Tidlegare i år viste Arbeidskraftundersøkinga (AKU) at fleire personar som tidlegare sto heilt utanfor arbeidsmarkanden begynte å søke jobbar og kom i jobb. Det innebar at både og økte. I september ser vi derimot at tilbodssida i arbeidsmarkanden har stabilisert seg ved at sysselsettinga vokse like mykje som arbeidsløysa fall.

─ At sysselsettinga fortsett å stige kan til dømes vere fordi langtidspermitterte kom tilbake i jobb, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.

Figur 1. Sysselsette og arbeidsstyrken i prosent av befolkninga (AKU). Brot- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt


Ei anna kjelde for analyse av sesongjustert sysselsetting er registertala på lønstakarar, som vart publisert 24. november 2021 på nettsida for Tal på arbeidsforhold og løn. Den viser at det var 2,5 prosent fleire lønstakarar i september enn i juni. Og at brorparten av auka har vore i overnattings- og serveringsverksemder.

Fall i arbeidsløysa fortsett

Arbeidsløysa var på 3,6 prosent i september. Det svarer til ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå juni.

Sjølv om arbeidsløysa no er på same nivå som før koronapandemien starta og sysselsettinga har økt den siste tiden er det framleis stor etterspørsel etter arbeidskraft og rekordmange ledige stillingar.

Figur 2. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken (AKU). Brot- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt


Grunnen til at vi samanliknar juni-tala med september-tala, og ikkje med resultata frå august vert forklart i denne artikkelen.

Ei kort forklaring på kva sesongjustering er finn du her.

Det er fleire skilnader mellom dei to statistikkane som gjer at dei kan avvike noko frå kvarandre. Eit døme er at registertala femner både busette og ikkje-busette lønstakarar i alle aldersgrupper som jobbar i verksemder heimehøyrande i Noreg. Det er i motsetning til AKU-tala, som inneheld personar i alderen 15-74 år som er busette i private hushald i Norge. AKU inkluderer dermed også sjølvstendig næringsdrivande, men ikkje grensependlarar inn til Noreg. Det er også knytt ekstra usikkerheit til dei brot- og sesongjusterte AKU-tala, som forklart nærare nedanfor.

Dei brot- og sesongjusterte tala frå AKU er justert med foreløpige brotanslag fordi undersøkinga mellom anna frå og med 2021 har nytt spørjeskjema. Ved samanlikningar av tal før og etter brotet må ein ta omsyn til usikkerheita knytt til dei foreløpige brotanslaga, i tillegg til ordinær utvalsusikkerheit.

Det førebelse overslaget på brotet for sysselsette var på om lag 22 000 i 3. kvartal. Med andre ord så viser ny AKU 22 000 fleire sysselsette enn kva gamal AKU ville ha vist. Tilsvarande tal for arbeidslause er 5 000 personar. Ei meir detaljert analyse er tilgjengeleg her.

Grunna koronakrisa er det i tillegg knytt ekstra usikkerheit til endringane på arbeidsmarknaden den siste tida. I tråd med internasjonale tilrådingar om at effekten av koronakrisen ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret, korrigerer vi berre for den systematiske sesongvariasjonen berekna på data før koronakrisa. Det betyr at vi legg til grunn uendra sesongmønster under koronakrisa. Sidan vi berre korrigerer for den systematiske sesongvariasjonen berekna på data før koronakrisa, kan vi ikkje sjå bort frå at ein unormal sesongeffekt (som heng saman med koronakrisa) kjem til syne i dei sesongjusterte tala. Svært mange unge med sommarjobb som følgje av gjenopninga av samfunnet kan være eit døme på ein slik unormal sesongeffekt.