Fag- og forskingsbibliotek
Oppdatert: 7. juni 2022
Neste oppdatering: 5. juni 2023
Sjå alle tal frå denne statistikken
- 10869: Nedlastingar og utlån ved fag- og forskingsbibliotek, etter bibliotektype
- 10870: Bestand og tilvekst ved i fag- og forskningsbibliotek, etter bibliotektype
- 10872: Opplæring i bibliotekbruk og primærmålgruppe i fag- og forskingsbibliotek, etter bibliotektype
- 10871: Utgifter og inntekter ved fag- og forskningsbibliotek, etter bibliotektype (1 000 kr)
- 10873: Tilsette og årsverk i fag- og forskningsbibliotek, etter bibliotektype
Om statistikken
Statistikk over fag- og forskingsbibliotek ved norske universitet og høgskolar, offentlege og private spesialbibliotek ved forskingsinstitutt og Nasjonalbiblioteket. Statistikken viser ei samla oversikt over aktiviteten i løpet av året.
Fjernlån er lån frå eit bibliotek til eit anna bibliotek under anna administrativ eining.
Databasar blir delt opp i desse typane:
- fulltekst- og multimediedatabasar; er ei samling av originaltekster. Omfatter ikkje referansedatabasar, oversikter/ katalogar, ordbøker, statistikkbasar osv.
- eige institusjonsarkiv; ei samling av institusjonens eigne studentoppgåver, doktoravhandlingar, vitskapelege publikasjonar og andre publikasjonar
Baserer seg på den internasjonale standarden på området som er ISO 2789, Information and documentation - International library statistics.
Fag- og forskingsbibliotek
360 Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk
Fylkesnivå.
Statistikken blir publisert ein gong i året. Datagrunnlaget er kalenderåret, med publisering normalt i mai/juni.
Ikkje relevant.
Nasjonalbiblioteket står som eigar av data og har gjennomarbeidd ei fil til utarbeiding av offisiell statistikk over sektoren.
Føremålet med statistikken er å gje ei samla oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for dei som er involverte i drifta eller finansieringa av biblioteka på ein eller annan måte. Statistikken har vore publisert årleg sidan 1980 i samarbeid med Riksbibliotekstenesta (RBT) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå og med publiseringsåret 2011 er samarbeidet med Nasjonalbiblioteket.
Viktigaste brukarar er Nasjonalbiblioteket, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, media og biblioteksektoren.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Frivillig rapportering.
Statistikken dekkjer fag- og forskingsbibliotek ved norske universitet og høgskolar, offentlege og private spesialbibliotek og Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket ajourfører ei oversikt over alle eksisterande bibliotek. Statistikken omfattar bestand og bruk av forskjellige typar medium, opplæring, rekneskapsdata og data om tilsette.
Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data. Men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema.
Undersøkinga er meint å dekkje heile sektoren.
Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data. Men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema.
Statistisk sentralbyrå mottek ei datafil frå Nasjonalbiblioteket som vil danne grunnlaget for den offisielle statistikken. Nasjonalbiblioteket har også ansvaret for purringar og ajourføring av populasjonen.
Logiske summeringar og samanhengen i skjemaet blir sjekka. I tillegg blir det kontrollert mot fjorårets tal der det er uvanleg store avvik frå forventa rapporterte tal.
Fyrstegongslån er samanliknbart frå og med 2012.
Ikkje alle bibliotek fyller ut alle felta. Årsaka kan sjølvsagt vere at det ikkje finst data å rapportere, men i enkelte tilfelle kan det også kome av feiltolkingar, forgløymingar eller manglande oppdatering av fagsystema som vil kunne føre til feilrapportering og dermed feil i statistikken.
Fråfall: Sjølv om svarprosenten er tett opp til 100 prosent, vil det vere eit lite fråfall av einingar som vil vere ei feilkjelde i samanlikningar av totaltala mellom dei forskjellige årgangane