Statistikk innhold

Statistikk om

Næringar på Svalbard

Statistikken gir innsikt i utviklinga og strukturen i dei ulike næringane på Svalbard. Tala inkluderer blant anna årsverk, sysselsetting, omsetning, kostnader og investeringar, basert på innrapporterte data frå alle aktive bedrifter lokaliserte på Svalbard.

Oppdatert: 29. august 2025
Neste oppdatering: 30. september 2026
Endra: Tabellane blei oppdatert med endelege tal for 2024 den 19. februar 2026.

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2007)
    Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2007)
    ÅrsverkOmsetning (1 000 kr)
    2024Prosentvis endring fra foregående år2024Prosentvis endring fra foregående år
    Svalbard i alt1 706,10,16 062 87011,1
    Bergverksdrift og utvinning70,0-7,9187 61257,9
    Industri; Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvannsforsyning; Vannforsyning, avløps- og renovasjonsvirksomhet52,1-12,4253 97326,5
    Byggje- og anleggsverksemd159,5-23,7698 478-3,4
    Varehandel, reparasjon av motorvogner129,74,0659 79432,7
    Transport og lagring148,614,01 101 094-6,4
    Overnattings- og serveringsverksemd296,00,2592 39516,0
    Informasjon, kommunikasjon, finansierings- og forsikringsverksemd82,85,31 046 5720,8
    Omsetning og drift av fast eigedom3,313,8162 86611,1
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting61,8-17,3117 24423,0
    Forretningsmessig tenesteyting246,133,8838 55738,7
    Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting103,2-0,9101 25452,3
    Undervisning171,1-6,786 501:
    Helse- og sosialtenester62,81,817 800:
    Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar102,3-6,6181 24111,7
    Anna tenesteyting15,337,815 8818,6
    Tabellen blei oppdatert med endelege tal for 2024 den 19. februar 2026.
    Standardteikn i tabellar
  • Bedrifter på Svalbard. Hovudtal etter næringshovudområde
    Bedrifter på Svalbard. Hovudtal etter næringshovudområde
    BedrifterÅrsverkOmsetning (1 000 kr)Offentleg tilskot (1 000 kr)Lønskostnader (1 000 kr)Investeringar (1 000 kr)
    202320242023202420232024202320242023202420232024
    Svalbard i alt3874091 705,21 706,15 456 1846 062 870940 3931 027 8101 373 1941 455 244778 348748 999
    B Bergverksdrift og utvinning1176,070,0118 798187 612--84 50391 6293 09075
    C+D+E Industri; Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvannsforsyning; Vannforsyning, avløps- og renovasjonsvirksomhet212259,552,1200 752253 973::53 17548 25277 916:
    F Bygge- og anleggsvirksomhet2221209,0159,5722 914698 478--162 062140 50820 01617 303
    G Varehandel, reparasjon av motorvogner3235124,7129,7497 082659 794--75 56382 63536 52618 979
    H Transport og lagring2422130,4148,61 176 6351 101 094--152 531184 97250 23054 466
    I Overnattings- og serveringsvirksomhet2524295,5296,0510 514592 395::165 068193 70615 22177 284
    J+K Informasjon og kommunikasjon. Finansierings- og forsikringsvirksomhet171578,682,81 038 5921 046 572::80 07486 004::
    L Omsetning og drift av fast eiendom37452,93,3146 595162 866::2 6051 903111 958118 801
    M Faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting666374,761,895 293117 24474 918104 33365 45567 1274 76737 027
    N Forretningsmessig tjenesteyting6166184,0246,1604 682838 55757 77359 183129 685151 364148 760212 192
    O Offentlig administrasjon og forsvar, og trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning109104,1103,266 486101 254375 466389 907113 489106 33018 40635 330
    P Undervisning1514183,4171,1:86 501239 208250 041159 947159 05110 023:
    Q Helse- og sosialtjenester111161,762,8:17 80026 59829 85256 56159 816:1 293
    R Kulturell virksomhet, underholdning og fritidsaktiviteter3738109,5102,3162 218181 24130 81629 47764 35871 57133 50116 251
    S Annen tjenesteyting81111,115,314 62915 881::8 1189 8810:
    Ikkje oppgjeve0:0,0:0:0-0:0:
    Tabellen blei oppdatert med endelege tal for 2024 den 19. februar 2026.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 12. juni 2024.

Bedrift

I Standard for næringsgruppering (SN 2007) er ei bedrift definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining der det hovudsakleg blir drive aktivitetar innanfor ei bestemt næringsgruppe. Den juridiske eininga er føretaket, og eit føretak kan drive ei eller fleire bedrifter.

Antal utførte timeverk

Inkluderer det samla talet arbeidstimar utførte av lønnstakarar på arbeidsplassen, både innanfor og utanfor vanleg arbeidstid. Kortare kvilepausar er inkluderte, medan tid brukt til transport mellom heim og arbeidsstad ikkje er med. Timane utførte av sesongarbeidarar tel med så lenge arbeidarar er tilsett eller engasjert direkte, det vil seie ikkje gjennom eit vikarbyrå. Eit årsverk på Svalbard er 1687 timeverk.

Sysselsetting

Med sysselsetting meiner vi summen av eigarar og lønnstakarar. Ein person kan ha fleire arbeidsforhold samstundes. Sysselsettingstal blir henta på bedriftsnivå. Opplysningar om sysselsettinga i industrien finst også i nasjonalrekneskapen, og i sysselsettingsstatistikk basert på data frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) og den registerbaserte sysselsettingsstatistikken.

Omsetning

Omsetning er definert som driftsinntektene til føretaket, fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmiddel. Spesielle offentlege avgifter knytt til salet, og skattar og avgifter, er inkluderte i omsetninga, medan meirverdiavgift ikkje er med.

Summen av næringsoppgåvepostane

Salsinntekt og uttak, avgiftspliktigP3000
+Salsinntekt og uttak, avgiftsfrittp3100
+Salsinntekt og uttak, utanfor avgiftsområdetp3200
+Ikkje opptent inntektp3500
+Leigeinntekt fast eigedomp3600
+Leigeinntekt av rettar, jakt, fiske mv.p3650
+Annan leigeinntektp3695
+Provisjonsinntektp3700
+Annan driftsinntektp3900
=Omsetninga

Lønnskostnader

Lønn, feriepengar, honorar, arbeidsgivaravgift til folketrygda, rapporteringspliktige pensjonskostnader og andre personalkostnader for arbeid utført på Svalbard. Lønnskostnader omfattar ikkje godtgjersle til eigarar av enkeltpersonføretak eller ansvarlege selskap.

Offentlege tilskot

Gjeld mottatte løyvingar til drift og investering frå staten, Longyearbyen lokalstyre eller andre offentlege organ (til dømes Innovasjon Noreg). Blir rapportert separat i eigen rubrikk og blir ikkje summert med omsetninga.

Handelsvarer

Handelsvarer er varer som blir kjøpte inn i løpet av året for vidaresal, utan ytterlegare tilarbeiding (bortsett frå merking og innpakning).

Kjøp av varer og tenester

Med kjøp av varer og tenester blir verdien av alle varer og tenester kjøpt i løpet av året for vidaresal, til bruk i føretaket sin eigen produksjonsprosess eller for lager, rekna med. Investeringar er ikkje inkluderte i desse tala.

Investeringar

Årets investeringar i varige driftsmiddel er investeringar med levetid meir enn eitt år. Dette kan omfatte investeringar i nye og brukte kapitalvarer, og inkluderer all påbygging, endringar, forbetringar og reparasjonar som forlengjer levetida til kapitalvarer eller aukar produksjonskapasiteten deira. Kostnader til design, transport, installering og eventuelle særavgifter blir også rekna med. Meirverdiavgift som kan trekkast frå, finanskostnader og oppnådde skattefordelar (til dømes investering i meir miljøvennleg utstyr) skal ikkje reknast med, og heller ikkje varige driftsmiddel erverva gjennom omstrukturering (til dømes fusjon, overtaking, deling). Kjøpte varer blir verdsette til innkjøpspris, medan eigenproduserte varer blir verdsette til produksjonskostnader.

Offentleg sektor

Offentleg sektor kan delast inn i ein forvaltningsdel og ein føretaksdel. Forvaltninga består av myndigheitene og andre bedrifter som tar seg av eit breitt spekter av fellesoppgåver. Kommunane, sjukehusa og skolane er døme på institusjonar som inngår i forvaltninga. Den delen som kallast offentlege føretak, består av marknadsbaserte bedrifter som er eigde eller på annan måte kontrollerte av det offentlege. Mellom dei offentlege føretaka finn vi kommunalt eigde bedrifter som vassverk og avfallsdeponi, og store børsnoterte selskap der stat og kommune eig meir enn halvparten av aksjane.

Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) som byggjer på EUs næringsstandard NACE Rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev 4 (International Standard of Industrial Classification of all Economic Activities).

Relatert innhold