Dei siste seks åra har det vore store svingingar i I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit., med ein topp på 5,5 prosent hausten 2020 og ein botn på 3,2 prosent i første halvdel av 2022. No er det derimot noko meir stabilitet. Den store auken i arbeidsløysa vi hadde i første halvdel av 2025 har stoppa. Nivået har flata meir ut dei siste fire kvartala, men har etablert seg på eit nivå som er høgare enn gjennomsnittet for åra 2009–2025.
I nyare tid har vi hatt to markerte periodar kor arbeidsløysenivået har vore høgare enn no, oljeprisfallet og etterdønningane av det i 2015–2016 og koronaperioden i 2020–2021. Dagens arbeidsløyse (4,7 prosent) er likevel høgare enn gjennomsnittet av dei siste 17 åra (4,0 prosent), som er perioden vi har bruddjusterte kvartalstal for.
I figuren som viser Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den veka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette. og Summen av sysselsette og arbeidslause, altså personar som tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden. over heile tidsrommet vi har årsdata for, 1972– 2025, kan vi sjå kva som har vore viktige drivarar for utviklingna i arbeidsløysa over tid. Mellomrommet mellom sysselsetjing og arbeidsstyrken utgjer arbeidsløysa.
For månads- og kvartalstal er det ofte betydelege sesongvariasjonar som gjer at det kan vere vanskeleg å tolke utviklinga frå ein periode til den neste direkte. SSB sesongjusterer derfor hovudindikatorane i AKU. Dei tekniske detaljane ligg på heimesida til AKU, under «Om statistikken» og så vidare på «Om sesongjustering»
I og med at det berre er hovudindikatorane i AKU som vert sesongjusterte må vi bruke ikkje-justerte tal for dei meir detaljerte tabellane og figurane. Det er derfor ei blanding av justerte og ikkje-justerte tal i artikkelen. Alle figurar er merka med om dei er justerte eller ikkje.
For perioden 1987–1993 var det sterkare nedgang i sysselsettinga enn i arbeidsstyrken, som ga auka arbeidslause. Det same gjeld for 2002–2005 og for 2008–2017.
Situasjonen vi har no er noko annleis, i og med at differansen mellom sysselsette og arbeidsstyrken har auka mest på grunn av at arbeidsstyrken har auka, og ikkje hovudsakeleg fordi sysselsetjinga har minka. Det er heller at fleire har vorte aktive på arbeidsmarknaden enn at mange har slutta å jobbe som er hovudårsaka til auken i arbeidsløysa.
– Den markerte auken i arbeidsløysa over dei siste tre åra har ikkje kome av ein stor nedgang i sysselsetjinga, slik som vi har sett i fleire tidlegare periodar, men heller av ei auke i arbeidsstyrken. Vi må tilbake til starten av 2000-talet for å finne noko som liknar dagens situasjon, seier Erik Herstad Horgen, seniorrådgjevar i seksjon for arbeidsmarknads- og lønsstatistikk i Statistisk sentralbyrå.
Halvparten av dei arbeidslause ser etter deltidsarbeid
Blant dei som var arbeidslause i 1. kvartal 2026 var 29 000 sysselsette eitt kvartal tidlegare, 52 000 kom frå Personar som verken er sysselsette eller arbeidslause, altså dei som ikkje tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden. Mange av dei er pensjonistar eller skuleelevar., og 66 000 var arbeidslause både no og for eitt kvartal sidan.
Halvparten av dei arbeidslause ser etter ein deltidsjobb. Dette heng sannsynlegvis saman med at 51 000 av dei arbeidslause er i aldersgruppa 15–24 år og under utdanning.
Totalt 577 000 personar med nokon grad av ledig og villig arbeidskapasitet
Av totalt 4 184 000 personar i alderen 15–74 år utgjorde dei heiltidssysselsette 51,8 prosent, eller 2 168 000 personar. Men det inneber òg at det er litt over to millionar personar i denne aldersgruppa som ikkje jobbar heiltid. Dei kan rangerast etter kor nære dei er dei heiltidssysselsette i slik deltaking.
Totalt var det 718 000 personar som jobba deltid. For å få eit betre inntrykk av kven dei er delar vi dei inn i tre grupper som ikkje overlappar med kvarandre, og som til saman utgjer alle deltidssysselsette:
- 598 000 personar som jobba deltid og som enten ikkje ønskte å jobbe meir enn kva dei allereie gjorde, eller som ikkje var tilgjengelege for å jobbe meir enn kva dei allereie gjorde. På same måte som dei heiltidssysselsette bidrog dei med alt dei hadde av tilgjengeleg arbeidskraft. I statistikken vert dei kalla deltidssysselsette, ikkje undersysselsette
- 77 000 personar jobba også deltid, men dei både ønskte å jobbe meir, dei var tilgjengelege for å jobbe meir, og dei hadde aktivt forsøkt å få fleire arbeidstimar. Denne gruppa tilbaud altså meirarbeidskraft. Merkelappen deira er delvis arbeidslause
- 43 000 personar som er like med dei delvis arbeidslause, bortsett i frå at dei ikkje hadde forsøkt å få fleire arbeidstimar. Dei tilbaud også meirarbeidskraft, om enn ikkje like aktivt. I og med at dette er dei deltidssysselsette som ikkje inngår i dei to føregåande gruppene så er dette undersysselsette som ikkje er delvis arbeidslause
Man kan merke seg at dei 120 000 personane som her tilbaud meirarbeidskraft ikkje vert rekna som arbeidslause, fordi dei har ein jobb.
Arbeidslause kan delast inn i undergrupper, slik som vi allereie har vist tidlegare i artikkelen, ved å sjå på blant anna ønskt arbeidstid. Ei anna mogleg inndeling er om dei er under utdanning eller ikkje, samtidig med at dei er arbeidslause. I og med at eit av definisjonskrava til å vere arbeidslaus er å kunne starte i ein jobb innan to veker er det rimeleg å tru at mange av dei som er arbeidslause og samtidig under utdanning er på jakt etter ein deltidsjobb som man kan ha ved sida av skulegang eller studiar. Av dei totalt 146 000 arbeidslause var det 58 000 som var under utdanning, og følgeleg 88 000 som ikkje var under utdanning. Denne typen fordeling har vore normalen i 1. kvartal dei siste fire åra.
Dei som har søkt jobb, men som ikkje har høve til å starte i ein jobb innan to veker, vert ikkje rekna som arbeidslause fordi dei ikkje fyller alle definisjonskrava til arbeidsløyse. Aktiv søking tyder likevel på at man er interessert i å finne ein jobb, og viss man for eksempel kan starte innan ein månad er man tett i nærleiken av å vere definert som arbeidslaus (der kravet er to veker). Disse «nesten-arbeidslause» var det 54 000 av i 1. kvartal.
Enda eit steg bort frå tilknyting til arbeidsmarknaden finn vi dei 124 000 personane som ønskja å jobbe, men som ikkje hadde søkt jobb fordi dei har helseproblem. Det er òg ytterlegare 133 000 som ønskja å jobbe, men som ikkje hadde søkt jobb av andre grunnar enn dårleg helse.
Lengst frå arbeidsmarknaden har vi dei som verken hadde søkt jobb eller ønskja å jobbe. Ei stor gruppe her er sjølvsagt pensjonistar (385 000), men også elevar/studentar (131 000) og personar med helseproblem (284 000).
Oppsummeringsvis er det altså langt over ein halv million personar med i alle fall noko unytta arbeidskraft, og som er villige og til ein viss grad tilgjengelege for jobb eller meir jobb enn kva dei har. Målt i antal personar utgjer dei arbeidslause (146 000) om lag ein fjerdedel av totalen av dei som ønskjer å jobbe eller å jobbe mer enn kva dei gjer (577 000).
Fram til april 2025 vart alle intervju i AKU gjennomførte på telefon, medan webskjema vert gradvis innført fram til utgangen av 2026. I AKU vert ein intervjua åtte gonger. Det første og sjette intervjuet vil etter innføringsperioden framleis skje på telefon, medan ein dei andre gongene kan velje mellom webskjema og telefon. I 1. kvartal 2026 kunne halvparten av dei som deltok i undersøkinga, velje korleis dei ville svare. Nesten éin av fem nytta webskjema. Samstundes er svarprosenten i undersøkinga i stor grad uendra og ligg på om lag 74 prosent. Sidan respondentane sjølve vel svarmåte, kan gruppa som svarer på nett vere noko annleis samansett enn gruppa som svarer på telefon. Vi finn at dei som er registrerte som sysselsette, i større grad svarer via webskjema enn dei som ikkje er registrerte med jobb. Den sistnemnde gruppa svarer i mindre grad på AKU generelt, og dette kan ha større betydning enn typen spørjeskjema. Ved innføring av fleirmodusdatafangst (webskjema i tillegg til telefonintervju) er det likevel ein viss risiko for meir eller mindre brå endringar i samanliknbarheita over tid (brot i tidsseriane). Statistisk sentralbyrå skal gjennom 2026 gjennomføre analysar av datakvaliteten i lys av overgangen til fleirmodusdatafangst (innføring av webskjema). Førebelse undersøkingar indikerer at innføringa av fleirmodusdatafangst kan ha ført til at det vart målt 10 000 færre sysselsette personar i 1. kvartal 2026 enn det vi ville ha forventa med berre telefonintervju. Omlegginga ser ikkje ut til å ha påverka talet på arbeidsledige. Sidan effekten på sysselsettinga er marginal, blir heller ikkje arbeidsløysa målt i prosent av arbeidsstyrken påverka. For å vurdere om den gradvise innføringa av webskjema har påverka nivå og endringar i tala for sysselsetting og arbeidsløyse frå AKU, nyttar SSB ein multivariat strukturell tidsseriemodell. Modellen byggjer på åtte parallelle månadlege tidsseriar frå AKU, éi for kvart intervju (bølgje), samt ein relevant registerbasert hjelpeserie. Modellen inneheld felles trend, sesong og andre kjende komponentar, og inkluderer eigne variablar for når og i kva intervju webskjema er brukt. På denne måten kan vi skilje mellom reelle endringar i arbeidsmarknaden og eventuelle endringar i målefeil knytte til overgangen til fleirmodusdatafangst med webskjema. Metoden tek òg omsyn til tidlegare brot i AKU og til særlege forhold under koronaperioden. Effektane vert målte relativt til ein referansesituasjon der vi føreset at alle intervju er gjennomførte som telefonintervju gjennom heile perioden. Føremålet er å sikre best mogleg samanliknbarheit i AKU‑tala over tid, ikkje å vurdere om nett‑ eller telefonintervju gir dei mest korrekte målingane.
Ny standard for næringsgruppering vart innført 1. september 2025. Standarden for næringsgruppering er revidert og alle verksemder blir påverka i varierande grad. SSB sine statistikkar skal innføre den nye næringsstandarden gradvis, og dermed på forskjellige tidspunkt. Les meir om endringa i næringsgrupperinga her: Ny standard for næringsgruppering innføres 1. september 2025 – SSB
I Arbeidskraftundersøkinga innførast den nye næringsstandarden frå og med publiseringa av 1. kvartal 2027. Alle tabellar med næringsfordelte tal etter gammal næringsstandard (SN2007) vil settjast til avslutta etter publisering av 4. kvartal 2026. Dei same tabellane vil opprettast med ny næringsstandard (SN2025) ved publisering av 1. kvartal 2027.
Det er utvalusikkerheit i resultata frå AKU fordi resultata byggjer på opplysningar som er gjevne av eit utval av befolkninga. For kvartalstal for personar i alderen 15–74 år tek vi utgangspunkt i feilmarginar på ±11 000 for talet på arbeidslause, ±0,4 prosentpoeng for arbeidslauseprosenten, ±19 000 for talet på sysselsette og ±0,5 prosentpoeng for sysselsettingsprosenten. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må vere før vi kan vere rimeleg sikre på at det har skjedd ei faktisk endring. Feilmarginar for fleire storleikar finst i tabell 13619.







