Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. no er på om lag same nivå som før koronapandemien starta. Vi ser òg at Personar som utførte inntektsgivande arbeid i minst ein time i referanseveka, samt personar som har eit slikt arbeid men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande vert rekna som sysselsette. har vokse meir enn kva arbeidsløysa har falle. Det inneber at personar som tidlegare sto heilt utanfor arbeidsmarkanden no er tilbake i jobb.

─ Til dømes kan det vere langtidspermitterte som ikkje søkte etter anna jobb under permitteringa, men som no er tilbake i jobb, seier Erik Herstad Horgen, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.

Det var 29 000 færre arbeidslause personar i august enn i mai. Nedgangen viser dermed ein framleis fallande trend gjennom 2021.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken (AKU). Brot- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt

Grunnen til at vi samanliknar august-tala med mai-tala, og ikkje med resultata frå juli vert forklart i denne artikkelen.

Ei kort forklaring på kva sesongjustering er finn du her.

Auken i sysselsettinga fortsett òg

Som ved førre publisering viser AKU ein auke i sysselsettinga. Dei sesongjusterte tala viser at det vart 38 000 fleire sysselsette frå mai til august.

I tala kjem endringa i arbeidsløysa og sysselsettinga til syne som ei auke på 0,1 prosentpoeng i storleiken på Summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, altså personar som tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden., frå 71,1 til 71,2.

Ei anna kjelde for analyse av sesongjustert sysselsetting er registertala på lønstakarar, som vart publisert 25. oktober 2021 på nettsida for Tal på arbeidsforhold og løn. Den viser at det var om lag 58 700 fleire lønstakarar i august enn i mai, altså ei auke på 2,3 prosent. Akkurat som ved førre publisering finn vi at brorparten av auka (om lag 27 000 lønstakarar) har vore i overnattings- og serveringsverksemder.

Figur 2. Sysselsette og arbeidsstyrken i prosent av befolkninga (AKU). Brot- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt

Det er fleire skilnader mellom dei to statistikkane som gjer at dei kan avvike noko frå kvarandre. Eit døme er at registertala femner både busette og ikkje-busette lønstakarar i alle aldersgrupper som jobbar i verksemder heimehøyrande i Noreg. Det er i motsetning til AKU-tala, som inneheld personar i alderen 15-74 år som er busette i private hushald i Norge. AKU inkluderer dermed også sjølvstendig næringsdrivande, men ikkje grensependlarar inn til Noreg. Det er også knytt ekstra usikkerheit til dei brot- og sesongjusterte AKU-tala, som forklart nærare nedanfor.

Dei brot- og sesongjusterte tala frå AKU er justert med foreløpige brotanslag fordi undersøkinga mellom anna frå og med 2021 har nytt spørjeskjema. Ved samanlikningar av tal før og etter brotet må ein ta omsyn til usikkerheita knytt til dei foreløpige brotanslaga, i tillegg til ordinær utvalsusikkerheit.

Det førebelse overslaget på brotet for sysselsette var på om lag 28 000 i 3. kvartal. Med andre ord så viser ny AKU 28 000 fleire sysselsette enn kva gamal AKU ville ha vist. Tilsvarande tal for arbeidslause er 6 000 personar. Ei meir detaljert analyse er tilgjengeleg her.

Grunna koronakrisa er det i tillegg knytt ekstra usikkerheit til endringane på arbeidsmarknaden den siste tida. I tråd med internasjonale tilrådingar om at effekten av koronakrisen ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret, korrigerer vi berre for den systematiske sesongvariasjonen berekna på data før koronakrisa. Det betyr at vi legg til grunn uendra sesongmønster under koronakrisa. Sidan vi berre korrigerer for den systematiske sesongvariasjonen berekna på data før koronakrisa, kan vi ikkje sjå bort frå at ein unormal sesongeffekt (som heng saman med koronakrisa) kjem til syne i dei sesongjusterte tala. Svært mange unge med sommarjobb som følgje av gjenopninga av samfunnet kan være eit døme på ein slik unormal sesongeffekt.