Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.

I undervisningsopplegget får elevane kunnskap om:

  • reallikninga
  • korleis vi måler verdiskaping i nasjonalrekneskapen
  • korleis Statistisk sentralbyrå (SSB) definerer dei sentrale økonomiske omgrepa som inngår i reallikninga
  • kva faste og løpande prisar er
  • materiell levestandard i Noreg samanlikna med andre land

Elevane får øving i å jobbe med statistikk om emna gjennom oppgåveløysing. De kan velje å bruke berre nokre av delane til undervisningsopplegget. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåvene åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

Lærarar kan få fasit til omgrepsoppgåva og taldelen av oppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no.

  • Kjenne til reallikninga og samanhengane han uttrykker
  • Kunne bruke reallikninga til å analysere sentrale samanhengar mellom tilgangen på og bruken av varer og tenester i økonomien
  • Ha kunnskap om tala for Noreg for dei sentrale storleikane i reallikninga
  • Lære sentrale makroøkonomiske omgrep knytt til reallikninga og BNP
  • Kunne definere faste og løpande prisar
  • Kjenne til bruk av BNP i samanlikningar av materiell levestandard mellom ulike land

Opplegget er laga for elevar som tek Samfunnsøkonomi 1 og tek utgangspunkt i læreplan SOK01-03 Samfunnsøkonomi (udir.no) og særleg delar av desse kompetansemåla:

  • velje og bruke kjelder, økonomiske teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar
  • bruke reallikninga til å analysere samanhengen mellom tilgang på og bruk av varer og tenester i ein økonomi
  • drøfte årsaker til økonomisk vekst og reflektere over bruttonasjonalproduktet som mål for verdiskaping

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.