 80 prosent av etableringane innanfor den gamle næringa Informasjon og kommunikasjon.

Det høyrer òg med at årsveksten på 65 prosent innanfor Informasjon og kommunikasjon kom frå eit allereie høgt nivå, medan førre kvartals årsvekst på heile 97 prosent kom frå eit særs lågt nivå. Så sjølv om veksten var lågare dette kvartalet, stadfestar den likevel den enorme utviklinga i næringa den siste tida.

Industrien og varehandelen auka òg mykje i talet på etableringar, med høvesvis 28 og 23 prosent, og kom dermed opp frå relativt låge nivå året før. I bygge- og anleggsbransjen var talet på etableringar nær uendra, og nivået er dermed framleis svært lågt. Tre viktige næringar som sjeldan blir omtalt i denne statistikken fordi det er få etableringar der, er Bergverksdrift og utvinning, Kraftforsyning og Vatn, avløp og renovasjon. Her er etableringstakta no særs låg etter ein i hovudsak nedgåande trend dei siste åra. Største næring var nok ein gong Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, med 2 129 etableringar.

Ein stor del av etableringane hadde ukjend næring, men delen var mindre enn i same kvartal i fjor (sjå boks). Noko av veksten i næringane kan derfor kome av betre registrering av næring.

Oslo var fylket med flest etableringar, medan den største veksten fann stad i Finnmark. Det var vekst i nesten alle fylka, men i Trøndelag var talet på etableringar nær uendra.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 3. kvartal 2001-2026

Det er eit stort etterslep i registrering av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien i 2020. Delen av nye føretak med ukjend næring er rettnok klårt lågare enn toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig høg. I 3. kvartal 2026 hadde 19 prosent av nyregistreringane ukjend næring, etter at kategorien gjekk ned med 9 prosent det siste året. Nyregistreringar med kjend næring auka samstundes med 15 prosent samla sett. Fordelinga av nyregistrerte føretak etter næring må difor tolkast varsamt.

Sidan 1. kvartal 2026 er det publisert tal fordelt etter den nye næringsstandarden SN2025 i ein eigen tabell i Statistikkbanken, i tillegg til dei eldre tabellane. Les om den nye standarden nederst i denne artikkelen.