Mynter og person, illustrasjon

Noregs vare- og tenestebalanse er eit mål for om vi går i over- eller underskot i vare- og tenestehandelen med utlandet, og balansen er differansen mellom eksport- og importstorleikane i reallikninga.

Noregs vare- og tenestebalanse overfor utlandet ser slik ut for åra 1976 til 2023. Her er tala ikkje i faste, men i løpande prisar (faktiske prisar for kvart år).

Figur 5. Vare- og tjenestebalansen. 1976-2023
Diagram med 3 dataserier.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Millioner kroner. Dataene varierer fra -1664444 til 3165766.
Highcharts.com
Figur 5. Vare- og tjenestebalansen. 1976-2023
ÅrEksportImportVare- og tjenestebalansen
197774 136−94 246−20 110
197886 419−86 062357
1979103 570−97 9075 663
1980133 452−115 08318 369
1981153 523−128 02725 496
1982163 557−143 86319 694
1983183 253−149 12934 124
1984210 594−167 34743 247
1985232 447−192 99539 452
1986192 285−213 337−21 052
1987198 266−213 615−15 349
1988210 589−216 207−5 618
1989258 176−235 33322 843
1990290 406−244 89845 508
1991304 892−244 92859 964
1992297 560−244 86352 697
1993313 877−261 38652 491
1994329 683−277 16352 520
1995352 689−295 49657 193
1996415 883−324 51491 369
1997456 947−366 57290 375
1998427 707−405 75421 953
1999486 152−394 12592 027
2000688 357−433 117255 240
2001704 786−441 391263 395
2002632 992−423 072209 920
2003644 316−432 796211 520
2004735 100−492 839242 261
2005867 554−539 747327 807
2006990 898−603 443387 455
20071 013 873−684 084329 789
20081 211 901−749 070462 831
2009971 253−674 682296 571
20101 046 057−731 822314 235
20111 170 652−785 023385 629
20121 231 627−811 741419 886
20131 231 848−868 739363 109
20141 256 100−929 869326 231
20151 207 474−997 172210 302
20161 119 846−1 033 85985 987
20171 220 651−1 075 905144 746
20181 367 006−1 136 715230 291
20191 317 951−1 232 12785 824
20201 114 985−1 147 292−32 307
20211 860 860−1 218 761642 099
20223 165 766−1 549 4951 616 271
20232 419 630−1 664 444755 186

Noreg importerer varer og tenester, og derfor er importen positiv. Men i figuren er den negativ for å framstille poenget med balansen mellom import og eksport av varer og tenester.

Av figuren ser vi at:

  • Noreg har hatt eit overskot på vare- og tenestebalansen for dei fleste åra.
  • For åra 1976–1977 og 1986–1988 var det eit underskot på vare- og tenestebalansen, og det var det også i 2020
  • For 2021, 2022 og 2023 auka overskotet mykje.

Det har særleg vore eksporten av råolje og naturgass som har sørga for overskotet på vare- og tenestebalansen. 2021 er eit av åra der særleg høg vekst i prisane på råolje og naturgass bidrog til høge eksportinntekter og eit stort overskot på vare- og tenestebalansen. Dette fortsette til 2022, då vi så eit rekordhøgt overskot på vare- og tenestebalansen. Også i 2023 var råoljeprisane høge og overskotet på handelsbalansen stort.

Men kva for varer og tenester handlar Noreg med overfor utlandet? Handlar vi mest med varer, eller med tenester? Kva for land handlar vi mest med?

Det skal du no finne ut gjennom å gjere oppgåve E.

Statistisk sentralbyrå. (2024). Fakta om norsk økonomi. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-okonomi

Statistisk sentralbyrå. (2024). Fakta om norsk næringsliv. Henta frå ssb.no: næringsliv: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-naeringsliv

Statistisk sentralbyrå. (2024). Nasjonalregnskap. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap