Mynter og person, illustrasjon

Inflasjon er eit anna ord for vekst i prisar over tid og referer som oftast til endring i konsumprisindeksen (KPI). Særleg er vi interesserte i inflasjon fordi det påverkar kor mykje vi får for pengane våre, også kalla kjøpekrafta vår.

Prisane i ein marknadsøkonomi som den norske stig vanlegvis over tid. KPI viser at sidan 1970 har dei faktiske prisane på varer og tenester vakse med drygt 900 prosent.

Då veit du kva prisstiging over tid, eller inflasjon, er. Du kan gjerne lese meir om dette i artikkelen Hva er inflasjon?

Men vi bruker også andre mål for prisstiging enn KPI i nasjonalrekneskapen. Vi gjer det fordi dei varene og tenestene vi måler prisutviklinga over tid for, ofte ikkje er dei same som KPI måler prisstiginga for. For eksempel er varene og tenestene som inngår i bruttoinvesteringane i reallikninga, andre enn dei som hushalda konsumerer.  

I tillegg har vi behov for tal som viser kva utviklinga over tid er for storleikane i reallikninga når vi fjernar prisstiginga, for eksempel utviklinga frå eit år til det neste. Til dette treng vi tal i faste prisar. Vi treng også tal i løpande prisar, som viser korleis dei ulike storleikane i reallikninga er i faktiske prisar for eit bestemt år.

Men kva er løpande og faste prisar?

For å svare på dette tar vi utgangspunkt i definisjonar i nasjonalregnskapet.

Verdital i løpande prisar: Verdital målt i prisar som gjeld for den same perioden som transaksjonane blir registrerte.

Løpande prisar er altså dei faktiske prisane for kvar tidsperiode. Som definisjonen seier, så har vi bruk for desse tala for å vite verdien av det vi produserer, forbruker, investerer, eksporterer og importerer for eksempel i eit bestemt år. Vi bruker for eksempel BNP-tal i løpande prisar per innbyggar for å samanlikne den materielle levestandarden mellom ulike land. Det kan de lese meir om i del 3.

Verdital i faste prisar: Verdital der vi har fjerna effektane av prisstiginga. For alle åra i ei tidsserie referer tala i faste prisar seg til prisen i eit bestemt år.

Fastpristala bruker vi blant anna til å analysere den økonomiske veksten over tid, målt ved BNP.  Vi seier at endring frå eit år til det neste i BNP i faste prisar måler kor mykje meirverdien av den produserte mengda (volumet) aukar.  

Figur 2 viser veksten for BNP gjennom 2020, 2021 og 2022 målt i både faste og løpande prisar. Her er 2020 det året verdiar for BNP i faste prisar referer seg til.

Figur 2. Bruttonasjonalprodukt (BNP) i markedsverdi. Faste og løpende priser. 1. kvartal (K) 2019 til 4. kvartal 2022

Lær meir om inflasjon, faste og løpande prisar ved å løyse oppgåvene C og D .

Aursand, Preben. (2022, 15. september). Hva er inflasjon?  Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/artikler/hva-er-inflasjon

Statistisk sentralbyrå. (2014). Begreper i nasjonalregnskapet. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/metoder-og-dokumentasjon/begreper-i-nasjonalregnskapet

Statistisk sentralbyrå. (2023). Nasjonalregnskap. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap

Sørensen, Knut Ø (2017). Volum- og prisendring i nasjonalregnskapet Beregninger av nasjonalregnskapet i faste priser (SSB Notater 2017/14). Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner/volum-og-prisendring-i-nasjonalregnskapet