Mynter og person, illustrasjon
  1. Studer tabelluttrekket som viser import frå dei største handelspartnarane vår - statistikkbanktabell 10173. I 2021 eksporterte vi mest varer og tenester til Storbritannia, Tyskland, Sverige, Nederland og Frankrike. Klarer du å finne ut kva land som var dei fem største handelspartnarane våre for import av varer og tenester i 2021, målt i verdi?
  2. Sjå på tabelluttrekket over import og eksport av varer og tenester - statistikkbanktabell 10173. Kva vil du seie om storleiken på Noregs eksport av tenester i kroneverdi samanlikna med vareeksporten i perioden 2011–2021? Lag gjerne ein figur over utviklinga dersom du synest at det gjer det lettare å finne svara. Du kan for eksempel velje eit linjediagram i «Endre visning» i menyen i venstremargen i statistikkbanken. 
  3. Og kva skjedde med utanrikshandelen med kvar av kategoriane import av varer, import av tenester, eksport av varer, eksport av tenester under pandemien i 2019 og 2020? Bruk same tabelluttrekk som i oppgåve E2. 
  4. Sjå på figurane 6 og 7 for dei fem varene som var dei viktigaste eksport- og importvarene for Noreg i 2021. Kva vil du seie om skilnader mellom desse eksport- og importvarene med tanke på type vare og verdi i kroner?

Figur 6. Viktigste eksportvarer 2021

Figur 7. Viktigste importvarer 2021