Ifølge I sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 145 000 I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. personar i mai. Det svarar til 4,7 prosent av Summen av sysselsette og arbeidslause, altså personar som tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden.. Dette var uendra samanlikna med april, som har blitt Revideringar er vanlege i sesongjustering og berekning av trendtal, fordi heile tidsserien blir berekna på nytt når det føreligg informasjon om ein ny månad. ned 0,1 prosentpoeng sidan førre publisering

Ein viktig del av totalbiletet av arbeidsmarknaden dei siste to åra er at sjølv om arbeidsløysa auka betydeleg mellom mai 2024 og januar 2026 og så stabiliserte seg på 4,7 prosent frå januar til mai i år, så har Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den uka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette. ikkje gått ned.

–  Sysselsetjingsprosenten i mai 2026 var akkurat den same som i mai 2024, sjølv om arbeidsløysa hadde auka med 0,8 prosentpoeng. Dette skyldast i hovudsak at fleire unge som tidlegare sto utanfor arbeidsstyrken begynte å søke jobb, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

SSB har kommentert dette utviklingstrekket i fleire omgangar tidlegare, blant anna i  artikkelen om arbeidsmarknaden i første kvartal 2026 og i oppsummeringa av arbeidsmarknaden i 2025.

I Arbeidskraftundersøkinga opererer vi med tre gjensidig utelukkande og til saman utfyllande hovudgrupper:

Sysselsette, altså dei som har ein jobb

Arbeidslause, altså dei som ikkje har ein jobb, men som søkjer aktivt og er tilgjengelege for å ta ein jobb

Personar utanfor arbeidsstyrken, altså dei som verken har ein jobb eller søkjer aktivt, og/eller ikkje er tilgjengelege

Sidan vi opererer med tre grupper, ikkje berre to, er det ikkje nødvendigvis slik at sysselsetjinga må gå ned når arbeidsløysa går opp. Ei auke i arbeidsløysa kan like gjerne kome av at færre personar står utanfor arbeidsstyrken, som av at færre er sysselsette.

Sett frå eit samfunnsperspektiv kan ein auke i arbeidsløysa difor vere eit godt teikn (fleire enn før vurderer det som mogleg å finne ein jobb og byrjar å søkje), eller eit dårleg teikn (personar som har hatt ein jobb har mista jobben sin). Det same gjeld den andre vegen: Ein nedgang i arbeidsløysa kan bety at fleire har funne ein jobb, men kan òg bety at fleire har blitt motlause og har slutta å sjå etter arbeid.

Kvartalsstatistikken til Arbeidskraftundersøkinga publiserer tal for endringane mellom desse tre gruppene.

Figur 1. Arbeidsløyse og sysselsetjing. Januar 2009 – mai 2026. Trend. Prosent

Høgare arbeidsløyse, men ikkje lågare sysselsetjing

Arbeidsløysa auka betydeleg gjennom den første halvdelen av fjoråret, men har etter det lege nokså stabilt rundt 4,6 og 4,7 prosent. Dette er ein relativt lang periode med høgare arbeidsløyse enn kva vi har vore vant til. Det er berre under delar av korona-pandemien (mai 2020 til juni 2021), rundt oljeprisfallet i 2015 (mai 2015 til november 2016), og under lågkonjunkturen på 1990-talet at vi har hatt lengre samanhengande periodar med høgare arbeidsløyse-tal dei siste 50 åra. Men i motsetning til dei periodane har det denne gongen ikkje vore ein samanfallande og tilsvarande nedgang i sysselsetjinga.

Stabilt tal på jobbar i mai

Det blei i underkant av 1 600 fleire Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderer både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. i mai, som svarar til ein auke på 0,1 prosent. Det viser førebelse sesongjusterte tal frå statistikken Tal på arbeidsforhold og løn.
Det var sterkast jobbvekst innan helse- og sosialtenester med rundt 1 900 jobbar, ein auke på 0,3 prosent.

– Det var ein gradvis jobbvekst over fleire år fram til starten av 2026. Dei siste månadene har tala på jobbar vore meir stabile, og det ser ut som jobbveksten no nærmast har flata heilt ut, seier Køber.

På grunn av overgangen til Altinn 3 for a-meldingen i juli, utsetjast publiseringa av endelege mai-tal og foreløpige juni-tal i statistikken tal på arbeidsforhold og lønn frå 21. juli til 13. august, for å sikre datakvaliteten.

Endelege sesongjusterte tal viser ein svak jobbvekst på litt over 800 jobbar i april. Dei førebelse tala for april frå førre publisering viste ein nedgang på nesten 3 000 jobbar. Det er vanleg med noko forskjell mellom dei førebelse og endelege tala. Forskjellen mellom tala for april kjem av ei meir positiv utvikling innan fleire næringar.

Figur 2. Talet på jobbar. Førebelse og endelege sesongjusterte tal. Januar 2023 – mai 2026. Antal

Dei sesongjusterte tala for jobbar, lønnsmottakarar og gjennomsnittleg kontantlønn frå statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn, vert òg publisert i visualisert form.

Månadstala innehelder både førebels og endelege tal. I «første versjon» av månadstala frå a-ordninga er det enkelte jobbar/lønnsmottakarar vi ikkje fangar opp på grunn av tidsforsinkingar i rapporteringa. Vi omtaler derfor tala basert på denne versjonen som førebelse tala. I endelege tal nyttar vi ein «andre versjon» frå a-ordninga som er tilgjengeleg ein månad seinare og der dei ovannemnde jobbane/lønnsmottakarar er med. Dei ordinære arbeidsmarknadsstatistikkane frå a-ordninga er alle basert på andre versjon frå a-ordninga. Å nytte første versjon frå a-ordninga medfører at vi ikkje fangar opp alle lønnsmottakarar/jobbar i tråd med sysselsettingsdefinisjonen, men det mogleggjer tidlegare publisering.

Lønnsmottakarar/jobbar vi ikkje fangar opp som følgje av at vi nyttar første versjon frå a-ordninga er forsinka meldingar, erstatningsmeldingar for tidlegare månadar samt jobbar med ulike tidsforsinkingar. Det siste omfattar a) arbeidsforhold med fersk startdato utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn månaden etter, samt b) arbeidsforhold utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn både månaden før og etter. Statistikkmånadens referanseveke er den tredje veka i månaden (veka som inneheld datoen den 16).

Gruppa vi ikkje fangar opp varierer frå om lag 25 000 til 100 000 arbeidsforhold, altså rundt 1-3 prosent av alle arbeidsforhold. At talet ein ikkje fangar opp varierer såpass mykje frå månad til månad betyr at både endringstal og nivåtal i dei førebelse tala vil være forskjellig frå dei endringstala og nivåtala ein får ved å nytte dei endelege tala.

Det er utvalsusikkerheit i resultata frå AKU fordi resultata bygger på opplysningar gitt av et utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/-9 000 for arbeidsledige og +/-17 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må være før vi kan være nokså sikre på at det har skjedd en endring.

Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i data, inkludert konjunktur. Trenden kan ofte bli litt revidert når nye observasjonar blir innarbeida, særleg mot slutten av tidsserien, kalla revisjonsusikkerheit.

Dei sesongjusterte tala kan bli endra viss det kommer til nye observasjonar eller tidlegare rådata blir endra. Dette kallar vi revisjon. 

Fram til april 2025 var alle intervju i AKU på telefon, medan webskjema blir gradvis fasa inn fram til utgangen av 2026. I AKU blir ein intervjua åtte gonger. Det første og sjette intervjuet er alltid på telefon, dei andre gongene kan ein velje webskjema eller telefon. Det betyr at førebels har relativt få svara via webskjema; i 4. kvartal 2025 var det om lag éin av sju. Samstundes er svarprosenten for undersøkinga stort sett uendra, og ligg på om lag 73 prosent. Sidan ein vel sjølv, kan gruppa som svarar på web vere litt annleis samansett enn gruppa som berre svarar på telefon.

Ein skilnad er at dei som er registrerte som sysselsette, i større grad svarar på webskjema enn dei som ikkje er registrerte med ein jobb. Den siste gruppa svarar i mindre grad på AKU i det heile, og dette kan ha større tyding enn typen spørjeskjema. Ved innføring av nye metodar for datainnsamling er det alltid ein viss moglegheit for ei meir eller mindre brå endring i samanliknbarheita over tid (brot i tidsserien). At dei som ikkje har jobb, har lågare svarprosent i AKU, tek vi høgde for når vi lagar vektene i AKU (pdf).

Vi har så langt ingen konkrete haldepunkt for å seie at webskjema påverkar kvaliteten på 2025-statistikken nemneverdig. Førebels er det ein låg del som svarar på web, og utrekningsopplegget justerer for mange av ulikskapane i fordelinga mellom grupper. Det er fleire ting som kan motverke feil og manglar ved utfylling av webskjema. Det nye spørjeskjemaet frå 2021, som blir brukt til telefonintervju, vart utforma spesielt med tanke på at det skulle vere mest mogleg likt webskjemaet, slik at dei to intervjuformene skulle gi mest mogleg like resultat. Alle skal ha minst eitt telefonintervju før dei får tilbod om å svare på web, slik at dei kjenner dei ulike omgrepa og veit kva slags spørsmål det dreier seg om.

Statistisk sentralbyrå skal gjennom 2026 gjere analysar av datakvaliteten i lys av innføringa av webskjema og tek sikte på å presentere førebelse, eventuelle brotanslag for arbeidsløyse og sysselsetting ved publiseringa av 1. kvartal torsdag 7. mai.

Ny standard for næringsgruppering vart innført 1. september 2025, les meir om endringa i ein eigen artikkel. Standarden for næringsgruppering er revidert og alle verksemder blir påverka i varierande grad. SSB sine statistikkar skal ta i bruk den nye næringsstandarden gradvis, og dermed på ulike tidspunkt. 

SSB sine arbeidsmarknadsstatistikkar tek i bruk den nye næringsstandarden i publiseringar i 2027. I samband med overgangen til ny næringsstandard vil alle statistikkbanktabellar med næring bli gjennomgått.