Miljøvernutgifter
Oppdatert: 9. november 2023
Neste oppdatering: 8. november 2024
1 000 kr | Prosentvis endring | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2021 | 2022 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Miljøvernutgifter | 14 724 724 | 19 523 117 | 33 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringar | 6 324 226 | 10 057 321 | 59,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 5 285 033 | 9 076 558 | 71,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 689 292 | 942 062 | 36,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn | 31 084 | 38 701 | 24,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vassforsyning | 4 000 | 0 | -100,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Driftsutgifter1 | 8 400 498 | 9 465 796 | 12,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 2 293 590 | 2 283 232 | -0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 5 846 771 | 6 838 206 | 17,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn | 239 013 | 330 466 | : | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vassforsyning | 21 124 | 13 892 | : | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Miljøvernutgifter i offentlig forvaltning | 44 231 299 | 47 135 774 | 6,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjøp av varer og tenester | 14 315 932 | 15 479 811 | 8,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Miljøverninvesteringar | 8 668 798 | 8 546 411 | -1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre miljøvernutgifter | 21 246 569 | 23 109 552 | 8,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1Inkl. lønnskostnader |
Om statistikken
Miljøvernutgifter er kostnader knytt til tiltak og aktivitetar som har som hovudmål å førebygge, redusere eller handsame forureining eller andre skader på det fysiske miljøet.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 25. januar 2024.
-
Miljøvernområde
Miljøvernutgiftene er fordelte på 9 miljøvernområde (formålskategoriar):- utslepp av klimagassar og andre utslepp til luft
- produksjonsvatn og avløp
- avfall
- jord og grunnvatn samt hav og havbotn
- støy og vibrasjonar
- biologisk mangfald og landskap
- vern mot stråling
- forskning og utvikling
- andre miljøformål
Inndelinga er basert på den internasjonale standarden Classification of environmental Protection Activities and Expenditures (CEPA 2000) utvikla av Eurostat i samarbeid med FN (UNECE/CES). Sjå også Standard for klassifisering av utgifter etter miljøvernformål.
Miljøvernutgifter
Miljøvernutgifter er kostnader knytt til tiltak og aktivitetar som har som hovudmål å førebygge, redusere eller behandle forureining eller andre skader på det fysiske miljøet.Dersom utgifta ikkje primært er retta mot miljøvern, skal ho ikkje klassifiserast som ei miljøvernutgift. Tiltak for arbeidsmiljø eller miljøvennlege produkt blir derfor ikkje rekna som miljøvernutgifter.
Utgifter til førebuing, installasjon, testing osv. av utstyr og anlegg blir ført som investerings- eller driftsutgifter i samsvar med regnskapsføringa. Utgifter til reparasjon og vedlikehald av utstyr blir betrakta som driftsutgifter.
Vidare blir det skilt mellom miljøvernutgifter i industri, bergverk og utvinning og miljøvernutgifter i offentleg forvaltning.
Miljøvernutgifter i industri, bergverk og utvinning:
Statistikken omfattar tre typar miljøvernutgifter:
- Driftsutgifter
- Investeringar i utstyr for oppsamling og reinsing av utslepp (end-of-pipe). Også kalla prosess-eksterne investeringar
- Investeringar i reinare produksjonsteknologi (integrert teknologi). Også kalla prosess-interne investeringar
Alle utgifter er oppgitt eksklusive mva/investeringsavgift.
Driftsutgifter til miljøvern
Desse utgiftene inkluderer lønnskostnader, kjøp av eksterne tenester, utgifter til utslippstillatingar og andre kostnader knytt til drift og vedlikehald av miljøvernutstyr.Investeringar i utstyr til oppsamling og reinsing av utslipp (end-of-pipe)
Dette er investeringar i anlegg og utstyr for reinsing og utslippsreduksjon og blir difor ofte kalla "end-of-pipe"-investeringar. Inkluderer investeringar i utstyr som er uavhengig av produksjonsprosessen og som behandlar, førebygger, kontrollerer eller måler forureining. Blir derfor også kalla prosess-eksterne investeringar. Utgifter til fjerning av installasjonar på norsk kontinentalsokkel går inn under denne kategorien.Investeringar i reinera produksjonsteknologi (integrert teknologi)
Dette er definert som alle investeringar som er ein integrert del av sjølve produksjonsprosessen (prosess-internt) og som samtidig kan definerast som reinare teknologi, det vil seie at dei fører til utsleppsreduksjon eller liknande. Utskiftingar av utstyr blir berre rekna med dersom det nye utstyret har reinare teknologi enn det som er standard på investeringstidspunktet. Difor er det meirutgiften ved reinare teknologi enn standardteknologien som skal rapporterast.Miljøvernutgifter i offentleg forvaltning
Offentleg forvaltning omfattar både statleg og kommunal forvaltning. Variablane som er omtalte her, har ei generell beskriving av kva dei innheld, medan i statistikken er det berre dei utgiftene som er knytte til miljøet som er inkluderte.
Statistikken omfattar 7 typar miljøvernutgifter:
Kjøp av varer og tenester
Inkluderer kjøp av varer og tenester som blir nytta i produksjonen av tenester i offentleg forvaltning. Posten omfattar blant anna leige av lokale, energiutgifter, konsulenttenester, mindre utstyrsanskaffingar, samt reparasjonar og vedlikehald.Lønnskostnader
Godtgjersle til tilsette i staten og kommuneforvaltninga. Lønnskostnader omfattar kontantlønn, inkludert overtidsvederlag, feriepengar og utbetalt lønn ved sjukdom innanfor arbeidsgivarperioden, i tillegg til arbeidsgivaravgift til folketrygda og premiar til Statens pensjonskasse, KLP og andre pensjonskassar.Kapitalslit
Reduksjon i verdien av realkapital grunna normal slitasje, skade og forelding. Kapitalslitasje blir kalkulert i nasjonalrekneskapen ved hjelp av den såkalla årgangsmetoden (perpetual inventory method). Lange tidsseriar for investeringane dannar grunnlaget for berekningane, i tillegg til føresetnader som lengda på levetida til dei ulike kapitalobjekta.Overføringar til utlandet
inkluderer overføringar til utlandet, mellom anna gjennom Norad.Andre overføringar
Inkluderer overføringar til blant anna næringslivet, hushald og ideelle organisasjonar.Subsidiar:
Driftstilskot til næringslivet – oftast med formål om å oppretthalde eller auke eit tenestetilbod eller bidra til lågare prisar på det som blir produsert. Døme på subsidiar inkluderer støtte til landbruket og føretak i transportsektoren.
Næringsinndeling
Føretak blir i Standard for næringsgruppering definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester og som i viss grad har sjølvstendig beslutningsmyndigheit. Føretak er også den minste organisatoriske eininga som er pålagt å utarbeide rekneskap.
Frå og med 2008 blir Standard for næringsgruppering 2007 nytta. Dette har ført til endringar i datagrunnlaget for statistikken, der nokre føretak ikkje lenger er inkluderte, medan andre har kome til. Difor har det oppstått ein viss grad av diskontinuitet i statistikken for miljøvernutgifter, slik at tidsserien 2002-2007 ikkje kan samanliknast med statistikken for 2008 for enkeltnæringar.
For meir detaljerte forklaringar av termar og definisjonar om bedrifter, føretak, og rekneskapsmessige termar som blir nytta i statistikken, sjå Strukturstatistikk for industrien.
Inndeling etter miljøformål
Miljøvernutgiftene er delte etter den internasjonale klassifiseringa av miljøvern, Classification of environmental Protection Activities and Expenditures (CEPA 2000) utvikla av Eurostat i samarbeid med FN (UNECE/CES).
Namn: Miljøvernutgifter
Emne: Natur og miljø
Seksjon for næringslivets strukturer
Alle tal blir publiserte på nasjonalt nivå.
Statistikken blir samla inn årleg og publisert cirka 12 månader etter utgangen av det året statistikken omhandlar.
Årleg rapportering til Eurostat i samband med Europaparlamentets- og rådsforordning nr. 295/2008 - om statistikk over føretaksstrukturar, endra ved forordning 251/2009. Kvart andre år blir det rapportert til OECD/Eurostats "Joint Questionnaire for Environmental Protection Expenditure and Revenues".
Frå 2017 blir det rapportert i samsvar med rådsforordning 691/2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar, inkludert Environmental Protection Expenditure Accounts (EPEA).
Data blir midlertidig lagra i Oracle-databasar og i programspråket SAS. Editerte mikrodata og rådata blir langtidslagra som tekstfiler.
Statistikken har som formål å formidle informasjon om investeringar og driftsutgifter knytt til miljøverntiltak i norsk industri, bergverk (inkludert olje- og gassutvinning), samt energi- og vassforsyning. Han inkluderer også tal for offentleg forvaltnings utgifter til miljøvern. Statistikken er oppdelt etter ulike miljøformål og næringar.
Statistikk over miljøvernutgifter i industrien blei fyrst tilgjengeleg for år 2000. Statistikken for 2000 og 2001 dekte imidlertid berre investeringar i anlegg og utstyr til reinsing og oppsamling av utslepp ("end of pipe"). Frå 2002 omfattar statistikken både investeringar til reinsing og oppsamling, investeringar til meir miljøvennleg produksjonsprosess ("renere produksjon") samt bedriftene sine driftsutgifter til miljøvern.
Frå 2008 inkluderer statistikken også olje- og gassfelt i drift eller nedstengt (produksjonen er avslutta), tilhøyrande landanlegg for mottak og prosessering av gass samt tenesteytande verksemd. I 2008 blei statistikken for olje- og gassutvinning publisert som eigen artikkel i SSB-magasinet.
Frå 2018 inkluderer statistikken offentlege miljøvernutgifter, det vil seie utgifter frå kommune og stat. Statistikken om offentlege miljøvernutgifter er ei utviding av statistikk for miljøvernutgifter i SSB som tidlegare berre omfatta miljøvernutgifter innan næringsområda industri, bergverk og utvinning. Tala har blitt utarbeida som følgje av utvida rapporteringsplikt til Eurostat.
Statistikken om offentlege miljøvernutgifter skal følgje nasjonalrekneskapens prinsipp og har som mål å svare på ulike spørsmål knytt til miljøvern. Nokre av spørsmåla tala skal prøve å gi svar på er:
- Kor mykje brukar det offentlege på miljøvern og til kva formål?
- Korleis og kva område mottar offentleg finansiering til miljøvern?
- Kva økonomiske aktivitetar har oppstått som følgje av miljøvern?
Offentlege myndigheiter, interesseorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og private brukarar (til dømes bransjeorganisasjonar).
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen.
Les meir om likebehandlingsprinsippet på ssb.no
Statistikken er ein del av det europeiske rammeverket for miljøøkonomisk statistikk, kalla Environmental Protection Expenditure Accounts.
Frå og med 2018 blir også miljøvernutgifter for offentleg forvaltning inkluderte, med tal tilbake til 2013. Desse tala bruker same datakjelde som statistikk for. offentleg forvaltnings inntekter og utgifter, men det er nokre skilnader i korleis miljøvernutgiftene blir identifiserte. Sjå også notatet. Government expenditure on environmental protection and resource management for arbeid med offentlege miljøvernutgifter.
Den største skilnaden ligg i korleis dei offentlege miljøvernutgiftene er klassifiserte. Miljøvernutgiftene som blir rapporterte her under Natur og miljø baserer seg på regelverket til Eurostat/FN og blir klassifiserte etter standarden for miljøvernaktivitetar. (CEPA – Classification of Environmental Protection Activities and Expenditure). Denne standarden har i utgangspunktet 9 hovudgrupper med nokre undergrupper.
Miljøvernutgiftene som blir rapporterte under Offentleg forvaltning følgjer internasjonal standard for klassifisering av offentleg forvaltningsutgifter etter hovudmålet med utgifta (COFOG – Classification of the Functions of Government). I denne klassifikasjonen er det også 6 undergrupper som har miljøvern som føremål. Det er ei kopling mellom CEPA og miljøvernkategorien i COFOG, men den er ikkje ein-til-ein.
Ein siste skilnad er korleis tala blir utarbeida. Tal fordelte etter miljøvernaktivitetar blir utarbeida gjennom detaljert analyse av stats- og kommunerekneskap for kva utgifter som er knytte til miljø, der det er mogleg å skilje ei utgift om den dekkjer fleire miljøvernaktivitetar. Ved COFOG blir òg utgiftene frå stats- og kommunerekneskap fordelte, men her er det ikkje vanleg å skilje opp utgiftene – det vil seie at kvar utgift blir fordelt berre til eitt formål.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no)
Europaparlaments- og rådsforordning nr. 295/2008 - om statistikk over foretaksstrukturar, endra ved forordning 251/2009.
Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 538/2014 av 16. april 2014 om endring av forordning (EU) nr. 691/2011 om europeiske miljøøkonomiske regnskap.
Undersøkinga om miljøvernutgifter omfattar alle føretak som finst i Miljødirektoratets register og som er klassifiserte innan næringane bergverksdrift, industri, energiforsyning og vannforsyning, slik desse næringane er definerte i Standard for næringsgruppering (SN 2007).
Statistikken omfattar IKKJE leiteverksemd, feltutbygging eller rørtransport på kontinentalsokkelen.
Ved offentleg forvaltning inkluderer det stats- og kommuneforvaltninga, samt relevante ideelle organisasjonar inkluderte i satellittrekneskapen for ideelle og frivillige organisasjonar grupperte i aktivitetsområde 5100 – natur- og miljøvern (ICNPO).
Statistikken byggjer på innsende spørjeskjema og bruk av administrative datakjelder.
Innafor olje- og gassutvinning til havs svarar operatøren på spørjeskjemaet for kvart olje- eller gassfelt, anten det er i drift eller stengt ned (dvs. at produksjonen er avslutta). Eit eige skjema blir fylt ut av operatørane for ilandførings- og prosesseringsanlegg på land.
Fram til 2012 vart spørjeskjemaet for landbasert bergverk, industri, energiforsyning og vatnforsyning svara på av eit utval av verksemder, delvis tilfeldig og delvis basert på sysselsetting, omsetning osb. Frå og med 2013 blir spørjeskjemaet svara på av føretak med karakteristikar som tyder på at dei kan ha utgifter til miljøverntiltak og som er registrerte i Miljødirektoratets register.
Tal på driftskostnader til avløp og avfall blir delvis estimerte for føretak i industrinæringa som ikkje er inkluderte i Miljødirektoratet sine register.
Ingen opplysningar frå tidlegare miljøundersøkingar blir nytta i trekkinga.
Ved offentleg forvaltning blir kommune- og statsrekneskapen brukte som datakjelde.
Skjemaet blir vanlegvis sendt ut i mai/juni, det vil seie på eit tidspunkt der dei fleste har ferdigstilt rekneskapa.
Dei innsamla dataa blir redigerte på mikronivå. Konsistenskontrollar blir utførte mellom postane på skjemaet, mot det føregåande året, mot bedrifts- og føretaksregisteret, og mot næringsoppgåva.
Ikkje relevant
Tilsette i SSB har teieplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
Miljøverninvesteringar er rapporterte sidan 2000. Åra 2000 og 2001 inkluderer berre investeringar til reinsing og oppsamling. Frå 2002 og framover er i tillegg investeringar til meir miljøvenleg produksjon ("renere produksjon") og bedriftene sine driftsutgifter til miljøvern inkludert i statistikken. Sidan 2002 er statistikken samanliknbar med omsyn til omgrep, miljøområde og næringsdekning.
Frå og med 2008 er det gjort to vesentlege endringar:
Den nye næringsinndelinga SN2007 (sjå avsnittet om næringsinndeling) erstattar den tidlegare næringsinndelinga. Dette inneber at tala for enkelte næringar ikkje er direkte samanliknbare med tidlegare år. Den nye inndelinga har liten påverknad på totalane for heile industrien og bergverket. Avviket mellom totalane rekna ut etter den gamle og nye næringsinndelinga er i storleiksorden 5 prosent. Dessutan er også miljøvernutgifter for olje- og gassfelt samt landanlegg inkluderte.
Frå og med 2008 er også miljøvernutgifter for å avgrense utslepp til luft, delt opp i "utslepp av klimagassar" og "andre utslepp til luft".
Frå 2013 blir spørreskjemaet ikkje lenger besvart av eit tilfeldig utval føretak, unntatt for olje- og gassutvinning der innsamlingsmetoden er uendra. Dette kan føre til endringar frå tidlegare årgangar både med omsyn til det enkelte miljøvernområdet og næringane sine samla miljøvernutgifter, som ikkje kjem av endringar i føretaka sine faktiske utgifter til miljøverntiltak. Dette gjeld særleg områda avfallsbehandling og avløp og renovasjon: Alle norske føretak betalar som eit minimum offentlege avgifter på desse områda. Dette blir ikkje fanga opp for føretak som ikkje mottar spørreskjemaet. Metodeendringa gjeld ikkje olje- og gassnæringa. Her vil data vere direkte samanliknbare med perioden før 2013.
Målefeil kan oppstå når verksemdene i visse tilfelle må utøve skjønn, for eksempel ved investeringar til reinare produksjon der ein skal angi meirkostnaden knytt til miljøvern.
Ikkje relevant
- Industriens investeringer og utgifter tilknyttet miljøvern - pilotundersøkelse 1997. Notater (2000/17)
- Methodology work for environmental protection investment and current expenditures in the manufacturing industry - final report to Eurostat. Notater (2002/3)
- Compilation of data on expenditure in environmental protection by businesses - report to the European Commission DG for Environment. Notater (2004/15)
- Environmental protection expenditure - methodological work for the oil and gas extraction industry (NACE 11) and preliminary figures for 2002 for the manufacturing, mining, quarrying and steam and hot water supply industries in Norway : report to Eurostat. Notater (2005/3)