436814
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
436814
statistikk
2021-03-19T08:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
true

Skatterekneskap

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

-12,2 %

nedgang i samla skatteinnbetalingar hittil i år jamført med same periode i fjor

Innbetalt skatt hittil i år
Milliardar kronerEndring i prosent frå året før
Februar 2019Februar 2020Februar 2021Februar 2020Februar 2021
1Tiltak i samband med koronapandemien førar til at staten betalar tilbake meir enn dei får inn i petroleumsskatt. Dette gjer at talet for 2021 blir negativt.
I alt1511521340,8-12,2
Skatt til kommuneforvaltninga2627272,60,6
Skatt til staten5557584,11,0
Skatt på utvinning av petroleum12116-2-22,0-115,2
Innbetalingar til folketrygda5053525,8-1,3

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Innbetalt og fordelt skatt etter ordning og art. Hittil i år

Innbetalt og fordelt skatt etter ordning og art. Hittil i år
Millionar kronerEndring i prosent frå året før
Februar 2019Februar 2020Februar 2021Februar 2020Februar 2021
1Tiltak i samband med koronapandemien førar til at staten betalar tilbake meir enn dei får inn i petroleumsskatt. Dette gjer at talet for 2021 blir negativt.
2Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
3Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
4Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
5Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
Fordelte skattar i alt151 089152 340133 8160,8-12,2
Ordinær skatt til staten9 63613 25713 09637,6-1,2
Ordinær skatt på utvinning av petroleum6 8735 023453-26,9-91,0
Særskatt på utvinning av petroleum113 82811 133-2 905-19,5-126,1
Fellesskatt til staten45 04643 96744 525-2,41,3
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)24 4384 5384 4772,3-1,3
Ordinær skatt til primærkommunen21 40321 96622 1962,61,0
Medlemsavgift til folketrygda18 94019 43120 1892,63,9
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda330 70333 10531 6787,8-4,3
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar222-79106
 
Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift96 933101 632102 9424,81,3
Ordinær skatt til staten8 0079 6229 86320,22,5
Fellesskatt til staten14 15113 88315 349-1,910,6
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)24 2994 4084 3402,5-1,5
Ordinær skatt til primærkommunen20 65721 26321 4522,90,9
Medlemsavgift til folketrygda18 89219 42620 1482,83,7
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda330 70333 10531 6787,8-4,3
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar223-76111
 
Upersonlege skattytarar53 91350 63830 678-6,1-39,4
Ordinær skatt til staten1 5593 5693 187128,9-10,7
Ordinær skatt på utvinning av petroleum6 8735 023453-26,9-91,0
Særskatt på utvinning av petroleum113 82811 133-2 905-19,5-126,1
Fellesskatt til staten30 84130 08229 123-2,5-3,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)21251281262,4-1,6
Ordinær skatt til primærkommunen6877026942,2-1,1
 
Renter m.m.424371196-70,8176,1
Ordinær skatt til staten4706645-5,7-31,8
Fellesskatt til staten54253-96,32 550,0
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)214211-85,7450,0
Ordinær skatt til primærkommunen58151-98,35 000,0
Medlemsavgift til folketrygda48540-89,6700,0
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda3.....
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar5-1-3-5

Om statistikken

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelt på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar. Skatteinnbetalingane er også delt mellom dei ulike skattekreditorane, som stat, kommune, fylke og folketrygd.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt
Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift
Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsår t. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk trekkast av arbeidsgjevar før lønn utbetalast, og svarer til den skatten som forventast å bli utlikna for inntektsåret. Forskotsskatt betalast av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast forskotstrekk i.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift betalt inn av upersonlege skattytarar og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar
Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i inntektsår t+1.

Renter m.m.
Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten
Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidligere toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum
Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og rørleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum
Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten
Fellesskatt til staten betalast av alle som er pliktig å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)
Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen
Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda
Folketrygda finansierast mellom anna av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda reknas ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda
Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Den bereknast som ei prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsa avhenger av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard
Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til Folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).


Kreditorar
Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd. Innbetalt skatt blir etter frådrag for avsetning til margin fordelt av skatteoppkrevjar på ulike skattekreditorar delvis ved hjelp av utrekna fordelingstal.
Lokal eigedomsskatt er ikkje inkludert i statistikken, men formue knytt til eigedom kan påverke totalsumma av ordinære skattar. Statistikk for eigedomsskatt publiserast årleg.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Skatterekneskap
Emne: Offentlig sektor

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for offentlige finanser

Regionalt nivå

Kommune.

Kor ofte og aktualitet

Månadleg. Publiserast mellom den 15. og den 20. i månaden etter innbetalingsmånad.

Internasjonal rapportering

Skatterekneskapen inngår i berekninga av kvartalsvise inntekter og utgifter for offentlig forvaltning som rapporterast til Eurostat.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnlagsdata lagrast i SAS-datasett og arkiverast på flate filar på Linux-server.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje ein månadleg oversikt over innbetalt skatt på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Brukarar og bruksområde

Dei viktigaste brukarane er Finansdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS (tidlegare Kommunanes Sentralforbund), kommunar og fylkeskommunar.

Statistikken blir mellom anna nytta for løypande oppfølging og styring av kommuneøkonomien i samband med nasjonalbudsjett, revidert nasjonalbudsjett, kommuneøkonomiproposisjonen og som grunnlagstal for rapportar frå Det tekniske berekningsutval for kommunanes og fylkeskommunane sin økonomi. Den blir også nytta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i utrekning av rammeoverføringane til kommunane i samband med løypande inntektsutjamning.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Skattestatistikken inngår i arbeidet med å estimere kommunanes inntekter i samband med nasjonalrekneskapen og nasjonalbudsjetta. Skattestatistikken er og ei av kjeldene som blir nytta i samband med rapportering til Eurostat for korttidsindikatorar for offentlege finansar.

Lovheimel

Statistikkloven § 3-2 (administrative data-systemer).

EØS-referanse

Rådsforordning 2223/96, Kommisjonsforordning 264/2000, Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1221/2002.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar innbetalt skatt til kommunekasseraren/kemneren. I tillegg inngår skatt for personar utan varig tilknyting til landet (frå Skatteoppkrever utland) samt skattar på utvinning av petroleum. Grunnlagstala er fordelt på ulike skattekreditorar (kommunar, fylkeskommunar, staten, folketrygda) og ulike skatteordningar (forskottskatt, etterskottskatt, arbeidsgjevaravgift og trygdepremiar).

Datakjelder og utval

Administrative register: Statistikken baserer seg på månadsoppgjøret i skatterekneskapen. Grunnlagstal blir henta inn frå kommunane av Skattedirektoratet elektronisk og sett saman i ei fil for vidare sending til SSB gjennom eit lukka system for filoverføring. Registrerte petroleumsskattar (ordinær skatt og særskatt) frå skattefuten i Oslo og Akershus blir sendt til SSB på e-post.

SSB mottek også ei fil med tal for tilbakebetalingar og renter av skatt på utbytte for utanlandske aksjonærar på e-post frå skatteetaten.

Datainnsamling, editering og beregninger

Grunnlagstal blir innhenta frå kommunekasserarane 2. virkedag etter månadsslutt via ulike dataleverandørar til Skattedirektoratet (SKD). SKD kontrollerer dataa og tilrettelegg ei fil for overføring til SSB i løpet av tre dagar. Dataa blir lagt inn i SSBs database og blir der supplert med oljeskattar på utvinning av petroleum, samt at det blir gjennomført ulike kontroller på "inputdataa". Skatteoppkrevjar fordeler skatten mellom alle skattekreditorar direkte, ned på kvar enkelt kommune.

I databasen blir det kjørt ulike kontrollprogram, mellom anna talet på kommunar, bruk av ugyldige kommunenummer eller ugyldige kontoar, og kontroller mot summar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Dessutan sjekkar ein den interne konsistensen i skatterekneskapen.

Sesongjustering

Skatterekneskapsstatistikken blir ikkje sesongjustert.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune. Fordimånadsfilene blir akkumulert, vart ikkje brot i tidsserien eliminert før ved utgangen av 2000.

I 2008 innførde Skattedirektoratet eit nytt rapporteringssystem for skatt (SOFIE) som medførde nokre endringar. Frå 2008 kan ein også gje ut skattetal for Svalbard. SSB starta difor ein ny tidsserie i Statistikkbanken frå august 2008.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Etter at fylkeskommunen er blitt eigen skattekreditor er differansen mellom bokført skatt i kommunerekneskapen og dataa oversendt frå SKD blitt mindre, men ikkje heilt eliminert. Dette kan skuldast at innbetalt skatt for tidlegare år er blitt fordelt etter den gamle metoden. Differansane vil etter kvart bli eliminert ettersom all innbetalt skatt vil bli fordelt direkte til fylkeskommunen.

SKD sender ikkje fila til SSB før data frå alle kommunane er innkomne.

Ingen utvalsfeil grunna fullteljing.

I einskilde tilfelle kan forskyving mellom månader i innbetaling/føring av skattane for enkeltkommunar medføre store endringstal samanlikna med same periode året før. Dette vil normalt jamne seg ut over året.

Revisjon

Publiserte tal reknast som endelege og blir normalt ikkje revidert.

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB