Statistikk innhold

Statistikk om

Føretak

Statistikken viser årlege tal på aktive, nyetablerte og avslutta føretak, samt i kva grad nyetablerte føretak overlever og i kva grad føretak veks. Dessutan viser statistikken sysselsetting og lønstakarar i føretaka. Den viser og kvartalsvise tal på nye føretak.

Oppdatert: 18. september 2025
Neste oppdatering: 6. november 2025

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Antall føretak
    Antall føretak
    2. kvartal 20251. kvartal 2025 -2. kvartal 20252. kvartal 2024 -2. kvartal 2025
    Nye føretak (antall og prosent)14 377-14,2-5,8
    Aksjeselskap (AS)6 214-8,6-1,7
    Enkeltpersonforetak7 711-21,4-9,9
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak, etter storleik.

  • Nyetablerte aktive foretak og overlevelse inntil 5 år

  • Føretak, etter vekst i talet på lønnstakarar

    Eit brot i tidsserien for sysselsette kan ha gitt for høg vekst i 2015 - 2017. Brotet skuldast innføringa av ein ny metode for innsamling av data for tilsette (A-ordninga) i 2015. Blant føretak med minst 10 tilsette ser likevel brotet ut til å ha beskjeden verknad på tala.
  • Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
    Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
    4. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 20244. kvartal 20241. kvartal 20252. kvartal 2025
    I alt16 19215 69015 25815 69215 74816 75314 377
    Ansvarlig selskap20262321213535
    Aksjeselskap (AS)6 8447 1026 3196 6976 7317 9086 214
    Allment aksjeselskap (ASA)0110131
    Selskap med delt ansvar (DA)731007589838287
    Enkeltpersonforetak9 0278 2008 5598 4718 6128 4327 711
    Norsk avdeling av utenlandsk foretak130167177156140191165
    Andre organisasjonsformer9894104258160102164
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak og sysselsette, etter næringshovedområde.
    Aktive føretak og sysselsette, etter næringshovedområde.
    2023Prosentvis endring fra året før
    Talet på føretakSysselsetteTalet på føretakSysselsette
    Alle næringar333 8461 666 599-0,61,2
    Bergverksdrift, utvinning og industri19 396293 2010,82,5
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd1 31510 8021,33,9
    Byggje- og anleggsverksemd59 647269 205-0,10,8
    Varehandel, reparasjon av motorvogner49 187386 1320,20,2
    Transport og lagring21 932146 4761,32,4
    Overnattings- og serveringsverksemd13 494117 3652,82,2
    Informasjon og kommunikasjon22 540112 0825,22,6
    Omsetning og drift av fast eigedom59 01732 2435,0-1,1
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting59 471158 9314,42,1
    Forretningsmessig tenesteyting23 691138 7432,9-1,5
    Uoppgitt4 1561 419-70,941,3
    Standardteikn i tabellar
  • Aktive føretak og sysselsette, etter størrelse.
    Aktive føretak og sysselsette, etter størrelse.
    20232023Prosentvis endring fra året før
    Talet på føretakSysselsetteTalet på føretakSysselsette
    I alt333 8461 666 599-0,61,2
    0 sysselsette, eller inga rapportering149 3030-1,4.
    1-4 sysselsette134 764215 5430,4-0,9
    5-9 sysselsette23 706159 342-2,3-2,2
    Minst 10 sysselsette26 0731 271 5420,12,0
    I alt333 8461 666 599-0,61,2
    Har ikkje omsetning, eller inga rapportering4 90129 083-68,64,8
    1 000 - 4 999 000 kr i omsetning259 907211 4323,2-2,1
    5 000 000 - 9 999 000 kr i omsetning23 55299 1920,8-2,8
    Minst 10 000 000 kr i omsetning45 4861 326 8920,72,0
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte og overlevde føretak, etter etableringsår og alder.
    Nyetablerte og overlevde føretak, etter etableringsår og alder.
    Antall nyetablerte foretak1 år2 år3 år4 år5 år
    201829 48124 31320 69417 82815 87414 097
    201933 46326 95823 33920 58617 704.
    202035 65729 35225 96020 558..
    202143 38035 98727 686...
    202241 59529 639....
    202340 816.....
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte føretak og overlevingsgrad, etter næringshovedområde og alder.
    Nyetablerte føretak og overlevingsgrad, etter næringshovedområde og alder.
    Antall nyetablerte føretakOverlevde (prosent av nyetablerte)
    1 år2 år3 år4 år5 år
    2023
    Alle næringar40 81671,363,857,752,947,8
    Bergverksdrift, utvinning og industri1 84278,873,567,358,954,5
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd7984,274,758,869,267,2
    Byggje- og anleggsverksemd6 88681,270,761,552,446,8
    Varehandel, reparasjon av motorvogner4 77680,570,262,353,547,6
    Transport og lagring2 74683,070,254,948,143,8
    Overnattings- og serveringsverksemd1 62283,574,164,251,746,1
    Informasjon og kommunikasjon3 77375,967,257,854,146,7
    Omsetning og drift av fast eigedom5 00184,479,472,569,161,4
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting9 58475,166,457,650,645,1
    Forretningsmessig tenesteyting3 45678,770,260,451,847,5
    Uoppgitt1 05114,512,812,719,714,2
    Standardteikn i tabellar
  • Nyetablerte føretak og deira overleving , etter organisasjonsform og alder.
    Nyetablerte føretak og deira overleving , etter organisasjonsform og alder.
    Antall nyetablerte føretakOverlevde (prosent av nyetablerte)
    1 år2 år3 år4 år5 år
    Alle organisasjonsformer
    201829 48283,370,961,354,648,6
    201933 46380,670,061,753,1
    202035 65882,573,158,1
    202143 38083,264,1
    202241 59571,5
    202340 816
    Aksjeselskap og allmennaksjeselskap
    201818 02885,576,368,161,955,6
    201918 31785,477,770,260,6
    202021 04887,079,762,5
    202123 98687,364,4
    202223 28469,6
    202321 108
    Enkeltpersonføretak
    201810 92280,362,850,943,437,9
    201914 67074,860,751,644,2
    202013 54176,663,851,9
    202118 87578,263,9
    202217 86174,0
    202319 202
    Andre organisasjonsformer
    201853272,256,243,436,530,8
    201947675,457,646,637,8
    20201 06968,859,849,2
    202151973,655,7
    202245072,4
    2023506
    Standardteikn i tabellar
  • Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er minst 4 år gamle.
    Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er minst 4 år gamle.
    I altSvært høg vekst i lønnstakarar (20 prosent eller høgare)Høg vekst i lønnstakarar (10 til 19 prosent)Stabilt tal på lønnstakarar (-9 til 9 prosent)Stor nedgang i lønnstakarar (-19 til -10 prosent)Svært stor nedgang i lønnstakarar (-20 prosent eller lågare)
    2023
    Talet på føretak
    I alt115 9939 16510 05655 1315 64418 697
    1-4 lønnstakarar69 9236 9475 16727 8122 29015 649
    5-9 lønnstakarar22 2531 1722 61511 9291 8391 838
    Minst 10 lønnstakarar23 8171 0462 27415 3901 5151 210
    Sysselsette ved periodestart
    I alt1 458 48861 567146 923969 14268 72890 932
    1-4 lønnstakarar148 94212 71214 40757 1817 15132 285
    5-9 lønnstakarar147 1657 58117 20179 66512 02411 920
    Minst 10 lønnstakarar1 162 38141 274115 315832 29649 55346 727
    Sysselsette ved periodeslutt
    I alt1 428 785154 513214 612992 19844 28623 176
    1-4 lønnstakarar124 27732 73920 81256 9114 8578 958
    5-9 lønnstakarar135 37019 75025 09380 0627 7562 709
    Minst 10 lønnstakarar1 169 138102 024168 707855 22531 67311 509
    Standardteikn i tabellar
  • Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er 4 til 5 år gamle.
    Føretak, sysselsette ved periodestart og sysselsette ved periodeslutt, etter vekst i talet på lønnstakarar. Føretak som hadde 10 eller fleire lønnstakarar ved periodestart, som er 4 til 5 år gamle.
    I altSvært høg vekst i lønnstakarar (20 prosent eller høgare)Høg vekst i lønnstakarar (10 til 19 prosent)Stabilt tal på lønnstakarar (-9 til 9 prosent)Stor nedgang i lønnstakarar (-19 til -10 prosent)Svært stor nedgang i lønnstakarar (-20 prosent eller lågare)
    2023
    Talet på føretak
    I alt16 6932 2711 4695 5624982 878
    1-4 lønnstakarar12 6121 8168753 9742412 542
    5-9 lønnstakarar2 533288398873161232
    Minst 10 lønnstakarar1 54816719671596104
    Sysselsette ved periodestart
    I alt81 4718 9339 27033 0493 8659 622
    1-4 lønnstakarar24 6823 3982 3557 0067304 834
    5-9 lønnstakarar16 4491 8232 6025 7071 0541 514
    Minst 10 lønnstakarar40 3403 7124 31320 3362 0813 274
    Sysselsette ved periodeslutt
    I alt77 24725 16313 58533 9202 5002 079
    1-4 lønnstakarar21 6609 6393 4616 9984891 073
    5-9 lønnstakarar15 7145 1153 8305 806675288
    Minst 10 lønnstakarar39 87310 4096 29421 1161 336718
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 14. januar 2025.

Føretak: Eit føretak er definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig makt til å fatte avgjersler (autonome). Juridiske einingar som ikkje er autonome (t.d. hjelpeeiningar) er slått saman med den autonome juridiske eininga den yter tenester til, slik at desse til saman utgjer eit føretak.

Verksemd: Ei verksemd er definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining som hovudsakeleg driver med aktivitetar innanfor ei viss næringsgruppe. Ei verksemd er ein undereining av den juridiske eininga. I Eurostat-samanheng svarar dette til «local kind-of-activity unit».

Aktivitet: Aktivitet er eit mål på om føretaket var i drift eller ikkje, og i kor stor grad. I versjonane «føretak med aktivitet» og «registrerte føretak» er aktivitet kjenneteikna ved sysselsetting eller omsetning i løpet av året, og i versjonen «føretak med lønstakarar» er aktivitet kjenneteikna ved at føretaket hadde lønstakarar i løpet av året. I versjonen «registrerte føretak» er også registreringa av føretaket regnet som aktivitet.

Nytt føretak: Nye føretak omfattar alle førstegongsetableringar og reaktiveringar av føretak. Eigarskifte reknast som nye føretak, men det gjer ikkje overdragingar.

Nyetablering: Nyetableringar omfattar alle nye føretak, unntatt etableringar ved eigarskifte (og overdragingar).

Førstegongsetablering: eit føretak reknast som førstegongsetablert i versjon «føretak med aktivitet», «føretak med lønstakarar» og «føretak med aktivitet (unntatt oppdragstakarar)» det første året det hadde aktivitet, og i versjon «registrerte føretak» i gyldigheitsåret for den første opplysninga om føretaket i SSBs Verksemds- og føretaksregister (VoF) eller stiftingsåret (gjelder berre AS) dersom dette var tidlegare. Eigarskifte kan reknast som førstegongsetablering, men ikkje overdragingar.

Reaktivering: Reaktiveringar er føretak som blir aktive igjen etter minst 2 års inaktivitet. Overdragingar er unntatt.

Overdraging: ei overdraging skjer det året eit føretak startar eller gjenopptek aktiviteten, dersom følgjande tre tilleggskriterier er oppfylte: 1) Føretaket overtek same år, eller året før, alle sine verksemder frå berre eitt anna føretak. 2) Det andre føretaket avgjev alle sine verksemder til det første. 3) Det andre føretaket blir samtidig lagt ned eller blir inaktivt i minst 2 år. Ei overdraging er i praksis ei rein vidareføring av eksisterande aktivitet, og reknast derfor ikkje som nytt føretak.

Eigarskifte: Eigarskifte skjer det året eit føretak blir førstegongsetablert eller reaktivert, dersom minst eitt av følgande tre tilleggskriterier er oppfylte: 1) Føretaket overtek same år, eller året før, verksemder frå fleire føretak. 2) Avgjevande føretak avgjev verksemder til fleire føretak. 3) Avgjevande føretak fortsett å være aktivt. Eit eigarskifte inneber opprettinga av ei ny organisatorisk eining som i ulik grad vidarefører eksisterande aktivitet. Eigarskifte reknast derfor som nytt føretak, men ikkje som nyetablering. Overdragingar reknast ikkje som eigarskifte, og heller ikkje anskaffing av verksemder frå andre føretak i andre år enn etableringsåret. For eigarskifte i forbinding med opphøyr av føretak, sjå opphøyrde føretak.

Overleving: eit nyetablert føretak i år t har overlevd i år t+n (n>=1) dersom det hadde aktivitet i t+n og samanhengande inaktivitet i maksimalt 1 år i perioden mellom t og t+n. Overleving kan deles inn i to kategoriar: 1. Direkte overleving skjer når det er same føretak som innehar aktiviteten i år t+n. 2. Overleving ved overdraging skjer når eit anna føretak har overtatt verksemda i tråd med definisjonen av overdraging. Det opphavelege føretaket sin næringskode, storleiksgruppe, organisasjonsform og regiontilhøyrsle blir behaldt.

Sovande føretak: Sovande føretak er kjenneteikna ved at dei er inaktive gjennom éin heil årgang, og deretter blir aktive igjen. Føretak som er sovande i statistikkens siste endelege årgang eller i årgangen med foreløpige tall, er midlertidig klassifisert som ikkje overlevde i desse årgangane, da det manglar sikker informasjon om aktivitet i den påfølgande årgangen på det tidspunktet statistikken blir publisert. Ved neste publisering, når det føreligg sikker informasjon om aktivitet i oppvakningsåret, blir føretaka overførte til kategorien sovande føretak i den årgangen dei var inaktive. Frå oppvakningsåret reknast dei igjen som overlevde.

Vakna føretak: Vakna føretak er føretak som er blitt aktive igjen, etter tidlegare å ha vært sovande.

Opphøyrde føretak: Eit føretak reknast som opphøyrt det siste året det hadde aktivitet, eller det siste året med aktivitet før ein periode på minst to år utan aktivitet. Føretak kor verksemder er overtatt av andre føretak i forbinding med opphøyret, inkludert fusjon, reknast som opphøyrt ved eigarskifte. Andre opphøyr reknast som nedleggingar. Dersom kriteria for overdraging er oppfylte, reknast ikkje avviklinga av føretaket som opphøyr, sidan aktiviteten i praksis er vidareført.

Nedlagte føretak: Føretak kor hele aktiviteten er opphøyrt, i motsetning til opphøyr ved eigarskifte kor deler av aktiviteten er vidareført i eitt eller fleire andre føretak. Se «opphøyrde føretak» for ytterlegare forklaring.

Vekst: Vekst er definert som auke i omsetning eller talet på sysselsette frå året før.

Høgvekstføretak: Høgvekstføretak er definert som alle føretak i føretaksdemografien som over ein periode på tre år har ein gjennomsnittleg årleg vekst på minst 10 prosent. Vekst blir målt både i omsetning, sysselsetting og talet på lønstakarar. Føretaka skal i periodens startår ha minst 10 lønstakarar, og være etablert seinast året før periodens startår, dvs. være minst 4 år gamle.

Høgvekst-mikro-føretak: Høgvekst-mikro-føretak er høgvekstføretak med 1-9 lønstakarar i periodens startår. Høgvekst er definert på to ulike måtar: 1) Som for vanlege høgvekstføretak. 2) Vekst på minst 3,31 sysselsette eller lønstakarar – i praksis minst 4 fordi mikrodataa er avrunda – i løpet av treårsperioden. Inntil vidare er det berre høgvekst-mikro-føretak etter definisjon 1) som er publisert.

Potensielle høgvekstføretak: Potensielle høgvekstføretak er alle føretak med minst 10 lønstakarar i periodens startår, som blei etablert seinast året før periodens startår, dvs. er minst 4 år gamle. Tilsvarande for potensielle høgvekst-mikro-føretak.

Gasellar: Gasellar er 4 eller 5 år gamle høgvekstføretak.

Mikro-gasellar: Mikro-gasellar er 4 eller 5 år gamle høgvekst-mikro-føretak.

Potensielle gasellar: Potensielle gasellar er 4 eller 5 år gamle potensielle høgvekstføretak. Tilsvarande for potensielle mikro-gasellar.

Sysselsette: Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i referanseuka til fem utvalde månader i året. Sysselsette er definert som personar med inntektsgjevande arbeid av minst éin times lengde i referanseuka, samt personar med midlertidig fråvær frå slikt arbeid, og omfattar lønstakarar og sjølvstendig næringsdrivande (dvs. sysselsette eigarar). Ein person kan være sysselsett i fleire føretak.

Lønstakarar: Lønstakarar er definert som alle som mottar kompensasjon i form av lønn o.l. for arbeid av minst éin times lengde i referanseuka, inkludert oppdragstakarar. Dette samsvarer med definisjonen av employees i Eurostat. Sjølvstendig næringsdrivande er ikkje inkluderte.

Tilsette: Tilsette omfattar alle lønstakarar som føretaket har arbeidsgjevaransvar for. Oppdragstakarar er ikkje inkludert.

Oppdragstakarar: Oppdragstakarar omfattar frilansarar og personar som mottar honorar for arbeid av minst éin times lengde i referanseuka.

Sysselsette (justert): Sysselsette fratrukke oppdragstakarar og tilsette i svært små stillingar (< 4 timar per uke). Tilsvarar "Sysselsette (ekskl. oppdragstakarar)" i inndelingar etter størrelse og type vekst.

Omsetning: Omsetning er definert som summen av godtgjering for sal til kundar, avanse ved sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leigeinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje offentlege tilskot, meirverdiavgift eller gevinst ved sal av anleggsmidlar. I finansielle næringar og forsikring (næring K) blir også alternative størrelsar som t.d. driftsinntekter brukte for å avgjere om føretaka er aktive, dersom dei manglar sysselsette.

Organisasjonsform: Motsvarar selskapsform i Einingsregisteret i Brønnøysund (ER). Her blir det bl.a. skilt mellom einskildpersonføretak (ENK), aksjeselskap (AS og ASA) og andre organisasjonsformer som NUF og ansvarleg selskap (ANS og DA). Tabellar basert på etableringsår viser organisasjonsforma i etableringsåret, mens tabellar basert på overlevingsår viser organisasjonsforma i overlevingsåret.

Lokalisering: Føretaket er lokalisert til fylke og kommune ut frå føretakets forretningsadresse. I føretak med verksemd på fleire steder, vil føretaket være lokalisert der hovudkontoret ligg. Tabellar basert på etableringsår viser lokaliseringa i etableringsåret, mens tabellar basert på overlevingsår viser Lokaliseringa i overlevingsåret.

Standard for næringsgruppering (SN2007)
Standarden byggjer på EUs standard NACE Rev.2, og gjeld frå og med statistikkåret 2008. Næringsstandarden finst her.

Næringsgruppering i føretaksdemografien (kombinert standard)
Standarden byggjer på noverande og førre Standard for næringsgruppering (SN2007 og SN2002), samt organisasjonsformene AS, ENK og andre. Den gjeld frå og med statistikkåret 2002. Næringsgruppering i føretaksdemografien og korrespondanse mellom denne og Standard for næringsgruppering finst her.

Inndeling av føretak etter storleiksgruppe
Føretaka sin storleik er delt inn etter Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe, eller aggregeringar av denne.

Standard for organisasjonsform
Føretaka sin organisasjonsform er delt inn etter Standard for organisasjonsform, eller aggregeringar av denne.

Føretak, sysselsette og lønstakarar (tilsette)

Kontakt

Håkon Frøysa Skullerud

41 43 59 39

Relatert innhold