Mynter og person, illustrasjon

Vi seier gjerne at BNP er eit mål på korleis det går med økonomien fordi BNP måler kor stor verdiskapinga er og korleis ho utviklar seg.

BNP er lik verdien av alle varer og tenester som blir produserte i eit land i løpet av eit år, minus dei varene og tenestene som blir brukte under denne produksjonen.

Vi har to mål for BNP i Noreg, eit med og eit utan olje- og gassverksemda og utanriks sjøfart. Grunnen til dette er at den økonomiske aktiviteten i Noreg er stor i dei to næringane som ikkje er på fastlandet – altså i olje- og gassverksemda og utanriks sjøfart. 

BNP måler vi både i løpande og faste prisar, og BNP er eit vanleg mål i analysar av økonomisk vekst og levestandard.

Men kan ein måle det gode liv ved BNP? Det er det ulike meiningar om.

Desse temaa lærer du om i dei neste avsnitta.

Kva har olje og gass å seie for BNP?

I Noreg har vi to BNP-mål:

  • eitt for samla verdiskaping
  • eitt for Fastlands-Noreg, det vil seie utan olje- og gassverksemda

At vi har to BNP-mål kjem av at verdien av norsk olje- og gassverksemd betyr mykje for norsk økonomi og for tolkinga av BNP-tala. BNP for Fastlands-Noreg er eit mål for verdiskapinga frå produksjon frå alle næringar i Noreg utanom olje- og gassutvinning, rørtransport og utanriks sjøfart. Målt i faste prisar (2015) utgjorde olje- og gassutvinning, rørtransport (oljeverksemd) og utanriks sjøfart mellom 15,2 og 16,5 prosent av samla BNP for åra i figur 3.

Figur 3. BNP i millioner kroner. Faste 2015-priser

Du kan lese meir om kva BNP er, i artikkelen Hva er egentlig BNP

BNP fortel om utviklinga i økonomien

Når vi ser korleis norsk økonomi utviklar seg og dermed på økonomisk vekst, bruker vi tal for BNP i faste prisar. Med faste prisar kan vi samanlikne det reelle volumet av verdiskapinga i ulike periodar. Eit bilete av utviklinga i norsk økonomi målt ved årleg volumendring i BNP i faste prisar har vi i figuren under. I figuren ser de mellom anna at BNP-veksten var sterk gjennom mange år tidleg i perioden, med ein topp i 1984. Tala etter tusenårsskiftet viser ein kraftig vekst i BNP i 2004, då oljeprisane dobla seg. De ser også at BNP gjekk mykje ned i 2009 under finanskrisa og i 2020. Da påverka koronaviruset økonomien. I 2021 steig BNP mykje igjen, men veksten har siden vore lågare.

Figur 4. Bruttonasjonalprodukt (BNP). Årleg volumendring. 1971-2024

Figuren viser utviklinga i norsk økonomi, ved storleiken årleg volumendring i bruttonasjonalprodukt (BNP) frå 1971 til 2023. Her ser de blant anna at BNP-veksten var sterk gjennom mange år tidleg i perioden. Figuren viser jappetida frå 1983 til 1987, der veksten i toppåret 1984 var på 6,1 prosent, mens han var på -0,3 prosent i 1988. Så var det ein langvarig oppgang i BNP frå 1991 til 1998, og igjen ein kraftig vekst i BNP i 2004, då oljeprisane dobla seg. I 2009 under finanskrisa sokk BNP betydeleg, med -1,9 prosent, og i 2020 med -1,3 prosent. Då påverka koronaviruset økonomien. I 2021 steig BNP igjen. BNP voks også i 2022–2024, men ikkje like mykje som i 2021.

Kjelde: Nasjonalregnskap. Tal for 2023 og 2024 er førebelse.

Når SSB skriv om korleis det går med norsk økonomi, bruker vi omgrepa i reallikninga.

Les gjerne nokre utvalde avsnitt om dette (bokmål):

BNP Fastlands-Norge vokste 1,0 prosent i 1. kvartal 2025, etter et fall på 0,4 prosent i 4. kvartal 2024.

Veksten ble trukket opp av høy kraftproduksjon som følge av uvanlig høy fyllingsgrad i vannmagasinene. Varehandelsnæringen trakk også opp, dels på grunn av et oppsving i bilkjøp før varslede avgiftsendringer, men også økte kjøp av husholdningsvarer. Industri og fiske bidro også positivt etter en nedgang i foregående kvartal.

Fortsatt økning i offentlig konsum

Det har vært jevn vekst i konsumet i offentlig forvaltning gjennom 2024, og det fortsatte i 1. kvartal 2025. Konsumet i offentlig forvaltning består for en stor del av de tjenestene det offentlig selv produserer, og oppgang blant annet i helse- og omsorgstjenestene trakk opp BNP for Fastlands-Norge i 1. kvartal.  Investeringene i offentlig forvaltning gikk imidlertid ned i 1. kvartal. Det må sees i sammenheng med høye investeringer i foregående kvartaler, blant annet knyttet til leveranser av kampfly. 

Vekst i husholdningenes bilkjøp

Husholdningenes konsum økte 1,6 prosent fra 4. kvartal 2024 til 1. kvartal 2025, målt i faste priser. Varekonsumet økte hele 2 prosent, mens tjenestekonsumet økte 0,5 prosent. 

Økningen i varekonsumet knyttet seg til mange varegrupper, men det var særlig bilkonsumet som bidro til veksten. Fra 1. april ble det innført en avgiftsøkning på hybridbiler, noe som førte til en økning i nybilregistreringer månedene i forkant. 

Høy gasspris trakk opp handelsoverskuddet

Produksjon av olje og gass, målt i faste priser, har vist en negativ utvikling siden 3. kvartal i fjor og falt videre i 1. kvartal 2025. Nedgangen skyldes i hovedsak lavere oljeproduksjon, men også gassproduksjonen har gått noe ned. Det førte til at samlet BNP, medregnet olje- og gassvirksomhet, utviklet seg flatt i 1. kvartal, til tross for veksten i fastlandsøkonomien. 

Salgsverdien på naturgassen har samtidig holdt seg oppe, drevet av økte gasspriser. Ifølge SSBs utenrikshandelsstatistikk skyldes prisøkningen lave gasslagre i Europa etter en kald vinter og svak produksjon av fornybar energi. Dette førte til en økning i samlet eksportverdi på 6,8 prosent, selv om eksportvolumet falt 1,9 prosent. 

Importen av varer og tjenester falt både i verdi og volum, og summen av høy eksportverdi og lavere import førte til et handelsoverskudd på 240 milliarder kroner i 1. kvartal, ujustert.  Det er 57 milliarder kroner høyere enn for et år siden, og det høyeste nivået siden 1. kvartal 2023.    

Kilde: Norsk økonomi vokste i 1. kvartal, Statistisk sentralbyrå

Levestandarden er høg i Noreg samanlikna med andre land i Europa

Vi kan bruke BNP-tala i løpande prisar for landa til å samanlikne landa sin materielle levestandard i eit gitt år, slik vi snakka om i del 2. Den nominelle verdiskapinga i eit land har betydning for kva vi kan kjøpe av varer og tenester, altså kjøpekrafta vår i eit bestemt år.

Den europeiske kjøpekraftsundersøkinga vert også brukt for å rekne om landa sine bruttonasjonalprodukt (BNP) til tal ein kan samanlikne. Noreg kjem høgt i samanlikningar av kjøpekraft mellom land i Europa. I 2025 var Noreg nr. 3 på målinga, medan Luxembourg og Irland var nr. 1 og 2 (Eurostat, 2025).

I denne type måling har vi tatt omsyn til forskjellar i prisnivå mellom landa. Talet for BNP per innbyggar er særleg høgt for Luxembourg. Årsaka til dette er at mange av Luxembourgs arbeidstakarar er busette i nabolanda. Dei bidrar dermed til BNP, men er ikkje med i berekninga av «per innbyggar». Det same gjeld for Irlands BNP, der profitten frå multinasjonale selskap gir eit høgt BNP (Sæterdal, 2023). Mykje av denne profitten blir tatt ut igjen frå Irland, og bidrar då ikkje til å auke iranes velferdsnivå. Vi seier derfor at ein må tolke BNP-tala for Luxembourg og Irland med varsemd. 

Figur 5. Bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbygger i 2024, prisnivåjustert. Foreløpige tall. EU27=100 ¹

¹ EU27=100 betyr at BNP per innbygger er uttrykt som indekser der gjennomsnittet for EU-landene er satt lik 100.

Også konsumet per innbyggar er høgt i Noreg

BNP er eit mål for verdiskapinga i eit land, og slik sett i hovudsak eit mål for økonomisk aktivitet. Eit alternativt mål for innbyggarane si velferd er Personleg konsum per innbyggar er eit uttrykk for mengda av varer og tenester som eit individ forbruker for å tilfredsstille dei materielle behova sine. Personleg konsum måler derfor materiell velstand, og målet dekker forbruket av varer og tenester konsumert, uavhengig av om det er hushalda eller det offentlege som betaler for varene og tenestene..

Tal frå Den europeiske kjøpekraftsundersøkinga viser at Noreg i 2023 låg på 2. plass for personleg konsum per innbyggar i Europa. Det personege konsumet i Luxembourg og Noreg var 41 og 24 prosent over gjennomsnittet i EUs 27 medlemsland. Etter Noreg følger Nederland, Tyskland og Island, med eit konsum som høvesvis var 20, 18 og 16 prosent over EU-gjennomsnittet.

Resultata viser tydeleg at det er høgare materiell velstand i Nord-Europa samanlikna med Aust-Europa, spesielt landa på Balkan, noko vi også kan sjå i figur 6. Det er særleg konsumet av kulturtenester og bustadinnreiing som er relativt høgt i landa i Nord-Europa. Dette er også land som har relativt høgt BNP per innbyggar (Eurostat, 2024, Rauan, 2024).

Figur 6. Personlig konsum per innbygger i 2024. Prisnivåjustert. (EU27=100) ¹

¹ Personlig konsum inkluderer både varer og tjenester som betales og forbrukes av husholdningene, samt offentlige tjenester som konsumeres individuelt (for eksempel helse- og utdanningstjenester) og tjenester fra frivillige organisasjoner.

Kan BNP måle det gode liv?

Tal per innbyggar, for BNP eller personleg konsum, er laga ved å ta nivået for verdiskapinga eller personleg konsum i eit land og dele talet på antal innbyggarar. Ettersom desse måla ikkje viser fordelinga av verdiskapinga, seier BNP per innbyggar ingenting om kor mykje ein enkeltperson har til rådigheit. Det kan vere slik at nokre få rike personar har ein stor del av verdiskapinga, mens resten av innbyggarane har mykje, mykje mindre.

Vi kan altså seie at BNP eller personleg konsum per innbyggar seier noko om levestandarden for landet som heilskap, men ikkje for kvar innbyggar.

Å bruke BNP og andre økonomiske mål for samfunnsutviklinga som sjølve målet for kor godt livet er, har fått kritikk. Kritikken handlar om at slike økonomiske mål ikkje gjev eit godt nok bilete av sosiale framsteg

Derfor har arbeid med statistikk dei siste tiåra lagt vekt på også å bruke andre mål for folks velferd enn mål som BNP og konsum per innbyggar. I diskusjonar om kva andre mål vi kan bruke for å supplere dei økonomiske måla, har SSB føreslått indikatorar som gjev informasjon om livskvalitet, og då innanfor desse områda (Barstad, Bjørnskau & Rønning, 2023):

  • Subjektiv livskvalitet – Kva vi tenker og føler
  • Helse
  • Kunnskapar og ferdigheiter
  • Økonomi og materielle gode for personar
  • Fysisk tryggleik
  • Styresett og medverking
  • Sosial fellesskap
  • Arbeid og arbeidsmiljø
  • Fritid og kultur
  • Natur og nærmiljø

I juni 2025 la regjeringa fram Nasjonal livskvalitetsstrategi og seier blant anna: «Målet med strategien er å vise retningen for hvordan vi kan gå fra dagens målinger av befolkningens livskvalitet til å utvikle politikk som i større grad kan ta hensyn til det som er viktig for god livskvalitet.» Strategien tek også for seg utfordringar med å finne heilskaplege mål på livskvalitet og avgrensingar som eit lands BNP har som mål for livskvalitet.

Gjer oppgåve E.

Barstad, A, Bjørnskau, T. & E. Rønning. (2023, 12. desember). Forslag til et rammeverk for måling av livskvalitet i Norge. Rapporter 2023/51. ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/artikler/forslag-til-et-rammeverk-for-maling-av-livskvalitet-i-norge/_/attachment/inline/73aa4f91-eefa-46a1-b57d-b9d6acd7bd91:e9139570887b7b85d0f52885101fcbe1dc5a0188/RAPP2023-51.pdf

Barstad, A. (2016, 16. mars) Kan det gode liv måles. ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/artikler-og-publikasjoner/kan-det-gode-liv-males

Bougroug, A, Blytt, J. & I. Slaatsveen. (2025, 15. mai). Norsk økonomi vokste i 1. kvartal. ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap/artikler/Norsk%20%C3%B8konomi%20vokste%20i%201.kvartal

Eurostat. (2025, 18. desember). GDP per capita, consumption per capita and price level indices. ec.europa.eu: https://ec.europa.eu/eurostat/statistics-explained/index.php?title=GDP_per_capita,_consumption_per_capita_and_price_level_indices

Rauan, E. (2024, 19. desember. Nordmenns konsum nest høyest i Europa. ssb.no: https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/statistikk/sammenlikning-av-prisniva-i-europa/artikler/nordmenns-konsum-nest-hoyest-i-europa

Statistisk sentralbyrå. (2024, 19. mars). Hva er egentlig BNP?  ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap/artikler/hva-er-egentlig-bnp

Statistisk sentralbyrå. (2025, 20. juni) Sammenlikning av prisnivå i Europa.https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/statistikk/sammenlikning-av-prisniva-i-europa

Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om norsk økonomi.  ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-okonomi

Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om norsk næringsliv.  ssb.no: næringsliv: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-naeringsliv

Statistisk sentralbyrå. (2025). Nasjonalregnskap. ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap

Støren, K. (2024, 29. oktober). Hvor fornøyde er vi med livet i Norge? ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/statistikk/livskvalitet/artikler-om-livskvalitet/hvor-fornoyde-er-vi-med-livet-i-norge

Svennebye, L.H. (2013). Kjøpekraftspariteter, prisnivåindekser og prisnivåjustering.  ssb.no: https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/artikler-og-publikasjoner/_attachment/143082?_ts=141a6c28560

Sæterdal, S. (26. juni, 2023). Norge femte dyrest i Europa.  ssb.no: https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/statistikk/sammenlikning-av-prisniva-i-europa/artikler/norge-femte-dyrest-i-europa